Synagogen i Magdala

Mykje av Jesu offentlege verksemd skjedde geografisk på eit relativt lite område på nordvest-sida av Gennesaretsjøen. Eg har reist mykje i dette området og syns det er flott å koma til dei ulike stadane som er knytt til Jesu liv. Nå har eg for første gong vore i Magdala Center, eit katolsk pilegrimssenter som er under oppbygging. Her er det gjort interessante arkeologiske utgravingar og (foreløpig) bygd eit flott kyrkjebygg.

Eg har kome heim frå ein ny studietur i Israel og dei palestinske områda (februar 2015). Førsteamanuensis Fartein Valen-Sendstad var med som fagleg ansvarleg. Det var svært interessant å reisa saman med han!

I forhold til interessa for Jesu liv, var besøket i Magdala spesielt viktig for meg. Før har eg bare køyrt forbi på veg 90 over Ginosarsletta, – og gått i naturen i nærleiken, på stigen ned frå Arbelfjellet og Duedalen mot Kapernaum.

Magdala var på Jesu tid ein viktig fiskarby ved Gennesaretsjøen. Byen blir rekna som heimstaden til Maria Magdalena. Det har vore kjent kor den låg; stadnamnet eksisterer her den dag i dag i forma Migdal. Men det er først frå 2009 det er gjort systematiske arkeologiske utgravingar på staden. Det som har vekt mest oppsikt, er funnet av ein synagoge frå det første hundreåret. Då er me altså tilbake til Jesu tid. Staden blei truleg øydelagt av romarane under det jødiske opprøret i år 66-67.

Synagogen i Magdala

Magdala 2015

Synagogen er i seg sjølv svært interessant; det er ikkje funne meir enn 8-9 synagogar frå det første hundreåret.

Men det som gjer dette synagogefunnet unikt, er ein stein som er dekorert med jødisk tempelsymbolikk. Steinen (i sentrum av bilda) blei funnen sentralt i hovudrommet i synagogen, og har kanskje vore ein slags lesepult for lesinga av dei heilage skriftene. På informasjonstavla på staden blir steinen kalla “the ornamented furnishing”.

Eitt av symbola på steinen var den sjuarma lysestaken – menorahen – frå tempelet i Jerusalem. Steinen snur opp/ned på tidlegare tankar om det samfunnet som Jesus verka i. Sjølv om me kjenner uttrykket heidningars Galilea frå Matt 4,15, er det nå meir naturleg å tenkja at det har vore eit nært og forpliktande forhold mellom jødedomen i Galilea og den jødiske leiinga knytt til tempelet og Jerusalem.

Har Jesus undervist i denne synagogen? Har han stått ved denne steinen og lese frå Skriftene? Ja, eg tenkjer at det er gode grunnar til å tru det!

For her kjem me svært nær fortellingane i Det nye testamentet:

Sidan fór Jesus omkring i heile Galilea; han underviste i synagogane deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage hos folket. (Matt 4,23 og tilsvarande tekst i Matt 9,35).

Foreløpig er det ikkje publisert noko offisielt frå utgravingane. Informasjonen eg har, er frå den lokale guidinga og frå Fartein sine forelesingar på turen. Eg fekk også med meg eit par brosjyrar frå staden.

Eg har tidlegare (desember 2010) skrive om staden i notatet Synagogefunnet i Magdala.

Her er eit par bilde frå informasjonstavla ved synagogen.

Teikning på informasjonstavle, Magdala 2015

Informasjonstekst, Magdala 2015

4 svar til Synagogen i Magdala

  1. Solveig Bjørheim Andreassen seier:

    Så flott Arne. Gleder meg over nye funn og bloggen din.
    Sba

  2. […] restaurant, konferansesenter og multimediasenter. Og ikkje minst: Det er gjort svært viktige arkeologiske funn på […]

  3. […] Oppdatering: Eg besøkte denne synagogen for første gong i februar 2015, og skreiv etterpå dette notatet her på bloggen: Synagogen i Magdala. […]

  4. […] står der steinen blei funnen (bildet). Etter besøket i februar 2015 skreiv eg om staden i notata Synagogen i Magdala og Pilegrimskyrkja i Magdala. Seinare var eg tilbake på staden saman med Inger i sommar. Eg satsar […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: