God påske

31/03/2013

Me har god grunn til å ønska kvarandre «God påske»: Kristus er oppstaden! Ja, han er sanneleg oppstaden!

Advertisements

Skjærtorsdag og langfredag

28/03/2013

Skjærtorsdag og langfredag er viktige dagar i påsken, den grunnleggjande kristne høgtida. Me minnest Jesu liding og død. Kvar dag i påsken har sitt preg og sitt bodskap til oss. Veka frå palmesøndag til påskedag heiter Den stille veka. Festen og gleda over Jesu oppstode begynner først påskenatta, natta frå laurdag til søndag (påskedag).

For meg er det viktig å delta i gudstenestelivet i kyrkja desse dagane, anten eg er i teneste som prest sjølve eller eg er der som deltakar i gudstenestene. Salmane, bibeltekstane og heilskapen har ein sterk og god bodskap til oss. Her får me verkeleg leva med i påskedramaet og opplever til fulle at kvar dag har sitt spesielle preg.

Skjærtorsdag markerer me til minne om at Jesus innstifta nattverden då han spiste påskemåltidet saman med disiplane. Dette er min kropp. Dette er mitt blod. Han innleia måltidet med å vaska disiplane sine føter. Han ville visa at han, Guds Son, var ein tenar. og han ville utfordra alle som følgjer han, til å vera tenarar for kvarandre. Etter påskemåltidet gjekk Jesus og disiplane ut i den seine kvelden til Getsemane. Der bad Jesus i fortviling og redsel, og der blei han arrestert.

Les tidlegare bloggnotat: Getsemane og Oljeberget, Påskemåltid med djupe røter.

Langfredag markerer me til minne om at Jesus blei dømt til døden, og blei korsfesta på Golgata. Han gjekk Via Dolorosa, smertevegen, frå han blei dømt til staden der han døydde.

Les tidlegare bloggnotat: Langfredag, Jesu bønerop på korset, Detaljar i Jesu lidingshistorie.


Palmesøndag

23/03/2013

Det var truleg nordafrikansk daddelpalme (her) som blei brukt då Jesus blei hylla som Messias under inntoget i Jerusalem. Sjå også eit eldre notat (her) som gir anna bakgrunnsstoff om hendinga på Oljeberget.


Oppdateringar, Jesus trail 2013

22/03/2013

Det har kome nokre oppdateringar frå dei som driv og vedlikeheld turløypa Jesus trail i Galilea. Dette er viktig informasjon for meg; eg har planar om å gå Jesus trail på ny seinare i år. Og eg veit at nokre andre som les denne bloggen, også har slike planar.

Den viktigaste informasjonen er nok at ruta er lagt om i området rundt Kibbutz Lavi.

Sjå Trail Updates: Spring 2013.


Maria og Elisabet

16/03/2013

Notat til søndagens tekst: Luk 1,39-45

Frå ei tidlegare preike over denne teksten:

Teksten handlar om to kvinner i Guds teneste, Maria og Elisabet. I bakgrunnen, utan å bli nemnt i dette tekstavsnittet, står sjølvsagt også dei to mennene Josef og Sakarja. Dei var vanlege menneske som du og eg, men dei fekk utan tvil ei heilt spesiell oppgåve i Guds frelsesplan. Desse vanlege menneska gjekk heldigvis inn i denne oppgåva ved å gå takkens veg, heller enn å forlanga å gå tankens veg.

Bibeltekstane om Jesu kome til jorda handlar om det største underet, det at Gud blei menneske. Det dreier seg om det som kristne teologar seinare har kalla inkarnasjonen. Dette er sjølvsagt någe som går langt ut over vår forstand. Og me blir derfor utfordra til å ta imot dette gjennom takkens veg, heller enn gjennom tankens veg. Den danske biskopen Georg Geil møtte ein gong ein mann som sa: ”Min forstand hindrer meg i å tro”. Biskopen svarte mannen med någen kloke ord: ”Det er viktigere å få hodet inn i himmelen enn å få himmelen inn i hodet!”

Sjølv vil eg gjerne forstå ting, eg vil gjerne få ting inn i hodet mitt. Eg trivst godt med å bruka tanken min, og eg trur Gud vil at du og eg skal gjera det. Men i møte med underet strekk ikkje tanken til. Eg må bare innrømma det. Jesu underfulle fødsel og jomfru Marias rolle i denne samanhengen, er eksempel på det som er meir enn kva tanken min kan romma. Men eg kan, som Maria, møta underet med takk, glede og håp.

Les meir


%d bloggarar likar dette: