80-årsdag utanom det vanlege

Reidar 80 år, Mån 2006

Fredag kveld feira me svigerfar Reidar sin åttiårsdag. Og han er ikkje som åttiåringar flest, nei. Han inviterte like godt familien på fjelltur til Friluftsgarden Mån! Det er ca 1 time å gå frå parkeringsplassen inst i Frafjord, og den første delen av turen opp er skikkeleg bratt.

På biletet ser du heile gjengen utanfor den gamle delen av huset. Me greidde å samla 22 familiemedlemer til turen. Dei som mangla var to barnebarn som er utanlands (Trygve i Sør-Afrika og Karen i Kroatia) og ei kjærast (Påls Hanne Mari). Tre barnebarn (Øystein, Vegard og Eirik) kom ovanfrå fjellet ned til Mån, direkte frå lang fottur i Ryfylkeheiane! Eirik hadde då vore i fjellet i 11 dagar og søskenbarna Øystein og Vegard kopla seg på i Sirdal og var med dei siste tre dagane av denne turen.

Me hadde eit døgn saman på Mån, og det var ein flott måte å samla familien på. Det blei tid til mange aktivitetar; eg nemner bading, grilling, kubbespel og fisking. Men først og fremst var me der, saman. Prata, leika, koste oss. Og fredag kveld hadde me festkveld med taco og talar, sjølvskrivne songar og anna program. Alle barnebarna sa noko med utgangspunkt i «Når eg tenkjer på morfar/farfar, tenkjer eg på …» Det blei mange flotte og gode ord om jubilanten!

Det er spesielt to ting eg har lyst å trekkja fram etter denne turen:

  • Det å reisa på tur saman, på tvers av generasjonane, gir mange gode og verdifulle opplevingar. Reidar er opptatt av slekt og familie og han har alltid likt å koma seg ut i naturen, så dette var ei feiring som stod i stil til jubilanten!
  • Det blei, på ein fin måte, lagt vekt på Reidar sitt engasjement for dei som lid i verda, eit sterkt engasjement med utgangspunkt i nestekjærleiken. Han har blant anna i fleire år vore formann for den norske avdelinga av Food for the Hungry.

I tillegg til alt dette, kan eg ikkje gå la vera å seia nokre ord om plassen me var. Naturen rundt Mån er flott. Månafossen er fascinerande og sjølve sletta med den nedlagte fjellgarden er ein herleg plass. Dette er eit turområde eg trivst godt i og som eg har skrive om før her på bloggen. I dag blei det også rom for litt nostalgi for meg: Eg fann ei gamal hyttebok med notat frå turar eg hadde til Mån då eg var tenåring. Og det er jo slikt som set tankane i gang hos ein gamal femtiåring!

Filosofi og fotball-VM

Juli 2006: Eg hadde eigentleg tenkt at bloggen skulle vera ein fotballfri sone. Og eg har framleis ingen planar om å la dette bli staden der du finn hurtig oppdaterte kampreferat og ukvalifiserte vurderingar etter meir eller mindre viktige fotballkampar. Men litt refleksjon omkring det som skjer under ein fotballkamp, kan vel ikkje vera av … Hald fram med å lese «Filosofi og fotball-VM»

Juli 2006: Eg hadde eigentleg tenkt at bloggen skulle vera ein fotballfri sone. Og eg har framleis ingen planar om å la dette bli staden der du finn hurtig oppdaterte kampreferat og ukvalifiserte vurderingar etter meir eller mindre viktige fotballkampar. Men litt refleksjon omkring det som skjer under ein fotballkamp, kan vel ikkje vera av vegen?

En hvilken som helst fotballkamp inneholder episoder hvor menneskers holdninger settes på prøve. Aktørene – både spillere, trenere og dommere – må i løpet av brøkdelen av et sekund ta en beslutning. (…) Fotballspillere deltar i et moralsk drama hvor eldgamle, klassiske spenninger i omgangen mellom mennesker stadig kommer til overflaten. Selv er nok spillerne i liten grad oppmerksomme på dette.

Slik skriv filosofen Øivind Kvalnes i kronikken Filosofi på fotballbanen i Aftenposten i dag. Han karakteriserer fotball-VM som eit «moralsk drama» og i artikkelen kan du lesa koss han vurderer det me har vore vitne til, f eks Zidanes skalling, den ukontrollerte kamputviklinga mellom Nederland og Portugal, Ronaldos påvirkning av dommaren og Rooneys stempling. Kvalnes set søkjelyset på desse hendingane og set dei inn i ein større samanheng.

Filosofen hevdar også at italiensk fotball lenge har vore påverka av Machiavellis tenkning. Viss dette er rett (og det er dessverre ikkje så usannsynleg), vil eg seia at det var trist at Italia vann VM!

De italienske verdensmesterne har gjennom årtier utviklet en fotball tuftet på ideene til renessansetenkeren Niccolo Machiavelli. Han hevdet at «den som i all sin ferd bare ønsker å gjøre det gode, vil måtte gå under blant alle dem som ikke er gode» og at «den som overser det som gjøres til fordel for det som burde vært gjort, fremmer sin egen undergang mer enn sin egen opprettholdelse».

Med andre ord, innrett deg etter hvordan verden er, ikke hvordan den burde være, og la de andre kjempe om medaljen for god moral og fair play .

Italiensk fotball har lenge vært tuftet på disse pragmatiske grunnideene. Den har vært kynisk og resultatorientert. Zidane kan regnes som det siste offeret for denne tradisjonen. Han ble utvilsomt utsatt for nesten to timer med hån og provokasjoner fra sine italienske motspillere, frem til det klikket for ham. Det unnskylder ikke handlingen hans, men plasserer den inn i en idéhistorisk sammenheng.

Naturligvis 5/2006

For ei tid sidan kom ei ny utgåve av Naturligvis, nyhetsbrev frå NMU med følgjande saker: Farg menigheten Tre-Fargetesten Les mer om tre-fargetenkninga i sommerferien Look to Toten! Christian Schwarz til Norge i juni 2007 Mange kurs Les her det eg tidlegare har skrive om tre-fargetenkninga til NMU.

Trinitarisk_kompass_1 For ei tid sidan kom ei ny utgåve av Naturligvis, nyhetsbrev frå NMU med følgjande saker:

  • Farg menigheten
  • Tre-Fargetesten
  • Les mer om tre-fargetenkninga i sommerferien
  • Look to Toten!
  • Christian Schwarz til Norge i juni 2007
  • Mange kurs

Les her det eg tidlegare har skrive om tre-fargetenkninga til NMU.

Betania på andre sida av Jordan

«Biblical history flows through the nation of Jordan, from the cave where Lot is said to have lived after his wife turned into a pillar of salt to the archaeological park where many believe John the Baptist baptized Jesus.»

Dette skriv Cecile S. Holmes for Religion News Service i artikkelen Jordan seeks to preserve ancient sites. Ho skriv om koss ein arbeider i Jordan for å få ein større del av turismen som er knytt til dei bibelhistoriske stadane, samtidig som landet merkar utfordringa med å ta vare på desse stadane.

Eg blei spesielt interessert i det ho skriv om Betania på andre sida av Jordan. Dette er ein stad som spelar ei viss rolle i Johannesevangeliet, først og fremst knytt til Døyparen Johannes si tidlege verksemd. Seinare kom Jesus tilbake til denne staden. Evangelisten skriv ikkje direkte at det var her Jesu dåp fann stad, men det er sannsynleg ut frå samanhengen at han plasserer dåpen her.

  • Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig å løysa skoreima til.» Dette hende i Betania på andre sida av Jordan, der Johannes var og døypte. Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! (Joh 1,26-29)
  • Så fór Jesus attende til andre sida av Jordan, til den staden der Johannes først hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid. Det kom mange til han, og dei sa: «Johannes gjorde ikkje noko teikn, men alt det han sa om denne mannen, var sant.» Og det var mange der som kom til tru på Jesus. (Joh 10, 40-42)

Her er nokre utdrag frå artikkelen til Cecile S. Holmes:

«Jordan is the best kept secret in the world as a travel destination, especially for people of faith,» said Graham F. Bardsley, a Presbyterian pastor and adjunct faculty member of Virginia Theological Seminary in Alexandria, Va.

(…)

Today, a park stretching 27 square miles with a large visitor center has been developed at Bethany beyond the Jordan, an archaeological wonderland located just 40 minutes from Jordan’s capital, Amman.

It’s a place where Christian history and the story of Jesus» life and ministry seem omnipresent. In the past decade, the site has generated enough publicity to attract a range of VIPs, from the late Pope John Paul II to Britain’s Prince Charles.

Hald fram med å lese «Betania på andre sida av Jordan»

Frå Jerusalems bossplass på Jesu tid

Det bosset som me kvittar oss med, fortel mykje om livet vårt og kulturen vår. Av same grunn kan også tidlegare tiders avfall fortelja mykje om tidlegare tiders samfunn. Innan arkeologisk forskning er ein derfor faktisk interessert i «uvesentlege» stadar som fyllingar og bossplassar i tillegg til det me vanlegvis tenkjer på som arkeologiske utgravingar.

Dei siste åra har forskarar systematisk studert fyllmassen i ein 2000 år gamal bossplass i Jerusalem. Staden ligg nær Siloadammen, i skråninga mot Kedrondalen på austsida av Davidsbyen. Størsteparten av det dei har gravd ut er restar etter heilt vanleg daglegliv, slike ting som krukker, kokekar, lampar og bein frå dyr. Funna blir tidfesta bl a ved grundige undersøkingar av myntar som ligg i fyllmassen.

Ein artikkel i den israelske avisa Haaretz omtalar utforskinga av denne fyllinga og av eit stort bustadhus frå same tidsperiode og i same område. Det er spesielt to tema i artikkelen som fangar interessa mi. Det eine er at bossplassen, pga av store mengdar restar etter kokekar, kanskje kan seia noko om livet til dei mange tilreisande pilegrimane til valfartsfestane i Jerusalem. Det andre er at utgravinga av bustadhuset kanskje kullkastar tidlegare teoriar om koss befolkninga var samansett i ulike bydelar i Jerusalem på Jesu tid.

Hald fram med å lese «Frå Jerusalems bossplass på Jesu tid»

return2sender

return2sender er eit nettverk av unge folk som på eitt eller anna vis er blitt engasjert for ei felles sak: å bringa evangeliet tilbake til utgangspunktet. Eg møtte nokre av desse unge folka i helga då eg var på Israelsmisjonen sitt sommarstemne i Grimstad. Det var flott og inspirerande! Nå er eit team frå return2sender … Hald fram med å lese «return2sender»

return2sender er eit nettverk av unge folk som på eitt eller anna vis er blitt engasjert for ei felles sak: å bringa evangeliet tilbake til utgangspunktet. Eg møtte nokre av desse unge folka i helga då eg var på Israelsmisjonen sitt sommarstemne i Grimstad. Det var flott og inspirerande! Nå er eit team frå return2sender reist til Skjærgårds på Risøya for å motivera ungdom som er der denne veka til misjonsengasjement. Bra!

Eg saksar litt frå return2sender sin brosjyre:

  • "Vi takker Gud for det Han har latt oss være med på den senere tid. Mer enn noen gang ser vi unge israelere åpne seg for evangeliet og frimodig bekjenne troen på Jesus.
  • return2sender vil fortsatt støtte opp om arbeidet som vokser ut fra Israelsmisjonens baser i Israel og andre land.
  • Her i Norge vil vi gjøre return2sender og vår sak kjent for flere. Vi er klare for å gå ut bredere, stikke dypere og rope høyere!
  • Vi vil jobbe for at flere unge aktivt skal ta del i misjonsoppdraget for det jødiske folk – gjennom volontørtjeneste, teamturer, forbønn og økonomisk støtte."

"Men er ikkje jødane kristne?" Dette spørsmålet får eg av og til når eg snakkar om engasjementet mitt for misjon blant jødar. Nei, dei er ikkje det. Men heldigvis er det stadig jødar som får møta eit frigjerande budskap om frelse gjennom trua på Jesus, han som er Messias både for jødar og ikkje-jødar. Og talet på messianske jødar er i stadig vekst, i Israel reknar ein nå at det er mellom 5000 og 10000 jødar som trur på Jesus som Messias (av ein befolkning på 7 millionar).

Det er ein kritisk situasjon i Israel og dei palestinske områda for tida. Nyhetene er fylt av skremmande reportasjar. Det er ein situasjon der mange lider og der det ikkje nyttar å satsa på enkle løysingar. Eg er blant dei som likevel vågar å håpa og tru på forsoning og fred. Heldigvis er det mange menneske i Midt-Austen som ønskjer fred, på begge sider i konflikten, sjølv om dette ikkje kjem så godt fram i nyhetsbiletet. Behovet for å forkynna Jesus som frelsar for menneske uansett rase, og å forkynna forsoning (både med Gud og menneske) er ikkje blitt mindre i ei uroleg verd!

Tilbake til møtet med return2sender. Eg avsluttar med ei utfordring som kjem frå leiaren deira, Johannes Kleppe: "Jesus var jøde. De første disiplene var jøder. De første som delte dette budskapet om Jesus med andre folkeslag var jøder. Idag kjenner under 0,5 % av det jødiske folk Jesus. Er du enig i at dette er for lite? Bli med i return2sender – med evangeliet tilbake til utgangspunktet!"

Les meir om Israelsmisjonen og om return2sender.