Victor Sparre om glaskunsten i Hinna kirke

28/10/2017

Frå den lokale kyrkjehistoria på Hinna, del 3

Golgata. Jesu kors

Victor Sparre (1919-2008) er kunstnaren bak den store glaskunsten i Hinna kirke. Kunsten var  ferdig til vigslinga av kyrkja 29. oktober 1967. Dette var første gong kyrkjekunst blei støtta av det relativt nye Norsk Kulturråd. Størstedelen av utgiftene på kr 120.000 til kunsten blei likevel gitt frå lokale deltakarar i «kirkeringene», dette var kvinner som var aktive i foreiningar som arbeidde for å bygga kyrkja på Hinna.

Eg har tidlegare skrive om glaskunsten, sjå: Victor Sparre: Golgata. Her er det fleire bilde og lenke til meir informasjon om kunstnaren (som i 1967 framleis heitte Victor Smith, – han skifta familienamn i 1971).

Sparre har ein interessant tekst i årboka Fedrane kyrkje i Rogaland 1968: Kirkens kunst og Hinnakirkens glassmaleri. Her er det nokre setningar som er vesentlege for forståinga av tankegangen hans, samtidig som dei er til å undra seg over (og ikkje forstå!):

Golgatascenen er tom. Det er langfredag aften. Kristi legeme er tatt ned, men tilbake på korset er det et avtrykk, som aldri kan viskes ut av vår verden.

Her er heile artikkelen:

V Sparre 1967, s 59

V Sparre 1967, s 60.jpg

V Sparre 1967, s 61.jpg

Advertisements

Edvard Eikill om bygginga av Hinna kirke

27/10/2017

Frå den lokale kyrkjehistoria på Hinna, del 2

jubileumlogo

Då kyrkjeklokkene skulle testast dagen før vigslinga, var det ingen lyd å høyra! Edvard Eikill har skrive historia om då Hinna kirke blei bygd i 1967. Edvard var allereie då aktiv i kyrkjelyden. Han fortel både om forhistoria til kyrkja og om sjølve vigslingshelga for nøyaktig femti år sidan.

Hinna sokn blei i 1966 skilt ut frå Hetland prestegjeld. Det hadde lenge vore regelmessige gudstenester med dåp og nattverd på bedehuset Betlehem, som blei godkjent til kyrkjelege bruk ved kongeleg resolusjon allereie i 1913. Dette bedehuset står i dag på Norsk Folkemuseum på Bygdøy (her). Dei siste åra før 1967 var det gudsteneste annankvar søndag på Betlehem og på Hetland gymnas.

Les heile historia i heftet som er gitt ut til jubileumshelga, sjå her.

Tilbake til den manglande klokkeklangen over Hinna. Edvard fortel historia frå laurdag 28. oktober 1967 då leiaren i byggekomiteen ville prøva kyrkjeklokkene for første gong:

Men da Trygve Brekke ville prøve ringeutstyret og få de første tre ganger tre – slagene til å runge over Hinna, ble det en rungende taushet. Hva var galt? Ingen kunne finne det, og utpå kvelden gikk et nødrop til klokkestøperiet Olsen Nauen i Vestfold. Innehaveren, Olsen Nauen selv, satte seg i bilen og var på Hinna tidlig søndag morgen. Da klokkene skulle ringe, ringte de for fullt.


Alfred Hauge om vigslinga av Hinna kirke

24/10/2017

Frå den lokale kyrkjehistoria på Hinna, del 1

Hinna kirke 1967

Kyrkjestatsråd Kjell Bondevik var til stades då Hinna kirke blei vigsla av biskop Fridtjov Birkeli for 50 år sidan. Bondevik helsa med bibelverset om tru, håp og kjærleik (1. kor 13,13). Det er Alfred Hauge som fortel dette i artikkelen Høytidsdag i Hinna menighet.

Det Hauge ikkje fortel, er historia som lever i kyrkjelyden om at kyrkjestatsråden blei avvist i døra då han kom fram etter at kyrkja allereie var heilt full. Det skal ha vore over 1000 menneske til stades ved vigslinga, i tillegg til ca 500 som ikkje fekk koma inn. Edvard Eikill fortel:

Kirken var så fullsatt at vakter utenfor måtte avvise dem som kom for sent. En av dem hadde vansker med å få en høy mann med god nynorsk dialekt til å forstå at fullt er fullt! Inntil det plutselig gikk opp for ham at mannen som var så innpåsliten, var kirkeministeren selv, Kjell Bondevik! Han fikk da slippe inn, og fikk også sagt noen gode ord.

Teikninga av kyrkja har blitt brukt mykje i alle dei femti åra sidan vigslinga 29. oktober 1967. Sjølv om kyrkja er påbygd to gonger etter dette, med Hinnasenteret og kyrkjetorget, er kyrkja framleis lett å kjenna igjen. Eg veit ikkje kven som har teikna denne teikninga. Kanskje er det arkitekt Retzius sjølv?

Her er Alfred Hauge sin artikkel i Fedrane kyrkje i Rogaland. Årbok for Stavanger bispedøme 1968:

A Hauge side 1

A Hauge side 1-kopi

A Hauge side 2 (1)

A Hauge side 2

A Hauge side 3 (1)

A Hauge side 3.jpg

A Hauge, side 4


Jubileumshelg på Hinna

23/10/2017

Hinna kirke er 50 år søndag 29. oktober 2017

Helga 28.-29. oktober feirar Hinna kirke sitt 50-års jubileum. Dei neste dagane vil eg skriva litt her på bloggen om det lokale kyrkjejubileet.

Kyrkja blei vigsla av biskop Fridtjov Birkeli søndag 29. oktober 1967. Nå i helga blir det jubileumsgudsteneste på sjølve dagen for jubileet. Kvelden før blir det jubileumskonsert med bidrag frå mange songarar og musikarar med tilknyting til Hinna.

Men femtiårsmarkeringa starta allereie for ein månad sidan med bursdagsfeiring med pølsemiddag, is, ballongar og konsert med Tore Thomassen. Då var det mange barn som var med og feira at kyrkja vår er 50 år «omtrent på denne tida».

Les meir om jubileumshelga på www.hinnakirke.no.

Her er helsinga eg skreiv til eit hefte som er delt ut i bydelen i samband med jubileet:

Hinna kirke feirar 50-års jubileum nå i haust. Det er mange menneske som har gått inn og ut av dørene i kyrkja vår desse 50 åra, og mange er takknemlege for det kyrkja har betydd.

«Kven er dette si kyrkje?». Dette spør me konfirmantane om. Det finst kanskje ikkje så mange gale svar på dette, men det finst mange riktige. Det er nemleg vår kyrkje, det er di og mi kyrkje. Og samtidig er kyrkja Guds hus, eit annleis og heilagt hus.

Me er mange som på ein eller annan måte har fått livshistoria vår fletta saman med den lokale kyrkja si historie. Eg veit ikkje talet på kor mange som er døypte her, men det må vera svært mange! Det same kan seiast om konfirmasjonar, vigslar og gravferder. Tenk også på alle dei som har deltatt i barnegospel, ungdomsklubb, tensingkor, bibelgrupper og andre små og store fellesskap. I mi eiga livshistorie er Hinna kirke viktig fordi eg blei konfirmert her i 1971, var aktiv her i «Unge kristne» midt på 70-talet, og blei ordinert til prestetenesta her i 1984. Og frå 2012 har eg altså kome tilbake som sokneprest.

I dag er kyrkjelyden vår prega av mange barnefamiliar på Tirsdagsmiddagen og på Allesammen-søndagane, vidare av ei godt utbygd trusopplæring for barn og unge og ei relativt god deltaking på gudstenestene. Men det er framleis god plass til fleire!

Sjølv om kyrkjelyden er i eit jubileumsår, tenker menighetsrådet framover. Me har dette året blitt med ei eit treårig utviklingsprosjekt, «Menighetsutvikling i folkekirken». Me ønsker å vera eit relevant fellesskap for barn, unge og vaksne på Hinna også i åra som kjem.


Evangelisten Lukas sin dag

18/10/2017

Evangelist_Luka_pishustchiy_ikonu

Bildet viser evangelisten Lukas som ikonkunstnar. Han målar ifølge tradisjonen det første ikonet av jomfru Maria.

Det er Lukas sin dag i dag (18. oktober). Eg viser til to tidlegare notat her på bloggen:

  • Evangelisten Lukas fortel om eit par innhaldsmessige særtrekk ved Lukasevangeliet i forhold til dei andre evangelia.
  • Avslutninga av notatet Klosteret i Thiva fortel om tradisjonen om Lukas si grav i Thiva (Theben) i Hellas.

Ritmeyer om det romerske teateret

17/10/2017

Leen Ritmeyer, som kjenner tempelhøgda i Jerusalem svært godt, har skrive om funnet av det romerske teateret som blei presentert i går.

Artikkelen er som vanleg rikt illustrert med gode teikningar og bilde. Les og sjå på illustrasjonane på bloggen Ritmeyer Archaeological DesignRemains of Roman odeon found in Jerusalem.

Ritmeyer skriv her meir presist enn det eg gjorde i går (Romersk teater nær Vestmuren) om at dette ikkje kan vera det teateret som Josefus skreiv om:

A word of caution: some reporters have dubbed this find “Jerusalem’s Lost Theatre”, but this may give the wrong impression. Josephus indeed mentions that Herod built a theatre in Jerusalem (Antiquities 15.268), but this is not the one that has been found. Herod’s theatre, if it ever existed, must have been built before 70 AD, but the archaeological evidence associated with this newly found structure indicates that it was built after this date.

Les meir

 


Romersk teater nær Vestmuren

16/10/2017
IMG_3870

Wilson´s Arch. Foto: Arne Berge

Arkeologar har funne eit lite, romersk teater under dei store bogane i Wilson´s Arch (bildet), like ved Vestmuren i Jerusalem. Kanskje er dette den typen teater som blir kalla ein odeon? Funnet blei presentert på ein pressekonferanse i Jerusalem i dag. Her var det presentasjon av funn frå arkeologisk arbeid i tunnelen langs Vestmuren og under Wilson´s Arch.

Arkeologane som har arbeidd på staden, uttaler ifølge ei pressemelding frå Israel Antiquities Authority:

From a research perspective, this is a sensational find. The discovery was a real surprise. When we started excavating, our goal was to date Wilson’s Arch. We did not imagine that a window would open for us onto the mystery of Jerusalem’s lost theater. Like much of archaeological research, the expectation is that a certain thing will be found, but at the end of the process other findings, surprising and thought-provoking, are unearthed. There is no doubt that the exposure of the courses of the Western Wall and the components of Wilson’s Arch are thrilling discoveries that contribute to our understanding of Jerusalem. But the discovery of the theater-like structure is the real drama.

Les meir

Det viser seg at det er eit teater som truleg aldri har vore i bruk. Spor tyder på at det blei øydelagt før det var ferdig bygd. I omtalane eg har lese i dag, blir det tidfesta til tida omkring Bar Kochba-opprøret ca år 135. Eg syns derfor det er litt merkeleg at arkeologane brukar uttrykket Jerusalem´s lost theater. Så vidt eg kan forstå, viser dei her til eit teater som er omtalt hos Josefus og som hittil ikkje er funne i arkeologiske utgravingar. Josefus sine skrifter viser oss vel først og fremst at det må ha vore minst eitt teater i Jerusalem før år 70?

Saka har fått store medieoppslag med interessante bilde av det utgravne teateret, sjå for eksempel Jerusalem Post i dag: «JERUSALEM’S LOST THEATER’ AND 8 ANCIENT STONE COURSES DISCOVERED UNDER WESTERN WALL

(via BiblePlaces Blog)


%d bloggarar likar dette: