Om bloggen

Velkommen til bloggen min!

arne_berge_02_-1

(Foto: Jonas Haarr Friestad, Aftenbladet)

Notata på denne bloggen handlar ofte om den kristne trua og dei bibelske landskapa. Eg skriv gjerne om historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Og eg er opptatt av den kristne trua sine jødiske røter.

Det hender også at eg skriv om heilt andre emne, som f eks bøker, kulturhistorie, slektshistorie, norsk språk, pilegrimsvandringar og anna friluftsliv og reiseliv. Bloggen blir skriven på Bryne. Ein del notat har eit visst lokalt og/eller personleg tilsnitt. Den som les, får sjå.

Livet er sjølvsagt mykje meir variert enn det denne bloggen viser. Eg har familie som eg trivst saman med. Eg har gode venner. Og eg har ei interessant teneste som sokneprest i Hinna menighet i Stavanger. Alt dette er viktig for meg, sjølv om det i liten grad viser igjen på bloggen.

Eg begynte å skriva på bloggen i januar 2005, inspirert av ein av sønene mine. Sidan har eg halde fram, meir eller mindre regelmessig. Det er i dag ca 1375 notat på bloggen. Det er mogleg å søka i desse ved å bruka søkefunksjonen i høgre spalte.

Kontaktinformasjon:

berge dot arne (at) gmail dot com eller facebook.com/arne.berge

Helsing Arne

9 svar til Om bloggen

  1. sigve lauvaas seier:

    Takk for en fin blokk/nettside. Jeg, og mange med meg,
    setter enormt stor pris på gode nettsider, nettsider
    med et tydelig kristent budskap – og som er formet på
    en leservennlig, oppmuntrende måte. Hilsen sigve

  2. Johanna Dahl seier:

    Hej Arne!
    Vilken spännande blogg du har. Jag besökte Israel för första gången i april-maj. Det var fantastiskt att få komma dit och besöka platser jag bara hade läst om tidigare. Bibeln blir ännu mer “levande”. Spännande att ta del av det material som du har lagt ut. Går det bra att jag länkar till dig?

    Hälsningar
    Johanna Dahl

  3. Arne seier:

    Hei Johanna. Flott at du finn interessant stoff her på bloggen. Eg kjenner meg igjen i det du skriv om at Bibelen blir meir levande når me får med oss det geografiske perspektivet. Du kan sjølvsagt ha ei lenke hit til bloggen, det er bare hyggeleg! Helsing Arne

  4. Bjørn A Wegge seier:

    Hei Arne.
    Takk for at du gjorde meg oppmerksom på bloggen din. Du er innom mye intressant. Støtter opp om det flere kommenterer: Bibelen blir mer interessant når man trekker inn kulturhistorie, geografi og også aktuelt tradisjonsstoff. Gleder meg til å lese ditt “paper” om Flukten til Egypt. Forstår at du har vært innom mange ulike kilder. Det kan virke berikende.
    Fortsatt gode juledager og velsignet nytt år.
    Bjørn A Wegge
    Oslo nest siste dag i året 2009

  5. Arne seier:

    Hei Bjørn. Takk for hyggeleg helsing. Får sjå kva tid eg kan gje deg noko meir handfast om Flukta til Egypt. Foreløpig får du følgja med her på bloggen …😉 Elles vil eg gjerne få sagt at de i NMIØ gjer ein viktig og flott innsats for dei kristne i Egypt! Helsing Arne

  6. Takk for interessant informasjon

  7. Venke Tinnen seier:

    Hei Arne. Interresant å lese innlegget ditt fra Jesus trail. Vi er to par som skal ta den turen nå i september. Håper temperaturen synker noen grader til da. Det vi lurer på er hvilket fottøy som egner seg til turen. Hvilket terreng skal vi gå i? Bør vi ha fjellsko eller fungerer det bra med lettere joggesko? Venke

  8. Prestestudent seier:

    Glad jeg fant denne bloggen. Mye nyttig her og flotte artikler!

    https://prestebloggen.wordpress.com/

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: