Faste, ei tid for øving

Då fastetida begynte, skreiv eg eit innlegg om faste her på bloggen. Sidan har eg skrive ein del innlegg om Jesu lidingshistorie og om stadar knytt til denne historia, og det vil eg halde fram med.

Men idag (26.02.2005) vil eg peika på ei anna side ved fastetida. Det at me rett og slett blir utfordra til å tenkja gjennom våre prioriteringar. Eg las nettopp ein artikkel, Ord i fastetiden, på kyrkja sine nettsider. «Fastetiden er en tid for øvelse, – skjerpe sansene, lydhørheten, få øye på ditt eget liv, menneskene rundt deg, og Gud.» Slik skriv Virve Tynnemark i artikkelen som eg gjerne vil tipsa deg om i dag.

Elles er det kanskje òg tid for å minna om eit av dei første innlegga eg skreiv her på bloggen, om stillhet. Det var ikkje skrive med tanke på fastetida, men passar godt inn i samanheng med artikkelen Ord i fastetiden.

Taizé

3.05.2005: Fellesskapet i Taizé har vore ei inspirasjonskjelde for meg gjennom mange år. Eg møtte det gjennom ein venn som hadde vore i Taizé og som brakte tenkninga og songane deira med heim. Taizé (blir uttalt Tézé) er namnet på ein liten landsby i Frankrike. Der er det eit økumenisk fellesskap som er til stor … Hald fram med å lese «Taizé»

3.05.2005: Fellesskapet i Taizé har vore ei inspirasjonskjelde for meg gjennom mange år. Eg møtte det gjennom ein venn som hadde vore i Taizé og som brakte tenkninga og songane deira med heim.

Taizé (blir uttalt Tézé) er namnet på ein liten landsby i Frankrike. Der er det eit økumenisk fellesskap som er til stor inspirasjon for unge kristne over heile verda. Fellesskapet er kjent for sine songar, for aktiv bruk av stillhet og for sitt hjelpearbeid og forsoningsarbeid.

Fellesskapet har to mål:

  • Å søkja fellesskap med Gud gjennom bøn, både personleg og gjennom «skjønnheten i fellesbønnen», som dei sjølve uttrykkjer det.
  • Å arbeida for fred og tillit blant menneska.

Taizé-fellesskapet har gode og innhaldsrike nettsider. Her kan du bl a læra songane deira og du kan finna ut koss du reiser viss du vil besøkja staden.

Kvar veke tar fellesskapet i Taizé imot unge og vaksne som vil dela tid i bøn, lovsong og samtale. Dei tilreisande er i Taizé frå sundag til sundag. Nokre veker kan det vera fleire tusen tilreisande! Slik har gudstenesteformen og songane deira blitt kjent over heile verda. Songane frå Taizé er enkle og meditative i formen. Dei to mest kjente her i Norge er Laudate omnes gentes og Å Gud, høyr vår bøn. Mange av songane er med i Salmer 1997. Det er dessutan gjeve ut eit eige hefte med Taizesongar: Sanger fra Taize.

Dei av lesarane som bur her i området, kan koma til Bryne kyrkje førstkomande sundag kveld, 27. februar kl 19.00. Då er det Taizégudsteneste i kyrkja. Sjølv om me sjølvsagt ikkje kan gjenskapa stemninga frå Taizé, der store mengder unge menneske samlar seg i Forsoningskyrkja til gudsteneste tre gonger om dagen, kan me bruka dette i vår samanheng og ha ei enkel gudsteneste prega av stillhet og av songane frå Taizé.

Grotta i Getsemane

Nå i vekene fram mot påske 2005 skriv eg nokre artiklar om tekstar og stadar knytt til Jesu lidingshistorie i Jerusalem. Her kjem den siste av fleire artiklar om Getsemanehagen ved foten av Oljeberget, like aust for Gamlebyen i Jerusalem. Etterkvart skal det koma fleire artiklar om resten av lidingshistoria. Bli med meg vidare, på sporet av Jesus!

Dei fleste som kjem til Getsemane er opptatt av å sjå Alle Nasjonars kyrkje og dei gamle oliventrea utanfor kyrkja. Men like i nærleiken er det ein annan og mindre kjent stad som utfyller opplevinga i kyrkja. Her ligg det ei lita grotte som i fleire hundre år har vore innreia som eit kapell.

Tradisjonen knyter denne grotta til Jesus og disiplane, og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. NT fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei, fordi dei var vane med å sova på denne staden?

Lukas fortel, tidlegare i forteljinga om Jesu siste påske: Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget og var der om natta. (Luk 21,37)

Kanskje var det her Nikodemus kom om natta for å snakka med Jesus om trua på Gud?

Viss tradisjonen har rett, og det er faktisk ikkje så usannsynleg, var dette staden der Judas forrådte Jesus med eit kyss og der Jesus blei tatt til fange.

Jesus sa: De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar. Dag etter dag var eg saman med dykk på tempelplassen; då la de ikkje hand på meg. Men dette er dykkar time, no er det mørkret som rår. (Luk 22,52-53)

Tradisjonen om denne staden er svært gamal. Fleire skriftlege kjelder frå 300-talet nemner denne grotta og knyter den til Jesus og disiplane. Og desse kjeldene byggjer på den lokalkunnskapen som den første kristne menigheten i Jerusalem hadde.

Eg huskar spesielt ein gong eg kom til grotta. Det var ein varm dag og eg skunda meg inn i den kjølige lufta inne i grotta. Munken som passa staden, gjekk med langkost og vaska golvet. Han hadde ein CD med salmesong i musikkanlegget. Eg blei venleg, men bestemt plassert på ein stol mens han vaska ferdig. Så kunne eg få gå rundt og sjå. Han gav meg ein brosjyre som viste til aktuelle bibelstadar, fortalde historia om staden og som inneheldt ei bøn som kunne hjelpa meg og andre besøkjande til å ha ein andaktstund ved altaret i grotta.

Tankane gjekk til forteljingane om Jesus og disiplane. Så makta de ikkje å vaka éin time med meg? sa Jesus til Peter. Han var nok skuffa av disippelen som han elska så høgt. Eg trur nok eg ville ha sovna, eg òg, om eg hadde vore der. Og eg skuffar nok Jesus mange gonger, i mitt liv i dag. Det gir verkeleg ein del stoff til ettertanke, å sitja der i grotta i Getsemane. Samtidig er det befriande å vita at Jesus gjekk inn i lidinga, nettopp for å frelsa oss vanlege menneske. Eg kjem enda ein gong tilbake til det grunnleggjande i trua: For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh 3,16)

Brother John

Brother John was a monk who lived in a remote monastery in northern England. He was very happy in his job, and the special responsibilities he had in the kitchen kept him busy. However, one day a new Abbot was appointed. He proved to be rather strict, and insisted that every monk should take his … Hald fram med å lese «Brother John»

Brother John was a monk who lived in a remote monastery in northern England. He was very happy in his job, and the special responsibilities he had in the kitchen kept him busy. However, one day a new Abbot was appointed. He proved to be rather strict, and insisted that every monk should take his turn in preaching. Brother John was rather disturbed by this because he did not like preaching sermons, since he could never think of anything to say. But the Abbot insisted that he should take his turn.

Eventually the Sunday arrived when Brother John was due to preach. The time came for the sermon and he ascended the pulpit steps. He was extremely nervous and had long been in a cold sweat. Leaning over the pulpit, he said to the congregation, "Have you any idea what I’m going to say this morning?" The reply came back, "No". "Well, neither have I", said Brother John, and he jumped down from the pulpit and ran into the Vestry.

The Abbot was furious and was hot on his heels. Giving him a good telling off, he insisted that on next Sunday he was to deliver a proper sermon. The next Sunday came, and again Brother John nervously ascended into the pulpit. Looking down on the congregation, he said, "Have you any idea what I’m going to say this morning?" Seeking to encourage him, the congregation this time said "Yes". To which he replied, "Well then, there is no need for me to tell you!" and off he shot into the Vestry. The Abbot was red with fury and hotly percued him, cornering him against the cupboards in the Vestry. "Next Sunday," he said, "you will preach a full and proper sermon, or there will be trouble."

Brother John knew that there was no way he could get out of his obligation this time. So Sunday came, and he ascended into the pulpit for the third time. He again asked the congregation, "Have you any idea what I’m going to say this morning?" This time the congregation were unsure what to say; some muttered "Yes" and some "No". Then Brother John said, "Those who know tell those who don’t know." At which point he again jumped down from the pulpit and raced into the Vestry. Meekly standing in the corner, he fearfully awaited the wrath of the Abbot. However, much to his surprise nothing happened, and for ten minutes he stood there hearing only chatter coming from the church. Eventually the Abbot did appear, but with a broad smile on his face. "That was the best sermon I have ever heard", he said, "Those who know tell those who don’t know" – brilliant! That is what evangelism is all about."

Eg måtte bare dela denne historia med dykk!

Eg fann den i boka Creative Ideas for Youth Evangelism av Nick Aiken.

Alle Nasjonars kyrkje

Dei fleste som kjem til Getsemane, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja. Denne kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei kyrkje frå 300-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

Ein gong eg kom til kyrkja, opplevde eg å vera der ein stund heilt åleine. Eg syns det var flott. Eg knelte ned framfor den flate klippa. Og eg studerte dei store mosaikk-bileta over altaret. Det er tre store bilete som viser til forteljingar knytt til denne staden: Det første biletet viser Judas som forråder Jesus, det andre viser Jesus i bønekampen og det tredje viser Jesus som seier «Eg er».

Men plusteleg var det slutt på freden og roen! Inn velta det ei gruppe amerikanske turistar som stort sett var opptatt av å ta masse bilete med blitz, trass i at det står oppslag om ikkje å gjera det. Deretter song dei eit halleluja-vers og hasta så vidare til ein ny stad. Mon tru om dei opplevde noko heilagt med denne staden? Eller var det bare var ein severdighet for dei? Det skal òg nemnast at det kom enda ei gruppe turistar mens eg var i kyrkja. Dei hadde heldigvis litt meir ro over seg.

Mange som kjem til Getsemane, er mest opptatte av hagen utanfor kyrkja. Her står det nokre eldgamle oliventre. Mange guidar vil nok hevda at desse er så gamle at dei var vitne til Jesu bønekamp her i Getsemane. Det syns eg ikkje er logisk. Om dei verkeleg skulle vera frå det første hundreåret (og slike tre kan visst bli så gamle!), må dei ha vakse opp etter år 70, då romerske soldatar hogg ned og brann opp alt brennbart under beleiringa av Jerusalem.

(Oppdatering: Sjå notatet Gamle oliventre i Getsemane frå 2012)

Likevel, sjølv om eg er skeptisk når nokon prøver å fortelja meg at desse trea stod der då Jesus levde, så gjer desse gamle trea inntrykk! Dei er spesielle, og Getsemane er ein spesiell plass. Staden er sterkt knytt til Jesu siste påske. Her kjem tekstane om koss Jesus kjempa i bøn like før han gjekk inn i lidinga og døden, svært nær.

Det må òg seiast at hagen ikkje er stor, og dessverre er det visst nødvendig å gjerda den inne. Me som besøkjer staden, får altså ikkje lov til å gå inn mellom trea. Vel, vel. Eg innser at viss alle turistar som ville, kunne brekka av ei grein for å ta den med heim, ville desse trea si lange historie få ein brå slutt!

Getsemane

Oppdatering: Sjå også det nyare notatet Getsemane og Oljeberget, som har meir info om kva som er å sjå i Getsemane i dag.

Getsemane er eit kjent stadnamn frå Bibelen. Staden er først og fremst knytt til Jesu lidingshistorie. Les me bibelforteljingane nøye, ser me at dette var ein stad der Jesus og disiplane ofte var samla. Dei budde ikkje fast i Jerusalem, men reiste nok som jødar flest tre gonger i året til byen i dei store høgtidene. Då var det fullt av folk i Jerusalem, og det er ikkje unaturleg at dei hadde ein eller fleire faste samlingsstadar. Kanskje Getsemane var ein slik stad?

Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med disiplane sine og over til andre sida av Kedronbekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og disiplane hadde ofte kome saman der.

Her i Getsemane var det Jesus kjempa ein avgjerande bønekamp før han frivillig gjekk inn i lidinga og døden. Han lot flokken med venner venta på samlingsstaden og tok dei tre disiplane han hadde eit nærast forhold til, med seg lenger inn i hagen. Der blei han gripen av sorg og gru. Han bad dei tre vaka med han, og gjekk så for seg sjølv eit lite stykke unna og bad: Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.

Mens Jesus bad, sovna disiplane. Noko seinare, då Jesus hadde vekt dei og han igjen var saman med alle disiplane, kom det folk for å ta han til fange. Kven var det eigentleg som arresterte Jesus? Johannes fortel at Judas hadde fått med seg vaktstyrken og nokre menn frå overprestane og farisearane, og no kom dei dit med faklar og lampar og våpen. Vaktstyrken det her er snakk om, var ein romersk hæravdeling som var stasjonert i Jerusalem under dei store jødiske høgtidene, for å oppretthalde ro og orden. Jesus stakk ikkje av i denne situasjonen, men gjekk i møte med dei og lot det skje. Disiplane derimot, dei rømde.

Ein liten detalj frå Markusevangeliet: Ein ung mann følgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han, men han sleppte linkledet, og rømde naken. I kommentarane i NTR les eg: Det at det bare er Markus som fortel om dette, har ført til tanken at den unge mannen var evangelisten sjølv. Den improviserte påkledninga (tilsvarande «i bare nattskjorten»), tyder på at han ikkje var ein av deltakarane i påskemåltidet som Jesus og disiplane hadde feira like før. Kanskje han budde i nærleiken og eigentleg hadde gått til ro, men nå fulgte etter for å sjå kva som skjedde?

Idag er Getsemane prega av kyrkjer og hagar. To av desse stadane har betydd noko spesielt for meg, og dei vil eg skriva litt meir om:

  • Alle Nasjonars kyrkje og hagen med gamle oliventre
  • Grotta i Getsemane

Via Dolorosa

Forteljinga om Jesu liding og død er sentral i den kristne trua. Kristne har gjennom alle tider vore opptatt av historia om det som skjedde då Jesus i løpet av nokre dramatiske timar og dagar blei arrestert i Getsemane, blei forhøyrt av dei jødiske leiarane og av Pilatus, blei spotta og piska og til slutt døydde på korset.

Eg vil nå i vekene fram mot påske skriva nokre artiklar som går inn på dei ulike delane av lidingshistoria.

Uttrykket Via Dolorosa (lidingsvegen, smertevegen) blir brukt om den vegen Jesus måtte gå mot døden på korset, både i geografisk forstand og i overført betydning.

Opplevinga av at Jesu liding og død er så viktig, har òg ført til at mange kristne har fått ein spesiell interesse for byen Jerusalem der Jesu lidingsveg historisk gjekk. Denne interessa har eg òg kjent på i nokre år, og eg fekk i 2001 ein studiepermisjon då eg arbeidde med temaet under tittelen Jesu lidingsveg – innhald og lokalisering. I tillegg til å gå inn i innhaldet i lidingsvegen, har eg altså vore opptatt av å finna ut kor Jesus reint fysisk blei ført, frå han blei arrestert til han blei henretta og gravlagt. Kan me idag finna stadane der dette skjedde?

Eg delar Jesu lidingshistorie opp i desse avsnitta:

  • Jesus i Getsemane
  • Jesus i møte med dei jødiske leiarane
  • Jesus i møte med dei romerske leiarane
  • Jesu død på Golgata

I tillegg til dette som direkte kan kallast lidingshistoria, er det vanleg og naturleg å føra linja vidare fram til Jesu grav. Kva veit me om staden der han blei gravlagt og der Det nye testamentet forkynner at han stod opp frå dei døde?

Ei gudsteneste eg var med på for nokre dagar sidan, slutta med orda «Følg Kristus på vegen mot påske, til fornying og fordjuping i trua!» Det kan vera ei oppfordring til oss alle. Gjer me det, blir fastetida ei førebuingstid før påske, også for oss.

Kristne fellesskap

Ein menighet er eit kristent fellesskap. Samtidig består ein menighet av mange små og store fellesskap på forskjellig nivå og med forskjellig funksjon. Det er verdifullt å høyra til i eit kristent fellesskap. Her vil eg skriva litt om ulike typar fellesskap innan ein menighet. Ein annan gong kan eg heller skriva om kva som … Hald fram med å lese «Kristne fellesskap»

Ein menighet er eit kristent fellesskap. Samtidig består ein menighet av mange små og store fellesskap på forskjellig nivå og med forskjellig funksjon. Det er verdifullt å høyra til i eit kristent fellesskap. Her vil eg skriva litt om ulike typar fellesskap innan ein menighet. Ein annan gong kan eg heller skriva om kva som særpregar kristne fellesskap i forhold til andre typar menneskelege fellesskap.

For det første er menigheten det store fellesskapet, der ulike menneske samles i gudstenesta. Her tel verken alder, sosial status eller kjønn. Ein kjem ikkje saman fordi ein har felles interesser eller meiner det same om saker og ting. I gudstenesta tener Gud oss og me tener Gud. Gudstenesta er eit ope og stort fellesskap, derfor er det ikkje så forpliktande. Her finn me i følgje luthersk kyrkjetenking det som gjer oss til menighet; forkynninga av evangeliet og forvaltninga av sakramenta dåp og nattverd. Dei fleste menighetar har desse samlingane på sundagen, som er Herrens dag (me kristne har sundagen som heilagdag pga Jesu oppstode frå dei døde).

Innan ein menighet er det dessutan ofte fleire ulike kristne verksemder som kan vera opne eller medlemsbaserte, og som utgjer ein del av menigheten. F eks eit ungdomsarbeid, ei speidargruppe, eit alphakurs, ein kristen organisasjon. Dei som deltar er saman fordi dei har ein aktivitet eller interesse saman, eller fordi dei er i same alder eller i same livssituasjon. Eg har her og nå ikkje noko godt fellesord for denne typen fellesskap, men kallar dei altså her for kristne verksemder innanfor menigheten.

Vidare er det i ein menighet mange små fellesskap, det me med eit fellesord kan kalla smågrupper. Det er ofte mange typer smågrupper i ein menighet; bønegrupper, bibelgrupper, samtalegrupper, cellegrupper, husfellesskap, misjonsforeningar. Kjært barn har mange namn. Det som særpregar desse gruppene er at dei er små og forpliktande. Du blir sakna viss du ikkje kjem.  Her har dei som er med, eit nært fellesskap med kvarandre. Dei som er i gruppe med kvarandre, blir etter kvart godt kjente.

Vidare er det i ein menighet ulike tenestefellesskap. Dei som er saman om ei teneste, arbeider seg saman i eit tett fellesskap. Dei har samlingar der dei forbereder seg og ber for tenesta si. Det vanlegaste eksempelet på tenestefellesskap er dei som er leiarar saman i ei eller anna gruppe. Dei utgjer eit slikt tenestefellesskap. Men det kan òg vera dei som er saman f eks i ei lovsongsgruppe eller i eit kor. Dei har det fint saman når dei øver, men hensikten med fellesskapet deira er at dei skal tena andre med songen og musikken.

Til slutt tenkjer eg på den dimensjonen ved det kristne fellesskapet som me kan kalla samtale- eller sjelesorgsfellesskapet. Eg tenkjer på alle dei gode samtalane på tomannshand som skjer i ein menighet. Me hjelper kvarandre som menneske og som kristne. Dette er ei side ved fellesskapet som alle kan vera med på. Alle har nokon dei kan bety noko positivt for. I tillegg til denne vanlege omsorgsfunksjonen, er det òg kristne leiarar som har det som ein del av tenesta si å ha samtalar med andre, f eks prestar, diakonar, ungdomsleiarar osv.

Her har eg altså prøvd å systematisera fem ulike fellesskapsnivå i ein menighet. Det finst heilt sikkert andre måtar å setja dette opp på. Uansett er det nyttig å sjå fellesskapet i menigheten sin i fugleperspektiv, og tenkja gjennom kvar ein er sjølv i dette biletet. Eg trur det er sunt for eit kristent menneske å tilhøyra fleire av desse typene fellesskap i menigheten. Men alle treng ikkje vera med i alt, i alle høve ikkje samtidig!

Faste

Idag (onsdag 9. februar 2005) når eg skriv dette, er det Askeonsdag. Idag begynner fastetida. Det er ei tid då mange kristne konsentrerer seg om Jesu vandring mot Jerusalem og hans lidingshistorie. Dette er på ein måte ei førebuingstid før påske, på same måte som advent er ei førebuingstid før jul. I vår kyrkje har … Hald fram med å lese «Faste»

Idag (onsdag 9. februar 2005) når eg skriv dette, er det Askeonsdag. Idag begynner fastetida. Det er ei tid då mange kristne konsentrerer seg om Jesu vandring mot Jerusalem og hans lidingshistorie. Dette er på ein måte ei førebuingstid før påske, på same måte som advent er ei førebuingstid før jul.

I vår kyrkje har me ikkje sterke tradisjonar for å fasta på den måten at ein held seg borte frå f eks mat i denne tida. Det er likevel ein del kristne som ønskjer å gjera dette for å kunna konsentrera seg meir om Guds Ord og bøn i denne tida. Det dreier seg i så fall om å velga bort noko for å kunne konsentrera seg om noko anna. Ein langt vanlegare form for å markera fastetida, er at ein prioriterer bøn og lesing av bibeltekstar og annan åndeleg litteratur som passar til fastetida sitt innhald, spesielt det som er konsentrert omkring Jesu lidingshistorie.

Me kan òg merka oss at det i Bibelen finst ein del tekstar som er sterkt kritiske mot ein faste som som gjer oss opptatt av oss sjølv og vår eigen religiøse praksis. Desse tekstane peiker på at Gud er meir opptatt av det som skjer inni oss og det me gjer for vår neste.

På grunn av dette siste har Kirkens Nødhjelp prioritert fastetida som ei tid for å setja dei lidande på dagsorden. Kirkens Nødhjelp har kvart år ei fasteaksjon som heiter Brød for verda. Denne aksjonen samlar i år inn pengar spesielt til arbeidet mot menneskehandel.

Profeten Jesaia seier:

Er dette den faste eg vil ha: ein dag då mennesket plagar seg sjølv, heng med hovudet som sevet, kler seg i botsdrakt og ligg i oske? Kallar du dette for faste, er det ein dag etter Herrens vilje? Nei, så er den faste som eg vil ha: at du løyser dei som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut den som er trælka, ja, knekkjer kvart åk, at du deler ditt brød med den som svelt, og lèt heimlause stakkarar koma i hus, at du kler den nakne som du ser, og ikkje sviktar dine eigne. (Jes 58,5-7)

Jesus seier:

Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei skapar seg til, så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn. Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet, så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg. (Matt 6,16-18)

Han Innante 2005

Denne veka var eg på revy (februar 2005). Fekk med meg premieren på Han Innante sin nye revy i Stavanger Konserthus. Det var ei herleg oppleving med mykje god humor. Han Innante har med seg åtte kamerattar og ei heimehjelp, og denne gjengen køyrer eit originalt show med god musikk og mange spesielle effektar, prega … Hald fram med å lese «Han Innante 2005»

Denne veka var eg på revy (februar 2005). Fekk med meg premieren på Han Innante sin nye revy i Stavanger Konserthus. Det var ei herleg oppleving med mykje god humor. Han Innante har med seg åtte kamerattar og ei heimehjelp, og denne gjengen køyrer eit originalt show med god musikk og mange spesielle effektar, prega av godt utvikla fantasi og humoristisk sans.

6a00d8341cb87053ef00e54f48a5568834-640wiLikevel lo eg nok ikkje like mykje som sist dei hadde revy. Eg tenkjer meg det var fordi eg nå kjente uttrykksmåten og humoren frå før. Den første revyen deira, På bedringens rand, overrumpla meg nok meir.

Elles har eg eit spesielt forhold til denne gjengen fordi eg kjenner nokre av dei frå før. Brakkvald, Han Innante sjølv, gjekk eg gymnaset saman med, og han hadde alt då ein velutvikla fantasi. Då kalla me han for øvrig Torolv. Og Tor, alias Sjur Oppfinnar, er eg jo kollega med og har kjent sidan me var teologistudentar. I tillegg har denne galne gjengen alliert seg med Rita Fotland frå Time, så her var det mange kjente fjes å sjå. Det blei forresten sagt at Rita, som spelte heimehjelp og trekkspel, var levert av Hjelpemiddelsentralen.

Han Innante er opptatt av pillosofi, og han tar bl a opp det grunnleggjande problemet: Kem e eg, – og kor ofte? Elles har han flotte innslag som Blues om hendelsesløysa og Alt blir enklare med datta.

Når det gjeld data, er du vel klar over at pc’en er nemnt i Bibelen? Då opna jorda seg og slukte Datan, står det i Salmane, og sjølv om Han Innante ikkje hadde med dette poenget, er det vel nokon som har tenkt på denne løysinga når dataproblema tårnar seg opp.

God humor er noko godt. Det høyrer saman med livsglede og overskot, og derfor trur eg òg det høyrer saman med å tru på ein Gud som har skapt oss nettopp med evne til livsglede og overskot!

Paulus i Athen

Viss du kjem til Athen i dag, kan du ikkje unngå å bli fascinert av Akropolis. Eit fjellplatå midt i sentrum, med fleire gigantiske tempel. Nokre av dei er relativt godt bevarte. Templa er 2400 år gamle; dei blei bygde mellom år 448 og 406 f Kr!

Det betyr at templa var over 400 år gamle då Paulus kom til Athen. Då var byen, som 400 år tidlegare hadde vore så mektig, ein liten avsides by. Framleis var filosofane viktige i denne byen som ikkje heilt hadde greidd å følgja med i tida. Nå var det Korint som var ein raskt veksande og viktig storby med handel og internasjonale kontaktar rundt i Romarriket. Kanskje det var derfor Paulus ikkje stifta nokon menighet i Athen? Han ville nok heller satsa på Korint!

Når eg kjem til Athen, er eg først og fremst turist. Ein kulturinteressert turist. Eg lar meg fascinera og imponera. Eg studerer templa og andre bygningar og ser på dette som kunst og kultur. Og for meg er det heilt ok å sjå slik på dette. Men me kan jo merka oss at Paulus reagerte på ein heilt annan måte. Han blei først og fremst provosert. Kraftig provosert! Lukas fortel i Apostelgjerningane at Paulus blei opprørt då han såg at byen var overfylt med gudebilete (Apgj 17,16).

Paulus nytta ventetida i Athen til å snakka med folk. Det vil seia at han vitna om trua på Jesus så snart han fekk ein sjanse. Dette gjorde han blant jødane i synagoga og blant dei filosofisk interesserte athenarane, som hadde samlingsplassen sin på Agora (det greske ordet for torget). I dag er Agora utgraven av arkeologane, og me får ganske godt inntrykk av koss det såg ut i gamal tid. Frå dette gamle torget kan me gå ein sti opp til Areopagos, ei lita høgd som var møtestad for domsstolen i byen. Dit opp blei Paulus ført. Der er det ein fantastisk utsikt; ned på byen og opp på templa på Akropolis, som ligg like ved.

På Areopagos talte Paulus på oppfordring. Han var blitt utfordra til å seia meir om kva han var så opptatt av. Og den anledningen brukte han på ein glimrande måte:

 «Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. 23 For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: ‘For ein ukjend Gud’. Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk.

Innhaldet i talen (som du finn i Apgj 17,22 ff):

  • Innleiinga der han fanga interessa hos tilhøyrarane med å seia at dei var svært religiøse. Dette likte dei nok å høyra!
  • Klage over avgudsdyrkinga i byen
  • Tale om rett og feil gudsdyrking
  • Kristen forkynning om Jesus, om omvending og om oppstode frå dei døde

Resultatet av talen var at nokre spotta og lo mens andre var interesserte og sa dei ville høyra meir ein annan gong. Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei som kom til tru, var ein av domarane på Areopagos, Dionysios, og ei kvinne som heitte Damaris.

Begge desse namna gir meg forresten gode assosiasjonar. Dionysios er namnet på ein gresk prest og munk som eg har møtt og som gjorde eit sterkt inntrykk. Han leier eit gresk-ortodokst kloster eg har besøkt fleire gonger. Og Damaris er namnet på eit interessant senter som er opptatt av å visa at kristendomen er aktuell for samtidskulturen vår.

Me kan merka oss eit par interessante ting ved innhaldet i Paulus sin tale på Areopagos.

A. Paulus hadde eit altomfattande perspektiv då han talte til athenarane, og han var krass i kritikken av gudebileta på Akropolis: For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: «For vi er hans slekt.» Er vi då Guds slekt, må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein som menneskekunst eller mennesketanke har forma.

B. Paulus forkynte her direkte for heidningar. Dette er ikkje tale til jødar eller til dei som dyrka GudDerfor tok han ikkje utgangspunkt i GT og forkynte Jesus inn i den profetiske samanhengen, slik han ofte gjorde andre stadar. Nei, her tok han utgangspunkt i den religiøsiteten som var aktuell for tilhøyrarane, og det var den greske gudeverda!

For Paulus var templa på Akropolis provoserande, for meg er dei interessant og spanande kulturhistorie. Eg lever i ei anna tid, og me ser på templa meir som historiske monument enn som religiøse symbol. Men sjølv om eg lever i ei anna tid, gir Paulus meg viktige impulsar i talen på Areopagos. Han lærar meg noko om å ha eit bevisst forhold til samtidskulturen og om å gjera den kristne trua aktuell og levande for dei som har ei anna tru.

(Oppdatert med tekstar frå Bibel 2011)

Oppdatering: Sjå også notatet Paulus på Areopagos (2019) der eg arbeider vidare med bibelteksten i Apg 17,22-34.