Stillhet

10/01/2015

Det er i dag 10 år sidan eg la ut dei første notata på bloggen. Dette blir markert på ein relativt stillferdig måte, ved at eg legg ut på nytt det første eigentlege bloggnotatet frå 10. januar 2005.

Temaet er ikkje forelda. Ei av dei bøkene som står på leselista mi for 2015, er Susan Cain: Stille. Introvert styrke i en verden som aldri slutter å snakke.

Stillhet er ikkje farleg. Eg syns det er herleg å vera for meg sjølv innimellom. Bare vera for meg sjølv med tankane mine. Det er forskjell på å kjenna seg einsam (eng: loneliness) og på sjølv å ha valt å vera aleine (eng: solitude). Det første er noko vondt, det andre er noko godt.

Sidan eg er kristen, har dette sjølvsagt noko med gudsforholdet mitt å gjera. Eg syns det er godt å søkja Gud i stillheten, samtidig som eg òg treng fellesskapet med andre kristne.

Men mange gonger dreier det seg rett og slett om behov for å roa meg ned. Kjenna på den gode stillheten, den gode ensomheten. Ei bok som har inspirert meg i denne retninga, er Leve langsomheten av Owe Wikstrøm (Genesis forlag 2002).

Det treng ikkje alltid ta så mykje tid. Heidi Strand Harboe skriv i eit av dikta sine om dei ”ørsmå hol i dagen”. Det gjeld å sjå dei og å utnytta dei!

Men å vera aleine i stillhet er ikkje det normale, heldigvis! Til vanleg er eg sjølvsagt saman med andre. Anten heime, på jobb eller blant venner. Me menneske er jo sosiale vesen som er ganske avhengige av kvarandre!

Advertisements

Dagens ord: kvarandre

09/09/2013

Eg har tenkt mykje på ordet kvarandre i det siste. Eg ville seia noko om dette ordet som ein del av talen i Hanne Mari og Pål sin vigsel nå i helga. Laurdagen med vigsel og bryllupsfest blei forresten ei stor og flott oppleving!

Ordet kvarandre er på ein måte kvardagsleg. Samtidig er det både eit vakkert og viktig ord.

Ordet er eit pronomen seier noko om eit gjensidig forhold. Det blir sjølvsagt brukt i alle slags samanhengar. Her vil eg seia noko om koss ordet blir brukt i kristen språkbruk.

Ordet blir ofte knytt til heilt grunnleggjande verb, som å elska kvarandre (Joh 15,12), tilgje kvarandre (Kol 3,13) og tena kvarandre – i kjærleik (Gal 5,13).

Ordet er også ein del av fleire viktige uttrykk, som å ta imot kvarandre (Rom 15,7), ha omtanke for kvarandre (Hebr 10,24), be for kvarandre (Jak 5,16) og setja mot i kvarandre (Hebr 3,13).

Det er kanskje ikkje heilt feil at eg skriv om dette ordet nettopp i dag, på valdagen (09.09.2013). Perspektivet blir utvida: me menneske høyrer saman, me har ansvar for kvarandre, – og dette har tyding både i dei nære relasjonane og i samfunnet elles!


Barnetru og vaksentru

11/06/2013

Barnetru er eit fint ord. Mange er glad i dette ordet. Eg syns det er flott når nokon seier at dei har behalde barnetrua si. Likevel trur eg det er rett at me tenkjer gjennom kva som ligg i dette.

Jesus framheva dei små barna. Han sa ein gong:

Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det. (Mark 10,15)

Derfor er ”barnetru” eit hedersord som me gjerne skal halda fast på. Det dreier seg om å ha tillit til Gud, og ta imot hans gode gåver med ope sinn. Slik bare eit barn kan gjera det.

Likevel er det viktig at trua vår får bli meir mogen etter kvart som me veks i mogning som menneske. Det er ikkje slik at tru er noko som passar for barn og at tenking er noko som passar for vaksne. Det nye testamentet er opptatt av koss me kan veksa i mogning som kristne. Gudstru og sjølvstendig tenking bør absolutt kombinerast når me veks som menneske og som kristne.

Paulus skriv:

Og det er vår bøn at de må bli fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og innsikt som Anden gjev, så de kan leva eit liv som er Herren verdig, og vera heilt og fullt til glede for han, bera frukt i all god gjerning og stadig veksa i kjennskap til Gud. (Kol 1,9-10)

Dette har eg tenkt mykje på i samband med konfirmasjonen. Eg ønskjer at konfirmantane våre held fast på ei trygg barnetru, når det gjeld det å halda fast på Guds gåver som dei fekk i dåpen. Samtidig ønskjer eg at dei får veksa i kjennskap til Gud og slik får utvikla seg som kristne parallelt med at dei utviklar seg som ungdomar og unge vaksne. Elles er eg redd dei ein dag oppdagar at dei har vakse frå trua si og tenkjer på trua som noko barnsleg.

Dette gjeld sanneleg oss vaksne også. Den kristne trua er like aktuell og viktig i eit vaksenliv som den er for barna. Trua toler å møta livets utfordringar. Den toler å leva saman med kritisk og sjølvstendig tenking. Og den utfordrar til å ta ansvar i samfunnet.

Jesus seier at han er vegen, og at livet er å vera undervegs. Parallelt med vår ytre livsveg er me alltid òg undervegs på ei indre reise. Me utviklar oss, tar imot inntrykk undervegs, og me er på veg mot eit mål. Der Jesus er, er det alltid nye muligheiter. Derfor er det viktig at trua vår får utvikla seg naturleg i takt med den menneskelege utviklinga.

Slik kan trua vår både vera ei barnetru som tillitsfullt tar imot Guds gåver og ei vaksentru som gir ein grunnleggjande ballast i møte med alt det livet inneheld.

Dette notatet blei først trykt i Kirkehilsen nr 3/2013, menighetsbladet som i desse dagar kjem i postkassene i bydelen. 


Lyset skin i mørkret

22/07/2012

Den norske kyrkja har møtt dagen i dag (22. juli 2012) med denne setninga frå evangeliet: Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det (Joh 1,5). Det er verkeleg ein god bodskap til oss i dag!

Eg vil markera dagen ved å trekkja fram Heidi sin salme som ho skreiv i etterkant av terroren i fjor. Salmen har fått melodi av Carl Petter Opsahl.

Med redde tankar

Tekst: Heidi Strand Harboe

Med redde tankar står me i det vonde,
me strekkjer tome hender ut mot deg.
Ver hos oss, Herre,
gøym oss ved ditt hjarte.
Forny vårt mot, så me kan finna veg.

Lat våre våte tårer vatna jorda
og opna oss, så kjærleiken kan gro.
Ver hos oss Herre,
varm oss ved ditt hjarte,
så alt som skrik i oss kan finna ro.

Gud, ver vår trøyst, vår tilflukt og vår styrke
så me kan reisa oss i håp og tru.
Ver hos oss, Herre,
gjev oss varme hjarte,
så me kan tenna håp og byggja bru.

Ja, send oss ut i kampen for det gode,
i kamp for liv og kjærleik skal me stå.
For du er Herre
over lengt og liding,
kom gjev oss mot, kom vis kor me skal gå.

Sjølv har eg hatt fri i dag og kunne derfor delta i minnegudstenesta i Stavanger domkyrkje og på kommunen si minnemarkering ved Breiavatnet. Det var godt å vera til stades begge stadane, sjølv om det blei både vått og kaldt i Byparken.

Oppdatering søndag kveld: Eg har nettopp sett minnekonserten frå Oslo. Det var sterkt at den gode, gamle We shall overcome blei tatt fram i denne samanhengen. Overraskinga var vel ikkje at Bruce Springsteen dukka opp, men at han gjorde det med denne songen.

Oh, deep in my heart, I do believe
We shall overcome some day.


Om guder og mennesker

04/01/2011

… munkene i vår film viser at religion kan skape fred i like stor grad som konflikt. Hvis vi kan plante det i hodene til folk – at de alltid må holde håpet levende og dialogen gående – da er jeg fornøyd. 

Det er manusforfattar Etienne Comar som seier dette, om filmen Om guder og mennesker (her).

Eg har nå sett filmen. Det var ei flott oppleving. Ein seriøs og sterk film om tvil og tru hos kristne som kjem opp i ein pressa situasjon.

Filmen viser også at eit respektfullt fellesskap mellom muslimar og kristne er mogleg. Me blir minna om at islam som religion og islamisme som ideologi ikkje er det same.

Her er eit utdrag frå distributøren sin omtale:

Munkenes trygge tilværelse mellom klosterets tykke murer trues av fundamentalister, som ikke er nådige mot folk med feil tro. De lokale myndighetene ber munkene reise hjem til Frankrike. Munkene tviler og diskuterer, men velger å bli. Trofaste mot sitt kall og sine oppgaver i lokalsamfunnet. OM GUDER OG MENNESKER er en stillferdig, men intens film om å beholde troen på det gode, selv om det onde synes å ta overhånd. (Les meir)

Omtalen er god, bortsett frå at eg ikkje syns omgrepet «klosterets tykke murer» passa særleg godt i denne samanhengen. Munkane i filmen budde ikkje bak tjukke murar, verken i bokstavleg eller overført tyding. Dei hadde nær kontakt med folket utanfor murane, og portane inn til klosteret var ikkje særleg avskrekkande for ubudne gjestar.

Omtalen gir også bakgrunnsstoff om cisterciensarane.


Religion kan skapa fred

28/12/2010

Filmen Om guder og mennesker verkar interessant. Her er eit par utdrag frå artikkelen Munker skaper ettertanke i Frankrike i DagenMagazinet:

Dominikanerbror og samfunnsdebattant Arnfinn Haram, blir nevnt i rulleteksten av filmen. Det skyldes at han var konsulent for den norske oversettelsen. Det var viktig for filmskaperne at det teologiske og språklige ble riktig gjengitt. Haram synes filmen er meget god, men han tror den representerer en test for norske medier og publikum.
– Det er bemerkelsesverdig at man kan ta opp religiøse temaer så fordomsfritt og uten den fordummende ironien som man er vant med, særlig fra Norge. Spørsmålet blir om det norske publikummet skjønner dette, eller om de blir nødt til å ironisere, sier han.

Og manusforfattaren uttaler seg slik om filmen:

Det er likevel spørsmålet om å bryte opp eller om å bli som er filmens gjennomgående dilemma. Manusforfatter Etienne Comar mener alle kan kjenne seg igjen i det.

– For meg var det store spørsmålet hvorfor munkene ble i Algerie. De visste om farene. Vi ønsket å fortelle historen om livene deres, ikke deres død, sier han til The Guardian.
– Det er blitt lett å se på religion som noe negativt, men munkene i vår film viser at religion kan skape fred i like stor grad som konflikt. Hvis vi kan plante det i hodene til folk – at de alltid må holde håpet levende og dialogen gående – da er jeg fornøyd, sier han.

Denne filmen bør eg visst sjå.


God jul 2010!

25/12/2010

Det er mange flotte tradisjonar i jula. Éin av dei tar Aftenbladet vare på: avisa har kvar jul ein leiarartikkel om julebodskapen.

I år la eg spesielt merke til to moment i leiarartikkelen Tro, håp og en ny start. For det første det heilt sentrale at jula har med tru å gjera. For det andre at me ved lesing av juleevangeliet, kan sjå meir av Gud ved å leggja merke til hans val av menneske og miljø der Jesus blei født.

Etter ei innleiing om kva som er viktige verdiar i jula, held leiarskribenten fram:

Det er et stort sprang fra den nøkterne og velkjente historien om en barnefødsel i Betlehem til troen på at det er et budskap med innhold og relevans for hverdagsliv i verdens rikeste land. Det går an å møte historien med en tro på Guds storhet, der valg av omgivelser og menneskelige vitner av det fattigste slaget, blir et evangelium i seg selv. Symbolsk forklart blir budskapet større og viktigere: Å knytte tro til et lite, uskyldig barn, til et håp og til en oppgave om å formidle opplevelsen til andre, gjør juleevangeliet til noe langt mer. Det har skapt grunnlag for undring og tilbedelse gjennom to tusen år. Og det har framfor alt gitt løfter og håp.

Det er ikke alt det andre som knyttes opp mot julebudskapet som er julen, selv om tradisjoner er viktig. Det er dette enkle, men likevel så vanskelige trosbegrepet. Troen gir håp, skaper livsverdier og grunnlag for å starte på nytt. Likegyldigheten er troens motsats. La derfor julens budskap være en inspirasjon til tro, håp, medmenneskelighet og samvær.

(frå leiarartikkelen i Stavanger Aftenblad 24. des. 2010)

Med denne helsinga frå avisa ønskjer eg lesarane av bloggen ei velsigna julehøgtid!


%d bloggarar likar dette: