Gravkyrkja

Jerusalems 10 på topp #2

Gravkyrkja er meir fascinerande enn inspirerande, skriv Jerome Murphy-O’Connor i det han plasserer den viktige kyrkja på andreplassen på lista over The Top Ten Sites in the Holy City.

Gravkyrkja i Gamlebyen i Jerusalem er relativt sikkert bygd over Golgata og Jesu grav. For den som er opptatt av heilage stadar, må dette vera den viktigaste kristne heilagstaden i verda. Men sjølv om kyrkja er spesiell, er den verken spesielt stor eller spesielt vakker. Innvendig er den mørk, utvendig er den innebygd i ein uoversiktleg bygningsmasse. Den har ikkje eitt samlande kyrkjerom, men består av mange små kapell. Prestane og munkane som gjer teneste i kyrkja, har det oftast travelt. Og dei er ikkje spesielt imøtekomande.

Det er mange som har skrive om Gravkyrkja. Det er gjennomgåande at menneske frå vesten gjerne ville at kyrkja skulle vore annleis. Den skulle vore slik me meiner ei kyrkje skal vera. Mange har blitt skuffa, støtte eller provoserte over koss kyrkja som er bygd over Golgata og Jesu grav, tar seg ut.

Den skildringa som har gjort sterkast inntrykk på meg, har Sven Kærup Bjørneboe skrive i boka Jerusalem. En sentimental reise (som er alt anna enn sentimental). Han skriv først eit kapittel der han utbroderer alt det negative. Deretter skriv han eit kapittel som er heilt annleis. Det begynner slik:

Førsteinntrykket av en helligdom, det første møtet når du trer inn fylt av forventning, betyr alt. Om positivt eller negativt er det dette du tar med deg, det gror eller visner i ditt sinn.

Men i Gravkirken opplever jeg noe annet. Jeg går dit flere ganger og for hver gang mildnes skuffelsen; jeg er forberedt, mine forventninger små. Litt etter litt endrer stedet karakter.

Kan det være slik at dette helligste sted i kristenheten på en måte beskytter seg mot førsteinntrykket? Ved hjelp av glitteret og det heslige? Et sterkere og sterkere nærvær gror opp i meg. Jeg er på stedet, jeg ser ikke hesligheten mer. En ”fettet”, ”geskjeftig”, ”intrigant” prestemunk slår korsets tegn idet han går forbi – han sletter mine skjellsord.

(…)

I ettertid er det som om jeg førte meg selv bak lyset. Jeg glemte dette ene: Stedet, åstedet. La så være at slik stedets helligdom fremstår i dag, må troen på Kristi oppstandelse bli desto mer absurd. Men det absurde har ingen grader. Da korsfestelsen fant sted, kan en oppstandelse neppe ha virket mindre absurd. Og mindre absurd bør det heller ikke være for oss.

Sven Kærup Bjørneboe fekk Brageprisen for boka (i 1996). Eg gjer ikkje noko forsøk på å gjera hans ord til mine. Men eg registrerer at eg som han, etter mange besøk i kyrkja, ser forbi det forstyrrande og opplever at eg er på heilag grunn.

Då eg var på ferie i Jerusalem tidlegare i sommar, hadde eg ei flott oppleving i Gravkyrkja. Eg kom åleine dit ei tidleg morgonstund. Framfor Jesu grav var menneske samla til gudsteneste. Dei feira Jesu oppstode på staden der det skjedde. Eg stilte meg først forsiktig i bakgrunnen ved ei søyle, for å sjå på. Etter ei tid blei lengselen etter å delta ganske sterk. Då dei andre knelte, knelte eg óg.

Dette notatet er ein del av ein serie om Jerusalems 10 på topp. Gravkyrkja er altså rangert som nr 2.

Oppdatering: Her er lenker til heile serien over Jerusalems 10 på topp:

6 svar til Gravkyrkja

  1. […] 2. Gravkyrkja […]

  2. […] Sjå også notatet Gravkyrkja. Jerusalems 10 på topp #2. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: