Jesu morsmål

Dei fleste er klar over at NT eigentleg var skrive på gresk (dvs koinégresk). Gresk var på den tida det internasjonale språket i Romarriket. Posisjonen som dette språket hadde, kan kanskje best samanliknast med engelsk sin posisjon i vårt samfunn. Men kva språk snakka eigentleg Jesus?

Jesu morsmål var arameisk. Nokre få stadar i NT er direkte utsegn av Jesus bevart på dette språket. Sjå desse eksempla frå Evangeliet etter Markus:

  • Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!» (5,41)
  • Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!» (7,34)
  • Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst: « Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?» Det tyder: « Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg (15,34)

Me kan også merka oss at Markus er nøye med å omsetja dei arameiske orda han nyttar. Evangeliet etter Markus er nemleg skrive med tanke på ein ikkje-jødisk lesarkrets.

Les meir om koss du kan læra litt arameisk ved å sjå etter detaljar i NT i artikkelen Learn (a little) aramaic from your New Testament av Edward Cook, mannen bak bloggen Ralph the Sacred River.

Det arameiske språket blir framleis nytta i enkelte samfunn i Midt-Austen, jfr kvinna eg ein gong møtte i den syrisk-ortodokse Markuskyrkja i Gamlebyen i Jerusalem.

3 svar til Jesu morsmål

  1. Trond seier:

    Bare et lite spørsmå. HGvorfor blir alltid Jesus på bilder fremstilt som en lang hvit mann med blå øyne og langt blondt hår. Hvis han levde i Israel på den tiden og i tillegg snakket dette språket måtte jo utsenet hans vært hakket mørkere en dagens arabere.

  2. Arne seier:

    Det er eit interessant spørsmål, Trond! Historisk sett er det ingen tvil om at Jesus var ein jøde som levde i Midt-Austen for ca 2000 år sidan. Han såg vel kanskje ut som folk flest gjer i Midt-Austen i dag?

    Men eg trur det er ein vanleg ting at mange tenkjer seg at ein person dei høyrer om, liknar på dei sjølve. Det er nok grunnen til at mange her i Norden har tenkt seg Jesus med nordiske trekk. Den norske kunstnaren Henrik Sørensen har f eks malt eit berømt Jesusbilete som finst i mange kyrkjer. Her er Jesus malt som ein lys nordmann.

    I den store kyrkja i Nasaret som er bygd til minne om at Jomfru Maria fekk beskjed om at ho skulle bli Jesu mor, finst det ei interessant samling med bilete av Maria med barnet. Det er bilete frå heile verda, og Maria og barnet ser ut som dei kjem frå ulike verdsdelar og kulturar, avhengig av kor bileta kjem frå!

  3. Martin seier:

    Interresant lesning. Her skal jeg fortsette å lese =) Jeg kan legge deg til som link også om du gjør det samme med meg? Forresten har jeg nettopp skrevet to artikler som sikkert faller i smak hos deg. Det ene er et invervju med leder i Bergen KrFU og det andre er en oppfordring til muslimer.

    mvh Martin Drange

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: