Restaurering av keramikk

Under arkeologiske utgravingar finn ein sjølvsagt ofte gjenstandar som ikkje lenger er heile. Då er det bruk for spesialistar som kan gjera det tidkrevjande arbeidet det er å sjå heilskapen i alle brotstykka. Den israelske avisa Haaretz gjev oss denne veka eit blikk bak kulissane der slike oppdrag blir utført for Israel Antiquities Authority. Elisheva Kamaisky erLes meir «Restaurering av keramikk»

Garborg og Odysseen

Greske arkeologar hevdar at dei har funne Odyssevs» palass på øya Ithaka. Det er forskning.no som i dag kjem med denne meldinga. Eg nyttar høvet og tek med eit lokalt vinkla notat om Arne Garborg og Odysseen. I bokhylla mi står to utgåver av diktverket. I tillegg til ei nyare bok frå Den norske Bokklubben, har egLes meir «Garborg og Odysseen»

Jerusalemssyndromet

Jerusalemssyndromet er namnet på ei psykisk liding som iblant kan oppstå når folk kjem til Jerusalem. Lidinga går ut på at den sjuke trur at han/ho er ein bibelsk person. Det er mange som syns det er ei sterk oppleving å koma til denne byen. For nokre blir det altså for sterkt. Emunah Magazine har denne veka ein artikkelLes meir «Jerusalemssyndromet»

Bibelsk musikkarkeologi

Musikkarkeologi var eit ukjent ord for meg inntil eg las Vårt Land i går (papirutgåva 13.08.2010). Der blei musikkarkeologen Gjermund Kolltveit intervjua om bibelske musikkinstrument: Det er gjort ein del rekonstruksjonar av instrumenta som er nemnt i Bibelen, seier Gjermund Kolltveit, stipendiat og musikkarkeolog ved Universitetet i Oslo. – Davids harpe er verkeleg eit symbolskLes meir «Bibelsk musikkarkeologi»

Norsk interesse for relikviar

I kveld (10.08.2010) hadde NRK Dagsrevyen 21 eit innslag om funnet av det som skal vera leivningar etter Døyparen Johannes. Funnet, som er gjort i eit kloster ved den bulgarske byen Sozopol, har fått mykje omtale den siste veka. Likevel: sjølv med mi spesialinteresse for all arkeologi som kan knytast til Bibelen, syns eg detLes meir «Norsk interesse for relikviar»

Bibelforskar «oppdagar» Israel

Mark Goodacre er teologisk forskar og har gjennom fleire år skrive den akademiske NT Blog. I sommar har han for første gong besøkt Israel, og han har skrive 10 innlegg der han skildrar sine opplevingar i landet. Her er han ikkje fullt så akademisk som ellers, me får høyra om små og store opplevingar ogLes meir «Bibelforskar «oppdagar» Israel»

Kor døydde Herodes Agrippa?

Kong Herodes Agrippa I døydde i år 44 i Cæsarea ved havet. Byen er i dag ein flott arkeologisk park der det er mykje interessant å sjå. Eg anbefalar gjerne denne staden! Dødsfallet er omtalt i Apostelgjerningane (12,20-23), og er skildra som ei ganske spesiell hending. Er det mogleg å vita nøyaktig kor dette skjeddeLes meir «Kor døydde Herodes Agrippa?»

Artikkel om Immanuelkyrkja

Den danske publikasjonen Udfordringen har ein innhaldsrik artikkel om Immanuelkyrkja i Jaffa/Tel Aviv og om Lisbeth og Christian Rasmussen som arbeider i kyrkja: Ung dansk præstefamilie i gamle Jaffa Det danske præstepar, Lisbeth og Christian Rasmussen, er havnet i et internationalt miljø og er ofte omgivet af folk, der har 18 forskellige sprog som deresLes meir «Artikkel om Immanuelkyrkja»

Leivningar etter Døyparen?

Bulgarske arkeologar hevdar å ha funne leivningar etter Døyparen Johannes i eit kloster ved Svartehavskysten. Eg syns dette høyrest underleg ut. Sjå film om funnet her hos BBC. (via Vårt Land) Oppdatering 06.08.2010: Eg har ikkje noko nært forhold til relikviar. Men når det blir «oppdaga» leivningar etter ein bibelsk person, syns eg det erLes meir «Leivningar etter Døyparen?»

Israel Museum har opna igjen

Hovudutstillingane til Israel Museum i Jerusalem har vore stengt i tre år, men er nå i sommar opna igjen. Eg ser fram til å besøkja dei gjenopna utstillingane. Israel Museum er eit flott museum med mange interessante avdelingar. Ein del av dei som kjem til staden, får bare sett Dødehavsrullane i The Shrine of theLes meir «Israel Museum har opna igjen»