Golgata og Jesu grav

Jesus blei korsfesta på Golgata og lagt i ei grav i ein hage like ved. Der skjedde dei grunnleggjande handlingane som heile den kristne trua byggjer på. Er det muleg å vita nøyaktig kor dette skjedde? Koss ser det ut på denne staden idag?

Det er i dag to stadar som blir vist fram som staden for Jesu død og oppstode. Men det er likevel ikkje slik at me derfor må seia: «Me kan ikkje eigentleg vita kor det skjedde». Forskarar er nemleg stort sett einige i at Gravkyrkja i Gamlebyen i Jerusalem ligg på den historisk korrekte staden der Golgata og Jesu grav var. Der har det vore ei kyrkje med samanhengande historie (om enn ei voldsom historie med mange kritiske periodar) heilt tilbake til ca 325, då Jerusalem blei ein kristen by som del av keisar Konstantin sitt rike. Og før det var det ein tradisjon blant dei kristne i byen som sa kor staden var. Historikarar og arkeologar reknar det idag som svært sannsynleg at denne tradisjonen blant Jerusalems kristne, var korrekt.

Jesus blei gravlagt på ettermiddagen den dagen Jesus blei korsfesta:

Då tok dei Jesu lekam og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken var hjå jødane når nokon skulle gravleggjast. På den staden Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som ingen endå var lagd i. Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hjå jødane og grava låg så nær. (Joh 19,40-42)

Jesu næraste venner visste kor Jesus blei gravlagt:

Dei kvinnene som hadde vore han frå Galilea, følgde etter. Dei såg grava og at lekamen hans vart lagd der. (Luk 23,55)

Vegen fram til Gravkyrkja går i dag gjennom tronge og uoversiktlege marknadsgater innanfor Gamlebyens murar. Kyrkja ligg heilt innebygd, og kan faktisk vera vanskeleg å finna for den som ikkje er lokalkjent.

Arkeologane kan fortelja at området på Jesu tid låg utanfor bymuren, og at det var eit gamalt steinbrot frå gamaltestamentleg tid der. I steinbrotet var det nokre klipper som stod igjen unytta, truleg fordi steinmaterialet hadde vore for dårleg. På ein av desse klippene (den som blei kalla Golgata fordi den såg ut som ein hovudskalle) blei Jesus korsfesta, og i ein av klippene i nærleiken blei han gravlagt i ei grav som var hogd inn i fjellet.

Når dei første kristne tenkte på Jesu død og oppstode i desse klippene, kom dei til å tenkja på det som står i Salme 118,22: Den steinen bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein. Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo. Dette verset frå Salmane er sitert fleire stadar i Det nye testamentet, nettopp med tanke på Jesu død og oppstode, f.eks. i Peter sin tale i Apgj 4:

Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde. Han er den steinen som de bygningsmenn vraka, men som har vorte hjørnestein. (Apgj 4,10-11)

Historia til denne staden kan vidare oppsummerast slik:

Ca 10 år etter Jesu død og oppstode blei Jerusalem utvida og Golgata og Jesu grav blei då liggjande innanfor bymurene. Staden blei då uaktuell som gravstad (både rettarstad og gravstad skulle vera utanfor byen). Det var godt kjent blant dei første kristne kor Jesu grav var, og det er ikkje urimeleg å tenkja seg at dei heldt staden heilag og nytta den til f.eks. bønesamlingar. Eg vil likevel presisera at dette veit me ingenting om.

Ca 100 år etter Jesu død og oppstode øydela romarane Jerusalem for andre gong på grunn av eit opprør mot det romerske styret (første gong var i år 70). Denne gongen bestemte dei seg for å gjera endeleg slutt på den jødiske motstandsrørsla. Dei bygde då rett og slett ein ny, romersk by på ruinane av det gamle Jerusalem, og kalla byen Aelia Capitolina. I samband med dette la dei ein heidensk heilagdom på staden der Golgata og Jesu grav var, kanskje for å knusa ei gryande tilbeding der. I 200 år var dermed staden merkt for dei kristne. Dei kunne ikkje nå Jesu grav, men dei visste kor den låg skjult.

Ca 325 blei denne heilagdomen fjerna av dei kristne og dei fann det dei var sikre var Jesu grav. Over dette funnet bygde dei ei imponerande kyrkje i åra etterpå. Kyrkja som me finn der idag, Gravkyrkja, er mykje mindre enn kyrkja frå Konstantins tid. Den nåverande kyrkja blei bygd i korsfarartida over restane av kyrkja frå 300-talet.

I år 1009 blei Gravkyrkja øydelagt av kalif Hakim. Men Jesu grav blei, som den sentrale kristne heilagdomen, heldigvis rekonstruert i løpet av få år, mens folk ennå huska koss den hadde sett ut. Det er denne rekonstruerte grava som står i Gravkyrkja i dag.

På 1100-talet bygde korsfararane opp kyrkja igjen, og den kyrkja som står der i dag, er i hovudsak frå den tida.

Gravkyrkja er ei merkeleg kyrkje. Den består av mange og mørke kapell, og er ikkje spesielt imponerande. Men den har likevel ei eiga tiltrekningskraft pga at den rommer Golgataklippa og Jesu grav.

Eg nemnte innleiingsvis at det er ein annan stad som blir vist fram som muleg stad for Jesu død og oppstode. Dette er den såkalla Gravhagen. Sjølv om staden ikkje er den historisk korrekte, er det ein flott stad for andakt, og parken gir verkeleg ei spesiell oppleving. På denne staden er det lett å tenkja: «Slik kan det ha vore ved Jesu grav!».

Jesus lever!

Preika i påskenattgudstenesta var eit enkelt vitnesbyrd om at Jesus lever i dag. Eg har lyst til å dela det med deg som les bloggen òg. Utgangspunktet for var teksten i Markus 16,1-8.

Eg trur at Jesus lever i dag, at han er her midt blant oss. «Jesus lever» er den grunnleggjande vedkjenninga for oss som er kristne. Han var død, men han lever nå. Han vant over døden og lever i dag. Kvinnene ved grava fann ei tom grav. Seinare møtte dei og disiplane ein levande Jesus.

Den kristne trua byggjer på Jesu oppstode. For meg betyr det at eg kan tru at Jesus lever og er her nå, usynleg og verkeleg til stades. Eg trur han er den same nå som han var då han levde eit menneskeliv for ca 2000 år sidan. Men etter oppstoda har han eit nytt og annleis liv. Han er ikkje lenger bunden av ein menneskeleg kropp. Han er heller ikkje bunden av tid og stad, sånn som du og eg er.

Derfor vil eg nå i påsken, når me feirar at Jesus stod opp frå dei døde, endå ein gong seia til nettopp deg:

  • Jesus lever, og er her nå!
  • Han vil vera din venn, din Herre og din Frelsar!

«Sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!» var avskjedshelsinga hans til disiplane. Tenk litt på kven dei var, dei som fekk denne flotte avskjedshelsinga. Dei var Jesu disiplar og venner. Dei hadde levd saman med han. Dei hadde lært av han og dei huska alt han hadde sagt og gjort. Likevel hadde dei svikta han tidlegare i påsken. Dei hadde stukke av då Jesus blei arrestert. Peter hadde banna på at han ikkje kjente Jesus. Påskemorgon var dei ikkje saman med kvinnene som hadde tenkt seg til grava for å sørgja. Men kvinnene som kom seg ut til grava, møtte ein engel, og denne engelen hadde omsorg også for dei falne disiplane.

Koss reagerte kvinnene? Akkurat då, med ei open grav og med ein levande engel framfor seg, var dei ganske redde (og det kan me vel eigentleg godt forstå!). Men dei fekk snart mot og kraft og håp, saman med disiplane. For ikkje lenge etterpå møtte dei den oppstandne Kristus sjølv.

Den oppstandne Kristus møter oss òg! Han kjem oss nær, først og fremst i nådemidlene: Guds Ord og sakramenta (dåpen og nattverden). Derfor minnes me påskenatt at alle som er døypte med ein kristen dåp, er døypte til Jesu død og oppstode. Derfor feirar me påskenatt nattverd saman, der Jesus konkret kjem til oss og gir oss del i sin død og oppstode. Me høyrer Guds kjærleiks pulsslag som seier: for deg, for deg!

Når du trur på Jesus, har du fått eit levande håp. Dette håpet er sterkare enn alt som vil ha oss bort frå Gud. Dette håpet er sterkare enn all vondskap som me kan møta hos andre menneske og hos oss sjølve. Det er sterkare enn all nederlagsfølelse og andre vonde tankar som me kan kjenna på. Det er sterkare enn djevelens makt. Ja, dette håpet er til og med sterkare enn døden!

Eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som nå er eller det som koma skal, eller noka makt, korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunne skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre. (Rom 8,38-39)

Det levande håpet er heilt annleis alle andre håp i verda, for det byggjer på Guds kjærleik. Det byggjer på Jesu død og oppstode. Du har gjennom den kristne trua del i eit håp som seier at

  • Jesus vil følgja deg kvar dag gjennom livet
  • Jesus vil følgja deg inn i det evige livet

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh 3,16)

Påskenatt

Det er midt på natta, den natta me feirar Jesu oppstode. Eg har nettopp kome heim frå påskenattgudstenesta i Time kyrkje og skal snart ha nokre timars søvn før eg skal opp og halde fram med påskefeiring i kyrkja, då med høgtidsgudsteneste i Bryne kyrkje. Påske er ei flott høgtid!

For meg har påskenatt blitt ein viktig del av påskefeiringa. Slik denne gudstenesta har utvikla seg i Time, er den ei blanding av tradisjonsrik påskenatt-liturgi, kjente påskesalmar og nye lovsongar. Kvart år opplever me ei fullsett kyrkje av unge og vaksne, – det var ca 240 til stades på gudstenesta, – og ungdomane er i fleirtal. Me tenner lysa våre på det store påskelyset i ei mørklagt kyrkje. Me feirar nattverd saman. Og først og fremst samlar me oss om det sentrale temaet i trua vår: Jesus lever!

Gudstenesta blir avslutta med at me går ut på kyrkjegarden med tente lys, og står blant gravene og syng:

Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt.

Døden på korset

Jesus døde på korset. Sidan har korset blitt det mest kjente symbolet knytt til kristendomen. Eigentleg er korset eit frykteleg tortur-instrument. Dei første korsfestingane er kjente frå Athen på 600-talet f.Kr. På 300-talet blei korsfesting ein allmen praksis i det hellenistiske riket, det vil seia riket som oppstod med Alexander den store. På den måten møtte jødane korsfesting, og i dei siste hundreåra før Jesu tid var det mange som blei korsfesta i Jerusalem. I 1968 blei det, i ei grav i Jerusalem, funne bein etter ein mann som var korsfesta i dei siste åra før byen blei øydelagt av romarane i år 70 e.Kr. Dette funnet gav interessant kunnskap som kunne samanliknast med det me veit om Jesu korsfesting.

Det var fleire typer kors som blei nytta ved korsfestingar. Vårt ord kors gir inntrykk av to linjer som kryssar kvarandre. Verken det greske stauros eller det latinske crux har nødvendigvis den betydninga. Den einaste opplysninga som kan seia noko om kva type kors som blei nytta då Jesus blei korsfesta, er opplysninga med klagemålet som stod over hovudet på han.

Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med klagemålet mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.» (Matt 27,37)

Det betyr truleg at tradisjonen som alltid har rekna med eit kors av typen «forlenga plussteikn» har rett. Mest sannsynleg har den vertikale pålen stått fast på Golgata, mens den horisontale stokken blei boren til staden, først av Jesus, sidan av Simon frå Kyrene (Matt 27,32).

Me veit ikkje kor høgt Jesu kors var. Men det blei nytta ein stong då det blei løfta ein svamp med eddikvin opp til Jesus (Matt 27,48). Eg har lese gjettingar på at korset var i overkant av 2 meter høgt.

Kva veit me så om koss Jesus var festa til korset? Det står ikkje noko om det i samband med korsfestinga, men enkelte skildringar frå tida etter oppstoda gjev informasjon om at han hadde naglemerke i hendene og på føtene.

Då Jesus openberra seg for disiplane etter oppstoda, sa han: «Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå!» (Luk 24,39)

Og møtet med Tomas fortel òg noko om dette:

«Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.» Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk.» Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!» (Joh 20,25-27)

Langfredag

Det er langfredag i dag, ein spesiell heilagdag. Jesu død på korset står i sentrum. Eg har i vekene før påske gjennom ein del innlegg her på bloggen gått gjennom dei ulike delane av Jesu lidingshistorie.

Jesus blei piska og dømt til døden etter forhøyret hos Pilatus. Så måtte han bera korset (det vil truleg seia tverrbjelken, for den vertikale pålen stod nok fast på staden der dei korsfesta folk) den siste tunge vegen ut av byen og til staden som heiter Golgata / Hovudskallestaden.

Evangelia skildrar det som så skjer ganske enkelt og nøkternt:
Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt imellom dei.

I dei fire evangelia er det gjengitt litt forskjellig av dei orda Jesus sa då han blei korsfesta. I kristen tradisjon har ein sett dette saman til det me kallar Jesu sju ord på korset:

  • Om folket som spotta og mobba han: Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer. (Luk 23,34)
  • Til Maria: Kvinne, det er son din. Til Johannes: Det er mor di. (Joh 19,26-27)
  • Til den eine røvaren som var korsfesta ved sida av han: Sanneleg, det seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis. (Luk 23,43)
  • Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? (Matt 27,46)
  • Eg er tyrst. (Joh 19,28)
  • Det er fullført. (Joh 19.30)
  • Far, i dine hender gjev eg mi ånd. (Luk 23,46)

Så vil eg bare på denne langfredagen minna dykk om eit enkelt bibelvers, som kan seia oss noko om kva drivkraft som heldt Jesus oppe.

Jesus seier: Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. (Joh 15,13)

Pilatus

«…. pint under Pontius Pilatus ….»

Kven var eigentleg denne mannen som faktisk har fått namnet sitt med i den apostoliske truvedkjenninga?

Pontius Pilatus var romersk prefekt i Judea i åra 26-36. Det vil seia at han var Romarriket sin politiske og militære leiar i området rundt Jerusalem på den tida då Jesus hadde sitt offentlege virke. Pilatus var busett i Caesarea, den romerske hovudstaden ved kysten, litt nord for dagens Tel Aviv. Men periodevis var han i Jerusalem, truleg først og fremst i samband med dei store religiøse festene.

Me kan finna både positive og negative omtalar av Pilatus. Markus gjev han ikkje mykje ære i sitt evangelium, mens dei tre andre evangelistane gjev inntrykk av at Pilatus i større eller mindre grad ønskte å gjera Jesus fri. I den tidlege kristne litteraturen var det fleire som gav ein positiv omtale av Pilatus. Utanfor den kristne litteraturen finn me ein ufordelaktig omtale hos Josefus og ein direkte fiendtleg omtale hos Filo. Ein forskar (Raymond E. Brown) som har vurdert alle tekstavsnitta der Pilatus er omtalt i evangelia, hos Josefus og hos Filo konkluderer med at Pilatus, trass i alvorlege feilgrep, var ein mykje betre leiar enn det Filo gjev uttrykk for, og at Det nye testamentet, med sine nyansar, gjev ei personskildring som ikkje er usannsynleg.

Eg vil ta med litt frå møtet mellom Jesus og Pilatus i borga der Pilatus hadde sitt hovudkvarter (Joh 18,28-19,16). Mot slutten av forhøyret hos Pilatus går forhøyret over til å bli ein samtale mellom dei to. Utgangspunktet er spørsmålet om Jesus er jødane sin konge. Jesus kjem i samtalen med fleire viktige utsegn om seg sjølv. Han seier bl.a: Mitt rike er ikkje av denne verda. Vidare stadfestar han positivt at han er konge, og at han har kome for å vitna om sanninga. Det siste får Pilatus til å utbryta: Kva er sanning?

Når Paulus seinare skriv sitt første brev til Timoteus, tenkjer han tilbake på kva han har høyrt om denne samtalen mellom Jesus og Pilatus. Då skriv han at Jesus bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus (1. Tim 6,13).

Pilatus si borg

Jesus blei ført frå dei jødiske leiarane som var samla i Kaifas» hus, til den romerske leiaren Pilatus, som var i Jerusalem pga jødane si påskehøgtid. Det var alltid mange tilreisande pilegrimar i Jerusalem i påsken, og romarane var redde for kva som kunne koma til å skje. Derfor var dei sterkt representerte i byen, både med den øvste leiinga si og med mange soldatar. Til vanleg var Pilatus busett i hovudstaden Caesarea, som låg ved kysten.

Dei romerske makthavarane hadde gjort det for vane å overta dei tidlegare herskarane sitt hovudkvarter. Slik hadde dei gjort overalt i Romarriket, og slik var det i Jerusalem òg. Me kan derfor rekna med at Jesus blei ført fram for Pilatus i ei borg eller eit palass som tidlegare hadde tilhøyrt kong Herodes. Men her har me eit problem: Me veit om tre ulike borgar og palass frå Herodes si tid. NT gir oss få haldepunkt når me vil finna fram til kor Pilatus var, bortset frå at det i den greske teksten skin gjennom at Jesus blei dømt på ein høgtliggjande stad i byen.

Dei tre aktuelle stadane er

  • Antoniaborga, like nord for Tempelplassen
  • Herodes sitt palass (også kalla Vestpalasset), der Citadellet står i dag
  • Det hasmoneiske kongepalasset, det gamle palasset der Herodes budde den første tida han var konge, før han fekk bygd Vestpalasset

Romarane kalla dette hovudkvarteret sitt for Pretoriet. I engelske bibelomsetjingar har ein tatt vare på dette ordet, mens vår norske bibel omset dette med borga.

Bli med på ei vandring for å leita etter desse tre moglege stadane for Pilatus si borg i Gamlebyen i Jerusalem!

Antoniaborga

Me går først til utgangspunktet for vegen som i dag blir kalla Via Dolorosa. Dette er ein veg der det er lagt til rette for andakt, samtidig som det er ein hektisk markedsgate der turistar og pilegrimar nærast blir overfalt med tilbod om «special price for you». Undervegs er det 14 andaktsstasjonar knytt til Jesu lidingshistorie. Antoniaborga låg der denne vegen begynner. Her var dei romerske soldatane stasjonerte på Jesu tid. Kristen tradisjon har heilt tilbake til 1200-talet (korsfarartida) knytt Pilatus til denne staden, og lenge hadde denne tradisjonen støtte av den moderne arkeologiske forskinga. Ikkje minst var ein opptatt av den hellelagte plassen Lithostrotos, som er graven fram under Via Dolorosa. Ein tenkte at dette var den helleplassen som er nemnt i Johannesevangeliet:

Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut av borga og sette seg i domarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata. (Joh 19,13)

Seinare er det påvist at denne hellelagte plassen under dagens Via Dolorosa fekk sin form 100 år etter Jesu tid, då Hadrian bygde ein romersk by over ruinane av det gamle Jerusalem. Men sjølv om denne plassen ikkje er den Helleplassen som er nemnt i Johannesevangeliet, er det ein fascinerande stad som gir eit inntrykk av koss det kan ha vore der Jesus blei dømt. Desse gamle hellene er trass alt frå ca år 135 e.Kr.

Herodes sitt palass / Vestpalasset

Dei fleste historikarane og arkeologane vil i dag heller seia at Jesus blei dømt i det som den gong var eit praktfullt og relativt nytt slott, bygd av Herodes. Borga som ligg der i dag, Citadellet, er stort sett mykje nyare, men enkelte av murane og den nederste delen av det største tårnet (biletet) går tilbake til Herodes sitt byggverk. Det er naturleg at Pilatus budde her når han var i Jerusalem. Her kunne han ha eit liv i luksus, for Herodes hadde ikkje spart på noko når han bygde seg nytt palass. Og sidan me må gå ut frå at det var her Pilatus budde, trekk dei fleste den konklusjonen at det var her Jesus blei dømt. Likevel har fleire forskarar dei siste åra gått mot dette synspunktet, inspirert av ein arkeolog og munk som heiter Bargil Pixner (død 2002). Eg har lese Pixner sine artiklar om temaet, og fekk i 2001 høve til å treffa han fleire gonger. Hovudargumentet til Pixner er at den kristne tradisjonen aldri har knytt Jesus til denne staden. Eg trur han har rett i at me må leita heilt andre stadar for å finna staden der Jesus blei dømt.

Det hasmoneiske palasset

Me går derfor vidare gjennom Gamlebyen til Vestmuren  («Klagemuren»), som er jødane sin heilage stad ved Tempelplassen. Derfrå går me opp trappene i det brattet henget tvers overfor muren. Då kjem me opp i det moderne jødiske kvarteret. På toppen av trappene ser me rett over på Tempelplassen, og under oss ligg den store plassen ved Vestmuren. Dalen me ser framfor oss, er det som er igjen av Tyropoiondalen, ein viktig del av Jerusalem på Jesu tid.

Då pilegrimane kom til Jerusalem i bysantinsk tid, den 300 år lange perioden Jerusalem var under kristent styre (ca 325 – 638), blei dei vist fram til ruinane etter Pilatus sitt hovudkvarter i denne dalen. På 400-talet blei Hagia Sofia, den heilage visdomen si kyrkje, bygd over desse ruinane. Her æra pilegrimane Jesus som stod fram som Guds visdom i møte med verda sin visdom. Hagia Sofia blei dessverre øydelagt då persarane tok Jerusalem i år 614.

Dei historikarane som legg vekt på denne tradisjonen, tenkjer seg at Hagia Sofia verkeleg blei bygd der Jesus blei dømt til døden. Teorien går då ut på at Pilatus førte rettssaka mot Jesus i eit gamalt kongepalass som låg her og som blir kalla det hasmoneiske palasset etter kongefamilien som bygde det. Her hadde Herodes budd den første perioden av regjeringstida si, før han bygde det nye slottet lenger vest. Kanskje brukte Pilatus dette gamle slottet som rettslokale, mens han budde i det nyare og meir lukseriøse slottet?

Når det gjeld plasseringa av det hasmoneiske palasset, får me hjelp av historikaren Josefus sine skrifter. Det han skriv om staden, tyder på at det låg her i dette bratte henget tvers overfor Vestmuren. På toppen av desse trappene ligg det, delvis skjult, ein kyrkjeruin frå korsfarartida (den tyske Mariakyrkja). Denne kyrkjeruinen kan tena som utgangspunkt for den som søkjer etter staden der Jesus blei dømt i følgje denne teorien.

Finst det nokon spor etter dette hasmoneiske kongepalasset ved Tyropoiondalen? Her er historikarane ueinige. Truleg må me plassera palasset ut frå Josefus sine opplysningar, heller enn ut frå arkeologiske utgravingar. Det finst rett nok dei som hevdar at me kan sjå restar etter palasset i dei utgravingane som blir kalla The Herodian Quarter, som ligg i dette området. Dette er utgravingar som viser restar etter store rikmannsbustadar frå Jesu tid. Dei ligg i eit museum under eit moderne nybygg i det jødiske kvarteret. Men det er langt frå bevist at dette er ein del av det hasmoneiske kongepalasset. Ein del forskarar vil heller seia at denne staden viser oss koss øvstepresten og hans familie budde.

I 2001 hadde eg studiepermisjon og arbeidde med eit studieprosjekt eg kalla Jesu lidingsveg. Innhald og lokalisering. Då arbeidde eg bl.a. med kva arkeologar og historikarar meiner om lokaliseringa av Pilatus si borg. Eg har trukke den konklusjonen at det er sannsynleg at den gamle tradisjonen som seier at Pilatus dømte Jesus ein stad i Tyropoiondalen, er påliteleg. Eg trur derfor at Pilatus har brukt det hasmoneiske palasset som sitt pretorium (rettslege hovudkvarter), og at det var der Jesus blei dømt til døden.

Oppdatering: Den som vil lesa ein meir omfattande artikkel med argumentasjon for dette, kan lesa det eg skreiv etter studiet i 2001: Øvstepresten sitt palass og Pilatus sitt pretorium. Om lokaliseringa av Jesu lidingsveg i Jerusalem. Artikkelen stod i Tidsskrift for teologi og kirke nr 4/2001.

I dag opnar Ingers utstilling

Inger har arbeidd i fleire månadar fram mot dagen i dag. Velkomen til Fotland Mølle laurdag 19. mars kl 12.00. Då opnar utstillinga Gjennom mørke til lys. Påskeutstilling i tekst og tekstilar. Ho samarbeider med Heidi Strand Harboe om utstillinga. Utstillinga er open kl 12 – 17. Sjå meir detaljar i innlegget Påskeutstilling.

Stavanger Aftenblad har eit stort oppslag om utstillinga i dag.

Det er mange detaljar som har tatt tid den siste tida. Og så blei altså eg sjuk av influensa dei siste dagane! Nå er eg heldigvis på beina igjen i dag.

Oppsummering etter opningshelga:

Det har vore ei flott oppleving for Inger og Heidi, og for meg som har fulgt dei gjennom prosessen fram mot utstillinga. Det kom masse folk til opninga, og tilsaman laurdag og sundag har det vore 300 gjester på utstillinga! Samlingane dei har kl 16 der Heidi fortel og les eigne dikt, og der venner deltar med musikk, har også slått godt an. I det heile tatt har det vore svært vellukka.

Utstillinga er open vidare kl 12 – 17 i påsken (stengt langfredag og 1. påskedag) og i helga etter påske.

Tematur til Tyrkia

Oppdatering: Dette er ein omtale av ein planlagt tur, frå 2005. Turen blei gjennomført etter programmet. Det er truleg meir interessant å lesa kva eg seinare har skrive med tilknyting til Tyrkia. Sjå kategorien Tyrkia som viser alle aktuelle bloggnotat.

Nå har brosjyren kome for ein tur eg lenge har planlagt til Tyrkia. Dette blir ein tematur i regi av menighetane i Time prestegjeld, og me skal besøkja stadar som er interessante fordi dei har ein rolle i Bibelen og i kyrkjehistoria. Dessutan får me sjå mykje flott og spanande natur. Og som ein ekstra bonus: Det er jo fint å oppleva sol og varme ei veke når me har kome til oktober! Biletet er frå Efesos.

Turen skal gå i den veka skulane har haustferie, frå sundag 9. oktober til sundag 16. oktober 2005. Turen blir arrangert av Fokus Reiser. Eg skal vera reiseleiar saman med Leiv Roald Thu.

Det ligg nå brosjyrar på Time kyrkjekontor og i Bryne kyrkje, Time kyrkje, Undheim kapell og Lye forsamlingshus.

Hald fram med å lese «Tematur til Tyrkia»

Kaifas´ hus

Då Jesus blei arrestert i påsken, blei han ført til dei jødiske leiarane som var samla hos øvstepresten. I guidebøker blir denne staden omtalt som Kaifas´ hus. Bibeltekstane som omtaler staden, brukar eit ord som like gjerne kunne omsetjast med palass.

Nytestamentet gjev oss ikkje hjelp til å finna ut kvar i Jerusalem dette palasset låg, men historikaren Josefus fortel at øvstepresten budde i den bydelen som blei kalla Øvrebyen.

Der er det i dag to stadar som blir vist fram som den sannsynlege lokaliseringa av Kaifas´ hus: Ein armensk eigedom som ligg godt skjult bak høge murar på toppen av Sionshøgda og den katolske Hanegalskyrkja som ligg i skråninga aust for Sionshøgda.

Det er interessant å besøkja begge desse stadane. Det vil seia: Det er absolutt mest å sjå og oppleva i Hanegalskyrkja. Eigedomen bak dei høge murane, det armenske Convent of St. Saviour, verkar ved første augekast ganske utilgjengeleg. Dei fleste historikarane argumenterer for at det er dette som er staden for øvstepresten sitt palass. Det er likevel nokre som på grunn av arkeologiske funn og tradisjonshistoria til dei to stadane, tenkjer annleis.

Eg vil først seia litt om den staden dei fleste historikarane meiner Kaifas´ hus låg. Me finn denne staden på toppen av Sionshøgda, like utanfor bymuren. Også Den Norske Bibelselskap sitt kart over Jerusalem i nytestamentleg tid i vanlege norske biblar, plasserer øvstepresten sin bustad der.

Armenarane sin eigedom på Sionshøgda

Armenarane er eit kristent folk som har hatt ei busetjing i Jerusalem sidan slutten av 300-talet. No er det ca 1000 innbyggjarar i det armenske kvarteret i Gamlebyen. Her held det armenske patriarkatet til, og armenarane her har kontakt med armenarar over heile verda. Då eg besøkte kvarteret i 2001, blei eg kjent med Fader Isak, ein 24 år gamal armensk prest. Han tok meg med til gravplassen deira, Convent of St. Saviour, som ligg like utanfor Gamlebyen, ved Sionsporten. Dette er staden som armenarane sjølv, og mange historikarar med dei, meiner er staden øvstepresten hadde sitt palass.

Innanfor murane viste han meg Frelsarkapellet, som skal liggja der Kaifas» hus stod, og den armenske kyrkjegarden. I tillegg ligg det her eit nytt, uferdig kyrkjebygg og nokre eldre bygningar som blir nytta som bustad. Kapellet er ikkje lenger i bruk, men det er muleg å koma inn i det skjærtorsdag ettermiddag, då armenarane har ein prosesjon til staden. Kapellet blei bygd i 1140. Interiøret blei i stor grad øydelagt i perioden 1948-1967, då denne eigedomen låg i ingenmannsland på grensa mellom det israelske Vest-Jerusalem og Aust-Jerusalem, som då tilhøyrde Jordan. Eg var der saman med Fader Isak like før påske, og då det blei skjærtorsdag, stilte eg sjølvsagt opp for å vera med på prosesjonen deira og få oppleva staden ein gong til.

Fader Isak fortalde at denne staden er viktig for armenarane, både på grunn av tradisjonen om Kaifas» hus, og fordi dei trur at ein del av steinen som låg framfor Jesu grav, er tatt vare på og bygd inn i altaret i kapellet. Mange historikarar vil seia at denne tradisjonen er sannsynleg når det gjeld plasseringa av Kaifas» hus. Teorien om steinen frå Jesu grav vil dei neppe nemna eingong.

Det har vore arkeologiske utgravingar inne på den armenske eigedomen. Og dei fann spor etter rikmannsbustadar frå den aktuelle tida. Men i desse utgravingane var det òg gjort funn som talar mot at dette kunne vera restar etter huset me leiter etter. Tradisjonen som plasserer øvstepresten sitt hus her, kan truleg heller ikkje følgjast lenger tilbake enn til slutten av 600-talet, altså frå tida etter Jerusalems 300-årige kristne periode (ca 325-638). Dei skriftlege kjeldene frå pilegrimane som besøkte byen i denne perioden, tyder heller på at staden dei fekk sjå som Kaifas» hus låg i skråninga på austsida av Sionshøgda.

Slik sett kan det vera at dei som har gjort butikk på å kunna visa fram restane etter Kaifas» hus, ein fransk katolsk orden som eig Hanegalskyrkja, faktisk er nærare den historiske sanninga.

Hanegalskyrkja

Hanegalskyrkja, eller St. Peter in Gallicantu, som den heiter i engelsk-språklege guidebøker, er ei moderne kyrkje bygd over gamle ruinar. Kyrkja skal minna oss om Peter sitt svik då han sa han ikkje kjende Jesus.

Under kyrkja er det eit anlegg med gamle murar, grotter og sisterner. Det mest interessante er ei stor sisterne som er 6 meter djup og 4 meter brei og som har tre bysantinske kors i «halsopninga». Denne sisterna blir vist fram som Jesu fengselscelle. Dei tre korsa syner at pilegrimar i gamal tid oppsøkte staden og knytte den til Jesus. Det er òg gjort andre funn som kanskje kan knyta staden til øvstepresten og tempeltenesta. Det er mykje usikkert når det gjeld denne staden. Men eg vil ikkje utelukka at desse arkeologiske utgravingane under Hanegalskyrkja faktisk viser oss delar av Kaifas sitt hus.

Eg huskar spesielt ein gong eg var der. Først gjekk eg og såg på nokre gamle trapper som er avdekka utanfor kyrkja. Dei er frå Jesu tid, og var truleg ein del av ein veg som gjekk mellom Siloadammen og Sionshøgda. I desse trappane gjekk truleg Jesus og disiplane skjærtorsdag på veg frå staden dei innstifta nattverden og på veg til Getsemane. Og her blei truleg Jesus ført då han var arrestert.

Så gjekk eg ned i sisterna. Eg las Salme 88, som står gjengitt på mange språk der nede, bl.a. norsk. Kanskje Jesus bad den salmen då han satt arrestert nattestid hos øvstepresten? Det blir sjølvsagt å gjetta, men Jesus kunne sin Bibel og det er ikkje usannsynleg at han i dei gamle salmane fann ord for sine bøner, både når han var glad og når livet var vanskeleg!

Eg tenkjer at orda frå Salme 88 gir uttrykk for kor fælt Jesus må ha hatt det i den situasjonen. Her tar eg med nokre vers frå denne teksten:

2 Herre, du Gud som er min frelsar,
eg ropar til deg dag og natt.
3 Lat mi bøn koma fram for deg,
vend øyra til mitt klagerop!

4 Mi sjel er mett av ulukker,
mitt liv er kome dødsriket nær.
5 Eg vert rekna til dei som steig ned i grava,
eg er som ein mann utan kraft.

9 Du har teke mine kjenningar frå meg
og gjort det så at dei avskyr meg.
Eg er innestengd og kjem ikkje ut,
10 mitt auga sløvest av plager.

14 Men eg, Herre, ropar til deg,
om morgonen kjem mi bøn imot deg.
15 Kvifor støyter du meg bort frå deg, Herre,
kvifor løyner du ditt andlet for meg?

18 Heile dagen er dei ikring meg som vatn,
alle saman omringar meg.
19 Du har teke vener og frendar ifrå meg,
og mine kjenningar held du borte.

I 2001 hadde eg studiepermisjon og arbeidde med eit studieprosjekt eg kalla Jesu lidingsveg. Innhald og lokalisering. Då arbeidde eg bl.a. med kva arkeologar og historikarar meiner om lokaliseringa av øvstepresten sitt palass. Eg har trukke den konklusjonen at det er mest sannsynleg at palasset låg i skråninga på austsida av Sionshøgda. Ikkje nødvendigvis akkurat der Hanegalskyrkja står i dag, men det er gjort funn som gjer at ein ikkje bør utelukka at kyrkja faktisk står på staden der dette skjedde, slik eigarane av kyrkja hevdar.

Den som vil lesa ein meir omfattande artikkel med argumentasjon omkring lokaliseringa av Kaifas» hus, kan lesa det eg skreiv om dette etter studiet i 2001: Øvstepresten sitt palass og Pilatus sitt pretorium. Om lokaliseringa av Jesu lidingsveg i Jerusalem. Tidsskrift for teologi og kirke nr 4/2001.

Stopp menneskehandel

Menneskehandel er den tredje største illegale handel i verda etter våpen og narkotika. Dette er den moderne form for slaveri. Kirkens Nødhjelps aksjon nå i fastetida i år setter derfor fokus på menneskehandel. Tysdag 15. mars vil mange gå rundt frå dør til dør og samla inn pengar til denne aksjonen. I svært mange kyrkjer er deltaking i denne aksjonen lagt inn i konfirmantarbeidet, slik at alle konfirmantane er med og samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Her i Time er konfirmantane med på denne aksjonen, og me håper å nå ut til alle husstandar i kommunen i løpet av den ettermiddagen og kvelden. I fjor samla me inn kr 113.000 til Kirkens Nødhjelp, og me satsar på å få inn meir i år!

Ein definisjon på menneskehandel:

"Det er menneskehandel når en person enten ved hjelp av vold, trusler, misbruk av sårbar situasjon eller annen utilbørlig adferd utnytter noen til prostitusjon (eller andre seksuelle formål), tvangsarbeid, krigstjeneste i fremmede land, eller fjerning av vedkommendes organer."

Stavanger Aftenblad har i dag, 10. mars, ein artikkel om to konfirmantar frå Hinna som fekk vera med på ein tur til Laos og møta ungdomar som hadde vore utsett for menneskehandel. Du kan lesa artikkelen her.

Kirkens Nødhjelp har nettsider med mykje innhald. Dei har ein biletserie om menneskehandel som du kan sjå her.

Førstkomande laurdag er Baen frå Laos, ei av dei som blir intervjua i Kirkens Nødhjelps video om menneskehandel (som konfirmantane har sett som ein del av førebuinga til aksjonen), gjest i laurdagsrevyen i NRK1. Baen er ei av dei som har opplevd å vera slave. Ho er nå gjest i Norge hos Kirkens Nødhjelp og er denne veka gjest i ulike menigheter i Stavanger bispedøme.

Og så det viktigaste: Støtt Kirkens Nødhjelp i kampen mot menneskehandel!

Påskeutstilling

Heidi

Her heime er huset prega av at Inger, som er tekstilkunstnar, skal ha utstilling nå i påsken (2005). Ho skal ha utstilling saman med Heidi Strand Harboe, ei god venninne som skriv dikt. Dei planlegg nå utstillinga Gjennom mørke til lys. Påskeutstilling i tekst og tekstil.

Det er kjekt å sjå produkta i løpet av prosessen, og ikkje minst når dei etter kvart blir ferdige. Det blir ei salgsutstilling. I tillegg til sjølve tekstilane og dikta, kjem dei til å selja kort, plakatar og eit hefte med dikt og bilete.

Eg gleder meg til påsken. Eg syns alltid det er fint å feira påske som ei kristen høgtid, med vekslinga mellom dei ulike dagane som er så forskjellige i innhald. Men i år blir altså påsken spesiell for oss sidan me òg vil vera mykje opptatt med det som skjer på Fotland Mølle. Inger kjem nok til å vera der det meste av opningstidene, og eg ser ikkje bort frå at eg vil koma innom ein del gonger, eg og!

Eg håper mange har høve til å koma og sjå utstillinga, anten i løpet av påsken eller i helga etterpå!

Her er dei viktigaste fakta om utstillinga:

Gjennom mørke til lys

Påskeutstilling i tekst og tekstil ved Heidi Strand Harboe og Inger Bakke Berge.

Utstillinga er på Fotland Mølle i Time, ca 5 km frå Bryne.

Ope 19. – 28. mars og 2. – 3. april kl 12-17. Opning laurdag 19. mars kl 12.

Det blir ei samling med ord og tonar kvar dag kl 16.

Utstillinga er stengt langfredag og første påskedag.

Velkomen til utstillinga!

Peters fall

Den natta Jesus blei ført til Kaifas» hus, fulgte Peter etter. Han ville få med seg kva som skjedde. Han kom så langt som inn i gardsrommet til øvstepresten. Der var det eit bål, og mange folk samla seg rundt bålet for å halda varmen.

Der ved bålet var det Peter svikta Jesus så grovt! Han nekta på at han kjente Jesus! Då han for tredje gong blei konfrontert med at han måtte vera ein av Jesu vener, gjekk det heilt galt for han:

Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen.» Straks gol hanen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt. (Matt 26,74-75)

Det er natt nå når eg sit og tenkjer på denne historia. Eg har funne fram ei bok med «pasjonsbetraktninger», det vil seia små andaktar med utgangspunkt i Jesu lidingshistorie. Boka heiter Visere enn menneskene, og er skriven av den danske biskopen Georg S. Geil. Han skriv:

«Simon Peter! La dem som har råd til det, se nedlatende på deg. Jeg takker min Herre for at det ble plass til deg i evangeliets beretninger. Som få andre minner du meg om at det er forskjell på fall og frafall, – at ikke engang det forferdeligste fall i seg selv betyr frafall.»

Det nye testamentet fortel at Peter var rask til å ta ordet, og han uttalte seg gjerne på vegne av dei andre disiplane. Han var der det skjedde. Han ville gå på vatnet då dei andre sat i båten. Og altså: Han var den som fulgte etter den arresterte Jesus, men som nekta for at han kjente han. Likevel satsa Jesus på han og gav han store og viktige oppgåver i livet.

Kanskje nettopp det at han etter å ha falle så djupt, blei møtt med nåde og nye utfordringar etter Jesu oppstode, var med på å styrka Peter si tru?

Det er nok fleire enn den danske biskopen som kjenner seg igjen i Peter og som er glade for at Jesus ikkje gav opp å ha han som disippel!

Jesus i møte med dei jødiske leiarane

Jesus blei arrestert i Getsemane og etterpå blei han ført til dei jødiske leiarane som var samla hos øvstepresten Kaifas. Der blei det den natta i all hast arrangert ei rettssak mot Jesus.

Eg vil her fortelja om denne rettssaka som ein del av Jesu lidingshistorie, hans veg mot korset. Den vegen som òg har fått namnet Via Dolorosa. Eg vil i eit seinare innlegg skriva om lokaliseringa av denne hendinga. Går det eigentleg an å seia noko om kor Kaifas» hus låg?

I rettssaka blei det sett fram mange falske vitnemål. Til slutt spurte øvstepresten Jesus om han var Messias, Guds Son. Dette bekrefta Jesus at han var. Etter dette, som blei sett på som den verste spott mot Gud, dømte dei han til døden.

Hald fram med å lese «Jesus i møte med dei jødiske leiarane»