Anno Domini 2024

Eg ønskjer lesarane av bloggen eit godt nytt år!

Nyttårsdagen er Jesu namnedag. Bakgrunnen for dette er at 1. januar er åttande juledag og at Jesus blei omskoren og fekk namnet sitt den åttande dagen etter fødselen. Dette minner oss igjen om at Jesus var ein jødisk gut i ein jødisk familie, og at han vaks opp i ein kultur som følgde det som var fastsett i Den hebraiske bibelen (Det gamle testamentet).

Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv. (Luk 2,21)

Namnet Jesus er ei gresk form av det hebraiske namnet Yeshua (Jesjua) som betyr Herren frelser.

Både Lukas og Matteus skriv i sine evangelium om at engelen kunngjorde namnet før han var født. Lukas fortel frå Maria sin synsvinkel og skriv slik:

Men engelen sa til henne:
Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus. (Luk 1,30-31)

Luk 1,30-31

Matteus fortel frå Josef sin synsvinkel og skriv slik:

Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.

Matt 1,20-21

I Israel blir Jesus i dag dessverre ofte omtalt som Yeshu, ei kortform av ei forbanning. Messianske jødar er derfor svært opptatt av å spreia informasjon om at han heiter Yeshua, eit namn som set han i den rette samanhengen.

Vil du lesa meir bakgrunnen for Jesu namn og om koss dette har blitt forstått, kan du for eksempel lesa ein fersk gjennomgang av teksten på Prekenverkstedet til Israelsmisjonen.

Forresten: Anno Domini (AD) er latin og betyr «Herrens år».

Maria får bodskap frå engelen Gabriel. Luk 1,26-38

Ein Gud som grip inn

«Trur du på ein Gud som grip inn?» Dette spørsmålet fekk eg ein gong av ein pilegrim eg hadde blitt kjent med på vandringa tidlegare på dagen. Det kom etter ein innleiande samtale der me fortalde kvarandre om bakgrunnen vår. Det blei ein interessant dag med samtalar om Guds nærvær i det vanlege livet og om ein Gud som er større enn alt i det vanlege livet. Og ja, ein Gud som gjer under, ein Gud som grip inn. Ikkje alltid. Ikkje på bestilling. Og ikkje på ein måte me kan forstå. For Guds tankar er større enn våre tankar (Jes 55,8). Gud er alltid større, har me lært frå kyrkjefedrane.

Maria Bodskapsdag er dagen då me kan dykka ned i det største underet, at Gud blei menneske. Det er fint å løfta fram mysteriet omkring Jesu fødsel, òg utanom julehøgtida.

Bibelforteljinga

26 Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 

30 Men engelen sa til henne:
          «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
          
    31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
          og du skal gje han namnet Jesus.
          
    32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
          Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
          
    33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
          og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:
          «Den heilage ande skal koma over deg,
          og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
          Difor skal òg barnet som blir fødd,
          vera heilagt og kallast Guds Son.
36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. 37 For ingen ting er umogleg for Gud.»38 Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne. 

(bibelteksten henta frå Bibel 2011 på bibel.no)

Jødisk bakgrunn for bodskapet til Maria

Evangelisten Lukas, som truleg ikkje var jøde, opnar evangeliet med å fortelja koss han har arbeidd med å samla stoff til skriftet sitt. Han har vurdert forskjellige framstillingar frå dei som var augnevitne. Det er tydeleg at han i kapittel 1-2 på ein eller annan måte har fått tilgang på Maria si forteljing om det som skjedde i samband med Jesu fødsel. Dette er ei forteljing som er djupt forankra i jødisk tru og tradisjon.

Lukas fortel at Maria gøymde alt ho fekk høyra om barnet sitt, i hjartet sitt (2,19). Det gjaldt nok òg det engelen Gabriel fortalde henne den dagen i Nasaret. Ho lytta til det ho fekk høyra, både frå engelen og frå menneske, og sikkert òg frå dei heilage skriftene i Den hebraiske bibelen (GT). Og ho grunda på det. Dermed har Maria kunna gje eit viktig bidrag til evangeliet om Jesus, spesielt i evangelisten Lukas sin versjon.

Lukas gir oss mange trådar tilbake til GT. Me kan merka oss teksten i Dom 13,2-7 der ein engel fortel ei kvinne som ikkje kunne få barn, at ho skulle «bli med barn og føda ein son». Ho blei mor til nasirearen Samson. Likevel er nok dei ulike utsegnene om barnet som Maria skulle få, dei viktigaste for oss. Engelen sine ord er full av uttrykk som knyter Jesus til jødisk tru og Messias-forventing.

Jesus var gjennom Josef (!) av Davids ætt (v 27), og Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans (v 32). Han er Son til Den høgste (Gud), og skal vera konge over Jakobs hus (eit uttrykk for Israelsfolket) til evig tid (v 32-33).

Gud gir gjennom engelen barnet namnet Jesus (v 31). Dette er det hebraiske namnet Jesjua (Jehosjua/Josva). Namnet tyder Herren frelser. «Jesus» er ei namneform som har kome til oss via gresk språk. Dei messianske jødane brukar i dag forma Yeshua på moderne hebraisk.

Marias ord kjem fram to gonger i teksten: I vers 34 der ho spør engelen om koss dette skal gå til når ho ikkje har vore saman (seksuelt) med nokon mann, og i vers 38 der ho gir sin positive respons på engelen sitt bodskap.

Bodskapet til Maria samanlikna med bodskapet til Sakarja

Teksten er nært knytt til den føregåande forteljinga om bodskapet til Sakarja (1,5-25). Dei to tekstane har mykje til felles. Engelen Gabriel (Dan 8,16 og 9,21) kjem med bodskap frå Gud både til Sakarja og Maria. Lukas formulerer seg likevel forskjellig i omtalen av barna, og nettopp forskjellane poengterer at Jesus er større enn Johannes. Her er nokre døme:

Johannes skal vera stor i Herrens auge (v 15). Jesus skal vera stor og kallast Son til Den høgste (v 32).

Johannes skal gjera i stand for Herren eit folk som er vel førebudd (v 17). Jesus skal vera konge over folket til evig tid (v 33).

Johannes skal vera fylt av Den heilage ande (v 15) som ein profet. Jesus skal gjennom krafta frå Den heilage ande vera heilag og kallast Guds Son (v 35).

Men også mottakarane av bodskapa, Sakarja og Maria, er ulike. Maria er i ein heilt annan posisjon i samfunnet i forhold til Sakarja. Ho er ung i ei verd som verdsette alder, kvinne i ei verd regjert av menn, utan nokon offisiell rolle.

Og som mottakarar reagerte dei forskjellig. Sakarja sa: Korleis kan eg vita at dette er sant? (v 18). Han blei stum på grunn av denne reaksjonen (v 20). Maria sa: Lat det gå med meg som du har sagt (v 38). Dette forløyste den store lovsongen (v 46 ff).

Lesetekstane på Maria bodskapsdag, første tekstrekke

Leseteksten frå Jesaia (Jes 7,10-14) handlar om Immanuel-teiknet. Kyrkja har alltid forstått orda i vers 14 som ein profeti om Jesus, barnet som blei født av jomfru Maria. Dette trass i at det er tydingsnyansar i dei hebraiske og greske orda som ligg bak, og det derfor er ulike meiningar om omsetjinga til norsk. Bibel 2011 brukar «ung jente» i Jesaiateksten, mens det står «møy/jomfru» i Matt 1,23 der profetien blir sitert. Bakgrunnen er at teksten frå profeten Jesaia er omsett frå hebraisk, mens evangelisten siterer profetien i den greske omsetjinga. Andre bibelomsetjingar brukar møy/jomfru begge stadane. Profetien gir oss det hebraiske namnet Immanuel (Gud med oss), eitt av dei mange flotte namna som er knytt til Jesus.

Leseteksten frå Galatarbrevet (Gal 4,4-7) kan kallast Paulus sitt juleevangelium. Teksten framhevar at Jesus er sendt og dermed kjem frå Gud. Uttrykket «fødd under lova» betyr heilt konkret at han kom som jøde. Dette skjedde då «tida var fullkomen», det var Gud som bestemte når (og kvar) Jesu fødsel skulle skje.

Dette notatet er skrive for Prekenverkstedet til Den Norske Israelsmisjon til Maria bodskapsdag 2023. Her er det også eit forslag til disposisjon for forkynning over tekstane.

Avsnittet om samanlikninga mellom dei to bodskapa frå engelen, bygger i stor grad på Luke Timothy Johnson: The Gospel of Luke. Sacra Pagina. Minnesota 1991.

Om Gravkyrkja og Gravhagen på pTro. Podkast

Koss er det i dag å koma til den staden der Jesus blei korsfesta og gravlagt? Er folk einige i kvar det skjedde? I denne episoden i serien om bibelske stadar knytt til Jesu liv, der eg fortel om den historiske (og underlege) Gravkyrkja, og om den alternative staden Gravhagen.

Dette er siste episode i serien. Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Kristi himmelfartsdag

Kristi himmelfartsdag eller helgetorsdag er ein kristen heilagdag til minne om at Jesus blei tatt opp til himmelen førti dagar etter at han stod opp frå dei døde. Dagen blir derfor alltid markert den torsdagen som kjem førti dagar etter påskedag.

Det er mange som knapt nok kjenner bakgrunnen for at denne torsdagen er ein fridag. For svært mange er dette først og fremst ein god mulighet til å ha ei ekstra lang helg på ei fin tid av året. Det er sjølvsagt heilt i orden at folk utnyttar fridagane sine. Det har eg ingenting imot. Men eg ønsker likevel å peika på himmelfartsdagen sitt innhald. Det er det viktig å halda fast på når me lever i ein kristen samanheng.

Lukas skriv i evangeliet sitt:

Så førte han dei ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei. Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. 

Luk 24,50-52

Kva betyr det at han blei tatt opp til himmelen? Først litt om kva det ikkje betyr: Eg trur ikkje dette har med at han forsvann ut i himmelrommet, bak skyene. Det er ikkje snakk om noko som kunne likna på ei romferd. For eg trur ikkje at himmelen i kristen språkbruk er det same som universet, slik at me skulle kunna lokalisera Gud ein eller annan stad i universet.

Ordet himmel betyr to ting. På engelsk har me forskjellen mellom sky og heaven. På norsk brukar me det same ordet i begge tydingane. Eg trur himmelen (heaven) er ei usynleg verd som er like verkeleg som den synlege verda. I den hendinga som me kallar Jesu himmelferd tok han det endelege steget tilbake frå den synlege verda til den usynlege verda, som me også kallar Guds rike.

Det var frå denne usynlege verda han kom då han blei født som eit lite barn i Betlehem. Og det var tilbake til denne verda han gjekk då han forlét disiplane på himmelfartsdagen. Vegen mellom himmel og jord er opna av Jesus. Han har gått den vegen i begge retningar. I jula seier me at himmel og jord møtest i barnet Jesus i Betlehem. På same måte fekk disiplane eit glimt av dette møtet, då Jesus blei tatt bort for auga deira.

I tida mellom Jesu oppstode på påskedagen og hans himmelferd gjekk han på ein måte ut og inn av den usynlege verda. Han viste seg fleire gonger for disiplane og for andre som trudde på han, men han var ikkje lenger saman med dei slik han hadde vore før korsfestinga (Matt 28, Mark 16, Luk 24, Joh 20-21 og 1. kor 15,3-7).

I Apostelgjerningane fortel Lukas meir om det disiplane opplevde:

Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til.

(…)

Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?»  Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt.  Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.»

Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira. Som dei stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei og sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna. 

Apg 1,3-12

Skya er fleire stadar i Bibelen eit symbol på Guds spesielle nærvere. Og poenget med Jesu himmelferd er ikkje at han forsvinn bak skyene, men at han i og med skyen blir tatt opp i den himmelske, usynlege verda.

Forteljinga om Jesu himmelferd har elles ein viktig bibelsk bakgrunn i historia om då Elia blei tatt opp til himmelen i 2. Kongebok 2,1-18.

Kva kan så Kristi himmelfartsdag sitt innhald seia oss som trur på Jesus i dag? Eg tar med nokre korte punkt:

  • Jesus gir på himmelfartsdagen disiplane eit oppdrag om å vitna om han, først i Jerusalem og landet omkring, og så vidare til alle folkeslag. Dette oppdraget får me vera ein del av, også i vår tid.
  • Jesus gir på himmelfartsdagen eit løfte om at den som trur på han, skal bli utrusta med kraft frå Guds Ånd.
  • Jesus inntar på himmelfartsdagen den plassen me treng han mest; den mektige plassen ved Guds side («ved Guds høgre hand»). Der ber han for oss. Frå denne staden skal han ein dag koma synleg tilbake.
  • Det at Jesus nå er Herre i det usynlege Guds rike (= himmelen), gjer også at han kan oppfylla løftet om å vera med oss «alle dagar så lenge verda står» (Matt 28,20). Han er nå ikkje bunden av tid og rom, og kan derfor vera nær menneske alle stadar i verda samtidig.

Denne hendinga er ein så sentral del av det nytestamentlege vitnesbyrdet om Jesus at den er tatt med i den apostoliske truvedkjenninga:

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den heilage ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Dette notatet er oppdatert og publisert på nytt på bloggen 18.05.2020.

Relatert her på bloggen: Himmelfartskapellet på Oljeberget

Jesus som flyktning

Josef og Maria flykta med barnet Jesus til Egypt

Den heilage familie på flukt i Egypt

Matteusevangeliet fortel at Josef og Maria flykta med barnet Jesus til Egypt. Bildet viser ei vanleg koptisk (egyptisk) gjengjeving av dette motivet. Josef går, Maria sit med barnet på eit esel, dei går langs Nilen og i bakgrunnen ligg det nokre pyramidar.

For oss kan forteljinga vera ei påminning om at Jesu barndom ikkje bare handlar om eit barn i ei krybbe, men også om vondskap og ei dramatisk flukt. Det var eit brutalt samfunn. Dette ser me tydeleg både i samband med Jesu fødsel og ved døden på korset.

Eg tenker at teksten viser oss kor langt Gud var villig til å gå då han blei menneske. Jesus levde aldri eit beskytta liv, i menneskeleg forstand. Eg skal koma tilbake til kva det kan bety for Jesustrua i vår tid. Men først litt om teksten og om den koptiske kyrkja si bruk av denne historia.

Bibelteksten om flukta til Egypt

Då dei (vismennene) var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min. 

Matt 2,13-15

Uttrykket Frå Egypt kalla eg son min, som evangelisten Matteus har henta frå profeten Hosea i GT, er naturleg nok eit populært bibelvers blant dei kristne i Egypt. Dei legg stor vekt på at Jesus var i Egypt som barn. Hos Hosea er dette eigentleg ikkje ein profeti, men eit uttrykk for Guds kjærleik til Israelsfolket med tilvising til exodus, Israels utferd frå Egypt: Då Israel var ung, fekk eg han kjær, frå Egypt kalla eg son min (Hos 11,1). Matteus let orda vera ein profeti som blei oppfylt då Jesus måtte flykta til Egypt.

Samtidig ligg det mange andre interessante bibelske samanhengar i teksten, blant anna tankegangen om Jesus som den nye Moses; begge måtte som små reddast frå massedrap av barn. Dessutan var Egypt kjent som tilfluktsstad frå mange periodar i Israels historie (f. eks. 1 Kong 11,40; 2 Kong 25,26; Jer 26,21 og 43,1-7).

Tradisjonen i den koptiske kyrkja

Teksten seier ikkje noko om kor lenge den heilage familie var i Egypt, heller ikkje noko om kvar i Egypt dei søkte tilflukt. Men her har det vakse fram ein rik tradisjon blant egyptiske kristne. Tradisjonen fortel at dei var i Egypt i tre år og seks månadar, vidare at dei reiste rundt i Nildeltaet og opp til Øvre Egypt. Delar av turen gjekk i båt på Nilen. Det finst mange forteljingar om underfulle ting som skjedde på reisa deira rundt i landet. Desse forteljingane blir knytt til spesielle stadar, som dermed har blitt heilage og utgangspunkt for pilegrimstradisjonar. I notatet Theophilus Openberring skriv eg om nokre av kjeldene for desse koptiske tradisjonane.

Dei koptiske kristne er den største kristne minoriteten i Midt-Austen. Dei lever i ein vanskeleg situasjon og fortener vår omsorg og forbøn.

Å lesa teksten i dag

Teksten taler til oss som lever i vesten, på fleire måtar. Eg vil peika på dette:

Koss kan Josef ha hatt det då han vakna? Kan smerta hans seia oss noko om den uro og angst som mange menneske ber på i vår tid? Josef er ein av oss. Det er mange som kjenner livet krevjande og som ikkje anar koss dei neste dagane vil bli. Mange er svært usikre på framtida og ser ikkje vegen ein skal gå. Me menneske er sårbare.

Dessutan: Me kjem ikkje utanom at teksten utfordrar oss i forhold til flyktningesituasjonen i verda i dag. Dette er ikkje eit enkelt tema, men me skal ikkje gløyma, verken i vår refleksjon eller praksis, at Josef og Maria måtte flykta med barnet sitt. Det var folk som ville Jesus til livs. Han måtte reddast frå ein vond makthavar. Og då Jesus blei vaksen, forkynte han eit sterkt bodskap om nestekjærleik. Skal me ta Jesus på alvor, kan me ikkje stilla oss likegyldige til lidinga i verda, same kva form lidinga måtte ha.

Skrive i romjula 2019 på bakgrunn av tidlegare notat om Matt 2.

God påske 2019!

Disciples_running_by_EB
Eugène Burnand (1898): Peter og Johannes spring til grava.
Kjelde: Wikimedia Commons

På dette bildet viser kunstnaren Eugène Burnand koss han ser for seg disiplane Peter og Johannes springa til grava, då Maria Magdalena hadde fortald at grava var tom.

Johannes «såg og trudde». Det som møtte dei då dei kom fram til grava, var med på å skapa tru. Men dei trong nok tid til å forstå og til å lesa Skrifta på ny, i lys av oppstoda.

I stillhet snudde han verden opp ned,
og forlot graven, ikke ødelagt, men ryddig,
som en omtenksom gjest som reiser tidlig.
(frå Pasjon 2019, Stavanger domkirke)

Og her er bibelteksten om den tome grava og det første møtet med den oppstadne Jesus, henta frå Evangeliet etter Johannes, kapittel 20:

Den tomme grava
Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava. 2 Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og seier til dei: «Dei har teke Herren ut av grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.» 3 Då tok Peter og den andre læresveinen ut og kom til grava. 4 Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang fortare enn Peter og kom først til grava. 5 Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava. 6 Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, 7 og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg. 8 Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde. 9 For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde. 10 Så gjekk læresveinane heim.

Jesus syner seg for Maria Magdalena
11 Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, 12 fekk ho auge på to kvitkledde englar som sat der Jesu kropp hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. 13 «Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.» 14 Då ho hadde sagt dette, snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han. 15 «Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren, og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han, så eg kan ta han med meg.» 16 «Maria», seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister. 17 Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje stige opp til Far. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.»

18 Då gjekk Maria Magdalena til læresveinane og sa til dei: «Eg har sett Herren!» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.

Nikolai Astrup: Getsemane

fs4k6rov4g22
Nikolai Astrup: Getsemane
Nikolai Astrup forskningssenter for kunst og landskap

Eg har stor sans for kunsten til Nikolai Astrup (1880-1928). Her har han måla eit særprega Getsemane-bilde der bibelhistoria er plassert rett inn i norsk natur.

Det bibelske Getsemane er hagen ved foten av Oljeberget i Jerusalem, der Jesus var inne i ein djup bønekamp og der han blei arrestert og ført bort kvelden før korsfestinga.

Eg har funne to veldig forskjellige skildringar av Astrup sitt Getsemanebilde. Eg syns det er interessant å lesa to så ulike omtalar!

Einar Lexow skreiv med stor innleving om Astrup sitt bilde i Kunst og Kultur 1928:

Han har her fantasert over motivet ”Getsemane have” og har nådd et merkelig og betagende resultat. I hjørnet nederst tilhøire kneler en ung pike, som er blitt grepet av Kristi lidelse og nu i ekstatisk drømmetilstand ser det hele utspilles i de hjemlige omgivelser, den eneste natur hun kjenner. Månen lyser over Jølstervannet, men i haven er det ikke lenger gårdens folk som beveger sig, men yppersteprestens tjenere som kommer for at gripe Frelseren. … (Les meir)

Katalogen i Øystein Loge si bok om Astrup frå 1986 har ei meir nøktern skildring av kva me ser:

Sommerlandskap, månelys. I forgr. renner en bekk gjennom en hage med bed og trær. Th. kneler en jente i kjole, tv. ligger tre mannsskikkelser på jorden. I mellomgr. kneler en mann i rød kjortel med en lysende sirkel om hodet. En svartkledd mann er kommet bort til ham, fulgt av en rekke fakkel- og lansebærende menn som marsjerer inn i hagen. I bakgr. th. tre kors på en høyde, tv. små hus ved et vann. Haugens venstre side er formet som et ansikt. Bak vannet fjell; på himmelen en fullmåne. (Øystein Loge: Gartneren under regnbuen. Nikolai Astrup. Oslo 1986. Side 310)

Bibeltekstane som handlar om Getsemane, finn du i Matteus 26, Markus 14, Lukas 22, Johannes 18 og Hebrearbrevet 5.

Notat relatert til Getsemane her på bloggen:

Om Fødselskyrkja i Betlehem

Stjerna i fodselsgrotta
Sølvstjerna i Fødselsgrotta. Foto: Arne Berge 2005

Fødselskirken i Betlehem 
I nesten 1700 år har Fødselskirken i Betlehem markert stedet for Jesu fødsel. Fødselskirken er et av kristendommens helligste steder og en av verdens eldste kirker i daglig bruk. (Les meir)

Kunsthistorikar Therese Sjøvoll har denne jula skrive ein fin artikkel om Fødselskyrkja i Betlehem, publisert julaftan 2018 på katolsk.no. Her er det ein god presentasjon av kyrkja, med mange bilde av interiør og eksteriør. Eg har faktisk gleda av å ha bidratt med eitt av bilda; eit gamalt kalenderbilde av freskoen av St. Olav på ei av søylene i kyrkja.

Artikkelen har også forslag til vidare lesing og lenker til eit par YouTube-filmar med omvisning i kyrkja.

Relatert stoff her på bloggen:

Jul på bloggen

Bildet er The Adoration of the Shepherds av Rembrandt (eller ein av elevane hans). Legg merke til lyset som kjem frå barnet i krybba, – «det sanne lyset» (Joh 1,9).

Her er eit utval tidlegare bloggnotat relatert til jula:

Oppdatert 2023

Jesus Trail og Jerusalem, oktober 2019

Jesus trail
Frå vandringa på Jesus trail. Foto: Arne Berge 2017

Tre dagars vandring til fots på Jesus Trail i Galilea, frå Nasaret til Gennesaretsjøen. Fleire dagar med mange ulike opplevingar i Jerusalem. Besøk i Nasaret og Betlehem. Og enda mykje meir, f eks å koma til Qumran der Dødehavsrullane blei funne.

Og det at me får med oss Yom Kippur (den store forsoningsdagen, ein viktig jødisk heilagdag) mens me er i Jerusalem, er jo bare bonus!

Les om turen her: Jesus Trail og Jerusalem

Plussreiser arrangerer turen. Eg er reiseleiar saman med Inger, kona mi. Velkommen til å bli med oss på innhaldsrik haustferie i Israel og dei palestinske områda i oktober 2019.

Du kan også finna mykje stoff om Jesus Trail på nettsida deira: jesustrail.com

 

Staden Jesus blei dømt?

IMG_5962 Citadellet. Murar
Citadellet i Jerusalem. Foto Arne Berge 2005

Er det mogleg å finna staden der Jesus blei dømt? Det skjedde i alle høve innanfor murane i Jerusalem, og desse murane gjekk delvis på same stad som bymurane rundt Gamlebyen går i dag.

Dei fleste historikarar vil seia at Pilatus truleg oppheldt seg i slottet til Herodes den store, som låg like sør for staden der me i dag finn Citadellet og Jaffaporten. Slik sett kan ein ved å vera inne i borggarden på Citadellet (bildet), få ei oppleving av å vera «på staden». Dei eldste murane i Citadellet er frå Herodes si tid.

Men det er også andre teoriar om kor i byen Jesus kan ha blitt dømt. Sjølv syns eg teorien om at Jesus blei dømt i det hasmoneiske kongepalasset, som låg nærare tempelplassen, er svært interessant. Den følgjer i større grad den kristne tradisjonen i det bysantinske Jerusalem. Les gjerne det tidlegare notatet Pilatus si borg der eg skriv om tre ulike teoriar om lokaliseringa av domfellinga.

I dag på langfredag vil eg også visa til notatet Detaljar i Jesu lidingshistorie.

Sist oppdatert 21.02.2022

VG om Jesu grav

Jesu grav i Gravkyrkja
Frå Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005

01.12.2017: Det er ikkje kvardagskost at VG skriv om arkeologi knytt til Jesus og Det nye testamentet. Men funnet av mørtel frå 300-talet i Jesu grav i Gravkyrkja i Jerusalem er utan tvil så spesielt at det fortener omtale i dei større media, også her i Norge.

Eg syns artikkelen gjengir saka på ein god måte. Det er riktig nok ikkje vanleg å omtala tradisjonen om Jesu grav i Gravkyrkja som «legende», men dette er ei ubetydeleg sak i den større samanhengen.

Bildet er tatt inne i grava, som i dag er som eit lite kapell. Her er det ein tom benk med lys. Teksten på teppet, xristos anestæ, betyr Kristus er oppstaden. Benken er omtalt som hylle i VG-artikkelen.

Bakgrunnen for artikkelen i VG er at National Geographic denne veka offentleggjorde arkeologisk forsking som viser at mørtel som er funne i grava, kan tidfestast til 300-talet. Dette er svært interessant fordi det bekreftar den kristne tradisjonen om staden. Eg har tidlegare referert til saka i notatet Spor frå 300-talet i Gravkyrkja.

Her er eit utdrag frå VG-artikkelen:

National Geographic: Nye bevis for at Jesu grav faktisk ligger i Gravkirken
Testresultater av steinprøver fra Den hellige gravs kirke i Jerusalem skal bevise at krypten er den som ble funnet av romerne i år 326.

(…)

En prøve av mørtel, hentet fra mellom den originale kalksteinen og en marmorplate som dekker den, har blitt datert til cirka år 345, skriver tidsskriftet. Det samsvarer rimelig nært med de originale historiske nedtegningene om at en romersk delegasjon ble sendt til Jerusalem, lokaliserte graven og bygget et alter rundt den omkring år 326.

(…)

Det mest fremtredende med gravkammeret er en avlang hylle, som ifølge legenden var stedet hvor Jesu legeme ble lagt etter korsfestelsen. Slike hyller er typiske for gravkamre tilhørende rike jødiske familier fra det første århundre, skriver National Geographic.

På denne hyllen lå en marmorplate, som er antatt å ha blitt lagt der senest i 1555, og muligens så tidlig som midten av 1300-tallet. Men da forskerne gikk inn i gravkammeret i 2016, fant de også en eldre, ødelagt marmortavle som lå direkte på kalksteinen grotten var gravd ut i. På denne eldre platen var det risset inn et kors, og man antok ifølge National Geographic at den kunne ha blitt lagt der rundt Det første korstog. Andre foreslo at den allerede lå der da kirken ble revet i 1009.

Men ingen turte gjette at marmorplaten altså ble sparklet på plass på midten av det fjerde århundret, etter ordre fra Konstantin den store.

– Denne dateringen treffer åpenbart blink for uansett hva det var Konstantin gjorde. Det er svært bemerkelsesverdig, sier arkeologiprofessor Martin Biddle ved University of Oxford til National Geographic.

(Les meir)

(oppdatert 01.12.2017 med bilde og meir tekst)

Tyros og Sidon

Geografisk notat til Matt 15,21-28

Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon.

Slik begynner bibelteksten om den kanaaneiske kvinna, éin av tekstane på 2. søndag i fastetida. Teksten skildrar ei av Jesu reiser ut av Israelslandet.

Tyros og Sidon er to gamle byar, som nå ligg i Libanon. Dei to byane blir ofte nemnte saman i NT. Byane har sjølvsagt ikkje hovudfokus i teksten, men dei dannar den geografiske ramma for forteljinga om Jesu møte med «den kanaaneiske kvinna». Eg vil her gjera nokre notat om koss desse byane dukkar opp i ulike samanhengar i NT.

Kart: Wikimedia Commons

Markus skriv i evangeliet sitt at det kom folk frå «bygdene kring Tyros og Sidon» til Jesus ved Gennesaretsjøen, tidleg i verksemda hans, for «dei hadde høyrt om alt han gjorde»:

Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea følgde han. Og frå Judea og  Jerusalem, frå Idumea og landet bortanfor Jordan og frå bygdene kring Tyros og Sidon kom dei til han i store flokkar, for dei hadde høyrt om alt han gjorde. (Mark 3,7-8)

Lukas skriv i evangeliet sitt at det var folk frå Tyros og Sidon i den store folkemengda som samla seg om Jesus då han heldt Slettepreika (som tilsvarar Bergpreika hos Matteus):

Så gjekk han nedover att i lag med dei og vart ståande på ei slette. Der var ein stor flokk av disiplane hans samla og ei mengd med folk frå heile Judea og Jerusalem og frå sjøbygdene ved Tyros og Sidon. Dei var komne og ville høyra han og bli lækte for sjukdomane sine. (Luk 6,17-18a)

Apostelgjerningane fortel at det tidleg blei danna Jesustruande forsamlingar, som Paulus hadde kontakt med, i desse byane.

Då Paulus på slutten av den tredje misjonsreisa si var på veg frå Milet (avskjeden med dei eldste i Efesos) til Jerusalem, kom båten han reiste med i land i Tyros. Der oppsøkte han dei kristne, som her blir kalla «disiplane»,  og blei verande hos dei ei veke mens skipet lossa:

Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og segla beint til Kos, dagen etter til Rodos og derifrå til Patara. Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att. Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og segla mot Syria. I Tyros la vi til land, for skipet skulle lossa. Vi leita opp disiplane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem. Då dagane våre der var til ende, heldt vi fram på reisa. Alle følgde oss ut av byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad, før vi sa farvel til kvarandre. Vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att. (Apg 21,1-6)

Seinare, etter arrestasjon i Jerusalem og fangeopphald og forhøyr i Cæsarea, blei Paulus sendt til Roma. Han hadde, som romersk borgar, anka saka si til keisaren. Den lange og farefulle reisa med båt over Middelhavet blir relativt grundig skildra i Apostelgjerningane (kap 27). Dagen etter at dei har forlate Cæsarea, er dei innom hamna i Sidon. Der får Paulus lov til å besøkja dei kristne, som her blir kalla «venene»:

Då det var avgjort at vi skulle segla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser med namnet Julius frå Den keisarlege hæravdelinga. Vi gjekk om bord i eit skip frå Adramyttium som skulle til hamnene i Asia, og la så ut. Saman med oss var makedonaren Aristarkos frå Tessalonika. Dagen etter la vi til land i Sidon. Julius var venleg mot Paulus og gav han lov til å vitja venene sine og nyta godt av deira omsorg. Vi sette til havs att og segla i le av Kypros, fordi vinden bar imot. Så segla vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia. Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det. (Apg 27,1-6)

Desse to siste bibeltekstane handlar om Paulus sine reiser på 50- og 60-talet. Dei kristne forsamlingane som han møter i Tyros og Sidon, hadde kanskje bakgrunn i forfølginga i Jerusalem like etter at Stefanus blei martyr på 30-talet, sjølv om byane ikkje låg i Judea eller Samaria:

Same dagen braut det ut ei hard forfølging mot forsamlinga i Jerusalem. Alle så nær som apostlane vart spreidde omkring i Judea og Samaria. (…) Dei som var spreidde omkring, drog rundt og forkynte Ordet. (Apg 8, 1 og 4)

Det blir også referert til desse som «blei spreidde» etter denne forfølginga i samband med omtalen av dei første kristne i Antiokia. Her blir Fønikia, dvs landområdet rundt Tyros og Sidon, spesielt nemnt:

Dei som no hadde vorte spreidde omkring på grunn av den forfølginga som tok til med Stefanus, kom heilt til Fønikia, Kypros og Antiokia. Men dei tala ikkje Ordet til andre enn jødar. (Apg 11,19)

Kanskje er det også ein samanheng mellom desse tidlege forsamlingane av jødar som trudde på Jesus, og evangelieforteljingane som tyder på at mange i «landet kring Tyros og Sidon» møtte Jesus og høyrde forkynninga hans?

Til slutt vil eg peika på at det dagens tekst eigentleg handlar om, er koss Jesus møtte ei kvinne som ikkje tilhøyrde det jødiske folket. Teksten er ikkje enkel å forstå. Jesus seier tydeleg at hans eige folk (jødane) står i fokus for verksemda hans. Men han hjelper likevel denne kvinna, på grunn av trua hennar. Sidan gjev Jesus disiplane misjonsoppdraget om å gjera alle folkeslag til disiplar.

Oppdateringar: Matt 21,15 ff nå er preiketekst på 2. søndag i fastetida, første tekstrekke. Oppdatert 2020 med kart og tilvising til Mark 3 og Apg 11. Sjå òg notatet Kanaan-hunden frå 2012.

Restaurering av Jesu grav

Jesu grav skal restaurerast, – eller faktisk: bli bygd opp på nytt!

Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005
Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005

Oppdatering 2024: Les nyare stoff om arbeidet ved Jesu grav i Gravkyrkja her: Spor av det eldste monumentet over Jesu grav? Pressemelding 12/2023

«Grava» som det her er snakk om er ein liten bygning, på engelsk omtalt som The Edicule, over og rundt det som måtte vera igjen av den eigentlege grava. The Edicule blei sist bygd opp i 1810 og er altså 200 år gamal. Nå held den på å falla frå kvarandre. Denne våren (mai 2016) blir det sett igang ein stor og sikkert heilt nødvendig restaurering.

Bildet viser inngangen til The Edicule, som ligg inne i Gravkyrkja i Jerusalem, under den største kuppelen i kyrkja. Det engelske ordet kjem frå aedicula, lite hus (latin).

Ecumenical News skriv:

Decades on, historic accord reached on renovation of Jerusalem’s Holy Sepulcher Church

(…)

The renovation will cost $3.4 million, Christian Today reports noting that the monument, dating back to 1810 in its present form, it to be completely rebuilt.

Marble slabs will be taken off and with repairs to the 12th century Crusader shrine beneath and the cracks in the rock-hewn tomb under that, where many Christians believe Jesus was buried, will be filled.
The Greek Orthodox, Armenian Orthodox and Roman Catholic Churches will each pay a third of the cost.

The renovations will carried out National Technical University of Athens team and work will start May 15, expected to last eight months. The complex will remain open throughout this time.

Eg fann restaureringa først omtalt hos Luke Chandler, som viser til ein tilsvarande artikkel i The New York Times.

Sist The Edicule blei reparert, var i 1947 (altså før staten Israel blei oppretta). Då blei den redda av jernband som blei skrudd fast utanpå bygningen. Vakkert er det ikkje!

Gravkyrkja er styrt av fleire kyrkjesamfunn som har strevd med å samarbeida. Dette har ført til stillstand, også når det gjeld vedlikehald. Det er utruleg bra at dei nå har greidd å samarbeida!

51TMGXX6E7L

Eg har hatt glede av boka Martin Biddle: The Tomb of Christ.

Using results of an investigation and a collection of illustrations, this book explores the site of the tomb of Christ in Jerusalem. It examines the site in detail, its appearance, and the destruction’s and rebuilding through the years.

I eit tidlegare notat her på bloggen, har eg oppsummert historia til staden slik:

Ca 10 år etter Jesu død og oppstode blei Jerusalem utvida og Golgata og Jesu grav blei då liggjande innanfor bymurene. Staden blei då uaktuell som gravstad (både rettarstad og gravstad skulle vera utanfor byen). Det var godt kjent blant dei første kristne kor Jesu grav var, og det er ikkje urimeleg å tenkja seg at dei heldt staden heilag og nytta den til f.eks. bønesamlingar. Eg vil likevel presisera at dette veit me ingenting om.

Ca 100 år etter Jesu død og oppstode øydela romarane Jerusalem for andre gong på grunn av eit opprør mot det romerske styret (første gong var i år 70). Denne gongen bestemte dei seg for å gjera endeleg slutt på den jødiske motstandsrørsla. Dei bygde då rett og slett ein ny, romersk by på ruinane av det gamle Jerusalem, og kalla byen Aelia Capitolina. I samband med dette la dei ein heidensk heilagdom på staden der Golgata og Jesu grav var, kanskje for å knusa ei gryande tilbeding der. I 200 år var dermed staden merkt for dei kristne. Dei kunne ikkje nå Jesu grav, men dei visste kor den låg skjult.

Ca 325 blei denne heilagdomen fjerna av dei kristne og dei fann det dei var sikre var Jesu grav. Over dette funnet bygde dei ei imponerande kyrkje i åra etterpå. Kyrkja som me finn der idag, Gravkyrkja, er mykje mindre enn kyrkja frå Konstantins tid. Den nåverande kyrkja blei bygd i korsfarartida over restane av kyrkja frå 300-talet.

I år 1009 blei Gravkyrkja frå 325 øydelagt av kalif Hakim. Men Jesu grav blei, som den sentrale kristne heilagdomen, heldigvis rekonstruert i løpet av få år, mens folk ennå huska koss den hadde sett ut. Det er denne rekonstruerte grava som står i Gravkyrkja i dag.

På 1100-talet bygde korsfararane opp kyrkja igjen, og den kyrkja som står der i dag, er i hovudsak frå den tida.

Gravkyrkja er ei merkeleg kyrkje. Den består av mange og mørke kapell, og er ikkje spesielt imponerande. Men den har likevel ei eiga tiltrekningskraft pga at den rommer Golgataklippa og Jesu grav.

Denne avsluttande historiske skissa om Gravkyrkja er henta frå eit tidlegare notat om staden: Golgata og Jesu grav.

Sjå også notatet Gravkyrkja. Jerusalems 10 på topp #2.

Benedikt: Påsketankar

9788249400966

Eg har denne påsken (2016) hatt glede av å lesa i pave Benedikt si bok om Jesus. Her er nokre påsketankar frå avslutninga av boka:

Det hører til Guds mysterium at han handler i det stille. At han bare gradvis bygger sin historie inn i menneskehetens store historie. At han blir menneske og dermed kan overses av sine samtidige, av historiens førende krefter. At han lider og dør og at han som oppstanden vil nå menneskeheten kun gjennom troen til dem han viser seg for. At han uavbrutt banker stille på våre hjerters dører og langsomt gjør oss seende når vi åpner oss for ham.

Og likevel – er ikke dette nettopp den guddommelige måte å handle på? Ikke overvinne med ytre makt, men gi frihet, gi og vekke kjærlighet. Og er ikke det som tilsynelatende er lite, når vi tenker oss om, det virkelig store? Går det ikke fra Jesus et lysende spor gjennom århundrene, som ikke kunne komme fra en som bare var et menneske, men som virkelig får Guds lys til å bryte inn i verden? Kunne apostlenes forkynnelse ha blitt trodd og ha bygget opp et verdensvidt fellesskap hvis sannhetens kraft ikke hadde virket gjennom den?

Når vi lytter til vitnene med et våkent hjerte og åpner oss for tegnene Herren bruker for stadig på ny å bekrefte vitnene og seg selv, så vet vi: Han er sannelig oppstanden. Han er den levende. Ham betror vi oss selv til og vet at vi er på rett vei. Med Thomas legger vi våre hender i Jesu gjennomborede side og bekjenner: «Min Herre og min Gud!» (Joh 20,28).

(Joseph Ratzinger / Benedikt XVI: Jesus fra Nasaret. Del II. Fra inntoget i Jerusalem til oppstandelsen. Avenir forlag. Oslo 2011. Side 164f.)

Bibelhistorier: Tolvåringen

Jesus and the doctors of the Faith dsc01783

Bibelforteljinga om Jesus som tolvåring i tempelet handlar om ein episode då Jesus hadde vakse frå å vera barn til å vera ungdom. Han er i djup samtale med dei lærde i tempelet i Jerusalem. Samtidig møter han dei fortvilte foreldra sine med eit undrande spørsmål!

Eg lurer på kva Jesus snakka med dei lærde om. Og eg lurer på kva han svara på spørsmåla deira. Eg skulle gitt mykje for å få lytta til denne samtalen!

Bildet er eit måleri frå 1600-talet: Jesus among the Doctors (as a child debating in the temple), Circle of José de Ribera [Public domain], via Wikimedia Commons.

Forteljingsteksten denne veka viser oss elles at Jesus må ha vakse opp i eit trygt miljø; foreldra drog heimover frå påskefesten utan å leggja merke til at tolvåringen ikkje var med i følgjet av venner og slektningar!

Eg har tidlegare skrive eit grundigare bloggnotat til denne teksten: Jesus (12) i Fars hus.

Her er forteljinga slik den står i Evangeliet etter Lukas (Luk 2,40-52)

Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han. Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det. Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar. Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der. Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara. Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.
 Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt. Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.

Bibelhistoria om Jesus som tolvåring i tempelet er forteljingstekst på 3. søndag i openberringstida, og preiketekst på Kristi Openberringsdag (I).

Bibelhistorier: Jesu dåp

Frå Qasr al-Yahud over mot den jordanske sida. Foto: Arne Berge 2012

Jesus blei døypt i Jordanelva av døyparen Johannes. Han opplevde sjølv at dette var noko som «måtte» skje, og me kan sjå på Jesu dåp som ei innviing til oppdraget hans.

Bildet er tatt på den tradisjonelle dåpsstaden nær Jeriko på Vestbreidda. Staden heiter Qasr al-Yahud på israelsk side og Al-Maghtas på jordansk side. Det er mogleg å gå ned til elva og vassa i det sterkt forureina vatnet, på begge sider av elva. I dag inneheld visstnok elva bare 2 % vatn i forhold til vassmengda for 60 år sidan!

Her er historia slik den står i Evangeliet etter Matteus:

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» (Matt 3,13-17)

Bibelhistoria fortel at Den heilage ande konkret kom over Jesus og at Guds røyst høyrdest frå himmelen. Men kven høyrde dette? Éin måte å forstå bibeltekstane på, er at det bare var Jesus og Johannes som høyrde dette. Og at andre som var til stades, truleg bare såg dua. Dei forstod ikkje at dette var Anden, og dei høyrde ikkje Guds røyst. Også idag må Guds handlingar tolkast. Den som bare er tilskodar, får ikkje med seg meir enn det ytre.

Er det ein samanheng mellom denne dåpshandlinga og den kristne dåpen me har i kyrkja? Det er vanleg å seia at Jesu dåp peiker fram mot hans død og oppstode, mens vår dåp byggjer på Jesu død og oppstode.

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å seia sikkert kvar Jesu dåp skjedde. Det nye testamentet  gjev ikkje nøyaktige geografiske opplysningar i denne saka. Men det er relativt sikkert at det skjedde ved Jordanelva (eller ei sideelv) mellom Gennesaretsjøen og Dødehavet. Det er i dag (minst) to såkalla dåpssstadar i dette området; i tillegg til Qasr al-Yahud er det også ein stad som heiter Yardenit (som ligg rett sør for Gennesaretsjøen). Av desse stadane har eg absolutt mest sans for Qasr al-Yahud. Staden er meir autentisk (geografisk) og mindre kommersialisert enn Yardenit.

Eg las ein gong ein artikkel i den israelske avisa Haaretz (2014) med denne interessante tittelen: Baptism in the River Jordan. Ancient tradition meets modern ecology: Cleansing the soul, cleaning the water. Avisartikkelen legg blant anna vekt på den dårlege kvaliteten på vatnet, – og ser fram mot ei tid med reinare vatn i elva. La oss håpa den tid vil koma!

Avisa skreiv ut frå perspektivet at kristne pilegrimar i vår tid blir døypte i elva. Ja, dette blir praktisert av ein del kristne trussamfunn. Eg er redd mykje av dette er gjendåp, noko eg har lite sans for. For meg betyr det meir å sjå på elva som stad for døyparen Johannes sin aktivitet og for Jesu dåp. Dessutan minner Jesu dåp meg på min eigen kristne dåp, og på tydinga av den.

Hendinga er med i alle dei fire evangelia. Men me kan merka oss at evangelisten Johannes (altså ikkje døyparen), ikkje spesifikt nemner at Jesus blei døypt. Han er meir opptatt av at døyparen her peiker på kven Jesus er:

    29 Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg. 31 Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.»32 Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande. 34 Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.» (Joh 1,29-34)

Bibelhistoria om Jesu dåp er ein del av forteljingsteksten på 2. søndag i openberringstida (Matt 3,13-4,11). Denne teksten er oppdatert 05.01.2022 blant anna med fjerning av død lenke til Haaretz-artikkelen.

Relaterte notat:

Jesus og sabbaten

Notat til Markus 2,23-28

Kva betyr det å halda kviledagen heilag? I vår kristne tradisjon brukar me det tredje bodet slik at det handlar om søndagen. Ein gong Jesus blei kritisert for brot på sabbatsbodet, sa han:

Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten. Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.

Kva forhold har me kristne til lova i Det gamle testamentet? Kva er kristen fridom? Koss underviste Jesus om desse spørsmåla?

Eg trur det er rett å seia at Jesus gav sabbaten eit nytt innhald, eit innhald dei fleste kristne har overført til søndagen. Det viktige er ikkje å ha strenge reglar for kva som er lov å gjera denne dagen. Det viktige er å ta til seg det godet som ein annleis dag er, og la det prega vår bruk av dagen. Jesus vil at helgedagen skal vera fylt av «frid, glädje, förlåtelse och gemenskap med Gud», for å sitera den svenske biskopen Bertil Gärtner (sjå sitat lenger nede). Sjølv ville eg ha lagt til fellesskap med familie og venner.

Eit aktuelt spørsmål er sjølvsagt om ikkje samfunnet, nettopp for å gjera helga annleis i forhold til resten av veka, likevel bør ha reglar som regulerer bruken av søndagen.

Dette er eit notat til bibeltekstane  på 11. søndag i treeiningstida (2. rekke). Eg har skrive notatet for Prekenverkstedet til Den Norske Israelsmisjon (2015) og bearbeidd det litt før eg legg det ut her på bloggen. 

Leseteksten frå Andre Mosebok (2. Mos 20,1-17) inneheld dei ti boda om Guds gode vilje for menneskelivet. Den korte forma av det tredje bodet er: «Du skal halda kviledagen heilag». Dette er ei pedagogisk bearbeidd kortform av sabbatsbodet slik det står i 2. Mos 20:

Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag. Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning, men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine. For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han.

Leseteksten frå Galatarbrevet (Gal 5,1-6) begynner med det programmatiske «Til fridom har Kristus frigjort oss.» Vidare er teksten ei formaning til ikkje å akseptera ei forkynning som seier at vegen til frelse går gjennom oppfylling av lova. Vårt kristne alternativ er tru, håp og kjærleik (vers 5-6).

Teksten frå Markusevangeliet er éi av fem forteljingar i eit større avsnitt (2,1 – 3,6) som viser koss motstanden mot Jesus vaks fram. I denne forteljinga er det Jesu forhold til sabbatsreglane som står i fokus. Teksten vil ha fram at Jesus har autoritet til å utfordra ei lovforståing som bind menneske. Han viser tilbake til at lova (eksemplifisert ved sabbaten) er Guds gode gåve til menneska.

Her er teksten frå Markusevangeliet:

23 Ein gong Jesus gjekk langsmed kornåkrane på sabbaten, tok læresveinane hans til å riva av aks medan dei gjekk. 24 Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei slikt som ingen har lov til på sabbaten?» 25 Han svara: «Har de aldri lese kva David gjorde då han var i naud og både han og mennene hans svalt? 26 Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta. Han gav òg til dei som var med han.» 27 Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten. 28 Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»

Menneskesonen er herre over sabbaten!

Vers 23 fortel om ei konkret hending. Jesus og disiplane var ute og gjekk på ein sabbat. Stien gjekk langsmed ein kornåker. Disiplane begynte å riva av aks (for å eta dei). Dette var lov, jfr 5. Mos 23,25.

Vers 24 fortel at nokre farisearar klaga på disiplane ved å seia at dei gjorde noko som ikkje var lov på sabbaten. Det var lov å eta på sabbaten; den var ikkje ein fastedag. Det har truleg heller vore sjølve aktiviteten «å riva av aks» som dei vurderte som arbeid og som dermed kom i konflikt med sabbatsbodet i 2. Mos 20,8 ff. Parallellteksten i Luk 6,1 viser også at dei gneid aksa mellom hendene. Kanskje var det dette som var problemet?

Vers 25-26 viser at Jesus avviste farisearane si rigide sabbatstolking. Han argumenterte ut frå eit skriftbevis, ein vanleg rabbinsk metode. Her viser han tilbake til forteljinga i 1. Sam 21,1 ff om då David og mennene hans åt skodebrøda som bare prestane skulle eta. I parallellteksten i Matt 12,1 ff blir også sjølve tempeltenesta (4. Mos 28,9-10) omtalt av Jesus som eit brot på sabbatsbodet samtidig som prestane er «utan skuld».

Problem i teksten

Det er elles eit problem i vers 26. Jesus seier (i følgje Markus) at historia om skodebrødet skjedde på den tid Abjatar var øvsteprest, mens 1. Sam 21 seier at det var Abjatar sin far, Ahimelek, som var øvstepresten i den aktuelle samanhengen. Abjatar overlevde massakren på prestane i 1. Sam 22,18-21 og blei seinare ein viktig mann i Davidshistoria. Kanskje det er derfor namnet hans har kome med i denne teksten? Matteus og Lukas nemner ikkje Abjatar i sine versjonar av forteljinga.

Det er mange som har strevd med tanken på om det kan vera ein feil her, og om det i så fall var Jesus eller Markus som tok feil. Har det blitt ein utilsikta ironi ved at dette skjer akkurat der Jesus seier: «Har de aldri lese kva David gjorde då han …»?

Sjur Isaksen har i si bok Ordet gjennom året, bd 2 side 156, heller gjort dette til ein illustrasjon på poenget i teksten: «Troen står ikke på spill i detaljene.»

I vers 27 understrekar Jesus i ei generell utsegn at sabbaten er gitt oss menneske som ei gåve og ei velsigning. Det blir feil om den blir ei bør. Dette er eit viktig prinsipp for Jesus.

Jødisk tolking

Samtidig er dette prinsippet ikkje unikt for Jesus. The Jewish Annotated New Testament (Oxford University Press 2011) kommenterer verset med å seia:

Here Jesus advocates a humanitarian Sabbath exception such as those often discussed in Jewish law.

Den messianske jøden David H. Stern viser i sin kommentar til NT til følgjande tekst frå Talmud:

Rabbi Yonatan ben-Yosef said: For it (Shabbat) is holy unto you (Ex 31,14). That is, it is committed into your hands, not you into its hands!

Messiansk tidalder

Vers 28 kan lesast som eit sterkt uttrykk for Jesu messianske sjølvbevisstheit, altså at han såg på seg sjølv som den Messias som skulle koma. Sabbatsbodet hadde på Jesu tid fått ein spesiell status. Sabbaten er eit teikn mellom Gud og folket (2. Mos 31,12 ff) og dette blei forstått slik at sabbatsbodet stod over dei andre boda. Sabbaten blei også forstått som ein forsmak på den komande messianske tidsalderen, jfr omgrepet «kvile» i Hebr 4,1-11.

Bertil Gärtner skriv i sin kommentar til Markusevangeliet:

Det är väl närmast detta förhållande mellom sabbaten och Messias och hans rike, som återspeglas i evangeliarnas berättelser, enligt vilka Jesus vågade bryta mot judarnas stränga sabbatsreglar och skänka sabbaten ett nytt innehåll. Jesu gjärningar, hans botande av de sjuka och hans kärleksfulla handlingar just på sabbaten, skulle vittna om att Messias kommit, och att hans rike och hans krafter förmedlade den välsignade messianska sabbatens innehåll: frid, glädje, förlåtelse och gemenskap med Gud.

(Bertil Gärtner: Markus evangelium. Verbum. Stockholm 1970).

Som eit apropos vil eg likevel nemna at både The Jewish Annotated New Testament og den messiansk-jødiske David H. Stern meiner at «Menneskesonen» (hebraisk: ben-adam) i vers 28 i Jesu munn kan ha vore eit generelt uttrykk for mennesket, og at det først seinare har fått messianske overtonar! I så fall sa Jesus her noko slikt som at «mennesket er herre over sabbaten».

Innspel til forkynning over teksten

Forkynninga kan vektlegga ulike tema. Her er nokre eksempel:

– Jesus og Moselova
– Jesus som Messias, «herren over sabbaten»
– Kristen fridom (jfr Luthers boktittel: Om et kristenmenneskes frihet)
– Helgedagstanken, forholdet sabbat – søndag, det godet det er å ha ein annleis dag

Anastasis

God påske 2015 

Bildet er tatt i Jesu grav i Jerusalem. Her er det ein tom benk med lys og anna utsmykning, typisk for gresk-ortodokse kyrkjer. Teksten på teppet, XRISTOS ANESTÆ (transkribert til vårt alfabet), betyr: KRISTUS ER OPPSTADEN.

Jesu grav i Gravkyrkja

«Grava» er i dag ei bygning eller eit kapell inne i Gravkyrkja, under den store kuppelen. Grava har vore øydelagt nokre gonger gjennom historia, men er kvar gong bygd opp på ny på den same plassen.

Me vestlege kristne kallar kyrkja Gravkyrkja, The Church of the Holy Sepulchre. Dei ortodokse kristne har eigentleg eit mykje finare namn på kyrkja; Anastasis (ανάστασις), oppstode.

(Her kan du lesa meir om historia bak staden: Golgata og Jesu grav)

Eg tar i dag fram Johan Nordahl Brun sin gamle og monumentale påskesalme:

Jesus lever, graven brast!
Han stod opp med guddoms velde.
Trøsten står som klippen fast:
at hans død og blod skal gjelde.
Lynet blinker, jorden bever,
graven brast, og Jesus lever!

Jeg har vunnet, Jesus vant,
døden oppslukt er til seier.
Jesus mørkets fyrste bandt,
jeg den kjøpte frihet eier.
Åpen har jeg himlen funnet,
Jesus vant, og jeg har vunnet!

Denne påskesalmen passar innhaldsmessig spesielt godt til evangeliet etter Matteus, som er preiketekst på påskedag nå i 2015. Her er det lyn og jordskjelv ved Jesu oppstode:

1 Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. 2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. 3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. 4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. 5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. 6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! 7 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
 8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane. 9 Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10 Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.» (Matt 28,1-10)

Den litle bibelen

Notat til søndagens tekst: Joh 3,11-16

Søndagens tekst inneheld den best kjente setninga i Bibelen. Bibelverset Joh 3,16 er kalla Den litle bibelen / Den vesle bibelen (eller om du heller vil ha det på bokmål: Den lille bibel). Eg kjenner ikkje til kven som først gav bibelverset dette namnet. Er det nokon som kan hjelpa meg med dette? Slik er den berømte setninga:

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Evangeliet etter Johannes, kapittel 3, vers 16)

Det er mange sentrale bibelske tankar som er med i denne setninga: Guds kjærleik, Jesus som Guds Son, trua si tyding og håpet om evig liv. Med andre ord: Tru, håp og kjærleik. Så det kan godt forsvarast å sjå dette som eit samandrag av heile Bibelen. Likevel: Bibelen er jo mykje meir enn dette!

Setninga blei i 2014 kåra til årets «mest populære» bibelvers på nettet:

Elles inneheld teksten også anna interessant stoff:

Orda kjem i ein undervisande samtale mellom Jesus og Nikodemus (hebraisk: Naqdimon). Les meir i eit tidlegare notat: Nikodemus.

Jesus trekker linja tilbake til den gamle jødiske forteljinga om Moses og koparslangen i ørkenen. Han brukar dette som eit bilde på korfor han som Menneskesonen (ein tittel Jesus ofte brukte om seg sjølv), skulle bli «løfta opp» på ei stong / ein påle / eit kors / ein kross:

Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

Og her er forteljinga om Moses frå 4. Mosebok, kapittel 21, vers 6-9:

Då sende Herren serafslangar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde.  7 Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tok til orde mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta slangane bort frå oss!» Og Moses bad for folket.  8 Då sa Herren til han: «Lag deg ein serafslange og set han på ei stong! Alle som blir bitne, skal sjå opp på han. Då skal dei leva.» Moses laga ein koparslange og sette han på stonga. Og når nokon vart biten av ein slange og såg på koparslangen, fekk han leva.

Men altså: Er det nokon som kjenner bakgrunnen for omgrepet «Den litle bibelen»?

Synagogen i Magdala

Mykje av Jesu offentlege verksemd skjedde geografisk på eit relativt lite område på nordvest-sida av Gennesaretsjøen. Eg har reist mykje i dette området og syns det er flott å koma til dei ulike stadane som er knytt til Jesu liv. Nå har eg for første gong vore i Magdala Center, eit katolsk pilegrimssenter som er under oppbygging. Her er det gjort interessante arkeologiske utgravingar og (foreløpig) bygd eit flott kyrkjebygg.

Eg har kome heim frå ein ny studietur i Israel og dei palestinske områda (februar 2015). Førsteamanuensis Fartein Valen-Sendstad var med som fagleg ansvarleg. Det var svært interessant å reisa saman med han!

I forhold til interessa for Jesu liv, var besøket i Magdala spesielt viktig for meg. Før har eg bare køyrt forbi på veg 90 over Ginosarsletta, – og gått i naturen i nærleiken, på stigen ned frå Arbelfjellet og Duedalen mot Kapernaum.

Magdala var på Jesu tid ein viktig fiskarby ved Gennesaretsjøen. Byen blir rekna som heimstaden til Maria Magdalena. Det har vore kjent kor den låg; stadnamnet eksisterer her den dag i dag i forma Migdal. Men det er først frå 2009 det er gjort systematiske arkeologiske utgravingar på staden. Det som har vekt mest oppsikt, er funnet av ein synagoge frå det første hundreåret. Då er me altså tilbake til Jesu tid. Staden blei truleg øydelagt av romarane under det jødiske opprøret i år 66-67.

Synagogen i Magdala

Magdala 2015

Synagogen er i seg sjølv svært interessant; det er ikkje funne meir enn 8-9 synagogar frå det første hundreåret.

Men det som gjer dette synagogefunnet unikt, er ein stein som er dekorert med jødisk tempelsymbolikk. Steinen (i sentrum av bilda) blei funnen sentralt i hovudrommet i synagogen, og har kanskje vore ein slags lesepult for lesinga av dei heilage skriftene. På informasjonstavla på staden blir steinen kalla «the ornamented furnishing».

Eitt av symbola på steinen var den sjuarma lysestaken – menorahen – frå tempelet i Jerusalem. Steinen snur opp/ned på tidlegare tankar om det samfunnet som Jesus verka i. Sjølv om me kjenner uttrykket heidningars Galilea frå Matt 4,15, er det nå meir naturleg å tenkja at det har vore eit nært og forpliktande forhold mellom jødedomen i Galilea og den jødiske leiinga knytt til tempelet og Jerusalem.

Har Jesus undervist i denne synagogen? Har han stått ved denne steinen og lese frå Skriftene? Ja, eg tenkjer at det er gode grunnar til å tru det!

For her kjem me svært nær fortellingane i Det nye testamentet:

Sidan fór Jesus omkring i heile Galilea; han underviste i synagogane deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage hos folket. (Matt 4,23 og tilsvarande tekst i Matt 9,35).

Foreløpig er det ikkje publisert noko offisielt frå utgravingane. Informasjonen eg har, er frå den lokale guidinga og frå Fartein sine forelesingar på turen. Eg fekk også med meg eit par brosjyrar frå staden.

Oppdatering 18.02.2016:

Det er skrive to artiklar om Magdala-steinen i Norum Testamentum 2013 og 2015

Eg har tidlegare (desember 2010) skrive om staden i notatet Synagogefunnet i Magdala.

Her er eit par bilde frå informasjonstavla ved synagogen.

Teikning på informasjonstavle, Magdala 2015

Informasjonstekst, Magdala 2015

Jesus (12) i Fars hus

Notat til søndagens tekst: Luk 2,40-52. Kristi openberringsdag II

Lukasevangeliet har med éi fortelling frå Jesu oppvekst; historia om då Jesus som tolvåring var med til tempelet.

Guten sat mellom lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. Ikkje bare det: Han svara på deira spørsmål. Dette var tydeleg ein unik situasjon som skapte undring både for dei som høyrde på og for foreldra då dei oppdaga kva som skjedde.

Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min? Dette er dei første orda som blir lagt i Jesu munn i Bibelen.

Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han. Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det. Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar. Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der. Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara. Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.
 Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt. Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.

Luk 2,40-52. Bibel 2011

Kristi openberringsdag er ein av dei eldste kristne kyrkjeårsdagane. Frå først av var feiringa av Jesu fødsel lagt til denne dagen; dette blei seinare flytt til 25. desember. Andre namn på dagen er Heilage tre kongars dag og Epifania (= openberring). Dagen blir gjerne markert som ein misjonssøndag.

Lesetekstane: Jes 49 har eit sterkt universelt innhald. Rom 15 legg vekta på skriftene, spesielt på det tolmod og den trøyst som skriftene gjev.

Evangelieteksten frå Lukas kapittel 2 er den einaste bibelfortellinga om Jesu ”skjulte år”, hans oppvekst i Nasaret. Det er mange slike fortellingar i dei apokryfe evangelia. Lukas trengte ikkje tatt med fortellinga for samanhengen si skuld; han kunne gått rett frå 2,40 til 3,1 og slik vore meir i harmoni med Markus og Matteus. Men han ville tydelegvis ha med denne eine fortellinga der Jesus har gått frå å vera barnet Jesus (to paidion: 2,17, 27 og 40) til guten Jesus (ho pais: 2,43). Teksten har eit viktig kristologisk sikte; Jesus har ein himmelsk Far, han er Guds son.

Teksten blir ramma inn av ord om Jesu utvikling og mogning, versa 40 og 51-52. Lukas har liknande vers om Døyparen Johannes si utvikling i 1,80. Det finst fleire liknande utsegner i GT, truleg er orda om Samuel i 1 Sam 2, 21b og 26 ein viktig bakgrunn. Det er ein tydeleg samanheng mellom rammeversa si vektlegging av Jesu visdom (v 40 og 52) og fortellinga om hans klokskap i møte med dei eldste i tempelet (v 47).

Maria (og Josef) skjøna ikkje kva Jesus meinte, men Maria gøymde ”alt dette” i hjartet sitt, på same måte som ho hadde gjort 12 år tidlegare i samband med fødselen. Kva tid tok ho fram dette som ho hadde gøymt? Lukas får fram at Maria står for ein viktig kontinuitet frå Jesu barndoms-historie til den første kristne kyrkja (Apg 1,14).

Pilegrimsreise med dramatisk avslutning

Jesu familie var jødar som reiste på pilegrimsreisene opp til Jerusalem. Det normale var nok at barna var med, men i den lukanske historie-fortellinga er dette Jesu første reise ”opp til Jerusalem”, og den får dermed ein viktig plass i evangeliet. Det står ikkje noko om feiringa av påskehøgtida, den er underforstått. Men Jesus har altså her vore med på den store feiringa av  påsken på og rundt tempelplassen i Jerusalem. Høgdepunktet var påskenatta med påskemåltidet, ei vakenatt med sterk Messiasforventning.

Nokre tenkjer seg at denne påskehøgtida var ei markering av Bar Mitsva for Jesus, det som i dag er den jødiske ”konfirmasjonen” for 13 år gamle gutar. Dette er tvilsamt; skikken er truleg ikkje så gamal. Andre ser for seg at det dreier seg om ein forløpar for Bar Mitsva. Men dette har me heller ingen historisk kjennskap til.

Jesu familie må ha reist i lag med eit stort følgje med slektningar og kjenningar. Då dei var på veg heim etter høgtida, tenkte foreldra hans at han ”var med i følgjet”, og slappa faktisk av med det den første dagen på heimreisa. Dette er underleg sett med vår tids auge, men det seier noko sterkt om at Jesus har vakse opp i eit trygt miljø.

Først etter tre dagar fann dei han i tempelet; truleg betyr det tre dagar etter at dei hadde reist frå Jerusalem: Ei dagsreise mot Nasaret, ei dagsreise tilbake, og ein dag med leiting i folkehavet i Jerusalem. Ole Chr. Kvarme oppgir i si bok ”Åtte dager i Jerusalem” at byen hadde mellom 50.000 og 100.000 innbyggjarar, og at det kunne vera 100.000-200.000 tilreisande i valfartshøgtidene.

Arkeologen Dan Bahat skriv at Jesu foreldre truleg fann Jesus ein bestemt stad i dei store trappene som gjekk opp til tempelplassen frå sør. Bahat hevdar dette på bakgrunn av ein inskripsjon som blei funnen der og som kan tyda på at dei eldste hadde fått tildelt ein bestemt stad i desse trappene. (Dan Bahat: ”Jesus and the Herodian Temple Mount” i Charlesworth (red): Jesus and Archaeology. Grand Rapids/Cambridge 2006, side 300-308).

Sentrum i teksten

Jesus sat midt mellom lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål (v 46). Neste vers tilseier at han også svara på deira spørsmål (v 47). Han var klok. Dette var tydeleg ein unik situasjon som skapte undring både for dei som høyrde på han (det var altså fleire), og for foreldra då dei oppdaga kva som skjedde.

Jesus lyttar til lovlærarane, stiller dei spørsmål og gir sjølv svar på deira spørsmål. Dette viser fram mot Jesu seinare debattar med dei lovkyndige om innhaldet i lova. Men her ser me ikkje noko til den avstanden det seinare skulle bli mellom Jesus og dei skriftlærde. Det er ikkje ein stridssamtale. Teksten er i ei heilt anna verd; barndomsfortellingane ber preg av tempel-fromheita som Jesus vaks opp i (Luk 1-2 og Matt 1-2).

Eg må vera i huset åt Far min

Dette er eit hovudutsegn i teksten. ”Eg må” er forståeleg når me les Jesu ord som ei stadfestinga av at han er Guds son. Jamfør Luk 4,43; 22,37; 24,7 og 24,26. Men ordet ”hus” står faktisk ikkje i den greske teksten, der manglar det som for oss er det sentrale substantivet. Den knappe teksten kan omsetjast slik: ”Eg må vera i det/dei (som er) min Fars”. Det kan dreia seg om ein lokalisering (hus, tempel), ein aktivitet (samtale om lova) eller eit fellesskap (knytt til den himmelske far framfor den jordiske familie).

Alternative forslag til omsetjingar, fritt gjengitt på nynorsk av meg:
• Heime hos far (Per Lønning: Følg meg. Side 80)
• Eg må halda meg til min Fars saker (Knut Grønvik: Dager som kommer. Oslo 2014. Side 138).

Lokaliseringa av hendinga i tempelområdet (og truleg også formuleringa i Joh 2,16 der teksten har ordet hus) har ført til den tradisjonelle (og gode) omsetjinga ”i min Fars hus”. Fars hus er eit kjent omgrep i GT, men det blir ikkje brukt om tempelet. Slik sett er ordbruken nyskapande, slik også Jesu omtale av Gud som far, er det.

Til forkynninga over teksten

Ein enkel disposisjon til ei fortellingspreike over teksten kunne vera:

  1. Jesu oppvekst i eit trygt miljø. Jødiske tradisjonar. Valfart til påske i Jerusalem.
  2. Jesus i djup samtale med lærarane i tempelet. Spørsmål og svar.
  3. ”Eg må vera i huset åt Far min”.
  4. Maria gøymer på det ho ikkje forstår og tar det fram sidan.

Paul Erik Wirgenes, som har vore sentral i oppbygginga av trusopplæringa i Den norske kyrkja, skriv med utgangspunkt i teksten i spalten Ettertanke i Vårt Land 2013 (fritt gjengitt):

  1. Heldige er dei foreldre som finn igjen sitt bortkomne barn i eit heilagt hus der det kan vera trygt. Det er mange barn og unge som er mykje i kyrkjene sine. La oss gjera kyrkjene til trygge stadar for dei.
  2. Heldig er det barn som finn eit trygt heilagt hus å søkja tilflukt i når det har kome bort eller stukke av frå foreldra sine. Mange har behov for tilknyting til stadar og fellesskap utanfor eigen familie.
  3. Heldig er det trussamfunn som har vaksne som lar seg fascinera av tolvåringars spørsmål og svar. Me treng vaksne som kan føra dei lange og gode samtalane med barn og unge.

Carl Henrik Martling foreslår følgjande disposisjon i ”Mitt i verkligheten”, bd 1, side 63-65:

  1. Endast den som saknar Jesus söker honom
  2. Endast den som söker Jesus finner honom
  3. Endast den som finner Jesus ser hans härlighet

Dette notatet er skrive for Den Norske Israelsmisjon sin preikeverkstad til Kristi openberringsdag 2015.

Oppdatert 03.01.2015

Profetkvinna Anna

Notat til søndagens tekst: Luk 2,36-38

Det er romjulssøndag og preiketeksten handlar om eit møte som skjedde då Jesus var lite barn. Eit møte mellom generasjonar, mellom ein ung familie (Maria og Josef med Jesusbarnet) og ei gamal kvinne.

Det var ei profetkvinne der, Anna, dotter til Fanuel, av Asjer-stammen. Ho var langt oppi åra. I ungdomen var ho gift i sju år, og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.

Evangelisten Lukas fortel at denne Anna levde i tempelet i Jerusalem, i faste og bøn. Eg ser for meg at bønene hennar handla om frelse for folket og om at Messias, frelsarkongen, skulle koma. Det var ei sterk Messiasforventning i det jødiske folket på den tida, og samanhengen gjer det naturleg å knyta Anna til denne forventninga. Maria og Josef var elles også prega av denne forventninga.

Då Jesus blei boren til tempelet av foreldra sine, blei Anna kalla fram frå det skjulte. Ho fekk sjå barnet Jesus og ho såg dette barnet som ei oppfylling av Guds løfte. Ordparet «løfte og oppfylling» er viktig i den kristne forkynninga i adventstida og jula. Den gamle profetkvinna Anna såg meir enn andre. Ho såg mysteriet med eigne auge. Og ho som hadde levd i det stille, blei nå ei som fortalde den glade bodskapen om Jesus til «alle som venta på fridom (lytråsis) for Jerusalem». Det greske ordet kan også tyda frigjering eller frelse, og det kan nyttast både i politisk og religiøs tyding. Me kan nok trygt omskriva utsegna til at ho fortalde til alle som hadde Messiasforventninga i seg. Denne forventninga hadde både politiske og religiøse overtonar.

Profetkvinna Anna blir relativt grundig presentert av Lukas, sjølv om teksten er kort. Her er opplysningane om henne, med nokre kommentarar:

  • Anna var profetkvinne (profætis). Ho er faktisk den einaste kvinna i NT som blir kalla for det. Men ho står i ein tradisjon frå GT, der me kjenner fleire kvinnelege profetar, for eksempel Mirjam (2. Mos 15,20), Debora (Dom 4,4) og Hulda (2. Kong 22,14). Ordet profætis brukest elles i Op 2,20 også om den berykta Jesabel i GT, men då i negativ forstand om ei som kalla seg sjølv profet.
  • Anna var dotter av Fanuel. Namnet hans betyr «Guds ansikt». Då ho såg Jesusbarnet, såg ho Guds ansikt i dette barnet.
  • Anna var av Asjer-stammen. Dette er ei overraskande opplysning. Til vanleg er slektskap tilbake til stammesamfunnet knytt til Juda, Benjamin eller Levi. Asjer-stammen var ein stamme som heldt til i nordvest, i området der Haifa ligg i dag og nordover inn i dagens Libanon. Denne stammen er blant dei som blir kalla «Israels ti tapte stammar». Asjer var ein av sønene til Jakob, og namnet hans blir knytt til lukke (1. Mos 30,12-13).
  • Anna hadde som ung vore gift i sju år, men var blitt enke. Nå var ho 84 år. Teksten kan visstnok også tolkast som om ho hadde vore enke i 84 år. Dette er jo meir usannsynleg; men dersom dette er den rette forståinga, må ho ha vore over 100 år og kunne i så fall samanliknast med enka Judit som blei 105 år i følgje det apokryfe skriftet Judits bok (Jud 16,22-23).
  • Anna levde i tempelet, det må bety ein eller annan stad på tempelplassen. Inne i tempelet ville ho aldri få lov til å vera. Opplysninga om at ho tente Gud i faste og bøn natt og dag, betyr truleg at ho levde eit stille liv, om mogleg skjult for all aktiviteten som elles prega tempelplassen.

Kva kan historia om Anna læra oss? Eg tar med tre punkt, fritt gjengitt etter Jorunn Andestad Langmoen sitt bidrag i DNI sin tekstverkstad: Romjulsfest med en lykkelig gammel dame:

• Gud held løfta sine! Me kan nok bli utålmodige, men me kan stola på hans «timing».
• Å søkja Gud gir hjelp til å vera klar i det viktigaste, uansett livssituasjon.
• Den kristne trua er ein bodskap som betyr frigjering, frelse og glede for alle menneske.

Og eg vil leggja til: Eit generasjonsmøte kan vera eit viktig møte. Dei gamle kan bidra med djup refleksjon i møte med barnet. Og menneske i ulik alder kan møtast i felles forventning.

Han kjem med eit nådens år

Preike på Lys våken – gudsteneste, Hinna kirke 1. søndag i adventstida 2014

Det står skrevet i evangeliet etter Lukas, kapittel 4:

 Jesus kom også til Nasaret, hvor han var vokst opp, og på sabbaten gikk han inn i synagogen, slik han pleide. Da han reiste seg for å lese, rakte de ham profeten Jesajas bok. Han åpnet bokrullen og fant stedet der det står skrevet:

Herrens Ånd er over meg,
for han har salvet meg
til å forkynne et godt budskap for fattige.
Han har sendt meg for å rope ut
at fanger skal få frihet
og blinde få synet igjen,
for å sette undertrykte fri

og rope ut et nådens år fra Herren.

Så rullet han bokrullen sammen, rakte den til synagogetjeneren og satte seg. Alle i synagogen stirret spent på ham. Han begynte da med å si: «I dag er dette skriftordet blitt oppfylt mens dere hørte på.» Alle roste ham og undret seg over nådeordene som kom fra hans munn. «Er ikke dette Josefs sønn?» spurte de.

Slik lyder det hellige evangelium.

Jesus og bogrullen

Det må ha vore merkelig å ver i Nasaret den gangen di hørrte Jesus tala i synagogen! Folk visste jo kem han va. Trudde di.

Di va vant med å sjå Jesus i verkstedet te faren hans, Josef. Og når han va rundt omkring med forskjellig byggearbeid. Kanskje kom ongane så va 11 år springande mod han og ropte: ”Hei! Me kjenne deg! Du har jo bygd huset vårt!”

Nå hadde tømmermannen Jesus vore borte frå byen ei stund. Og det gjekk rykte om alt det merkelige han hadde sagt og gjort på andre steder.

Det va mange så lurte på dette med Jesus. Folk spurte kverandre: Kem e han egentlig?

Og nå va altså Jesus på gudsteneste. Han va tekstlesar og leste frå ein bogrull. Han fekk te og med ha preikå den dagen.

Her har eg med meg ein bogrull. Di hadde ikkje bøger den gong. Her ser me koss bogrullen ser ud. Det e eit tøystykke rundt som beskyttelse. Nå tar eg av beskyttelsen. Her ser me rullen med bibelteksten.

Di ga han bogrullen te profeten Jesaia. Då leste Jesus den profetteksten så me har hørrt i kjerkå nå i dag (Jes 61,1-3). Dette va ein gammal tekst så fortelle om Messias – ein konge så sko komma og hjelpa alle så trang hjelp. Då han hadde lest, satte han seg, for det va vanlig på den tidå. Alle såg på han. Di va så spente på ka han sko sei.

Han begynte med å sei: «I dag e dette skriftordet blitt oppfylt mens dokker hørrte på.»

Eg lure på koss det hadde vore å ver der. Hadde det vore lettare å tru på Jesus viss me va der?

Kanskje hadde det vore lettare å tru då …? Kanskje det e lettare nå …?

Di såg tømmermannen så di kjente, han di kalte Josefs sønn. Men di såg kanskje ikkje den store sammenhengen.

Me har større mulighed te å sjå sammenhengen, for me har Det nye testamentet så fortelle oss om heile livet te Jesus.

Kanskje hadde det vore lettare å tru då …? Kanskje det e lettare nå …?

Nådens år

«I dag e dette skriftordet blitt oppfylt mens dokker hørrte på.» Det e Jesus så tolke bibelteksten sånn. Nå! Ventetidå e slutt. Messias e her, seie han.

Folket hadde venta på Messias, ein konge. Di fleste tenkte at Messias var ein krigskonge så sko få møje makt og befri folket frå romerne som hadde tatt landet.

Men her seie Jesus at han er ein aen slags Messiaskonge.

Gud har sendt meg, seie Jesus, for å forkynna eit godt budskap for fattige, for at fangar ska få frihed, for at blinde ska få synet igjen og for å setta undertrykte fri.

Men – gjelde dette oss her på Hinna? Det e vel ikkje så mange fattige eller fangar eller blinde eller undertrykte her?

På mange måder kan me sei at dette gjelde oss! Bare for å ta eit eksempel: Her på Hinna og i resten av Norge e me rige i forhold te di fleste menneske i verdå. Ligavel kan me ver fattige! Me kjøbe stadig nye ting – men me blir aldri fornøydde.

Dokker så er voksne, huske sikkert pop-kongen Elvis. Eg har hørrt at han va så rig at han kunne bruga privatflyet sitt for å reisa te ein aen by og kjøpa akkurat den hamburgaren han likte så godt, te kvelds. Ligavel hadde han ikkje eit godt liv. Han va veldig rige, men ligavel veldig fattige.

Jesus ropte ud eit nådens år te alle menneske; fattige, fangar, blinde og undertrykte. Dette gjelde oss! «I dag e dette skriftordet blitt oppfylt mens dokker hørrte på.»

Eg syns dette blei veldig tydelig i dåpen i dag. Gud ga nytt liv, eit evigt liv, te …. (namn på dei tre dåpsbarna). Det skjedde i dag. Her i Hinnakjerkå.

Og når me feire nattverd samen seinare i gudstenesten, komme Jesus te oss å seie: Her komme eg. Eg gir meg sjøl for deg. Du får fellesskap og nytt liv. Det skjer i dag. Her i Hinnakjerkå.

Jesus kutta ut ei setning

Men det va spesielt ein ting så skapte oppstandelse i synogogen. Og når eg seie oppstandelse i denne sammenhengen, meine eg modstand. Folk va begeistra først, men itte kvert blei di sinte på Jesus. Det kan ha vore mange grunnar te det. Men eg trur ein av grunnane va at di la merke te at Jesus kutta ud ei setning i profetien frå Jesaia. Di kunne tekstane frå Det gamle testamentet godt.

Jesus leste at han va sendt for å ropa ut eit nådens år frå Herren. Så slutta han der.

I bogrullen fortsatte teksten med ord om hevnens dag frå Gud. Det tok ikkje Jesus med.

Gjett om det blei lagt merke te! Folkå levde eit hardt liv og landet va okkupert. Mange ønskte sikkert hevn over romerne. Men Jesus ropte ud eit nådens år for alle som trang hjelp, uden hevn.

Sånn e Jesus. Han komme med nåde. Han komme te alle så trenge hjelp. Uansett kem me e. Uansett koss me har det. Uansett ka me har gjort og tenkt og sagt. Han komme ikkje med hevn. Han komme te oss med nåde. I dag.

Meditasjon (tekst: Mari og Paul Erik Wirgenes)

Du var dristig, Jesus.
Da du leste teksten i din hjemlige synagoge,
talte du ikke om håp for en fjern fremtid eller for neste år.
Du sa i dag.
I dag skjer det.
Her. Mens vi hører på.
La det skje hver dag, Jesus,
at du stille leser ordene for oss:
Om nådens år
og ditt nærvær,
om oppreisning og fred,
at det er nå det skjer.
Alltid.

Jesus på Hattins horn?

Notat til dagens tekst: Mark 3,13-19

I skråninga opp til Hattins horn i Galilea er det sett opp ein murkonstruksjon med teksten frå Mark 3,13 på hebraisk og gamal engelsk. Kanskje nokon har meint at det var her Jesus var då han kalla disiplane til seg?

Det Markus skriv, er at Jesus valde ut dei tolv næraste disiplane sine på eit fjell. Geografisk er det sjølvsagt ikkje mogleg å lokalisera dette. Men teologisk har det si tyding, med tanke på alle dei viktige bibelske hendingane som skjer på ulike fjell.

Her har eg skrive om Hattins horn og om ein teori frå 1800-talet om at det var her Jesus heldt Bergpreika. Etter mitt skjøn blir dette rein spekulasjon, men det er interessant å tenkja gjennom korleis folk til ulike tider har knytt enkelttekstar i Bibelen til konkrete stadar.

Oppdatering 24.01.2016: Caspari Center Media Review 22.01.2016 viser faktisk til ein israelsk artikkel som omtaler Hattins Horn som ei mogleg lokalisering av Bergpreika!

Status HaTzafon, January 1, 2016
This article protests the planning of a housing project on the southern slope of Karnei Hittin, as it is not only the location of famous battles such as the Crusader defeat by Saladin in 1187, but also one of the possible locations of the Mount of Beatitudes.

Les meir om fottur over Hattins Horn her.

Her er nokre bilder frå staden:
Galilea 2012 373
Galilea 2012 371
Galilea 2012 374

Jesu morsmål

Det er relativt sikkert at Jesu morsmål var arameisk. Men kunne han også hebraisk? Og kjente han til gresk? Det blei denne veka ein liten disputt mellom paven og Netanyahu om Jesu morsmål.

Eg fann fram til notisen om dette via PaleoJudaica, som har følgjande kommentar til saka: What language(s) did Jesus speak?

Reuters skriv:

Pope, Netanyahu spar over Jesus» native language
Mon, May 26 2014
JERUSALEM (Reuters) – Pope Francis and Israeli Prime Minister Benjamin Netanyahu traded words on Monday over the language spoken by Jesus two millennia ago.
«Jesus was here, in this land. He spoke Hebrew,» Netanyahu told Francis, at a public meeting in Jerusalem in which the Israeli leader cited a strong connection between Judaism and Christianity.
«Aramaic,» the pope interjected.
«He spoke Aramaic, but he knew Hebrew,» Netanyahu shot back.
Like many things in the Middle East, where the pope is on the last leg of a three-day visit, modern-day discourse about Jesus is complicated and often political.
A Jew, Jesus was born in Bethlehem in the Roman-ruled region of Judea, now the Israeli-occupied West Bank. He grew up in Nazareth and ministered in Galilee, both in northern Israel, and died in Jerusalem, a city revered by Jews, Christians and Muslims, and to which Israelis and Palestinians lay claim.
Palestinians sometimes describe Jesus as a Palestinian. Israelis object to that.
Israeli linguistics professor Ghil’ad Zuckermann told Reuters that both Netanyahu, son of a distinguished Jewish historian, and the pope, the spiritual leader of the world’s 1.2 billion Catholics, had a point.
«Jesus was a native Aramaic speaker,» he said about the largely defunct Semitic language closely related to Hebrew. «But he would have also known Hebrew because there were extant religious writings in Hebrew.»
Zuckermann said that during Jesus» time, Hebrew was spoken by the lower classes – «the kind of people he ministered to».

Relaterte notat:

Oppdateringar:

Dette har ført til mykje meir stoff om temaet på nettet. F eks BBC sitt oppslag: Who, What, Why: What language would Jesus have spoken?  Og PaleoJudaica følgjer opp med viktige kommentarar her.

Og her er ein artikkel som argumenterer for at Jesus snakka HEBRAISK: Why Jesus really was a Hebrew speaker (Haaretz i dag 07.06.2014).

Her er meir stoff å henta:

 

Charlesworth om Jesu påske

Det finst mykje interessant bakgrunnsstoff for påsken i Bibelen. Vår kristne påskefeiring handlar om Jesu liding, død og oppstode. Men bak dette ligg den jødiske påsken, fridomsfesten som Jesus og disiplane feira.

Dette er ikkje to påskefeiringar som bør haldast frå kvarandre. Tvert imot, nettopp når me ser etter samanhengar og kryssreferansar mellom GT og NT oppdagar me stadig nye sider ved påskebodskapen. Den kristne trua har djupe jødiske røter.

Professor James H. Charlesworth har skrive ein interessant artikkel på The ASOR Blog:

The Last Passover of Jesus

Jesus was in Jerusalem the week before his crucifixion. At least three questions may be asked. Why was he in Jerusalem? Why was that time important? What traditions, beliefs, and hopes did Jesus celebrate and where?

Les meir

 

Oppdatering 2020: Det ser dessverre ikkje ut til at Charlesworths artikkel er tilgjengeleg på ASOR Blog.

Matt 17 og lauvhyttefesten

Notat til søndagens tekst: Matt 17,1-9 / Mark 9,2-13 / Luk 9,28-36

Teksten om då tre disiplar fekk sjå Jesu herlegdom på fjellet, bør tolkast i lys av lauvhyttefesten. Pave Benedikt XVI / Joseph Ratzinger poengterer dette sterkt i si bok Jesus fra Nasaret (s 193 ff). Han skriv ein interessant kommentar til teksten og knyter den tydeleg til lauvhyttefesten (i det han støttar seg til Jean Daniélou og Harald Riesenfeld). Her er nokre sitat:

Jean Daniélou relaterer derimot evangelistenes tidsangivelser utelukkende til løvhyttefesten, som altså varte en uke. Ved en slik lesemåte ville tidsangivelsen hos Matteus, Markus og Lukas stemme overens. De seks eller åtte dagene ville da stå for løvhyttefestens festuke, og Jesu forklarelse ville finne sted på denne festens siste dag, som både var festens høydepunkt og en indre sammenfatning av den.

(…)

Som vi så i forrige kapittel, står de store hendelsene i Jesu liv i indre sammenheng med den jødiske festkalender.

(…)

Sammenhengen med løvhyttefesten blir overbevisende om vi tar i betraktning den messianske tolkning den hadde i jødedommen på Jesu tid. Daniélou har utviklet dette aspektet på en overbevisende måte og har knyttet det til vitnesbyrdet fra kirkefedrene som også var godt kjent med de jødiske overleveringene og leste dem på ny i en kristen kontekst. Løvhyttefesten oppviser de samme tre dimensjoner som vi så var betegnende for de store jødiske festene generelt: En fest med opphav i naturreligion blir samtidig en fest da man minnes Guds historiske handlinger, og dette minnet blir igjen til håpet om den definitive frelse. Skapelse – historie – håp forbindes med hverandre.

 

Sjå også Rolf Gunnar Heitmanns tekstverkstad til Lukasversjonen: Topptur i Galilea. Han skriv: «Kristi forklarelses- og forvandlingsdag er kirkens forundrings- og forandringsdag.»

Jesu tome grav i dag

Bilde frå bibelske landskap, veke 14/2013

Bildet er tatt i Jesu grav i Jerusalem. Her er det ein tom benk med lys og anna utsmykning, typisk for gresk-ortodokse kyrkjer. Teksten på teppet, XRISTOS ANESTÆ (transkibert til vårt alfabet), betyr: KRISTUS ER OPPSTADEN.

Jesu grav i Gravkyrkja

Grava er i dag ei «bygning» eller eit kapell inne i Gravkyrkja, under den store kuppelen. Grava har vore øydelagt nokre gonger gjennom historia, men er kvar gong bygd opp på ny på den same plassen.

Me vestlege kristne kallar kyrkja Gravkyrkja, The Church of the Holy Sepulchre. Dei ortodokse kristne har eigentleg eit mykje finare namn på kyrkja; Anastasis, oppstode.

For meir stoff om denne staden, sjå notatet Golgata og Jesu grav.