God bok: Boka om boka – gjennom to tusen år

Boka om boka peiker på Bibelen som eit lokomotiv som har drive bokhistoria framover. «I denne store boka har ein alltid brukt berre det beste av skrivematerialar, det vakraste av kunsten, det nyaste av teknologi – alt dette som har forma både bokkunsten og vår eigen kultur» skriv forlaget på omslaget. Eg har lese bokaLes meir «God bok: Boka om boka – gjennom to tusen år»

Evangelisten Lukas sin dag

Bildet viser evangelisten Lukas som ikonkunstnar. Han målar ifølge tradisjonen det første ikonet av jomfru Maria. Det er Lukas sin dag i dag (18. oktober). Eg viser til to tidlegare notat her på bloggen: Evangelisten Lukas fortel om eit par innhaldsmessige særtrekk ved Lukasevangeliet i forhold til dei andre evangelia. Avslutninga av notatet Klosteret i Thiva fortel om tradisjonenLes meir «Evangelisten Lukas sin dag»

Biblical Studies Carnival 9/2017

Biblical Studies Carnival for september 2017 er nå publisert på bloggen Reading Acts. Dette er ei oversikt over lenker til faglege bibliobloggar i september om GT, litteratur frå det andre tempelets tid, NT, teologi, bibelske språk, bokmeldingar med meir. Her er det mykje eg får lyst til å sjå nærare på. Interessa mi for reiselivLes meir «Biblical Studies Carnival 9/2017»

Magnar Kartveits avskjedsforelesing

I dag kjenner eg meg inspirert og berika. Då professor Magnar Kartveit hadde si avskjedsforelesing på VID Misjonshøgskolen i dag, blei det invitert til eit ope arrangement. Til og med dei tilsette sitt kakeselskap med helsingar til jubilanten blei opna opp. Og eg som ein bibelfagleg interessert prest, tok imot invitasjonen. Magnar var min førsteLes meir «Magnar Kartveits avskjedsforelesing»

Bibelmanuskript i Cambridge

I sommar fekk eg med meg to svært interessante bibliotekbesøk i Cambridge, begge relatert til gamle og viktige bibelske manuskript. Cambridge University Library er 600 år i år (1416-2016) og har laga jubileumsutstillinga Lines of Thought: Discoveries that Changed the World. Her viser biblioteket fram nokre av dei aller største skattane i den enorme samlinga. Utstillinga erLes meir «Bibelmanuskript i Cambridge»

Bibelfagleg studieveke

Summer Biblical Study in Cambridge 2016   Gresktime etter frukost. Deretter forelesningar i GT og NT. Og ikkje nok med det: om kvelden lesing av hebraiske og greske bibeltekstar saman med dei som hadde hatt forelesningar tidlegare på dagen. Eg har nyleg kome heim frå ei studieveke på Summer Biblical Study in Cambridge. Det var heldigvisLes meir «Bibelfagleg studieveke»

Israels Konge-Sogur

Det Norske Bibelselskap 200 år Koss kan eg best heidra 200-års jubilanten her på bloggen? Bibelselskapet har feira jubileet med stor bibelfestival i Oslo denne helga. Eg har ikkje hatt høve til å delta då eg har vore opptatt med eit anna og meir lokalt jubileum. Men Bibelselskapet er viktig for meg. Eg nyt kvarLes meir «Israels Konge-Sogur»

Bibelhistorier: Forvandlinga

Det nye testamentet fortel: Éin gong fekk tre av dei som stod Jesus aller nærast, sjå ei heilt annleis side ved han. Dei fekk sjå Jesus i hans himmelske samanheng. Han blei forvandla og dei fekk sjå det. Dei som var med i følget til Jesus, levde til dagleg eit kvardagsliv saman med han (detLes meir «Bibelhistorier: Forvandlinga»

Vismennene

Bibelhistorier: Vismennene hyllar Jesus Bilde: The Magi Journeying. Kunstnar: James Tissot. Brooklyn Museum Vismenn frå aust, ei stjerne viste veg, kong Herodes blei redd og sint, vismennene fann Jesusbarnet, dei gav han gull, røykjelse og myrra. Dette er viktige ingrediensar i bibelhistoria eg vil trekka fram i dag. Trettande dag jul (6. januar) blir kalla «HeilagetrekongarsLes meir «Vismennene»

Skriftrull frå Ein Gedi

For 45 år sidan blei det funne ein forkulla skriftrull i dei arkeologiske utgravingane i syngagogen i oasen Ein Gedi ved Dødehavet. Nå har omsider forskarane teknologi som gjer det mogleg å lesa skriftrullen. Teksten som er «opna», er frå Tredje Mosebok. Bildet viser ørkenlandskapet med oasen, og Dødehavet i bakgrunnen. Her er Israel AntiquitiesLes meir «Skriftrull frå Ein Gedi»

Den litle bibelen

Notat til søndagens tekst: Joh 3,11-16 Søndagens tekst inneheld den best kjente setninga i Bibelen. Bibelverset Joh 3,16 er kalla Den litle bibelen / Den vesle bibelen (eller om du heller vil ha det på bokmål: Den lille bibel). Eg kjenner ikkje til kven som først gav bibelverset dette namnet. Er det nokon som kanLes meir «Den litle bibelen»

Hagar og Ismael

Her er bibelhistorieboka som eg hadde då eg gjekk på barneskulen. Den inneheld eit utval forteljingar frå skapinga til dei første kristne i Apostelgjerningane og Paulus sine brev. Det står ein del om Abraham og Sara der, men ingenting om Hagar og Ismael. Den teksten som er preiketekst i kyrkja i dag, høyrde eg ikkjeLes meir «Hagar og Ismael»

Vår far i himmelen

Notat til søndagens tekst: Matteus 6,7-13 Vår far i himmelen. Slik har eg det siste året lært meg å starta bøna når eg ber Herrens bøn, Fadervår. Og eg har faktisk lært meg å bli glad i den nye omsetjinga, sjølv om den gamle sit djupt i minnet ennå. I samband med at Fadervår erLes meir «Vår far i himmelen»

Bibel med dristig design

Den nye utgåva av Konfirmantbibelen har fått Merket for god design. Prisen blei delt ut på Designdagen i går. Bibelselskapet har vore relativt dristige her. Eit av dei valfrie omslaga blir skildra med at det har «dødninghode med blomster som vokste ut av øyenhulene». Sjølv har eg ikkje så sterk hang til slik symbolikk, menLes meir «Bibel med dristig design»

Ein himmelsk turban

Visste du at turban blir omtalt som eit himmelsk plagg i Bibelen? Eg hadde lese det før, men då eg i dag (27.02.2013) las komande søndags lesetekst frå GT, la eg likevel på nytt merke til dette som ein overraskande detalj. Det dreier seg om ein tekst frå profeten Sakarja. Han ser i eit syn atLes meir «Ein himmelsk turban»

70 eller 72 disiplar?

Jesus hadde mange fleire disiplar enn dei tolv. I Lukas 10 står det at han sende ut ein heil flokk i par på to og to. Men kor stor var denne flokken? Mange handskrift seier 72. Andre seier 70. Norske bibelutgåver har hittil skrive 70. Men nå har faglege vurderingar ført til at Bibelselskapet i BibelLes meir «70 eller 72 disiplar?»

Evangeliet etter Matteus?

Kven har eigentleg skrive dei ulike delane av Bibelen? Det er eit stadig tilbakevendande spørsmål i forskinga. Matteusevangeliet har ingen opplysningar om kven som er forfattar av skriftet. Ein gamal kyrkjeleg tradisjon seier at evangeliet er skrive av tollaren Matteus i Kapernaum (Matt 9,9). Derfor har skriftet frå gamalt av hatt namnet Evangeliet etter Matteus.Les meir «Evangeliet etter Matteus?»

Nye funn av NT-manuskript

Det skal nyleg vera funne nokre svært gamle fragment av tekstavsnitt frå NT på papyrus (februar 2012). Denne nyheita har vore kommentert av mange på nettet gjennom heile februar etter at bibelforskaren Daniel B. Wallace offentleggjorde funnet i eit debattmøte 1. februar. Wallace hevda at eitt av sju fragment som er funne, eit fragment avLes meir «Nye funn av NT-manuskript»

Eldre enn Bibelen

Eg følgjer forskingsprosjektet  “‘Biblical’ Texts Older than the Bible” med interesse. Eg set pris på at dei som står bak prosjektet, veit å bruka nettet til å skapa interesse for forskinga. Les meir på facebook og på bloggen deira. Sjå også nettsida til Torleif Elgvin. NRK hadde nyleg eit oppslag om prosjektet: Forsker på Dødehavsrullene Et forskingsteam fra UniversitetLes meir «Eldre enn Bibelen»

Bibeldagen 2012

Såmannsøndagen 5. februar / Bibeldagen  Bibelselskapet skriv: Det er lange tradisjoner i de fleste kirkesamfunn og menigheter for å feire Såmannssøndagen eller lørdagen (sabbaten) som bibeldag i Norge. Bibeldagen 2012 har fokus på Etiopia. Bibeltekstene som leses handler om Guds ord og hele gudstjenesten kan preges av vår takknemlighet til Gud for at vi gjennomLes meir «Bibeldagen 2012»

Tapte bibelske bøker?

Lost Books of the Bible har overraskande kome på andreplass på ei liste over dei viktigaste kjente forsvunne bøker. Det er Smithsonian Magazine som har laga lista: The Top 10 Books Lost to Time Great written works from authors such as Shakespeare and Jane Austen that you’ll never have a chance to read Eg fann sakaLes meir «Tapte bibelske bøker?»

Jakobskjelda

Notat til søndagens tekst: Joh 4,4-26 I den nye bibelomsetjinga står det at Jesus møtte den samaritanske kvinna ved Jakobskjelda. Tidlegare har dette vore omtala som ein brønn. Bloggen Oversettervinduet gir bakgrunnen for endringa: Lite er forandret i den nye oversettelsen av evangelieteksten for denne søndagen. Fortellingen om møtet mellom Jesus og den samaritanske kvinnen er sværtLes meir «Jakobskjelda»

Språkleg sannare

Sylfest Lomheim om juleevangeliet Den tidlegare direktøren i Språkrådet har vore med som norskkonsulent i arbeidet med Bibel 2011. Aftenbladet har bede han skriva om bibelomsetjinga og han har kvittert med å skrive om kva som skjedde med juleevangeliet (papirutgåva 22.12.2011). Her er eit lite utdrag: I 2011 er frelsaren i Davids by «Messias, Herren».Les meir «Språkleg sannare»

Smaken av Guds ord

Munk i særklasse skriv om bok i særklasse (…) Lanseringa av ei ny bibelomsetjing bør difor ikkje bli berre ein serie med festtalar, men ein provokasjon. Når alle orda har lagt seg, burde smaken av Guds Ord kjennast att. Slik avsluttar Arnfinn Haram sitt essay om Bibelen i Bokvennen 4 – 2011 etter å haLes meir «Smaken av Guds ord»

Stikkpengar

Eg skreiv for eit par år sidan om kor vanskeleg det var for Bibelselskapet å finna eit godt nynorsk ord som kunne tilsvara bokmålsordet bestikkelser i arbeidet med Bibel 2011, sjå notatet Muter. Notatet inneheld også ein lang og interessant kommentar frå bibelomsetjar Anders Aschim. Nå er den nye Bibelen komen. Bibelselskapet har funne eit brukbartLes meir «Stikkpengar»