Ti år på Jesus Trail

Arbelfjellet. Utsikt over Gennesaretsjøen

Det er nå i august 2022 ti år sidan første gong Inger og eg gjekk turløypa Jesus Trail. Sidan har det blitt mange vandringar i Galilea.

Jesus Trail er ein 65 km lang vandring frå Nasaret til Kapernaum. Den går i eit landskap der Jesus sjølv gjekk. Dersom du går heile turen, vil du normalt bruka 4-5 dagar. Det er også mogleg å gå delar av løypa. Det er dessutan lurt å setja av tid til å utforska Nasaret før turen og å vera (minst) ein dag ved Gennesaretsjøen etter turen. Bildet frå Arbelfjellet er frå ein av turane på Jesus Trail.

Det er ei spesiell oppleving å oppleva eit land og kulturen der til fots. Me ser andre ting enn når me er i bil eller buss. Me kjenner lukter, treff menneske, ser blomar og tre på nært hald. Stien er merka og går i naturen og delvis i bebygde område. Me er innom forskjellige landsbyar, heilagdomar og arkeologiske utgravingar. Det er mykje interessant å sjå.

Eg las første gong om Jesus Trail på nettet i 2008. Inger og eg hadde då vore mange gonger i Israel, men aldri på fottur. Så dette skapte interesse!

Sommaren 2012 var første gong me fekk høve til å ta turen, og det blei altså tur i august. Ikkje optimalt, og eg ville aldri gjort det igjen på denne tida av året. Me gjennomførte så vidt i veldig varmt ver. Nettsida til Jesus Trail seier at ein på grunn av varmen ikkje bør gå turen i perioden juni – september!

Første gong gjekk Inger og eg åleine. Sidan har me gått denne turen som reiseleiarar for norske turgrupper. Me har også gått delar av turen på nytt åleine, når me har vore på ferie i Israel. Eg vil anbefala å vera med på gruppetur eller bruka ein lokalkjent operatør på slike turar. Ein treng ikkje nødvendigvis guide på vandringa, men det er lurt å få hjelp av lokale folk med gode råd og bestilling av overnatting, transport av bagasje med meir.

Her er eit par bilde frå gruppeturar i totalt ulike terreng som me møter på Jesus Trail.

Under Arbelklippene. Foto: Arne Berge 2019
Frå Nakhal Arbel. Foto: Arne Berge 2017

Når Inger og eg har med oss ei gruppe på vandringa, har eg ansvar for forkynning og undervisning. Eg syns det er flott å få formidla bibelkunnskap som er «jordfesta» i den bibelske geografien og historia. Det neste bildet er tatt i ein slik formidlingssituasjon, på Hattins Horn. Her er det god utsikt over store delar av Galilea. På bildet skimtar me Gennesaretsjøen langt nede i bakgrunnen.

Frå Hattins horn. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Vil du finna ut meir om Jesus Trail? Du kan sjå fleire bilde og lesa det eg har skrive gjennom ti år her på bloggen i kategorien Jesus Trail. Noko av det første eg skreiv i denne kategorien, var eit relativt fyldig referat frå turen i 2012, sjå her.

Vidare er det mykje viktig og interessant informasjon å lesa på Jesus Trail si offisielle nettside.

Om Kana på pTro. Podkast

I denne podkasten fortel eg om den fransiskanske Bryllaupskyrkja i Kana i Galilea, og litt om byen og gjestehuset eg har budd på når eg har vore i byen. Det dreier seg om den arabiske byen Kfar Kanna nokre kilometer nordaust for Nasaret. Tradisjonen seier at det var her Jesu vinunder skjedde.

Dei fleste gongene eg har vore i Kana, er det som overnattingsstad etter første dagsetappe på pilegrimsvandring på Jesus Trail. Eg har samla det eg har skrive om slike turar under kategorien Jesus Trail.

Du finn heile serien om bibelske stadar her på Radio pTro.

Om Nasaret i det første hundreåret

Nasaret i vår tid. Foto: Arne Berge 2013

Det budde folk i Nasaret i første del av det første hundreåret, og dette var den gong ein jødisk landsby. Dette blir bekrefta av arkeologien i følge denne artikkelen på nettstaden The Bible and Interpretation: The Archaeology of Nazareth in the Early First Century.

Eg syns dette er interessant fordi me her er på sporet av den landsbyen der Jesus levde det meste av livet sitt. Etter at han hadde forlate staden, blei han kalla «Jesus frå Nasaret».

Forfattaren av artikkelen er professor Ken Dark som i år har gitt ut boka Roman-Period and Byzantine Nazareth and its Hinterland (Routledge, 2020).

I forhold til andre stadar i Israel, har det vore relativt få arkeologiske utgravingar i Nasaret. Professor Ken Dark skriv i artikkelen om tre sentrale stadar der det har vore arkeologiske undersøkingar:

  • Ny gjennomgang av funna ved The Church of Annunciation, den store katolske Bodskapskyrkja
  • The International Marian Center, like ved Bodskapskyrkja (les meir)
  • The Sisters of Nazareth convent, også nær Bodskapskyrkja

Han konkluderer slik:

The combined evidence of these three sites indicates that Nazareth was inhabited from at least the early first century, and probably the Late Hellenistic period onward, as a Jewish community, including family groups, judging from the finds and house plans.

Ken Dark i artikkelen The Archaeology of Nazareth in the Early First Century

Eit anna interessant aspekt for meg ved denne artikkelen, er at han skriv om forholdet mellom Nasaret og Zippori (Sepphoris). Dette var og er to veldig ulike stadar. Men det er ganske sannsynleg at Jesus som ung vaksen hadde eit forhold også til den veksande «storbyen» Zippori som låg bare nokre kilometer lenger nord. Kanskje har bygningsmannen Jesus (Mark 6,3) vore med i ulike bygningsarbeid der?

Eg har fleire gonger gått strekninga frå Nasaret til Zippori som ein del av pilegrimsvandringa langs Jesus Trail. Derfor legg eg også spesielt merke til det han skriv om forskjellen mellom Nasaret og Zippori og om dalen mellom desse to stadane. Her er eit utdrag:

It is also noticeable that the range of objects found in and near Nazareth includes nothing made by anyone other than Jews, unlike the objects found near Sepphoris. Together, this evidence suggests that cultural attitudes in Nazareth were different from those in Sepphoris, although the presence of limestone vessels on sites across the valley suggests that the valley had a Jewish population. Consequently, the most plausible explanation of this pattern is that the inhabitants of Sepphoris and its surrounding settlements followed a less strict version of Judaism, and one more open to Roman provincial culture, than those of Nazareth. This is also evident when comparing archaeological evidence from Sepphoris and Nazareth, as demonstrated by the sites already discussed. 

Det neste bildet viser «dalen» mellom Nasaret og Zippori. Dei nordlege delane av det moderne Nasaret ligg i bakgrunnen. Det historiske Nasaret ligg i bakkane bak den bebygde åskammen. Bildet er tatt frå området ved Zippori.

Landskapet mellom Nasaret og Zippori. Nasaret i bakgrunnen. Foto: Arne Berge

Oppdatert advent 2020

Fotturar i Israel

IMG_6752
Frå Nahal Amud. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Eg likar å vera ute i naturen. Og eg syns det er interessant å bli kjent med kulturen i eit land til fots. Det gjeld også i Israel.

Det var derfor kjekt å oppdaga den nye nettsida Israel By Foot. Her er det mykje interessant stoff om ulike fotturar under kategoriane Self-Guided Hikes, Bible Walks, Multi-Day Trekking, Scenic Road Trips, Guided Hiking Tours og Rappelling & Extreme. Eg kom nyleg over nettsida via ein artikkel på BiblePlaces Blog.

Sjølv har eg dei siste åra, saman med Inger, fleire gonger leia grupper på Jesus Trail i området mellom Nasaret og Gennesaretsjøen. Det er mange notat her på bloggen knytt til denne turløypa, sjå her. Men eg har også skrive om andre turar, for eksempel turen ned Nahal Amud (bildet).

Jesus Trail og Jerusalem 2019

Frå vandringa på Jesus Trail. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Eg var tidlegare i haust på ein elleve dagars tur i Israel og dei palestinske områda. Inger og eg var reiseleiarar for gruppa som deltok på turen Jesus Trail og Jerusalem 2019.

Det er ei spesiell oppleving å oppleva eit land og kulturen der til fots. Me ser andre ting enn når me er i bil eller buss. Me kjenner lukter, treff menneske, ser blomar og tre på nært hald. Vandringa på Jesus Trail, ei merka turløype i Galilea, har derfor blitt ein viktig del av programmet på mange av turane våre. Jesus Trail går i eit terreng der Meisteren sjølv gjekk.

På slike turar har eg ansvar for forkynning og undervisning, saman med dei ulike guidane som me samarbeider med. Eg syns det er flott å få formidla bibelkunnskap som er «jordfesta» i den bibelske geografien og historia. Det neste bildet er tatt i ein slik formidlingssituasjon, på Hattins Horn. Her er det flott utsikt over store delar av Galilea. På bildet skimtar me Gennesaretsjøen langt nede i bakgrunnen.

På Hattins Horn. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Det var nå fjerde gongen me gjekk denne turen, med litt ulike variantar frå gang til gang. Me budde på kristne arabiske gjestehus og på jødiske kibbutzhotell. Det israelske samfunnet er verkeleg samansett!

Dagane i Jerusalem og området rundt byen inneheldt også mange besøk på stadar og i kyrkjer som er knytt til den bibelske historia. På det neste bildet står eg på det flotte utsiktspunktet på Oljeberget, med Jerusalem bak meg.

På Oljeberget. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Me fekk også oppleva Yom Kippur, den store forsoningsdagen, i Jerusalem. Dette er ein viktig heilagdag i den jødiske kalenderen og då stansar heile det jødiske israelske samfunnet opp. Me kan f eks gå midt i gata i det som elles er travelt trafikkerte vegar.

Stille gater i Jerusalem under Yom Kippur. Foto: Arne Berge 2019

Her er eit kort resyme av programmet på denne turen:

  1. Reisedag
  2. Morgonbad i Middelhavet. Deretter reise til Nasaret med Nazareth Village og kyrkjebesøk i Bebudelseskyrkja. Nokre tok også turen innom den gresk-ortodokse St. Gabriels kyrkje.
  3. Vandring på Jesus Trail frå Nasaret via Zippori National Park til Kana.
  4. Vandring på Jesus Trail frå Kana til Kibbutz Lavi.
  5. Vandring på Jesus Trail frå Kibbutz Lavi over Hattins Horn, innom Nebi Shueib, ned Duedalen til Magdala. Transport til Kibbutz Ginosar.
  6. Morgon på Mount of Beatitudes. Busstur ned Jordandalen, innom Qasr-al-Yahud  (Jesu dåpsstad etter tradisjonen) og vidare til Jerusalem.
  7. Vandring omkring i Jerusalem, hovudsakleg i Gamlebyen der me gjekk gjennom dei fire kvartera; det armenske, det jødiske, det muslimske og det kristne kvarteret. Me var ved Vestmuren, me gjekk delar av Via Dolorosa, og me besøkte Golgata og Jesu grav i Gravkyrkja. Me var også i Gravhagen i Aust-Jerusalem; der hadde me nattverdgudsteneste.
  8. Besøk på Caspari Center, Den Norske Israelsmisjons studie- og ressurssenter i Jerusalem. Deretter besøk i holocaustmuseet Yad Vashem. Så drog me til den eldste delen av Jerusalem; Davidsbyen. Her gjekk dei fleste av oss gjennom Hiskias tunnell og dei andre interessante tunnellane. Me kom opp til Jerusalem Archaelogical Park og såg på gater frå Jesu tid og dei store trappene på sørmuren av tempelplassen. Lysshowet The Night Spectacular om kvelden.
  9. Utsiktspunkt på Oljeberget, kyrkja Dominus Flevit og vidare ned bakkane til  Getsemane med Alle Nasjonars kyrkje. Samling i den avlukka hagen. Deretter buss til Qumran ved Dødehavet der Dødehavsrullane blei funne. Dagen blei avslutta med bading i Dødehavet.
  10. Dagstur til Betlehem. Me besøkte Det Palestinske Bibelselskapet, og var deretter i Fødselskyrkja som er bygd over Jesu fødestad. På ettermiddagen var me på «hyrdemarkene» og konsentrerte oss om koss me skal forstå forteljinga om Jesu fødsel.
  11. Reisedag tilbake til Norge.

Jesus Trail og Jerusalem, oktober 2019

Jesus trail
Frå vandringa på Jesus trail. Foto: Arne Berge 2017

Tre dagars vandring til fots på Jesus Trail i Galilea, frå Nasaret til Gennesaretsjøen. Fleire dagar med mange ulike opplevingar i Jerusalem. Besøk i Nasaret og Betlehem. Og enda mykje meir, f eks å koma til Qumran der Dødehavsrullane blei funne.

Og det at me får med oss Yom Kippur (den store forsoningsdagen, ein viktig jødisk heilagdag) mens me er i Jerusalem, er jo bare bonus!

Les om turen her: Jesus Trail og Jerusalem

Plussreiser arrangerer turen. Eg er reiseleiar saman med Inger, kona mi. Velkommen til å bli med oss på innhaldsrik haustferie i Israel og dei palestinske områda i oktober 2019.

Du kan også finna mykje stoff om Jesus Trail på nettsida deira: jesustrail.com

 

Vinpresse i Zippori

IMG_4099
Frå sisternene i Zippori. Foto: Arne Berge 2017

Eg har fleire gonger dei siste åra vore innom utgravingane etter den historiske byen Zippori/Sepphoris i Galilea, blant anna som viktig plass for ein lang og god pause når eg går pilegrimsvandring på Jesus trail. Sjå bilde av landskapet her.

Nå les eg om eit nytt arkeologisk funn på staden; det er funne restar etter to interessante vinpresser frå bysantinsk tid. Arkeologen som uttaler seg, meiner dette er eit teikn på omfattande vinhandel i byen i denne perioden (4. til 7. hundreår). Funna er gjort nede i dei store sisternene like utanfor byen. Eg har tidlegare skrive om desse sisternene her: Sisternene i Zippori.

Her kan du lesa ein artikkel i The Times of Israel (10.06.2018) om funnet og sjå bilde av vinpressene:

Unique Byzantine-era winepresses unearthed in roofed water cistern in Tzippori.

The only examples of their kind discovered to date, they are a testament to a flourishing wine trade in the interfaith city

Zippori / Sepphoris har ei rik historie gjennom forskjellige historiske epoker. Herodes Antipas bygde den opp på nytt som hovudstad i riket sitt på Jesu tid. Og artikkelen i The Times of Israel omtaler den bysantinske tida i byen slik: «Tzippori was home to a flourishing mixed pagan, Christian and Jewish community during the 4th-7th centuries CE.»

(via PaleoJudaica)

Oppdatering desember 2018:

Relatert tema i denne artikkelen i Times of Israel:

At Zippori pool where Judah Hanasi may have bathed, a rare tiny pagan bull found.

Archaeologists believe they can connect a peculiar Talmudic story about the Sanhedrin head questioning the need for a fast day to a recently excavated site in a national park

Monumentet på Hattins horn

04.07.2017: Heilage stadar bør bli vist respekt av alle menneske, uavhengig av religion. I særleg grad gjeld dette kyrkjer, synagogar, moskear og andre gudshus. Men eg syns også at andre og mindre monument bør få stå i fred. Det er naturleg for meg å respektera andre religionar sine heilage stadar. Og eg forventar som kristen tilsvarande respekt tilbake.

Det var derfor ein skuffelse å koma til det kristne monumentet ved Hattins horn då eg gjekk fottur på Jesus trail i mai 2017. Eg hadde ikkje vore på staden sidan hausten 2013. Staden var blitt endra på desse åra ved at det var sett opp eit nytt monument, ein svart stein som etter mitt skjøn ikkje passa inn i terrenget slik det gamle monumentet gjorde. Mi vurdering av dette er likevel uvesentleg. Det som gjorde meg trist var at det var gjort grovt hærverk på det nye monumentet, slik at all tekst var uleseleg.

Det er truleg brukt vinkelslipar eller liknande for å gjera teksten uleseleg. Eg syns det er veldig trist at nokon kan gjera noko slikt. Eg veit ikkje kven som har gjort dette og vil ikkje spekulera i kven det kan ha vore.

Eg har tidlegare skrive om staden i notatet Jesus på fjellet Hattins horn? Her er det bilde av det gamle monumentet (tatt i 2012). I dette notatet skriv eg om tidlegare teoriar om at det var her Jesus heldt bergpreika. Eg har også med nokre sitat frå litteratur knytt til staden og til temaet. La meg med ein gong ta med at for meg blir dette spekulasjon. Eg syns likevel det er interessant at kristne har knytt Jesus til staden.

Då eg skreiv dette tidlegare notatet, kjende eg ikkje historia til staden. Det viser seg at det er ei internasjonal pinsekyrkje som i 1962 sette opp det første monumentet og som i 2014 erstatta dette med eit nytt. Informasjonen om dette har eg funne på nettsida Israel and You. Nettsida har bilde både av det gamle og det nye (før det blei vandalisert) monumentet. Denne kyrkja lokaliserer visstnok framleis Jesu bergpreike til denne staden, slik det for 100 år sidan var meir vanleg å tenka.

Det er sikkert ulike meiningar om slike monument skal få stå i ein nasjonalpark. Og det kan sikkert også diskuterast om eit slikt monument treng reknast som «ein heilag stad». Eg meiner likevel at ein skal respektera eit religiøst monument og la det få stå i fred, på same måte som eg meiner at kyrkjer, synagogar og moskear skal visast respekt, jfr Universal Code of Conduct on Holy Sites:

The Universal Code maps out a practical code of conduct and policy for sacred places worldwide, aiming to improve the protection of holy sites and promote inter-religious reconciliation. Completed in 2011 after a three-year development process, the Universal Code is now endorsed by senior religious leaders from over ten faiths and numerous religious institutions. Field projects implementing the Universal Code in local contexts are being implemented in several countries around the world.

Les meir

Sisternene i Zippori

Gigantiske sisterner for vatn i Zippori National Park i Galilea

Sisternene i Zippori
Sisternene i Zippori. Foto: Arne Berge

Det er fascinerande å gå ned i dei store sisternene frå romersk og bysantinsk tid. Då eg var i Zippori for nokre veker sidan, gjekk eg på ny gjennom dette gamle anlegget av store vass-sisterner.

Sisternene skal ha romma 4.300 kubikkmeter vatn! Så vidt eg har forstått, blei det laga ved at ein utnytta eit skilje mellom ulike bergartar. Poenget var å samla opp vatn til bruk i byen. Vass-systemet var i bruk frå første til sjuande hundreår.

Galilea 2012 241

I skogen like utanfor hovudporten inn til nasjonalparken, er det synlege restar etter ein av akveduktane som førte vatn inn til sisternene.

Det gjekk også ein akvedukt frå sisternene og inn til byen. Her er ei informasjonstavle om denne akvedukten:

IMG_4098

Det er god sti mellom sisternene og utgravingsområdet, sjå bildet under.

IMG_4097.jpg

Jewish Virtual Library skriv:

One of the things you should make a note to see at Zippori is located about a kilometer from the main site. It is an ancient water reservoir, from the Roman and Byzantine periods. This reservoir contained a valve that enabled the regulation of water flow and was apparently built in two phases, during the 2nd and 4th centuries CE. It was in use until the 7th century. It is currently easy to miss the reservoir, but in the near future the entrance to the park will be closer to it and then visitors will be less likely to miss it.

Tsvika Tsuk, Director Department of Archaeology and Heritage at the Israel Nature and National Parks Protection Authority described the Zippori reservoir as «A technological wonder which was dug on a geological fault, almost 2000 years ago. Being inside this space causes us to both respect and admire whoever planned it.» Tsuk noted that a similar reservoir, most likely planned by the same person, is located close to Irbid, in Jordan. According to Tsuk the Zippori reservoir was built because the springs here were so meager, water simply had to be collected.

The sheer size of the reservoir can only be felt by standing inside this wonder of ancient engineering. Today, visitors to the park can walk down roughly 40 steps into one of two reservoirs. Once at the bottom you can proceed through the tunnel that connects to the second reservoir and walk back up, using another stairway. The reservoir had an enormous capacity of 1,140,000 US gallons (4,300 cubic meters). One of these chambers is 850 feet (260 meters) long, 33 feet (10 meters) deep and 6-13 feet (2-4 meters) wide.

Mariakjelda i Nasaret

Kjelder med vatn er viktige i Midt-Austen. Ein gamal tradisjon seier at Jomfru Maria var ved kjelda i Nasaret då ho mottok bodskapen om at ho skulle bli Jesu mor. Den gamle kjelda i Nasaret heiter derfor Mariakjelda.

Mariakjelda
Mariakjelda i Nasaret. Foto: Arne Berge

Denne bygningen markerer Mariakjelda. Den er ein moderne rekonstruksjon av ein eldre bygning på staden. Kjelda ligg på ein liten open plass like ved hovudvegen gjennom byen. Det er mange tre på plassen og bildet gir mest inntrykk av at kjelda ligg midt i ein park. I dag er det ikkje rennande vatn her.

Det neste bildet av staden er frå 1898.

06997vs
«The Virgin’s fountain» -Photo of the spring in 1898 – p/o American colony collection – Library of Congress

Den norske teologen Volrath Vogt var på staden i 1863 og skreiv etterpå om det han såg av «mærkverdigheder» i Nasaret:

Jomfru Marias Kilde, den eneste i Byen. Vi reiste vore Telte i Nærheden af Kilden om Eftermiddagen (23 April 1863), just som Byens Piger kom ud for at hente Vand i Krukker af gammel Form, som de bare paa Hovedet. (Volrath Vogt: Det hellige Land, side 572f.)

Tradisjonen om at Maria var ved kjelda då engelen kom, kjem frå Jakobs Protevangelium, eit apokryft skrift frå ca år 150. Dette er eit tidleg kristent skrift med legendestoff om Jesu oppvekst. Skriftet var svært populært i oldkyrkja og har prega den kristne tradisjonen om Jesu oppvekst både i ortodoks og katolsk samanheng.

Her er det aktuelle avsnittet:

Hun tok vannkrukken og gikk ut for å fylle den. Med ett var det en stemme som sa til henne: «Vær hilset, du begunstigede. Herren er med deg. Velsignet er du blant kvinner.» Maria så seg om til høyre og til venstre for å oppdage hvor stemmen kom fra. Hun ble engstelig og gikk hjem. Hun satte fra seg krukken, tok fram purpurtråden og satte seg på stolen sin og begynte å spinne på den.

Og med ett stod en engel foran henne og sa: «Vær ikke redd, Maria. For du har funnet nåde hos Allherskeren. Du skal bli med barn ved hans ord.»

(Jakobs Protevangelium 11, i Apokryfe evangelier. Verdens hellige skrifter. De norske bokklubbene 2001. Side 144)

Det er spesielt dei gresk-ortodokse kristne som er opptatt av tradisjonen med kjelda. I bakken like ovanfor kjelda ligg den gresk-ortodokse St. Gabriels kyrkje. Inne i kyrkja er det framleis rennande vatn frå kjelda. Kyrkja blei bygd i 1750 over restane av ei eldre kyrkje. Staden er første gong nemnt i skriftlege kjelder i korsfarartida, då den russiske pilegrimen Daniel i 1106 skreiv om ei kyrkje bygd over kjelda i Nasaret.

Volrath Vogt skreiv også om denne kyrkja som ein av «mærkverdighedene» i Nasaret:

Gabrielskirken, der hvælver sig over en Brønd i Nærheden af Jomfru Marias Kilde, er i Agt hos Grækerne, fordi de paastaa, at Jomfru Maria øste Vand af denne Brønd, da Gabriel aabenbarede sig for hende.

Dette bildet av St. Gabriels kyrkje tok eg på ein sein kveldstur i byen i 2012:

Galilea 2012 058 (1)
St. Gabriels kyrkje, Nasaret. Foto: Arne Berge

Eg var i Nasaret for eit par veker sidan. Me starta vandringa på Jesus Trail med eit besøk i denne kyrkja. St. Gabriels kyrkje er ei typisk gresk-ortodoks kyrkje, rikt utsmykka med ikonar og ikonostasis. Kyrkja er liten og kvadratisk, bare 14 x 14 meter. Går me gjennom kyrkjerommet og ned nokre trappar, kjem me til brønnen med rennande vatn.

P1050652
Foto: Thor Kåre Kalvik

Her var det naturleg å lesa bibelteksten om bodskapen til Maria:

26 Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 30 Men engelen sa til henne:
«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.

32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:
«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir fødd,
vera heilagt og kallast Guds Son.
36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. 37 For ingen ting er umogleg for Gud.» 38 Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne. (Luk 1,26-37)

Tur på Jesus Trail, mai 2017

IMG_4198Nå har eg enda ein gong vandra nokre dagar i området mellom Nasaret og Gennesaretsjøen. Eg blir ikkje ferdig med dette. Det er noko heilt spesielt å oppleva eit landskap frå bakkenivå. Ein kjem nær lukter, lydar, tre, blomar og dyr, – og ikkje minst menneske. Når området dessutan er sterkt knytt til Jesu liv, blir også bibeltekstane nære på ein ny måte.

Eg har, saman med Inger, vore reiseleiar for ei gruppe som gjekk den merka pilegrimsløypa Jesus Trail frå Nasaret til Gennesaretsjøen. Det dreier seg om fire dagar med fottur frå morgon til kveld, inkludert mange stopp på utsiktspunkt og på interessante kultur- og bibelhistoriske stadar. Me overnatta på veldig forskjellige stadar, både hos kristne arabarar, ortodokse og sekulære jødar. Overnattingsstadane var også forskjellige i standard, her var det alt frå enkle gjestehus til eit flott hotell.

Det første bildet viser Inger og meg på Arbelfjellet, med utsikt over Gennesaretsjøen. Dei neste bilda er frå Arbeldalen, der me gjekk mellom oliventre og beitande kyr.

Me avslutta vandringa i Magdala. Eg har tidlegare skrive om denne staden i notata Synagogen i Magdala og Pilegrimskyrkja i Magdala. Etter besøket i Magdala, reiste me med buss til Kapernaum for å ha god tid der. Dagen blei avslutta med bad i Gennesaretsjøen, ein betre middag på Kibbutz Ginosar og deretter bål på stranda på kibbutzen, med besøk av to av Den Norske Israelsmisjon sine utsendingar i Israel. Mon tru om ikkje også Jesus og disiplane mange gonger sat ved eit bål her ved denne sjøen?

Me hadde flotte opplevingar også dei neste dagane då me reiste til Jerusalem. Men det er ei anna historie.

Sjå også bilde frå tidlegare turar langs Jesus Trail her, og eit litt meir detaljert referat frå første gong Inger og eg gjekk turen i 2012 her.

 

Bildeserie frå Jesus Trail

Eg kom i går (27.05.2017) heim frå ein ny flott vandretur i Galilea. I tida fram mot turen laga eg ein bildeserie frå tidlegare vandringar i dette landskapet. Eg avsluttar nå serien med ei oversikt over bilda.

Den merka løypa Jesus Trail går frå Nasaret til Kapernaum. Det siste bildet i serien er tatt frå Arbelfjellet og viser terrenget fram mot Kapernaum.

Her er bilda frå tidlegare turar på Jesus Trail:

  1. Klar for vandring i Galilea
  2. Morgonlys over Nasaret
  3. Kulturlandskap i Galilea
  4. Galileas Mona Lisa
  5. Kana i Galilea
  6. Bryllaupskyrkja i Kana
  7. Turutstyr på Jesus trail
  8. Jesus på fjellet Hattins horn?
  9. På Hattins horn
  10. Utsikt frå Hattins horn
  11. Jetros grav i Galilea
  12. Opp mot Arbelfjellet
  13. Johannesbrødtreet
  14. Utsikt over Ginosar

Relatert: Les også om Ein tur ned Nahal Amud, ein annan fottur i Galilea.

Utsikt over Ginosar

Bilde #14 frå vandringa på Jesus trail

IMG_2648
Ginosarsletta, sett frå Arbelfjellet. Foto: Arne Berge

Dette bildet er tatt på toppen av Arbelfjellet. Det viser utsikta over Gennesaretsjøen og den fruktbare Ginosarsletta. Toppen av fjellet ligg ca 180 m.o.h. mens Gennesaretsjøen ligg ca 200 m.u.h. Høgdeforskjellen er altså nesten 400 meter.

Jesus trail går over dette fjellet, ned ein bratt stig til sletta og vidare langs Gennesaretsjøen til Kapernaum, som ligg øverst til høgre i bildet.

Den jødiske historikaren Josefus skreiv i det første hundreåret ei begeistra skildring av landskapet rundt Gennesaretsjøen i boka Den jødiske krig. Sjå det tidlegare notatet Josefus: Gennesaret.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Johannesbrødtreet

Bilde #13 frå vandringa på Jesus trail

Johannesbrødtreet
Johannesbrødtre, Arbelfjellet. Foto: Arne Berge

Dette Johannesbrødtreet står på toppen av Arbelfjellet. Det har ei spektakulær plassering. Rett bak treet er det stupbratt fjellside. Her på Arbelfjellet er det flott utsikt over Ginosarsletta og Gennesaretsjøen.

Oppdatering etter besøk på staden i mai 2017: Treet er nå dessverre borte. Det skal ha vore i så dårleg tilstand at det måtte hoggast ned. Men rota står truleg igjen og det vil kanskje veksa fram eit nytt tre på same staden.

Treet har fått namn etter Døyparen Johannes, som skal ha hatt belgane som føde i ørkenen. Eg har også lese ein teori om at belgfruktene i likninga om sonen som kom heim («den bortkomne sonen»), kom frå dette treet:

Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko. (Luk 15,16)

Ordet karat har samanheng med dette treet (hebr: חרוב, eng: carob tree). Frøa skal ha konstant vekt og dei blei i gamal tid brukt som vekteining, – kalla ein karat.

Johannesbrødtreet er eit tre i erteblomstfamilien. Les meir om treet i Store Norske Leksikon.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Opp mot Arbelfjellet

Bilde #12 frå vandringa på Jesus trail

På veg opp mot Arbelfjellet.

Dette bildet viser den gode stien og den vakre naturen på veg opp mot Arbelfjellet. Dette er ein del av den merka løypa Jesus Trail, som går frå Nasaret til Kapernaum.

Den djupe dalen til venste heiter Duedalen. Den går ned til Ginosarsletta ved Gennesaretsjøen. Turgruppa på bildet er på veg opp på fjellet (i 2017), og skal så gå ned ein bratt sti til Duedalen. Det er også mogleg å følga dalen direkte nedover mot Gennesaretsjøen.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Jetros grav i Galilea

Bilde #11 frå vandringa på Jesus trail

Galilea 2012 404

Dette bildet viser den drusiske heilagdomen Nabi Shueib som ligg nær Hattins horn. Me passerer staden på vandringa på Jesus trail, og det er naturleg å gå inn og oppleva den moskéliknande heilagdomen.

Dei ca 130.000 drusarane i Israel meiner at dette er Jetros grav. Jetro er svigerfar til Moses, omtalt i Andre Mosebok, men då med tilhald i Sinaiørkenen.

Den drusiske religionen oppstod visstnok i Egypt for ca 1000 år sidan, som ei muslimsk gruppering som tok opp i seg element av austleg religion. Jetro er den viktigaste profeten. Inne i heilagdomen får me sjå det som skal vera grava hans og faktisk også noko som blir vist fram som fotavtrykket hans.

Nabi Shueib er eit stort anlegg. Det er dimensjonert for å ta imot mange drusiske pilegrimar, spesielt på den årlege valfarten 25. april.

Ei informasjonstavle ved inngangen til gravkammeret, minnar oss om å ta av oss skorne og dekka hovud og skuldrar. Tavla fortel også om tradisjonen knytt til staden:

The Footprint

The prophet Nabi Shueib, may his soul rest in peace, is mentioned in numerous sources. One of them, dating from 1769, includes a beautiful description:

«On the southern side is a high mountain whose slope is covered with charming and spacious gardens, and a large courtyard, with several steps leading to it. Additional steps lead from the courtyard to the hall of Jetro`s tomb – the prophet Nabi Shueib. The front of the stone-carved tomb is covered with silk cloths. An opening on the side of the hall leads to another room in which lies a big indented stone; once, in his anger, Nabi Shueib kicked it forcefully and cracked it, and his left footprint remained carved in the rock.»

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Utsikt frå Hattins horn

Bilde #10 frå vandringa på Jesus trail

Galilea 2012 388

Dette bildet viser utsikta frå Hattins horn mot Arbel og Gennesaretsjøen.

Den store og åpne dalen framfor oss heiter Arbeldalen. Landsbyen Moshav Arbel ligg på høgda i bakgrunnen, i bakkene opp mot Arbelfjellet (på høgre side av den markerte og bratte dalen). Gennesaretsjøen er så vidt synleg i bakgrunnen.

Frå Hattins horn går pilegrimsløypa Jesus trail går ned til jordbruksområdet som me ser. Før me kjem dit passerer me ein drusisk heilagdom. Stien går til venstre for dette jordbruksområdet og ned Arbeldalen. Vidare går turen opp til Moshav Arbel, der ein kan overnatta i gode gjestehus.

Etter overnattinga i Moshav Arbel kan ein velga om ein vil gå over Arbelfjellet eller ned Duedalen, den markerte dalen i bakgrunnen på bildet. Eg har gjort begge delar, og kjem tilbake med bilde frå desse stadane seinare i bildeserien.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

På Hattins horn

Bilde #9 frå vandringa på Jesus trail

Galilea 2012 391

Dette bildet viser terrenget på Hattins horn, eit vulkansk fjell i Galilea. Det me ser her, er det som kan minna om eit krater.

Staden er kjent for slaget som stod her 4. juli 1187 mellom Saladin og korsfararane. Saladins hær vann ein knusande siger som fekk stor historisk tyding. Den som har lese Jan Guillou sin trilogi om Arn, kan nok sjå for seg dette slaget!

På 1800-talet var det vanleg å seia at det var her Jesus heldt Bergpreika. Sjå notatet Jesus på fjellet Hattins horn?

Den fire dagar lange pilegrimsløypa Jesus trail går over Hattins horn. Her er det ein flott utsikt over store delar av Galilea. Neste notat i denne bildeserien skal visa noko av utsikta.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Jesus på fjellet Hattins horn?

Bilde #8 frå vandringa på Jesus trail

Konstruksjon med bibelsitat, Hattins horn 2012

Bildet er tatt i 2012 i bakkane opp på Hattins horn i Galilea. Eg kjenner ikkje historia til desse murane, men eg har forstått at det på 1800-talet var relativt vanleg å seia at Jesus heldt Bergpreika på dette fjellet. Murane var truleg ikkje reist i 1863, då den norske skuleleiaren Volrath Vogt reiste i området. Han skreiv seinare om tradisjonen som knytte Jesus til staden, utan å omtala byggverket.

Oppdatering juli 2017: Det viser seg at monumentet blei sett opp av ei pinsekyrkje i 1962. Det blei erstatta av eit nytt monument i 2014. Nå i 2017 er dette nye monumentet dessverre vandalisert. Les meir i notatet Monumentet på Hattins horn.

På muren står det ein tekst frå Markusevangeliet, på hebraisk og gamal engelsk:

Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han. (Mark 3,13)

Det at dette skjedde på «fjellet», har ei viss teologisk tyding. Det er mange viktige bibelske hendingar som skjer til fjells. Men det er ikkje mogleg å seia kva fjell det skjedde på. Teksten frå Mark 3 om kallinga av disiplane fortel elles om ei anna hending enn den såkalla Bergpreika. I dag blir gjerne Bergpreika knytt til den katolske eigedomen på «Mount of Beatitudes», eit høgdedrag nær Gennesaretsjøen.

Den merka pilegrimsruta Jesus trail går over Hattins horn, på dag 3 frå Kibbutz Lavi til Moshav Arbel. Stien passerer murkonstruksjonen på bildet. Denne må vera bygd av kristne som knytte Jesus til dette fjellet. Dette blir etter mitt skjøn spekulasjon, sjølv om Jesus heilt opplagt må ha vore godt kjent i området. Når han gjekk mellom Nasaret og Kapernaum, var Duedalen den mest naturlege vegen å gå i bakkane på vestsida av Gennesaretsjøen. Då var han ikkje langt frå Hattins horn.

Mange bibelske tekstar kan meir eller mindre sikkert knytast til kjende stadar. Eg syns det er interessant å oppsøka desse stadane. Men eg syns også det er interessant å sjå koss folk har lokalisert bibeltekstar når det ikkje er haldepunkt for dette. På Hattins horn har ei slik lokalisering blitt festa til staden gjennom ein fysisk konstruksjon ute i terrenget. Likevel er det få kristne pilegrimar som oppsøker dette fjellet, som eigentleg bare er eit høgdedrag, når dei er på reise i Israel.

Eg har skrive om Hattins horn før (her og her). Nå har eg nyleg kome over litt meir informasjon om den gamle tradisjonen som knyter Jesus til staden.

Den nemnte Vogt skreiv nøkternt om dette «sagnet»:

Hornene ved Hattin. Saa kaldes, efter Byen Hattin i Nærheden, to «Horn» eller Bjergknauser, som hæve sig 60 Fod op af en Slette, der ligger omkring 1100 Fod over Gennesarets Sø og 500 over Havet. De kaldes ogsaa Salighedernes Bjerg, da efter Sagnet Jesus derfra holdt Bjergprædikenen, hvis 9 første Vers begynde med : «Salige ere». Da Sagnet først omtales af Brocardus (1283), er det rimeligvis opkommet blandt Latinerne under Korstogene. Det godkjendes ikke af den græske Kirke.

Fotnote til opplysningen om Brocardus: Brocard. 4,7

Volrath Vogt: Det hellige land. Kristiania 1879. Side 28 (les om boka her)

Elles har eg funne ein omtale av tradisjonen i ei original (men ikkje vitskapleg) bok frå 2009. Denne boka argumenterer faktisk for at Jesus heldt Bergpreika på Hattins horn!

Before the Church of the Beatitudes was built in 1938, most Christians considered the Horns of Hattin to be the place where Yeshua (Jesus) taught the Avinu Prayer (Fadervår) as part of the Sermon on the Mount. A traveler who visited the Horns of Hattin in 1905 referred to it matter-of-factly as the «mountain or hill … known to the pilgrims as the Mount of the Beatitudes.» Even the Catholic Encyclopedia, published in 1913, identifies the Horns of Hattin as the traditional Christian site of the Sermon on the Mount. For generations, Christian pilgrims used to walk to the Horns of Hattin from Tiberius …

Gordon and Johnson: A Prayer to Our Father. Hebrew Origins of the Lords Prayer. Side 76.

(Boka har fotnotar med referansar til tekstane frå 1905 og 1913. Eg har sjølv lagt til parentesane som forklarar dei hebraiske orda i teksten.)

Sjå oversikt over heile bildeserien frå Jesus Trail her.

Bryllaupskyrkja i Kana

Bilde #6 frå vandringa på Jesus trail

Den fransiskanske bryllaupskyrkja i Kana

Den arabiske byen Kfar Kana i Galilea er tradisjonelt rekna som staden der Jesus gjorde vatn til vin i «bryllaupet i Kana». Den kristne minoriteten i byen er svært stolt over denne historia og den posisjonen byen har i Johannesevangeliet.

Bildet viser den fransiskanske Bryllaupskyrkja i Kana. Det er tatt frå terrassen på Cana Wedding Guest House, ein naturleg overnattingsstad på vandringa på Jesus trail.

I kyrkja møter me både ein lokal kyrkjelyd og mange tilreisande. Det er faktisk mange som kjem hit for å gifta seg. Det er også mange ektepar som fornyar ekteskapsløfta sine i eller utanfor kyrkja.

Bryllaupskyrkja er litt over 100 år gamal og bygd på ein gamal kyrkjestad. Den skal vera ein kopi av katedralen i Salzburg i Østerrike, bygd slik på grunn av ein prest frå Salzburg som gjorde teneste i Kana då kyrkja blei bygd. Dei to kyrkjetårna skal i følgje Jacob Firsel i boka Go to Galilee symbolisera brud og brudgom. Og kuppelen? Jo, den symboliserer den evige kjærleiken mellom dei to. Altartavla i kyrkja har sjølvsagt også motiv frå bryllaupet der Jesus var gjest.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Kana i Galilea

Bilde #5 frå vandringa på Jesus trail

Kfar Kana

Dette bildet er tatt på ettermiddagen den første dagen på Jesus trail. Me ser i retning byen Kfar Kana der me skal ha éi av overnattingane på den fire dagar lange fotturen i Galilea.

Kana er i dag ein arabisk by med muslimsk og kristen befolkning. Me skal bu hos det kristne ekteparet Sami og Suad som driv Cana Wedding Guest House.

I bibelsk samanheng er byen kjent frå teksten om at Jesu gjorde vatn til vin i bryllaupet i Kana (Joh 2,1-12). Dei kristne i byen er stolte av denne historia og den posisjonen byen har i Johannesevangeliet. Her blir det meir enn gjerne servert Cana Wedding Wine!

Kana er i følgje Johannesevangeliet også staden for Jesu andre teikn (Joh 4,46-54) og det er heimstaden til disippelen Natanael (Joh 21,2), som tradisjonen seier er den same som Bartolomeus. Det var derfor også ei Bartolomeus-kyrkje rett i nærleiken av gjestehuset.

Det bibelske Kana blir i følge gamal tradisjon lokalisert til Kfar Kana. Men eg vil óg nemna at det er dei som meiner at «Kana i Galilea» låg ein annan stad, der det i dag heiter Khirbet Kana. Dette er ein ubebygd stad med romerske og bysantinske ruinar, 9 km nordvest for Nasaret.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Kulturlandskap i Galilea

Bilde #3 frå vandringa på Jesus trail

galilea-2012-182

Dette bildet viser kulturlandskapet nord for Nasaret. Her ser eg tilbake på byen der Jesus vaks opp. Det vil seia, på Jesu tid var Nasaret ein liten landsby på andre sida av den bebygde åskammen me ser i horisonten.

Etter å ha passert ein travel hovudveg i utkanten av Nasaret, går Jesus trail gjennom dette fredelege kulturlandskapet i retning Zippori national park. Denne delen av turen er ca 9 km. Her går me mest på grusvegar og stigar mellom dyrka mark og beiteområde.

Eg trur Jesus gjekk ofte i dette terrenget i oppveksten. Byen Sepphoris (det gamle greske namnet på Zippori) blei bygd på nytt av Herodes Antipas i desse åra. Her var det nok både arbeid å få og varer å få kjøpt. Seinare i livet heldt Jesus seg helst unna byane med gresk-romersk kultur, og han omtalte Antipas som «den reven» (Luk 13,32)!

Ei vandring på Jesus trail gir ein god kombinasjon av kulturhistorie, bibelhistorie og friluftsliv!

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Morgonlys over Nasaret

Bilde #2 frå vandringa på Jesus trail

Morgonlys over Nasaret. Foto: Arne Berge 2012
Morgonlys over Nasaret. Foto: Arne Berge 2012

Jesus trail begynner i Nasaret. Den første delen av turen går opp gjennom gamle og bratte bydelar, på ein veg som eigentleg er ein lang trapp. Dei som har talt, seier det er 406 trappetrinn før me når toppen.

Men så får me belønning for strevet. På toppen av byen er det flott panoramautsikt nordover. Bildet er tatt i morgonlys mot nordvest.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Klar for vandring i Galilea

Bilde #1 frå vandringa på Jesus trail

galilea-2012-159Dette bildet er tatt tidleg på morgonen i Gamlebyen i Nasaret. Eg er klar for å legga ut på fire dagars fottur langs turløypa Jesus trail frå Nasaret til Kapernaum. Bildet er frå 2012 då Inger og eg gjekk denne turen i Galilea for første gong.

Eg startar nå ein bildeserie frå Jesus trail. Ved å følga med på bloggen i vekene som kjem, får du eit inntrykk av dei mange varierte opplevingane ein slik tur kan gje.

Det nye testamentet fortel at Jesus vandra mykje i dette området. Jesus trail tar oss ut i dette landskapet samtidig som løypa går innom jødiske og arabiske landsbyar, gamle arkeologiske utgravingar og flotte utsiktspunkt i naturen.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Vandring langs Jesus Trail 2012

Notat frå Jesus trail I (2012)

Jesus tok ikkje bussen. Korfor skulle me gjera det?

Eit hovudmål for Inger og meg under ferien i Galilea sommaren 2012, var bokstavleg talt å vandra i Jesu fotspor langs den merka løypa Jesus Trail frå Nasaret til Kapernaum. Dette er ein firedagars fottur som tar utgangspunkt i Matt 4,13 der det står at Jesus flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum.

Jesus Trail går gjennom småbyar, landbruksområde, skog og hei, over fjell og ned ein markert dal. Mange stadar går me på det me her i Norge ville kalla ein traktorveg, andre stadar på gode stigar. Det er stort sett lett å finna fram, for løypa er godt merka.

Sjå heimesida til Jesus Trail her.

Eg går gjerne denne turen igjen. Men aldri meir i august! Me var for så vidt klar over kva me gjorde; alle som gir råd om å gå fotturar i Israel, vil seia at ein må unngå den varmaste årstida. Då me likevel viste at me hadde tenkt å gjennomføra dette, fekk me følgjande råd som me så langt som mogleg prøvde å følgja:

  1. Start seinast kl 6 om morgonen og gå til ca kl 10. Ta ein lang pause, ca 5-6 timar, og gå resten av turen seint på ettermiddagen.
  2. Ta med minst 3 liter vatn kvar i sekken. Fyll opp undervegs når det er mogleg.
  3. Følg med på koss kroppen reagerer og stopp når det er nødvendig.

Det er jo umogleg å seia akkurat kvar Jesus gjekk. Jesus Trail følgjer i nokre tilfelle dei mest naturlege fara i terrenget, andre stadar går løypa over fjell med flott utsikt og innom interessante stadar i området.

Oppdatering: Eg har sidan dette blei skrive i 2012, vandra på Jesus Trail fleire gonger, og skrive ein del notat om dette her på bloggen, sjå kategorien Jesus Trail.

Eg kjem sikkert tilbake med bilete og notat frå enkelte stadar undervegs. Men her er nokre glimt frå kva me var innom sommaren 2012:

Dag 1:

  • Turen starta i Nasaret, den største arabiske byen i Israel. Eit naturleg utgangspunkt er Fauzi Azar Inn. Nasaret ligg i eit fjellområde og det er mange bakkar. Jesus Trail følgjer ein veg som eigentleg er ei trapp (ca 400 trinn) opp gjennom den gamle bydelen.
  • Midtvegs første dag kom me til Zippori. Her er det ein nasjonalpark med utgravingar etter ein viktig gresk-romersk by som blei bygd på Jesu tid. Det er mange som tenkjer seg at Josef (og kanskje også Jesus) var bygningsmann her.
  • På ettermiddagen gjekk me gjennom Mash’had, ein liten arabisk by som tradisjonelt er identifisert med Gat-Hefer (2. Kong 14,25), profeten Jona sin fødestad.
  • Målet for denne dagen var Kana, staden der Jesus gjorde vatn til vin (Joh 2,1 ff). Den fransiskanske kyrkja ligg på staden der dette skal ha skjedd. Gjestehuset ligg like ved.

Dag 2:

  • Også i Kana startar turen med mange motbakkar til me når toppen av byen.
  • Vidare følgjer løypa eit høgdedrag til me går ned i Tur’an-dalen. Me ser byen Tur’an på avstand (biletet). Her blir det sagt at korsfararhæren i 1187 gjorde ei fatal feilvurdering som truleg førte til eit øydeleggjande tap i slaget ved Hattins Horn.
  • Me var innom geitefarmen Yarok Az som ligg nær løypa.
  • I det viktige vegkrysset Golani Junction er det vegarbeid og me måtte passera midt gjennom dette. Men fordelen var at me kunne gå innom McDonalds!
  • Vidare gjekk me forbi tydelege restar etter ein romersk veg og gjennom jordbruksområdet på Kibbutz Lavi.

Dag 3:

  • Framleis gjennom jordbruksområdet på Kibbutz Lavi.
  • Over Hattins Horn, eit vulkansk fjell med fantastisk utsikt og ei spennande historie, blant anna frå korsfarartida.
  • Innom Nebi Shu’eib, ein viktig drusisk heilagdom. Her fekk me koma inn og sjå det som skal vera Jetro si grav.
  • Til Moshav Arbel, ein jødisk landsby som ligg like ved nasjonalparken på Arbel-fjellet.
  • På ettermiddagen gjekk opp på Arbel-fjellet og såg på den fantastiske utsikta over Gennesaretsjøen.

Dag 4:

  • Me gjekk ned den markerte «Due-dalen» under Arbel-klippen. Eg ser for meg at dette er ein stad me sikkert kan rekna med at Jesus gjekk, fordi det er den mest naturlege staden å gå ned til området ved den nordvestre breidda av Gennesaretsjøen.
  • Løypa går gjennom mango-, sitrus- og banan-plantasjar på Ginosar-sletta.
  • Turen går innom Tabgha, med Brødunderkyrkja og stranda der Jesus skal ha vist seg etter oppstoda.
  • Me var innom Eremosgrotta som ligg i bakken like ovanfor Tabgha (her).
  • Målet for vandringa var Kapernaum, «Jesu eigen by», staden som var utgangspunkt for Jesu verksemd. Turen enda i den moderne kyrkja som er bygd over Peters hus. Ei god kjensle av å vera framme ved målet senka seg over oss!

Sjå alle notat frå turen:

NY Times om Jesus Trail

Oppdatering 2020: Dette notatet blei skrive før eg sjølv første gong gjekk The Jesus Trail i 2012. Det er mange nyare notat om denne turløypa her på bloggen, sjå kategorien Jesus Trail.

Eg les om The Jesus Trail denne helga. Dette er ei pilegrimsrute som går i Jesu fotspor i Galilea. Løypa er 62 km og går frå Nasaret til Kapernaum.

Matteusevangeliet fortel at Jesus, då han tok til med si gjerning, flytte nettopp frå Nasaret til Kapernaum, der han busette seg (Matt 4,13). Det nye testamentet gir også vidare inntrykk av at han sidan stadig var på vandring.

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å seia nøyaktig kvar Jesus gjekk og kvar han overnatta. Men terrenget ligg der framleis, med mange spennande reisemål.

New York Times skreiv denne veka om The Jesus Trail:

Hiking Through Biblical Backcountry

AROUND the corner from Nazareth’s Old City market, in the shadow of 200-year-old Ottoman mansions, there’s a cobblestone street so narrow you can almost touch the houses on either side. An arrow pointing up some stairs is painted on one rough wall, along with the words “Jesus Trail.” It’s the de facto trailhead for a 40-mile hike through the Galilee region of Israel in the footsteps, more or less, of the man who made Galilee famous.

Les meir

Sjå også tidlegare stoff her på bloggen: Menneska ved The Jesus Trail.

Menneska ved The Jesus Trail

The Jesus Trail er ei rute for vandring i Jesu fotspor i Galilea. ChristianityToday har nyleg (mai 2010) ein artikkel om kva ein kan oppleva langs denne løypa som går frå Nasaret til Kapernaum.

Oppdatering 2020: Dette notatet blei skrive før eg sjølv første gong gjekk The Jesus Trail i 2012. Det er mange nyare notat om denne turløypa her på bloggen, sjå kategorien Jesus Trail.

Det interessante med artikkelen, er at forfattaren (Gerald McDermott) er mest opptatt av kva han lærte av menneska han møtte. Han skriv ut frå vinklinga: «What we learned from Jews, Muslims, and Arab Christians as we traced the footsteps of Christ in Galilee.»

On the Jesus Trail

The land around Cana, where Jesus turned water into wine, was remarkably beautiful one October morning last fall. Green vineyards and silvery olive groves added patches of color to the brown hills. But my blistered feet were aching for a rest, so I was glad when I saw a man picking dates from a tree in front of his spacious house. Marwan, a 41-year-old lawyer, invited us to join him and his wife and brother for coffee.

Gerald McDermott er amerikansk professor i religion. Han vandra langs The Jesus Trail saman med sonen Ross McDermott, som er multimedia-journalist. Artikkelen fortel om mange ulike menneske dei møtte undervegs og me får eit inntrykk av korleis folk snakka om Jesus, om forholda for dei kristne arabarane i Galilea i dag og om ulike jødiske haldningar til den kristne trua.

Dei to traff også ein messiansk jøde på vandringa si:

Yet more Jews in Israel are receiving Jesus as Messiah. Yossi Ovadia, a Messianic Jewish pastor in Karmiel, told us there are now between 10,000 and 15,000 Jewish believers in Israel. He told us that he grew up the son of a synagogue cantor in Israel, but at age 16 decided that his Jewish faith was no longer relevant. «So I put my kippah (skullcap) in my back pocket.» A short time later, while walking by the shore of the Sea of Galilee, he met a Christian girl from England who told him that God loves Jews and lived inside her.

Yossi was stunned that anyone loved Jews, since he thought the world hated his people. He was also surprised that God could be so real to someone. When he met this girl’s friends months later and discovered that they had the same intimacy with God, he became envious. «Just as Paul predicted in Romans 11:11,» Yossi laughed, «Gentile Christians would provoke Jews to envy.»

Yossi’s father refused to speak to him for years after he became a Christian, even hanging up on Yossi when he called from Lebanon while fighting in the first war. Thankfully, the two were reconciled three days before his father died.

Mange av dei som blir omtalt i artikkelen, strevar med å sjå håp for framtida i det konfliktfylte Israel. Men nettopp i møte med den messianske Yossi, såg artikkelforfattaren «a glimmer of hope»:

Yet we found a glimmer of hope. Yossi told us that for some years now, Arab Christians have been meeting with Messianic Jews for a weekend of prayer and worship. The 2008 gathering drew 1,200. At the end of the weekend, the Messianic and Arab pastors joined hands at the front and repeated in both Hebrew and Arabic, «We are one in Christ. God can break the wall of partition between us.»

Les heile artikkelen i ChristianityToday her.

(Oppdatert 16.05.2010)

Jesus trail

Oppdatering: Her er eit notat eg skreiv i 2008. Eg ser nå at dette var første gongen eg høyrde om Jesus Trail. Sidan har det blitt mange vandreturar i Galilea! Sjå bloggnotat frå turane her.

Caspari Center Media Review har i dag (29.12.2008) med ein notis (her) frå avisa Ma’ariv som skriv om «the Jesus trail», ei vandring i Jesu fotspor i området mellom Nasaret og Gennesaretsjøen.

Ma’ariv (December 19) recommended a visit to the church which, according to Christian tradition, commemorates the house of Anna and Jehoiakin, «Yeshua’s (Yeshu’s) grandmother and grandfather.» «Here, it transpires, Miriam, Yeshu’s mother, was born to barren parents.» The Byzantine church, which is almost completely preserved, is located close to Tzippori (Sepphoris) in central Galilee. «The courtyard and beautiful church are one of the points of the walking tour in the footsteps of the life of Yeshu, the project known as the «Jesus trail» – a walking tour of around 60 km and 3-5 days» walk beginning in Nazareth and ending at the Mount of Beatitudes.»

Eg har vore i dette området fleire gonger, men ikkje sett denne kyrkja og heller ikkje vandra langs denne ruta. Dette må eg finna ut meir om!

Oppdatering 2019:

Eg kom tilfeldig over dette gamle bloggnotatet frå desember 2008, og ser nå at dette truleg var første gong eg høyrde om The Jesus Trail. Notisen i Media Review skapte interesse hos eg, og eg begynte å samla stoff om turen. Eg fann sjølvsagt fort fram til nettsida JesusTrail. Der bestilte eg guideboka som dei har gitt ut. Og i 2012 reiste Inger og eg på ferie for å gå turen for første gong.

Sidan har det som nemnt blitt mange vandreturar i Galilea. Eg har også lagt ut ein del notat og bilde her på bloggen. Her kan du sjå det eg har merka med kategorien Jesus Trail.