Bibelsk geografi

28/04/2008

There is now no excuse to teach or preach without pictures and maps.

Eg veit ikkje om eg er heilt einig i dette, men bakgrunnen for utsegna er at Tyndale Tech presenterer mange gode elektroniske hjelpemiddel i artikkelen Maps & Geography in Biblical Studies.


Jesus og romarane

28/04/2008

Den israelske avisa The Jerusalem Post har i dag ein kronikk om Jesus! Det dreier seg om skribenten Shmuley Boteach som skriv om Jesu forhold til den romerske okkupasjonsmakta, inspirert av den britisk-jødiske forskaren Hyam Maccoby. Eg kjenner verken Boteach eller Maccoby frå før. Det er tydeleg at skribenten meiner han har grunnlag for ei fullstendig omskriving av den Jesushistoria som me kjenner frå NT. Han meiner det må vera heilt feil at Jesus ikkje var meir kritisk til romarane enn det NT gir inntrykk av.

The Jerusalem Post fortel av Boteach arbeider med ei bok om den jødiske Jesus. Prosjektet med å forstå Jesus med utgangspunkt i det jødiske har eg stor sans for, og det er slett ikkje unikt for Boteach. Eg tenkjer at Jesu forhold til romarane er ein studie verdt, men eg er likevel noko usikker på dette skriveprosjektet. Det verkar som Boteach meiner Paulus er den store, stygge ulven som har fjerna Jesus frå sin jødiske kontekst. Dette er etter mitt skjøn ei grov forenkling og heller ikkje nokon revolusjonerande eller ny ide. Sjølv om Paulus blir kalla heidningane sin apostel, skal me ikkje gløyma at også han var jøde og at han alltid forkynte Jesus som Messias (med utgangspunkt i GT) i synagogen før han utvida perspektivet til det ikkje-jødiske samfunnet.

Boteach skriv:

Either the night before Passover, or the Seder night itself, is the time Christians believe to have been Jesus’ Last Supper. So, as I sat on Pessah rereading the New Testament in preparation for an upcoming debate in the UK on whether belief in Jesus is compatible with Judaism, I was struck by a powerful insight made by the brilliant British-Jewish scholar Hyam Maccoby.

I shall sum it up, as he does, in a single word: Romans. How could it be that Jesus, the man who defended the innocent and condemned the wicked, the man who drove the moneychangers out of the Temple with a whip, the man who declared it his objective to be the light of the world, never opened his mouth against the Romans? Here was Jesus, a man impassioned in his commitment to justice, a man of extreme sensitivity to the sufferings of others, condemning the Jews, but never the Romans.

(…)

IT IS for this reason that we have to rethink Jesus’ mission and what he was trying to accomplish. I have written many articles arguing that it is time for the world Jewish community to reclaim the Jewish Jesus by understanding his original mission and his great love for his people before his story was later edited by Pauline writers and before he was made into an enemy of the Jews and a friend of the Romans.

In my next column on this subject I intend to summarize Maccoby’s conclusions that will, based on the sources, make the real Jesus known not as an enemy of Judaism but as a Jewish patriot who sought to win Jewish independence from Rome, and who was thus cut off mercilessly by Pontius Pilate for his act of rebellion. (les meir)

PaleoJudaica kommenterer artikkelen i Jerusalem Post slik:

Shmuley Boteach presents a revisionist reading of Jesus in the Jerusalem Post.

(…)

It’s an interesting idea and I look forward to reading the next column or columns. (I haven’t read any of the articles he mentions.) But the implied moral equivalence between the Nazis and the ancient Romans is very overdone. The Romans ran an empire in a brutally efficient way, but they didn’t engage in systematic genocide for genocide’s sake. And whether death by crucifixion was worse than many of the deaths people died in the Nazi death camps is at the very least open to debate.

That said, it’s entirely possible that Jesus had criticisms of the Romans that were censored by his earliest followers for the sake of their own safety. But I’d like to see some positive evidence.


The Shrine of the Book

26/04/2008

Jerusalems #9

Dødehavsrullane fascinerer svært mange menneske. Dei gamle rullane som blei funne i leirkrukker i fjellholer i ørkenen nede ved Dødehavet, er utgangspunkt både for utrulege historier og for viktig forskning.

Dødehavsrullane er presentert på ein original måte i utstillinga The Shrine of the Book ved Israels Museum i Jerusalem. Det er mange interessante musear i denne byen; dette er nok det mest unike. Museet har fått 9. plassen på lista over Jerusalems 10 på topp.

Når du kjem til The Shrine of the Book, ser du bare taket som er forma som lokket på ein av leirkrukkene som rullane blei funne i. Anlegget er bygd av skinnande kvit stein. Som ein kontrast må du passera ein høg mur i svart stein. Denne symbolikken peikar på tankegangen til essearane, den jødisk grupperinga som stod bak dei gamle skriftrullene. Dei såg på seg sjølv som barn av lyset, i motsetnad til alle andre som var barn av mørkret. Når du går inn, er det som å gå inn i ei av holene. Der får me sjå nokre av Dødehavsrullane, nokre andre skriftrullar og ei utstilling om miljøet desse rullane blei til i. Det er spesielt å tenkja på at dei er så gamle, og at dei dokumenterer bibelske skrifter og annan jødisk litteratur på ein så spesiell måte.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:


Som eg har elska dykk

20/04/2008

Dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. Desse orda frå Jesus er sentrale i det som er hovudteksten frå Bibelen denne søndagen (4. søndag etter påske). Teksten står i Johannesevangeliet 15,10-17.


Jakobskatedralen

19/04/2008

Jerusalems #10

Jakobskatedralen er ein av Jerusalems best bevarte hemmeligheter. Turistgrupper blir svært sjeldan tatt med dit. Likevel er den med på lista over Jerusalems 10 på topp, som nr 10.

Katedralen ligg gøymt bak høge murar inne i det armenske kvarteret og er ikkje opent tilgjengeleg som dei fleste andre kyrkjer i byen. Men armenarane opnar sjølvsagt opp katedralen sin når dei feirar gudsteneste. Eg har fleire gonger deltatt i den korte vesperen som dei har om ettermiddagen på kvardagane.

Jakobskatedralen er hovudkyrkje for det armenske patriarkatet. Kyrkja er frå 1100-talet, men er bygd over eldre kyrkjer som kan førast tilbake til 400-talet. Armenarane knyter staden til to av dei bibelske personane som heiter Jakob; Jesu bror som blei den første biskop i Jerusalem og som i følgje den armenske tradisjonen ligg gravlagt under høgaltaret, og apostelen Jakob, son av Sebedeus, som har eit altar på venstre sida av kyrkjerommet.

Kyrkja er flott og eg vil også seia svært stemningsfull. Det er orientalske teppe på golvet, store mengder oljelampar i taket og fullt av ikonar på veggene. Det er ikkje stolar, men nokre få benkar langs veggene for dei som helst vil sitja. Når gudstenesta begynner, kjem ungdomar i svarte kapper inn. Dette er elevar ved det armenske presteseminaret, dei set seg i to grupper på golvet på kvar siden av altaret og blir etterkvart med som korsongarar i liturgien. Så kjem prestane og munkane, og deretter bølgjer den armenske liturgien fram og tilbake i ei karakteristisk musikalsk form.

Det er fascinerande å oppleva desse gudstenestene. Det kan opplevast underleg, sett med protestantiske auge, at dette er gudstenester utan kyrkjelyd. Det er bare nokre få til stades utanom korgutane, munkane og prestane. Ei rimeleg forklaring eg har høyrt, er at dei ca 1000 armenarane som er igjen i det armenske kvarteret i Jerusalem, helst nyttar ei av dei andre kyrkjene i kvarteret som sin samlingsstad.

Armenarane er eit folk som har ei lang kristen historie. Dei reknar Armenia som den eldste kristne nasjonen i verda, i og med at dei som folk gjekk over til den kristne trua alt i 301. Frå 400-talet har det vore ei armensk befolkning i Jerusalem. Det armenske kvarteret i Gamlebyen er omgjeve av murar ut mot gata, mens armenarane innanfor har sin eigen stille bydel med bustadar, kloster og kyrkjer. Ut mot gata er det ein armensk taverna og nokre få butikkar som sel armenske fliser og annan kunst. Og sist, men ikkje minst, det armenske museet, som dokumenterer den armenske kulturen.

Det at Jakobskatedralen er med på lista over Jerusalems 10 på topp, er nok ei overrasking for mange. Eg syns kyrkja fortener denne posisjonen. Den er vakker og spesiell. Og gudstenestelivet i kyrkja, med den tradisjonelle armenske liturgien, er ei flott oppleving å få med seg.

Kyrkja er open i samband med gudsteneste måndag-fredag kl 07-08 og 15-15.30, laurdag-søndag kl 06-09.30 (informasjon oppdatert i 2008). Ein vender seg til vakta i porten inn til det armenske kvarteret. Katedralen ligg like innanfor.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:


Augustin om stille lesing

18/04/2008

Morgenbladet har i dag (18.04.2008) ein artikkel som handlar om den form for lesing som stimulerer til tenkning; Den som har øyne: hør. Artikkelen begynner med ein interessant observasjon frå 300-talet, knytt til to av dei største kyrkjefedrane. Det blir sitert frå Bekjennelser der Augustin fortel om det inntrykket det gjorde å oppleva at Ambrosius, biskopen i Milano, var stille mens han las! Her er eit utdrag av artikkelen:

Augustin skriver i sine Bekjennelser om kirkefaderen Ambrosius som leste på høyst uvanlig vis: Øynene hans skannet siden og hjertet søkte ut meningen, men stemmen var taus og tungen lå stille. «Enhver kunne fritt nærme seg ham, og siden gjester sjelden ble annonsert, var det ofte slik at når vi kom for å besøke ham fant vi ham lesende på denne måten i taushet, for han leste aldri høyt.»

Bokstaver er tegn for lyder som er tegn for ting vi tenker, oppfunnet for at vi kan samtale med dem som ikke er til stede. Slik anså Augustin det. Men at denne samtalen med de fraværende skulle kunne foregå i taushet, med hvilende tunge og stemmebåndene i ro, det syntes Augustin var bemerkelsesverdig: Ambrosius hensunket i stillelesning, uforstyrrelig fortryllet av en konversasjon som foregikk i hans eget utvidede indre, og som de besøkende ikke fikk del i.

Framhaldet av Kari Løvaas sin artikkel er relativt krevjande å lesa. I kontrast til omgrepet oppmerksomhetsøkonomi endar ho opp med å framheva den kontemplative lesinga. Morgenbladet oppsummerer sjølv hennar synspunkt:

Kari Løvaas formulerer her et forsvar for den meditative lesningen, og minner om at oppmerksomhet betyr to ting: Dels å dominere scenen; dels den kontemplative hengivelse som boklesningen har gjort til sin særskilte kunst.


Jerusalems 10 på topp

15/04/2008

Jerusalem må vera ein av dei mest spennande byane i verda! Byen som ligg oppe i fjella i Israel, 800 meter over havet, har ein heilt spesiell posisjon både religiøst, politisk og historisk. Den har ei 3000-årig historie. Det er ein fantastisk by å gå rundt i, det er alltid noko nytt å oppdaga. For meg er den delen av historia som er knytt til Bibelen og til kyrkjehistoria mest interessant.

Biblical Archaeology Society har laga eit lite hefte med The Glories of Jerusalem, The Top Ten Sites in the Holy City.

“10 på topp”-lista er sett opp av bibelforskaren Jerome Murphy-O’Connor. Eg vil i tida framover skriva om desse ti høgdepunkta i Jerusalem. Eg begynner med det han plasserer på 10. plass og arbeider meg oppover på lista til nr 1.

Oppdatering: Jerome Murphy-O´Connor døydde 11.11.2013.

Murphy-O’connor har blant anna har skrive den store arkeologiske guideboka eg ofte har hatt med meg rundt i Israel. Då eg hadde studieopphald i Jerusalem og arbeidde med Jesu lidingshistorie, oppsøkte eg han på Eqole Biblique og fekk ein samtale om arkeologiske spørsmål knytt til lidingshistoria. Han var lyttande til kva eg var interessert i og kom med tydelege synspunkt på problemstillingane mine. Elles gav han meg ein del tips om litteratur og fortalde også om institusjonen der han arbeider. Interessant!

Oppdatering: Her er lenker til heile serien over Jerusalems 10 på topp:


%d bloggarar likar dette: