Tur på Jesus Trail, mai 2017

28/05/2017

IMG_4198Nå har eg enda ein gong vandra nokre dagar i området mellom Nasaret og Gennesaretsjøen. Eg blir ikkje ferdig med dette. Det er noko heilt spesielt å oppleva eit landskap frå bakkenivå. Ein kjem nær lukter, lydar, tre, blomar og dyr, – og ikkje minst menneske. Når området dessutan er sterkt knytt til Jesu liv, blir også bibeltekstane nære på ein ny måte.

Eg har, saman med Inger, vore reiseleiar for ei gruppe som gjekk den merka pilegrimsløypa Jesus Trail frå Nasaret til Gennesaretsjøen. Det dreier seg om fire dagar med fottur frå morgon til kveld, inkludert mange stopp på utsiktspunkt og på interessante kultur- og bibelhistoriske stadar. Me overnatta på veldig forskjellige stadar, både hos kristne arabarar, ortodokse og sekulære jødar. Overnattingsstadane var også forskjellige i standard, her var det alt frå enkle gjestehus til eit flott hotell.

Det første bildet viser Inger og meg på Arbelfjellet, med utsikt over Gennesaretsjøen. Dei neste bilda er frå Arbeldalen, der me gjekk mellom oliventre og beitande kyr.

Me valgte å avslutta vandringa i Magdala Center. Eg har tidlegare skrive om denne staden i notata Synagogen i Magdala og Pilegrimskyrkja i Magdala. Etter besøket i Magdala, reiste me med buss til Kapernaum for å ha god tid der. Dagen blei avslutta med bad i Gennesaretsjøen, ein betre middag på Kibbutz Ginosar og deretter bål på stranda på kibbutzen, med besøk av to av Den Norske Israelsmisjon sine utsendingar i Israel. Mon tru om ikkje også Jesus og disiplane mange gonger sat ved eit bål her ved denne sjøen?

Sjølv om turen langs Jesus trail blei avslutta slik, hadde me mange flotte opplevingar også dei neste dagane då me reiste til Jerusalem. Men det er ei anna historie.

Sjå også bilde frå tidlegare turar langs Jesus Trail her, og eit litt meir detaljert referat frå første gong Inger og eg gjekk turen i 2012 her.

 


Bildeserie frå Jesus Trail

28/05/2017

Eg kom i går heim frå ein ny flott fottur på Jesus Trail i Galilea. I tida fram mot turen laga eg ein bildeserie frå tidlegare vandringar i dette landskapet. Eg avsluttar nå denne bildeserien med ei oversikt over bilda.

Jesus trail går frå Nasaret til Kapernaum. Det siste bildet i serien er tatt frå Arbelfjellet og viser terrenget fram mot Kapernaum.

Her er bilda frå tidlegare turar på Jesus trail:

  1. Klar for vandring i Galilea
  2. Morgonlys over Nasaret
  3. Kulturlandskap i Galilea
  4. Galileas Mona Lisa
  5. Kana i Galilea
  6. Bryllaupskyrkja i Kana
  7. Turutstyr på Jesus trail
  8. Jesus på fjellet Hattins horn?
  9. På Hattins horn
  10. Utsikt frå Hattins horn
  11. Jetros grav i Galilea
  12. Opp mot Arbelfjellet
  13. Johannesbrødtreet
  14. Utsikt over Ginosar

Eg kjem tilbake med notat frå fotturen som gjekk nå i mai 2017.


Johannesbrødtreet

08/05/2017

Bilde #13 frå vandringa på Jesus trail

Johannesbrødtreet

Johannesbrødtre, Arbelfjellet. Foto: Arne Berge

Dette Johannesbrødtreet står på toppen av Arbelfjellet. Det har ei spektakulær plassering. Rett bak treet er det stupbratt fjellside. Her på Arbelfjellet er det flott utsikt over Ginosarsletta og Gennesaretsjøen.

Oppdatering etter besøk på staden i mai 2017: Treet er nå dessverre borte. Det skal ha vore i så dårleg tilstand at det måtte hoggast ned. Men rota står truleg igjen og det vil kanskje veksa fram eit nytt tre på same staden.

Treet har fått namn etter Døyparen Johannes, som skal ha hatt belgane som føde i ørkenen. Eg har også lese ein teori om at belgfruktene i likninga om sonen som kom heim («den bortkomne sonen»), kom frå dette treet:

Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko. (Luk 15,16)

Ordet karat har samanheng med dette treet (hebr: חרוב, eng: carob tree). Frøa skal ha konstant vekt og dei blei i gamal tid brukt som vekteining, – kalla ein karat.

Johannesbrødtreet er eit tre i erteblomstfamilien. Les meir om treet i Store Norske Leksikon.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.


Opp mot Arbelfjellet

04/05/2017

Bilde #12 frå vandringa på Jesus trail

På veg opp mot Arbelfjellet.

Dette bildet viser den gode stien og den vakre naturen på veg opp mot Arbelfjellet. Dette er ein del av den merka løypa Jesus trail, som går frå Nasaret til Kapernaum.

Den djupe dalen til venste heiter Duedalen. Den går ned til Ginosarsletta ved Gennesaretsjøen. Turgruppa på bildet er på veg opp på fjellet, og skal så gå ned ein bratt sti til Duedalen. Det er også mogleg å følga dalen direkte nedover mot Gennesaretsjøen.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.


Jesus på fjellet Hattins horn?

18/03/2017

Bilde #8 frå vandringa på Jesus trail

Konstruksjon med bibelsitat, Hattins horn 2012

Bildet er tatt i bakkane opp på Hattins horn i Galilea. Eg kjenner ikkje historia til desse murane, men eg har forstått at det på 1800-talet var relativt vanleg å seia at Jesus heldt Bergpreika på dette fjellet. Murane var truleg ikkje reist i 1863, då den norske skuleleiaren Volrath Vogt reiste i området. Han skreiv seinare om tradisjonen som knytte Jesus til staden, utan å omtala byggverket.

På muren står det ein tekst frå Markusevangeliet, på hebraisk og gamal engelsk:

Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han. (Mark 3,13)

Det at dette skjedde på «fjellet», har ei viss teologisk tyding. Det er mange viktige bibelske hendingar som skjer til fjells. Men det er ikkje mogleg å seia kva fjell det skjedde på. Teksten frå Mark 3 om kallinga av disiplane fortel elles om ei anna hending enn den såkalla Bergpreika. I dag blir gjerne Bergpreika knytt til den katolske eigedomen på «Mount of Beatitudes», eit høgdedrag nær Gennesaretsjøen.

Den merka pilegrimsruta Jesus trail går over Hattins horn, på dag 3 frå Kibbutz Lavi til Moshav Arbel. Stien passerer murkonstruksjonen på bildet. Denne må vera bygd av kristne som knytte Jesus til dette fjellet. Dette blir etter mitt skjøn spekulasjon, sjølv om Jesus heilt opplagt må ha vore godt kjent i området. Når han gjekk mellom Nasaret og Kapernaum, var Duedalen den mest naturlege vegen å gå i bakkane på vestsida av Gennesaretsjøen. Då var han ikkje langt frå Hattins horn.

Mange bibelske tekstar kan meir eller mindre sikkert knytast til kjende stadar. Eg syns det er interessant å oppsøka desse stadane. Men eg syns også det er interessant å sjå koss folk har lokalisert bibeltekstar når det ikkje er haldepunkt for dette. På Hattins horn har ei slik lokalisering blitt festa til staden gjennom ein fysisk konstruksjon ute i terrenget. Likevel er det få kristne pilegrimar som oppsøker dette fjellet, som eigentleg bare er eit høgdedrag, når dei er på reise i Israel.

Eg har skrive om Hattins horn før (her og her). Nå har eg nyleg kome over litt meir informasjon om den gamle tradisjonen som knyter Jesus til staden.

Den nemnte Vogt skreiv nøkternt om dette «sagnet»:

Hornene ved Hattin. Saa kaldes, efter Byen Hattin i Nærheden, to «Horn» eller Bjergknauser, som hæve sig 60 Fod op af en Slette, der ligger omkring 1100 Fod over Gennesarets Sø og 500 over Havet. De kaldes ogsaa Salighedernes Bjerg, da efter Sagnet Jesus derfra holdt Bjergprædikenen, hvis 9 første Vers begynde med : «Salige ere». Da Sagnet først omtales af Brocardus (1283), er det rimeligvis opkommet blandt Latinerne under Korstogene. Det godkjendes ikke af den græske Kirke.

Fotnote til opplysningen om Brocardus: Brocard. 4,7

Volrath Vogt: Det hellige land. Kristiania 1879. Side 28 (les om boka her)

Elles har eg funne ein omtale av tradisjonen i ei original (men ikkje vitskapleg) bok frå 2009. Denne boka argumenterer faktisk for at Jesus heldt Bergpreika på Hattins horn!

Before the Church of the Beatitudes was built in 1938, most Christians considered the Horns of Hattin to be the place where Yeshua (Jesus) taught the Avinu Prayer (Fadervår) as part of the Sermon on the Mount. A traveler who visited the Horns of Hattin in 1905 referred to it matter-of-factly as the «mountain or hill … known to the pilgrims as the Mount of the Beatitudes.» Even the Catholic Encyclopedia, published in 1913, identifies the Horns of Hattin as the traditional Christian site of the Sermon on the Mount. For generations, Christian pilgrims used to walk to the Horns of Hattin from Tiberius …

Gordon and Johnson: A Prayer to Our Father. Hebrew Origins of the Lords Prayer. Side 76.

(Boka har fotnotar med referansar til tekstane frå 1905 og 1913. Eg har sjølv lagt til parentesane som forklarar dei hebraiske orda i teksten.)

Sjå oversikt over heile bildeserien her.


Turutstyr på Jesus trail

20/02/2017

Bilde #7 frå vandringa på Jesus trail

Galilea 2012 301

Kva slags turutstyr brukar me viss me skal gå fottur i Galilea? Det spørsmålet har eg fått frå folk som syns det ville vera fint å vera med på pilegrimsvandring på Jesus trail. Og koss er terrenget?

Terrenget på Jesus trail er stort sett veldig lett; mykje grusvegar og elles gode stiar. Dessverre også noko asfalt. Det er lett å finna fram; løypa er godt merka. Dette bildet er frå dag 2 på Jesus trail, mellom Kana og Kibbutz Lavi. Den fire dagar lange turen går gjennom landbruksområde og småbyar, skog, hei og fjell. Dei brattaste motbakkene er faktisk i gamlebyen i Nasaret, der me går oppover i trappar mellom gamal bebyggelse. Når me går oppom Arbelfjellet, er det ein bratt sti ned i Duedalen med fantastisk utsikt over Gennesaretsjøen.

Eg har gått mykje på fjellstøvlene mine, som på bildet her. Men etter at dette bildet blei tatt i 2012, har eg gått over til lettare midi-tursko. Det er også fullt mogleg å gå i gode joggesko, for terrenget er normalt heilt tørt bortsett frå om vinteren.

Eg likar å gå med stavar når eg går lengre turar. Men det er det jo dei færraste som gjer. Og om ein ikkje har gått med stavar på turar i Norge, er det neppe nokon grunn til å gjera det på Jesus trail.

Sjølv om det er varmt, bør ein ha med seg klær som dekker skuldrane og knea. Dette fordi me er innom heilage stadar for ulike religionar. Elles er dagstursekk, vatn, solbriller og noko å ha på hovudet viktig turutstyr. Altså ikkje noko spesielt i forhold til andre turar.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.


Galileas Mona Lisa

11/12/2016

Bilde #4 frå vandringa på Jesus trail

galilea-2012-211

Dette bildet er henta frå mosaikkgolvet i eit av dei romerske herskapshusa som arkeologar har grave ut i Zippori i Galilea. Huset er frå 300-talet. Den første dagen på Jesus trail har me lunchpause her, med tid til å sjå på dei mange flotte arkeologiske utgravingane på staden som Josefus kalla Galileas smykke eller Galileas pryd.

Ein gamal kristen tradisjon knyter Anna og Joakim, Marias foreldre og Jesu besteforeldre, til byen. Eg skreiv også om Zippori i det forrige notatet i denne serien: Kulturlandskap i Galilia. Bilde #3 frå vandringa på Jesus trail.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.


%d bloggarar likar dette: