Bilde av St. Olav i Fødselskyrkja

29/07/2018

Dette eldste kjente bildet av St. Olav er måla på ei av søylene i Fødselskyrkja i Betlehem. Bildet har lenge vore svært utydeleg. Eg var innom Fødselskyrkja tidlegare i sommar, og fekk sjå at bilda på søylene nå er under restaurering i samband med det store prosjektet The Restoration of the Church of Nativity – Bethlehem.

Sjølv har eg bildet frå eit kalenderblad frå 1941, utgitt av Dreyers grafiske anstalt i Stavanger. Her blir bildet tidfesta til 1165-1180. Historikaren Trond Norén Isaksen daterer bildet til rundt 1150-1160 i boka Hellig krig om Norges krone (s. 160). Eg har lånt ut bildet frå kalenderbladet til denne boka.

St. Olav, The Church of Nativity, Bethlehem

Olav den heilage i Fødselskyrkja, bilde frå Dreyers kalender 1941

 

Advertisements

Å restaurera Fødselskyrkja

29/02/2016

Fødselskyrkja

Det er ikkje kvar dag det kjem positive nyheiter frå Betlehem. Ein artikkel om eit større restaureringsarbeid i Fødselskyrkja høyrer absolutt til i den kategorien. Det blir påstått at det er den største restaureringa av kyrkja på 600 år. Slike utsegn kan me gjerne ta med ei viss klype salt. Uansett: det er flott at mosaikkbilda frå korsfarartida nå får skina i ny prakt. Det er også flott at dei tre kyrkjesamfunna som disponerer kyrkja, samarbeider om restaureringa. Dei som har lese litt om denne staden, veit at dette ikkje er opplagt!

Fødselskyrkja i Betlehem er ein viktig stad for oss kristne. Kyrkja er svært gamal, og den er truleg bygd over staden der Jesus blei født. Den er i alle fall bygd på staden der den kristne tradisjonen seier at Jesus blei født. Eg har tidlegare skrive om kyrkja her: Å kom, bli med til Davids by. Del 2.

Tilbake til den pågåande restaureringa, som går over fleire år. Eg fann dette som ei nyheitssak på nettsida mail.com:

Palestinians renovate church at Jesus» birthplace
BETHLEHEM, West Bank (AP) — After two years of painstaking work, experts have completed the initial phase of a delicate restoration project at the Church of the Nativity, giving a much-needed face-lift to one of Christianity’s holiest sites.

(…)

Over the past two years, specialists have replaced the most damaged of the ancient wood beams of the rooftop and put up a new cover. They also installed new wooden framed windows that prevent water infiltration. For the first time in almost 1,000 years the thousands of fine mosaics» tiles have been retouched.

Mimmo Nucatolo, who heads the Italian team restoring the mosaics, called the gold, green and pastel artworks «a unique example» made by skilled mosaicists at the end of the Crusader period. But he said that after centuries of neglect, the mosaics were in such a bad state that they almost disappeared from sight.

Les meir

(via BiblePlaces Blog)


St Olav i Betlehem

29/07/2015

 

St. Olav, The Church of Nativity, Bethlehem

St. Olav, The Church of Nativity, Bethlehem

 

I dag på olsok (29.07) har eg funne fram dette bildet av St. Olav frå Fødselskyrkja i Betlehem. Freskoen er frå det 12. hundreåret og er malt på ei av søylene i Fødselskyrkja i Betlehem. Den som har vore i kyrkja og sett søyla, veit at bildet i dag dessverre bare er svakt synleg.

Eg har bildet på eit gamalt kalenderblad frå 1941, utgjeve av Dreyers Grafiske Anstalt i Stavanger.

Bilda under viser 1.) korleis søylene ser ut i dag og 2.) ein plansje over helgenbilda på søylene. Klikk på bilda, så blir dei større.

IMG_2779

IMG_2570


Å kom, bli med til Davids by. Del 2

27/12/2007

Les del 1

FødselskyrkjaJuleevangeliet fortel at gjetarane fekk ei himmelsk oppfordring til å gå inn i byen og finna det nyfødde barnet. Me følgjer i gjetarane sine spor, og finn ein drosje som kan frakta oss vidare inn til sentrum av Davids by, til Fødselskyrkja.

Sjåføren køyrer oss heilt inn på Krubbeplassen og stansar framfor den store bygningen. Fødselskyrkja er ei svært gamal kyrkje, den har røter tilbake til keisar Konstantin si tid på 300-talet. Her har det vore eit samanhengande gudstenesteliv i snart 1700 år! Og tradisjonane om staden går enda lenger tilbake. Det er fleire skriftlege kjelder som syner at Jesu fødestad var kjent blant dei kristne i dei første hundreåra, og det var dei lokale kristne som peika ut staden då bygginga av den første Fødselskyrkja starta i 326.

Konstantins kyrkje blei øydelagt på 500-talet, og keisar Justinian bygde då ei ny og større kyrkje. I hovudsak er det faktisk denne kyrkja som står her ennå. Interiøret er rett nok sterkt prega av korsfarartida på 1100-talet. Og muslimar fjerna på 1500-talet marmoren som dekte kyrkja, og brukte den på Tempelplassen i Jerusalem.

Men kyrkja har utruleg nok blitt spart for meir omfattande herjingar i urolege tider, for eksempel i 614 då persarane øydela mykje i denne delen av det bysantinske riket.

Mange kyrkjer blei brent, men Fødselskyrkja blei ståande. Grunnen skal vera at den persiske hæren her møtte eit stort mosaikkbilete av tre menn med gull, røykjelse og myrra, – og dei hadde persiske klede på seg! I respekt for dette møtet med vise menn frå sin eigen kultur, sparte dei kyrkja.

Fødselskyrkja har verkeleg bevart preget av å vera ein heilagdom. Sjølv om det til tider kan vera mange menneske her, opplever me at roen senker seg. Og me blir uvilkårleg dregne mot trappa ned til grotta under hovudaltaret.

Stjerna

Fødselsgrotta er ein stad for undring og tilbeding, og svært mange som kjem hit, endar opp med å knela ned ved sølvstjerna som markerer Jesu fødestad. Me òg knelar ned, og me les innskrifta på stjerna: Hic de Virgine Maria Jesus Christus natus est (her blei Jesus Kristus født av jomfru Maria).

Besøket i Fødselsgrotta er eit høgdepunkt på turen rundt i Betlehem. Dette er ein fantastisk stad å koma! Sjølv om me har lese juleevangeliet tidlegare på dagen, tar me på nytt fram nytestamentet og les: ”Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad.”

Og etterpå fell det naturleg å syngja Brorson sin julesalme:

Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom,
der samles mine tanker som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme,
der har min tro sin skatt;
jeg kan deg aldri glemme, velsignet julenatt!

Men verda er full av paradoks. Midt i dette heilage rommet blir me minna om sølvstjerna si spesielle historie. Den blei først plassert her av katolikkane i 1717. Den gresk-ortodokse kyrkja fjerna den i 1847, men blei seks år seinare tvunge til å setja den på plass igjen av det tyrkiske (muslimske) styret.

Og denne ”stjernekrigen” var faktisk ei medverkande årsak til Krimkrigen (1853-1856) mellom Russland på den eine sida og England, Tyrkia og Frankrike på den andre sida. I dag er det den gresk-ortodokse kyrkja som har ansvar for grotta, og det verkar ikkje som om dei har nokon problem med å ha sølvstjerna her.

Les del 3


%d bloggarar likar dette: