På plass i nytt hus

Eg har visst ikkje kome så langt at eg har nemnt det her på bloggen. Den tidlegare omtalt flyttesjauen førte til at me frå sist laurdag har ny adresse her på Bryne: Kong Magnus gate 44. Framleis ryddar me i gamlehuset. Framleis er mykje av det me til vanleg omgir oss med, trygt plassert i … Hald fram med å lese «På plass i nytt hus»

Eg har visst ikkje kome så langt at eg har nemnt det her på bloggen. Den tidlegare omtalt flyttesjauen førte til at me frå sist laurdag har ny adresse her på Bryne: Kong Magnus gate 44. Framleis ryddar me i gamlehuset. Framleis er mykje av det me til vanleg omgir oss med, trygt plassert i bananesker rundt omkring i det nye huset. Men det gjer ikkje så mykje. Det er ein god kjensle å ha kome så langt, og ein vakker dag har me kanskje greidd å tøma alle eskene!

Oppdatering: Les også Påls versjon av flytteprosessen.

Frå Egypts kristenliv

Biskop Thomas, som eg traff då eg var i Egypt i januar, er nå i Norge. Han har hatt foredrag på MF: – Hvis en egypter kommer til meg og sier han ønsker å bli døpt, ville jeg tidligere råde ham til å reise ut av landet. Til vesten. Men nå vil jeg gi råd … Hald fram med å lese «Frå Egypts kristenliv»

Biskop Thomas, som eg traff då eg var i Egypt i januar, er nå i Norge. Han har hatt foredrag på MF:

– Hvis en egypter kommer til meg og sier han ønsker å bli døpt, ville
jeg tidligere råde ham til å reise ut av landet. Til vesten. Men nå vil
jeg gi råd om å bli. Det er ingen løsning å rømme Egypt. De kristne må
leve i skjul, men hvis de ikke er i fare kan de være vitner for
Kristus, sier den koptiske biskopen og Norges-vennen.

(…)

Han understreket at som kristne er det ikke det samme hvordan man møter motstanden:

– Vi snur det andre kinnet til. Samtidig må vi kunne stå opp for vår
rett. Men vi gjør det med kjærlighet, ikke med hat, sier biskopen. (Les meir)

Biblical Studies Carnival XXVI

Biblical Studies Carnival XXVI er nyleg publisert på biblicalia. Dette er ein vegvisar til artiklar skrive på forskjellige bibliobloggar den siste månaden.  Søren Holst på bloggen PergaMent omset det til Det omrejsende Bibel-tivoli 26 og foreslår at du gjer klar ein kopp te før du opnar sida. Sjølv vil eg heller satsa på ei kanne med … Hald fram med å lese «Biblical Studies Carnival XXVI»

Biblical Studies Carnival XXVI er nyleg publisert på biblicalia. Dette er ein vegvisar til artiklar skrive på forskjellige bibliobloggar den siste månaden.  Søren Holst på bloggen PergaMent omset det til Det omrejsende Bibel-tivoli 26 og foreslår at du gjer klar ein kopp te før du opnar sida. Sjølv vil eg heller satsa på ei kanne med kaffi. Men det får bli etter at flyttesjauen er over!

Oppdatering: Sjå oversikt over nyare Biblical Studies Carnival her.

Travel flytteperiode

Her i huset er me midt i ein travel flytteperiode. Neste laurdag går flyttelasset til huset som me har kjøpt i nabolaget her på Bryne. Alt skal i esker, og det er ikkje lite! Akkurat nå synest mengda med bøker og papir uhorveleg! Vel, det skal nok gå godt. Me har fått og får god … Hald fram med å lese «Travel flytteperiode»

Her i huset er me midt i ein travel flytteperiode. Neste laurdag går flyttelasset til huset som me har kjøpt i nabolaget her på Bryne. Alt skal i esker, og det er ikkje lite! Akkurat nå synest mengda med bøker og papir uhorveleg! Vel, det skal nok gå godt. Me har fått og får god dugnadshjelp av familie og venner. Takk!

Bloggen blir det mindre tid til for tida. Men eg satsar på å koma sterkare tilbake.