Bibelhistorier: Jesu dåp

13/01/2016

Foto: Arne Berge 2012

Jesus blei døypt i Jordanelva av døyparen Johannes. Han opplevde sjølv at dette var noko som «måtte» skje, og me kan sjå på Jesu dåp som ei innviing til oppdraget hans.

Bildet er tatt på den tradisjonelle dåpsstaden nær Jeriko på Vestbreidda. Staden heiter Qasr al-Yahud på israelsk side og Al-Maghtas på jordansk side. Det er mogleg å gå ned til elva og vassa i det sterkt forureina vatnet, på begge sider av elva.

Her er historia slik den står i Evangeliet etter Matteus:

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» (Matt 3,13-17)

Bibelhistoria fortel at Den heilage ande konkret kom over Jesus og at Guds røyst høyrdest frå himmelen. Men kven høyrde dette? Éin måte å forstå bibeltekstane på, er at det bare var Jesus og Johannes som høyrde dette. Og at andre som var til stades, truleg bare såg dua. Dei forstod ikkje at dette var Anden, og dei høyrde ikkje Guds røyst. Også idag må Guds handlingar tolkast. Den som bare er tilskodar, får ikkje med seg meir enn det ytre.

Er det ein samanheng mellom denne dåpshandlinga og den kristne dåpen me har i kyrkja? Det er vanleg å seia at Jesu dåp peiker fram mot hans død og oppstode, mens vår dåp byggjer på Jesu død og oppstode.

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å seia sikkert kvar Jesu dåp skjedde. Det nye testamentet  gjev ikkje nøyaktige geografiske opplysningar i denne saka. Men det er relativt sikkert at det skjedde ved Jordanelva (eller ei sideelv) mellom Gennesaretsjøen og Dødehavet. Det er i dag (minst) to såkalla dåpssstadar i dette området; i tillegg til Qasr al-Yahud er det også ein stad som heiter Yardenit (som ligg rett sør for Gennesaretsjøen). Den israelske avisa Haaretz hadde i 2014 ein interessant artikkel om stadane.

Baptism in the River Jordan
Ancient tradition meets modern ecology: Cleansing the soul, cleaning the water.

Av desse stadane har eg absolutt mest sans for Qasr al-Yahud. Staden er, som Haaretz påpeiker, meir autentisk (geografisk) og mindre kommersialisert enn Yardenit. Avisartikkelen legg elles vekt på den dårlege kvaliteten på vatnet, – og ser fram mot ei tid med reinare vatn i elva. La oss håpa den tid vil koma!

Avisa skriv ut frå perspektivet at kristne pilegrimar i vår tid blir døypte i elva. Ja, dette blir praktisert av ein del kristne trussamfunn. Eg er redd mykje av dette er gjendåp, noko eg har lite sans for. For meg betyr det meir å sjå på elva som stad for døyparen Johannes sin aktivitet og for Jesu dåp.

Hendinga er med i alle dei fire evangelia. Men me kan merka oss at evangelisten Johannes (altså ikkje døyparen), ikkje spesifikt nemner at Jesus blei døypt. Han er meir opptatt av at døyparen her peiker på kven Jesus er:

    29 Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg. 31 Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.»32 Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande. 34 Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.» (Joh 1,29-34)

Bibelhistoria om Jesu dåp er ein del av forteljingsteksten på 2. søndag i openberringstida (Matt 3,13-4,11). 

Relaterte notat:

Advertisements

Betania på andre sida av Jordan

08/07/2006

«Biblical history flows through the nation of Jordan, from the cave where Lot is said to have lived after his wife turned into a pillar of salt to the archaeological park where many believe John the Baptist baptized Jesus.»

Dette skriv Cecile S. Holmes for Religion News Service i artikkelen Jordan seeks to preserve ancient sites. Ho skriv om koss ein arbeider i Jordan for å få ein større del av turismen som er knytt til dei bibelhistoriske stadane, samtidig som landet merkar utfordringa med å ta vare på desse stadane.

Eg blei spesielt interessert i det ho skriv om Betania på andre sida av Jordan. Dette er ein stad som spelar ei viss rolle i Johannesevangeliet, først og fremst knytt til Døyparen Johannes si tidlege verksemd. Seinare kom Jesus tilbake til denne staden. Evangelisten skriv ikkje direkte at det var her Jesu dåp fann stad, men det er sannsynleg ut frå samanhengen at han plasserer dåpen her.

  • Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig å løysa skoreima til.» Dette hende i Betania på andre sida av Jordan, der Johannes var og døypte. Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! (Joh 1,26-29)
  • Så fór Jesus attende til andre sida av Jordan, til den staden der Johannes først hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid. Det kom mange til han, og dei sa: «Johannes gjorde ikkje noko teikn, men alt det han sa om denne mannen, var sant.» Og det var mange der som kom til tru på Jesus. (Joh 10, 40-42)

Her er nokre utdrag frå artikkelen til Cecile S. Holmes:

«Jordan is the best kept secret in the world as a travel destination, especially for people of faith,» said Graham F. Bardsley, a Presbyterian pastor and adjunct faculty member of Virginia Theological Seminary in Alexandria, Va.

(…)

Today, a park stretching 27 square miles with a large visitor center has been developed at Bethany beyond the Jordan, an archaeological wonderland located just 40 minutes from Jordan’s capital, Amman.

It’s a place where Christian history and the story of Jesus» life and ministry seem omnipresent. In the past decade, the site has generated enough publicity to attract a range of VIPs, from the late Pope John Paul II to Britain’s Prince Charles.

Les resten av dette innlegget »


%d bloggarar likar dette: