Anno Paolino Bimillenario

29. juni er Apostlane Peters og Paulus» dag, eller Persok, for å bruka det gamle norske namnet på merkedagen. I kveld (28.06) har pave Benedikt opna eit Paulusår som ei markering av 2000-årsjubileet for apostelen. I samband med dette har paven invitert den ortodokse patriarken Bartolomeus til Roma, så dette har eit sus av økumenikkLes meir «Anno Paolino Bimillenario»

The American Colony

The American Colony Hotel er ein fascinerande stad i Aust-Jerusalem. Det berømte hotellet har ei spesiell historie som går tilbake til Anna Spafford, ei markert kvinne som faktisk var født i Stavanger! Anna var den mektige ledaren i ei eskjatologisk sekt som danna fellesskapet The American Colony. Anna og sekta hennar var igjen utgangspunkt forLes meir «The American Colony»

Ordinasjonsdagen min

I dag er det St Hans dag, eller Jonsok. Det er ordinasjonsdagen min. Eg blei ordinert til prestetenesta i Hinna kyrkje søndag 24. juni 1984 av biskop Sigurd Lunde. Biskopen talte over teksten: Sysken, eg ønskjer av hjartet og bed til Gud at dei må bli frelste (Rom 10,1). Han overførte desse orda av PaulusLes meir «Ordinasjonsdagen min»

Den eldste kyrkja i verda?

Den siste veka har eit arkeologisk funn i Rihab, nord i Jordan, vekt stor interesse. Og dersom dei opplysningane som har kome fram, er korrekte, er dette absolutt eit interessant funn. Det dreier seg om ei grotte som ligg under kyrkja St Georgeous (ikkje St Gregorius, slik NTB og dermed norske aviser har skrive). StLes meir «Den eldste kyrkja i verda?»

Nytt frå Gennesaretsjøen

Haaretz skriv: What are the mysterious stones emerging from Kinneret waters? A marine scientist has discovered a series of mysterious stone patterns on the lake bed of drought-stricken Lake Kinneret. The man-made piles of stone, which are now above water, jut out from the freshwater lake, and sit 30 meters from each other along aLes meir «Nytt frå Gennesaretsjøen»

Heidi om salmar og liturgi

Snill, nysgjerrig, kreativ, rotete. Slik karakteriserer Heidi Strand Harboe seg sjølv i dagens portrettintervju i Stavanger Aftenblad. Resten av intervjuet handlar meir om salmar og liturgi enn om henne sjølv. Salmane hennar er relativt lågmælte, seier ho. Som ho sjølv kan vera (men slett ikkje alltid er!). Heidi er aktuell både når det gjeld nyLes meir «Heidi om salmar og liturgi»

Henrik Wergeland 200 år

I går (17.06.2008) passerte jammen Henrik Wergeland sin 200-årsdag utan at eg fekk markert det skikkeleg. Beklager så mykje! Eg lagar ikkje nokon stor sak ut av dette jubileet her på bloggen, for bøkene hans er ikkje av det eg les mest. Men Wergeland har spela ei viktig rolle i norsk kulturhistorie, og han gjordeLes meir «Henrik Wergeland 200 år»

Mot ørkenspreiing og tørke

I dag er FN sin internasjonale dag mot ørkenspreiing og tørke. Generalsekretær Ban Ki-moon skriv i sin bodskap på dagen: The time has come for the international community to recognize that drylands and marginal lands, where nearly half of the world’s poor live, are not waste land. Rather, they are potential areas for agricultural intensificationLes meir «Mot ørkenspreiing og tørke»

2000 år gamalt frø gir vekst

På ein kibbutz i Israel veks det i dag ein levedyktig daddelpalme som har spirt fram frå eit 2000 år gamalt frø. Frøet blei funne i arkeologiske utgravingar i Herodes den store sitt palass på Masada ved Dødehavet. Med dette som utgangspunkt, skriv Maureen Gilmer ein artikkel om den judeiske daddelpalmen der ho også kjemLes meir «2000 år gamalt frø gir vekst»

Bergetreff 2008

Her står eg, saman med Harald Gunnar Varland, og held eit maleri av slektsgarden på Berge på Finnøy. Oldeforeldra våre budde i huset til venstre. Driftsbygninga er bygd seinare. Begge desse husa er nå erstatta med moderne bygg. Me er på besøk på garden i samband med slektsstemnet me hadde i helga (her og her).Les meir «Bergetreff 2008»

Slektstreff på Finnøy

I morgon skal me samlast til det tidlegare omtalte slektsstemnet for Bergefamilien. Me blir ca 80 personar frå 4 generasjonar på samlinga. I kveld har eg funne fram gamle bøker, bilete og papir som er knytt til slekta. Me skal laga ei utstilling av slike ting i morgon. Det er også mange kunstnarar i slekta,Les meir «Slektstreff på Finnøy»

Apostelen Barnabas

Kalenderen fortel at det er apostelen Barnabas sin dag i dag. Barnabas var ein av grunnleggjarane av urkyrkja i Jerusalem. Apostelgjerningane fortel oss indirekte at Barnabas hadde ein viktig posisjon i denne første Jesustruande forsamlinga, – det ser me blant anna av at han var den som hjelpte Paulus til å bli akseptert blant deiLes meir «Apostelen Barnabas»

Arkivet i Christ Church

Christ Church er den eldste protestantiske kyrkja i Jerusalem, bygd i 1849. Kyrkja ligg i Gamlebyen, like innanfor Jaffaporten. Her er det i dag ein engelskspråkleg internasjonal kyrkjelyd som har gudstenester på søndagane og ei hebraiskspråkleg messiansk jødisk forsamling som har gudstenester på laurdagane. Men kyrkja har ei lang og viktig historie, og denne vekaLes meir «Arkivet i Christ Church»

Gamalt egyptisk grensefort

Bibelen fortel om ein del kontakt mellom Israel og Egypt, både i fredelege og urolege tider. Bortsett frå Israelsfolket si vandring i ørkenen under leiing av Moses, gjekk nok denne trafikken langs hovudvegen aust/vest i dette området. National Geographic fortel nå om funnet av det store egyptiske fortet Tharo langs denne vegen, nær grensebyen Rafah.Les meir «Gamalt egyptisk grensefort»

Shavuot, jødisk pinsefest

I kveld (08.06.2008) begynner den jødiske pinsefesten Shavuot. Festen varer i eitt døgn i Israel og i to døgn i resten av verda. Jødane feirar pinse til minne om lovgjevinga på Sinai. I gamal tid var det dessutan ein innhaustingsfest. I vår tid fungerer den som ein vårfest og synagogane blir pynta med blomster og grønt.Les meir «Shavuot, jødisk pinsefest»

Israelske bokbål

Det har denne veka vore avisoppslag om det som kan tyda på ein aukande motstand mot messianske jødar i Israel. Det er enkelte ortodokse miljø som går hardt ut mot dei Jesustruande jødane, og dei er villige til å bruka sterke verkemiddel. Vårt Land skriv: Politiet i Israel etterforsker nå hvorfor flere hundre nytestamenter bleLes meir «Israelske bokbål»

Palestinsk historieskriving

Historie er ikkje eit nøytralt fag. Det får me eit nytt eksempel på i ei rapport som har gått gjennom palestinske skulebøker sin (manglande) omtale av Israel og jødisk historie. Associated Press skriv: Report: Palestinian textbooks portray Jews badly Authors of Palestinian school textbooks took small steps toward softening their portrayal of Israel under theLes meir «Palestinsk historieskriving»