Ord

"- Det er ingen som skriv som Heidi!"

Det var konklusjonen her i stova då Inger og eg las hennar siste innlegg på Andedräkt. Og det er vel nettopp derfor Heidi er henta inn som språkleg medarbeidar i gudstenestereforma i kyrkja.

Eg tillet meg å sitera noko av det ho skriv:

Nå sit eg her og prøvar å laga liturgiske bøner. Det er vanskeleg og arbeidskrevjande. Eg filer på orda. Eg stryk ut og skriv på ny. Eg flytter på eit ord og les det hundre gonger før eg skiftar det ut med eit heilt anna ord.

Orda blir så tunge når dei skal stå i ein slik samanhang. Dei blir så annleis enn dei fjørlette orda eg slynger ut frå andedrakt i store mengdar i løpet av nokre minutt.

Ord som skal talast på vegne av mange andre, og vurderast eitt for eitt av ein gjeng eksperter. Det er litt skremmande. Samtidig som det er heilt ufarleg for ord er jo til sjuande og sist ikkje meir enn ord. Og får eg ikkje til det eg prøver å få til så har eg likevel prøvd og lært… (les meir)

Graving på Tempelplassen

"Dei skulle brukt tannbørste, ikkje bulldosar". Det er den israelske arkeologen Gabriel Barkay som er oppbrakt og som i dag seier dette til BBC om muslimane si graving på Tempelplassen i Jerusalem (les meir).

Enda ein gong har det altså blitt uro omkring forvaltninga av denne viktige staden. Nå er det israelske arkeologar som reagerer på at muslimane graver ein grøft for å leggja ned nye straumledningar. Sist eg skreiv om slik uro, var det muslimar som reagerte på israelske arbeid i samband med bygging av ny gangbru opp til plassen (sjå her og her).

Sjølv om det først og fremst er jødane og muslimane som kjem opp i slike konfrontasjonar, er Tempelplassen svært viktig også i ein kristen samanheng. Både pga staden sin sentrale posisjon i GT og pga at Jesus var svært knytt til denne staden. I følgje NT var det først og fremst her han oppheldt seg når han var i Jerusalem. Mange tekstar i evangelia fortel om kva Jesus gjorde og sa på Tempelplassen.

Reuters skriv også om saka i dag. Her er eit utdrag:

It is appalling that in one of the most important archaeological sites in the country, heavy machinery is used in a barbaric way to dig a ditch 120 metres long and 1.5 metres deep," said Gabriel Barkay, an archaologist at Bar-Ilan University near Tel Aviv.

He and other members of the Israeli-based Committee Against the Destruction of Antiquities on the Temple Mount, have criticised Israel’s Antiquities Authority for allowing the Waqf, the Muslim caretakers of the site, to conduct the work.

Dalit Menzin, a spokeswoman for the Antiquities Authority, an Israeli government agency, declined to comment.

Sheikh Abdel al-Azeem Salhab, president of the Waqf Council, which is charged with day-to-day administration of the compound, denied the digging would cause any archaeological damage. (les meir)

(via PaleoJudaica og Porten til Midt-Østen)

Oppdatering 30.01:

PaleoJudaica har ein ny artikkel med utdrag frå fleire israelske medier som omtalar gravinga, og som gir meir informasjon, f eks dette:

On Thursday, Israeli archaeologist Zachi Zweig said a tractor used to dig the trench damaged the foundation of a 7-yard-wide wall "that might have been a remnant of the Second Temple."

Zweig said his group, the Public Committee Against the Destruction of Antiquities on the Temple Mount, drew that conclusion because of the location of the damaged foundation.

"We saw the damage for ourselves and documented it," he said.

The Second Temple was built by Cyrus the Great of Persia in 515 B.C. and destroyed by the Romans in 70 A.D.

The tractor dug a trench that was 4 feet deep, Zweig said.

"The bedrock at this location is very shallow, so there is a high probability that ancient remnants were damaged," he added. (les meir)

Vern av Oljeberget

6a00d8341cb87053ef00e54f375cdd8834-640wiBiletet viser ein del av dei store områda med jødiske graver på Oljeberget i Jerusalem. Knesset arbeider for tida med tanken på å verna området, ikkje minst på grunn av alle gravene. Dette er ein tanke eg forstår godt; gamle gravstadar er viktige minnesmerke, både religiøst og kulturelt. Men eg reknar likevel med at prosjektet kan bli kontroversielt i dagens Israel sidan Oljeberget ligg i det arabiske Aust-Jerusalem.

Arutz-7 skriv:

The Knesset has taken the first step towards legislating the establishment of a new national authority that will preserve, rebuild and protect the ancient Mt. of Olives cemetery.  The bill has passed its preliminary reading, and is being prepared for its additional readings.

The legislation is sponsored by MK Aryeh Eldad (National Union). «Mt. of Olives has been a national site of the Jewish People since the days of the First Holy Temple [which was destroyed 2,500 years ago – ed.],» Eldad explained, «and continues now to be a historic and holy site of primary importance.»

Without a national body coordinating efforts on the site’s behalf, «there is no one to preserve it, and no one to prevent illegal construction and vandalism there.»

Mt. of Olives overlooks the Old City of Jerusalem and the Temple Mount, and its summit is crowned by the Intercontinental Hotel. An estimated 20,000 gravesites remain in the ancient cemetery, out of some 70,000 – according to the lower estimates – that were there before the Jordanians took control of the site in 1948.

Hald fram med å lese «Vern av Oljeberget»

Konfirmantsvar til ettertanke

Sommarkonfirmantane i Bryne kyrkjelyd deltok i gudstenesta i dag, i samband med konfirmasjonen neste sundag. Desse konfirmantane har hatt mykje av opplegget sitt på KonfCampSkjærgårds i sommar. I denne samanheng må det nemnast at vêret på KonfCamp dessverre var svært dårleg, dei opplevde flaum i og rundt telta den første natta og blei derfor evakuerte til ein skule eit stykke frå festivalområdet.

Ungdomane har nå i august arbeidd skriftleg med å svara på mange spørsmål knytt til konfirmanttida og den kristne trua. Ut frå svara deira var det sett saman eit program som konfirmantane framførte i dag. Her skal eg ikkje gjengje alt det som blei sagt, bare ta med tre eksempel på svar som sette tankane i sving hos både meg og andre.

Kva var det viktigaste du lærte på KonfCamp?

– At du kan gå tusen skritt vekk frå Jesus, men det trengs bare et skritt for å koma tilbake. Og ein kan alltid få tilgivelse.

Førte det dårlege vêret til noko positivt?

– Ja, at folk fekk visa nestekjærleik!

Korleis kan me få hjelp til å leva som kristne?

– Me kan snakka med andre kristne folk og få høyra deira synspunkt og erfaringar. Me kan også få hjelp av kyrkja og Bibelen.

NT på nudansk

Eg set stor pris på den nye norske omsetjinga av Det nye testamentet (NT05). Nå melder Kristeligt Dagblad at det danske bibelselskapet om få månadar gir ut eit NT på moderne dansk, "hvor sproget er som i en almindelig bog" (les meir).

Så vidt eg forstår, går den komande danske utgåva lenger enn NT05 i moderniseringa av språket, for eksempel går ein visst vekk frå å nytta eit så sentralt bibelsk ord som nåde!

Her er Fadervår på nudansk:

”Far i himlen!
Lad dit navn blive helligt,
lad dit rige blive til virkelighed,
og lad det blive sådan som du vil have
– her på jorden ligesom det allerede er i himlen.
Giv os det brød vi har brug for i dag.
Tilgiv os vores skyld/Tilgiv os det vi har gjort forkert
ligesom vi har tilgivet andre.
Lad være med at sætte os på prøve,
men befri os fra ondskabens magt.
For du er Gud, du har magten, og vi vil altid hylde dig.
Amen”.

Hald fram med å lese «NT på nudansk»

316 salmer og sanger

Eg har tidlegare omtalt Eyvind Skeie si planlagte salmebok. I dag lanserer han boka. På bloggen sin skildrar han følelsene då han fekk sjå det ferdige produktet:

"Straks måtte jeg krafse meg gjennom plasten og hente frem et eksemplar, snuse på det, veie det i hånden, åpne det med litt skjelvende hender og konstatere at det var fint. Ikke bare fint, forresten, men aldeles strålende, et lite grafisk smykke i blått, gull og grønt. Jeg bladet i boken og tittet på de 316 salmer, som representerer 316 ulike skapelsesprosesser og minst like mange følelser. Det var et stort og spesielt øyeblikk, med tanke på at de første av disse versene ble skrevet for nesten 40 år siden, og de siste på den andre siden av vår svinnende sommer." (les meir)

Haustferie i Jerusalem

Israel_oktober_2006_202 I tida 6.-16. oktober skal Inger og eg vera reiseleiarar for ein tur til Israel. Nå har det kome ein heil del påmeldingar, men det er ennå plass til fleire deltakarar.

Her er eit utdrag frå brosjyren for turen:

Bli med på ”ein annleis storbyferie” i Jerusalem, ein av dei mest spennande byane i verda! Byen har ei 3000-årig historie og den har ein heilt spesiell posisjon, både religiøst, politisk og kulturelt. Vi legg hovudvekta på stadar som er viktige i ein kristen samanheng og vi skal også møta menneske som står midt i eit viktig misjons- og forsoningsarbeid i regionen i dag. Vi skal bu sentralt i det jødiske Vest-Jerusalem, i gangavstand til Gamlebyen og til hovudgatene i den moderne delen av byen, og det vil også bli noko tid til å utforska sentrale delar av byen på eiga hand. I løpet av veka skal vi dessutan dra på to dagsturar, til Jaffa/Tel Aviv og Betlehem. Mot slutten av ferien forlèt vi storbyen og reiser til ørkenområdet nede ved Dødehavet. Der skal vi oppleva fascinerande natur og historie, og dessutan få høve til å bada både i det spesielle Dødehavet og i bassenget på hotellet.

Fullstendig program for turen finn du her.

Utgravingar i Tiberias

Tiberias er i dag den største byen ved Gennesaretsjøen. Byen blei grunnlagt av Herodes Antipas ca år 20 og var hovudstad i riket hans på den tid Jesus verka i området. Byen er nemnt i NT (sjå Joh 6,23), men det blir aldri sagt direkte at Jesus besøkte staden. Byen blei øydelagt i jordskjelv i 1033.

Tiberias var frå ca 235 eit viktig senter for utviklinga av rabbinsk litteratur. Men det var også kristne i byen. Eg skulle gjerne visst meir om forholdet mellom jødisk og kristen tru i byen på denne tida!

Eg syns derfor det er interessant at det nå i sommar har vore arkeologiske utgravingar i Tiberias, blant anna med funn av ei kyrkje som kan daterast til tida då den rabbinske skulen stod så sterkt i byen. Rapporten frå arkeologane hevdar at kyrkja, på grunn av korsa i mosaikken, må vera frå før år 427.

Her er ein omtale av funnet:

Three dedicatory inscriptions written in ancient Greek are incorporated in the mosaics. In one of the inscriptions, which were deciphered by Dr. Leah Di Signi of the Hebrew University of Jerusalem, is the line: "Our Lord, protect the soul of your servant…" [Our Lord=Jesus]

One of the mosaics is adorned with a medallion in which there is a large cross flanked by the letters alpha and omega, which are one of the monograms for Jesus (alpha to omega meaning from A to Z in Greek).

The church’s remains were discovered adjacent to ancient public buildings among them a basilica, bathhouse, streets and shops that were exposed at the site in the past. Dr. Moshe Hartal and Edna Amos, the directors of the excavation on behalf of the Antiquities Authority, stated that this is the most ancient church to be uncovered in Tiberias and the only one that has been found in the center of the city.

According to Dr. Hartal, from the year 427 CE the Church issued a decree prohibiting the placement of crosses in mosaic floors in order to prevent them from being stepped on. "The presence of so many crosses in the floors of the church that was exposed here thus confirms the church dates to the period prior to the ban," he said.

Dei israelske arkeologane trekk også inn forholdet mellom jødisk og kristen tru i tolkinga av funna:

"The discovery of the church in the heart of the Jewish quarter disproves the theory that the Jews prevented the Christians from establishing prayer halls in the middle of the city," they added. (les meir)

Les offisiell israelsk informasjon (med eit par gode bilete) her.

Todd Bolen skriv om funnet i BiblePlaces Blog og han fortel at staden ligg sør for den moderne byen, like nord for Hammath Tiberias. Eg håper utgravingsområdet blir gjort ope og tilgjengeleg. I så fall satsar eg på å besøkja staden neste gong eg er i Tiberias!

Biblical Archaeology Review

Bar I dag fekk eg mine to første nummer av Biblical Archaeology Review i posten. Av ein eller annan grunn har det ikkje blitt til at eg har abonnert på dette magasinet, som jo er midt i interessefeltet mitt, før nå. Eg har kjent til det gjennom nokre år og har ofte sett i det når eg har vore innom biblioteket på MHS.

Dei to nummera eg fekk tilsendt i dag, var

  • 4/2007 med hovudtema Galilee in Jesus» time
  • 5/2007 med hovudtema The Revolt that shook the Roman Empire

Eg har alt begynt å lesa, og ser fram til mange gode stunder med bladet.

Bokstovå te Steinskog

I dag (20.08.2007) var eg for første gong innom Bokstovå te Steinskog. Det passar meg heilt utmerka at det nå er opna eit nytt antikvariat her på Jæren, og det til og med av folk eg kjenner! Eg kjem nok iblant til å ta meg ein tur innom Kari og Hein, både for kjøp og sal av brukte bøker og for å slå av ein prat. Kaffi serverer dei også.

Eg kjøpte Edvin Larsson sin kommentar Apostlagärningarna 1-12. Larsson var ein av lærarane eg hadde då eg studerte teologi på MF. Pris kr 75. Ingen upris for ei god bok! Men viktigare var praten med Hein, som eg ikkje hadde sett sidan før sommaren.

For den som bur i nærleiken, kan eg anbefala ein tur innom bokstovå. Den ligg midt i Kleppekrossen, og har ope kvar dag utanom onsdag.

Interesse for fyrtårn

Skomvr_fyr_fr_bten Har nyleg hatt kontakt med Charles, ein amerikanar som lagar ei nettside med informasjon om norske fyrtårn. Denne sida er igjen ein del av ein større nettstad med fyr frå heile (?) verda. Han ville nytta dette biletet frå Skomvær fyr ytterst i Lofoten.

Oppdatering 25.04.2012: Lenka som eg har hatt til den aktuelle nettsida, viser seg nå å vera ute av funksjon, og den er derfor sletta. 

Fotoessay om Qumran

Israel_oktober_2006_377 Eg har fleire gonger tidlegare skrive om Dødehavsrullane og dei arkeologiske utgravingane i Qumran. Dette er ein interessant stad å besøka, og funnet av desse rullane er svært viktig blant anna for kunnskapen om jødedomen på Jesu tid. Biletet av denne hola ved Qumran tok eg i haustferien i fjor.

Nå har About.com:archaeology lagt ut biletserien The Dead Sea Scrolls and the Archaeological Site of Qumran.

Relaterte artiklar her på bloggen:

Fjelltur i sol og skodde

Sandvatn Sist veke var Inger og eg nokre dagar i fjellet igjen. Me måtte utnytta den siste ferieveka mi på best mogleg måte. Turen blei verkeleg eit familieprosjekt, for to av ungdomane i familien fekk til å bli med mellom jobbing, reising og militærteneste.

Me la ikkje opp til dei store fysiske utskeiingane. Første dagen gjekk me inn til Sandvatn, ein av yndlingsstadane mine i fjellet. Der låg me frå torsdag kveld til laurdag morgon. Fredagen tilbrakte me med lesestoff i sol og varme på plattingen utanfor hytta, som ligg 900 moh. Herleg!

Fr_fidjadalen Laurdag gjekk me vidare til Blåfjellenden. Første delen av denne løypa går høgt og fritt, og frå toppen kunne me sjå ned på skodda som låg i dalsøkka. Litt seinare gjekk me sjølve inn i tåkeheimen, og nede i Fidjadalen var alt kvitt. Men litt tåke øydelegg ikkje ein fjelltur, – det gir bare heilt andre stemningar! Det er forresten interessant å merka seg koss opplevinga av avstand og retning forsvinn i tåken!

Blfjellenden Hyttene på Blåfjellenden låg som du ser godt innhylla i tåke. Biletet viser gamlehytta. Me la oss inn i den nye (frå 2006), der det var betre plass. Det er flott at STF nå nærast har fordobla kapasiteten på denne staden, der det mest alltid er mykje folk. Me hadde forresten gjort vårt for å trekkja fjellvandrarar til Blåfjellenden denne helga; me hadde avtalt å møta ein annan familie der. Dei fekk si første oppleving av livet på ei turisthytte (bading, kortspel, henta vatn i elva, leik, prat og mat, ikkje minst store mengder pannekaker) og så vidt eg forstår gav det meirsmak. Me hadde det flott saman, – det blei ein kjekk og livleg kontrast til dei rolege dagane på Sandvatn!

Sju av Nordlands underverk

Lofotkatedralen

Framleis ligg bunken med bøker, kart og brosjyrar frå ferien i Nordland framme her i heimen. Eg syns det er kjekt å sjå i dei og i bileta som me tok undervegs. Me kom heim med svært mange bilete på pc-en, truleg eit par tusen. Eg har nå prøvd å rydda opp, sletta og ta vare på dei beste bileta.

Biletet eg tar med her, tok eg ein flott morgon i Kabelvåg. Lofotkatedralen ser fin ut på avstand. Men eg nemner bare at vedlikehaldet av den store kyrkja har vore eit hett tema denne sommaren.

Sjølv om eg framleis blar i bøker og brosjyrar, avsluttar eg med desse linjene serien Sommarminne frå Nordland. Alt har si tid, og sju er jo eit passande tal. Serien, som eg då kan kalla Sju av Nordlands underverk, består av desse innlegga: Torghatten, Vega, Dønnes kyrkje, Skulpturlandskap Nordland, Svartisen, Midnattssol og Langt til havs.

Langt til havs

Sommarminne frå Nordland VII

båt

Røst ligg langt til havs, ytterst i Lofoten. Men me var ikkje nøgde med å koma til Røstlandet, øya der dei omlag 600 innbyggjarane i kommunen bur. Me skulle lenger ut enn som så. Målet vårt var å sjå skulpturen Il Nido (reiret) som er plassert på Vedøya, ei av fugleøyane i havet utanfor. Denne skulpturen er truleg den mest utilgjengelege i Skulpturlandskap Nordland. For å nå dette målet, sikra me oss plass på skyssbåten Inger-Helen som tar interesserte ut på Sea Bird Safari til fuglefjella og Skomvær fyr. Me rekna ikkje med å få koma i land på Vedøya, men var fornøgde om me fekk koma så nær at me i alle høve kunne ta bilete av skulpturen.

Det blei ein minnerik tur, for å nytta eit sjeldant ord som eigentleg seier ganske mykje. Guiden Finn Olav frå Kårøy var ein eminent forteljar. Han var eigentleg på verdsomseiling nokre år, men hadde tatt turen heim frå Trinidad i sommar for å vera lettmatros og guide på Inger-Helen.

krykkje

Først dreidde det seg om fugl. Me reiste utover mellom øyane og såg utruleg mykje sjøfugl; lundefugl, krykkje, skarv og havørn. Her på desse øyane held visstnok 25 % av sjøfuglane i landet til. Ei «folke-teljing» for nokre år sidan kom til over 2 millionar fuglar! Det var imponerande med dette fuglelivet som me fekk sjå på relativt nært hald.

Skomvær fyrSå dreidde det seg om Skomvær fyr. Fyret ligg på ein holme lengst ute i havet utanfor Lofoten. Her blei me sett i land med lettbåt og fekk høyra mange gode historier frå tida då det budde folk på fyret. Om morgonen hadde det, for første gong på over ei veke, vore grått ver. Men mens me var på Skomvær, forsvann dei siste skyene og himmelen var igjen like blå som havet. Før me forlét øya fekk me også ein interessant prat med eit par kunstnarar som budde og arbeidde der ute i havgapet denne sommaren.

Deretter dreidde det seg om Pietro Querini. Denne handelsmannen frå Venezia redda seg (og følgjet sitt) i land på ei av fugleøyane her ute, ein vinterdag i 1432. Me fekk sjølvsagt historia på staden, i det me passerte Sandøy. Querini og folka hans blei på mirakuløst vis redda, og dei blei utover våren tatt godt hand om av folket på Røst. Italienaren har fått ein plass i historia, dels fordi han seinare skreiv om opplevingane sine og om koss folket på Røst levde, og dels fordi han truleg var den som først tok med seg tørrfisk frå Lofoten til Italia.

Så kom høgdepunktet for oss. Me fekk forhandla oss fram til at me kunne bli sett i land på Vedøya og bli henta med båten seinare på kvelden. Dermed nådde me eit viktig mål for ferien, i alle høve for Inger, og det på ein enda betre måte enn me hadde tenkt oss. Det var ei flott oppleving å gå opp bakkane til skulpturen Il Nido, reiret, og vita at her kunne me vera i ro og fred eit par timar før båten kom tilbake for å henta oss.

reiret

Eigentleg hadde me nok, i følgje kunstnaren Luciano Fabro, ingenting der å gjera. Han meiner at skulpturen er laga for fuglane (les meir) og ville visst helst at den skulle stått på ein enda meir utilgjengeleg stad! Det var forresten eit utruleg fugleliv på staden; det må ha vore tusenvis av krykkjer som budde i fjella like ovanfor skupturen, dessutan var her mykje ørn. Eg tok bilete av åtte på ein gong!

Heile serien:

Midnattssol

Sommarminne frå Nordland VI

sol 1

Eg syns midnattssola er fascinerande. Her sit eg i strandkanten og nyt sola og havet. Klokka er 00.48. For å få denne utsikta, reiste me seint på kvelden litt nordover frå Reipå Camping ved Ørnes. Det blei ein svært vellukka nattleg ekspedisjon. Ei stor mengde mygg var det einaste som trakk opplevinga ned eit par hakk. Staden ligg for øvrig heilt vest i Gildeskål kommune (heimbygda til Elias Blix, – så fekk eg til ære for BlixBlog så vidt fletta diktaren inn i denne Nordlandsserien).

sol 2

Den flottaste opplevinga med midnattssola hadde me kanskje på Eggum «på yttersida» av Lofoten. Me slo opp teltet i strandkanten og var oppe lenge. Her var det ikkje mygg. Kameraet fortel at biletet blei tatt tidleg om morgonen, ca kl 02.30. «Du skal ikkje sova burt sumarnatta!»

hode

Her ved Eggum står skulpturen Hode som ein del av Skulpturlandskap Nordland. Det er vanskeleg å skildra denne skulpturen skikkeleg, den må rett og slett opplevast! Frå ein vinkel ser den ut som ein heilt vanleg byste av eit mannshovud på ei søyle. Men går du rundt den, skiftar den form 16 gonger, og frå ein annan vinkel står faktisk hovudet opp-ned! Her ser eg nærare på dette utrulege kunstverket. (Les meir)

ruinkyrkja

Den siste kvelden i Lofoten sykla me ein liten midnattstur til nordsida av Røstlandet for å sjå på denne kyrkjeruinen. Klimaet er barskt på Røst, og det har ikkje vore lett å få nokon kyrkje til å stå over lengre tid. Tidleg på 1800-talet prøvde ein seg med denne steinkyrkja, men heller ikkje den blei gamal. I år 1900 var ho i så dårleg stand at ho måtte tas ut av bruk, og treverket blei brukt andre stadar. Tilbake står dei spesielle murene som ein vakker kyrkjeruin.

For meg er midnattssola eit fenomen eg opplever og lar meg fascinera av. Men like fascinerande er det jo å sjå at dei som bur der nord, f eks malar huset eller vaskar bilen midt på natta!

Heile serien: