Jesus som flyktning

Notat til søndagens tekst: Matt 2,13-15

Matteusevangeliet fortel at Josef og Maria flykta med barnet Jesus til Egypt.

For oss kan forteljinga vera ei påminning om at Jesu barndom ikkje bare handlar om eit barn i ei krybbe, men også om vondskap og ei dramatisk flukt. Det var eit brutalt samfunn. Dette ser me tydeleg både i samband med Jesu fødsel og ved døden på korset.

Eg tenker at teksten viser oss kor langt Gud var villig til å gå då han blei menneske. Jesus levde aldri eit beskytta liv, i menneskeleg forstand. Eg skal koma tilbake til kva det kan bety for Jesustrua i vår tid. Men først litt om teksten og om den koptiske (egyptiske) kyrkja si bruk av denne historia.

Her er bibelteksten:

Då dei (vismennene) var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min. 

Bildet viser ei vanleg koptisk gjengjeving av dette motivet. Josef går, Maria sit med barnet på eit esel, dei går langs Nilen og i bakgrunnen ligg det nokre pyramidar.

Uttrykket Frå Egypt kalla eg son min, som evangelisten Matteus har henta frå profeten Hosea i GT, er naturleg nok eit populært bibelvers blant dei kristne i Egypt. Dei legg stor vekt på at Jesus var i Egypt som barn. Hos Hosea er dette eigentleg ikkje ein profeti, men eit uttrykk for Guds kjærleik til Israelsfolket med tilvising til exodus, Israels utferd frå Egypt: Då Israel var ung, fekk eg han kjær, frå Egypt kalla eg son min (Hos 11,1). Matteus let orda vera ein profeti som blei oppfylt då Jesus måtte flykta til Egypt.

Samtidig ligg det mange andre interessante bibelske samanhengar i teksten, blant anna tankegangen om Jesus som den nye Moses; begge måtte som små reddast frå massedrap av barn. Dessutan var Egypt kjent som tilfluktsstad frå mange periodar i Israels historie (f. eks. 1 Kong 11,40; 2 Kong 25,26; Jer 26,21 og 43,1-7).

Teksten seier ikkje noko om kor lenge den heilage familie var i Egypt, heller ikkje noko om kvar i Egypt dei søkte tilflukt. Men her har det vakse fram ein rik tradisjon blant egyptiske kristne. Tradisjonen fortel at dei var i Egypt i tre år og seks månadar, vidare at dei reiste rundt i Nildeltaet og opp til Øvre Egypt. Delar av turen gjekk i båt på Nilen. Det finst mange forteljingar om underfulle ting som skjedde på reisa deira rundt i landet. Desse forteljingane blir knytt til spesielle stadar, som dermed har blitt heilage og utgangspunkt for pilegrimstradisjonar. I notatet Theophilus Openberring skriv eg om nokre av kjeldene for desse koptiske tradisjonane.

Dei koptiske kristne er den største kristne minoriteten i Midt-Austen. Dei lever i ein vanskeleg situasjon og fortener vår omsorg og forbøn.

Men teksten taler til oss som lever i vesten, på fleire måtar. Eg vil peika på dette:

Koss kan Josef ha hatt det då han vakna? Kan smerta hans seia oss noko om den uro og angst som mange menneske ber på i vår tid? Josef er ein av oss. Det er mange som kjenner livet krevjande og som ikkje anar koss dei neste dagane vil bli. Mange er svært usikre på framtida og ser ikkje vegen ein skal gå. Me menneske er sårbare. Denne jula har dette blitt ekstra tydeleg gjennom dødsfallet som har berørt svært mange i landet vårt.

Dessutan: Me kjem ikkje utanom at teksten utfordrar oss i forhold til flyktningesituasjonen i verda i dag. Dette er ikkje eit enkelt tema, men me skal ikkje gløyma, verken i vår refleksjon eller praksis, at Josef og Maria måtte flykta med barnet sitt. Det var folk som ville Jesus til livs. Han måtte reddast frå ein vond makthavar. Og då Jesus blei vaksen, forkynte han eit sterkt bodskap om nestekjærleik. Skal me ta Jesus på alvor, kan me ikkje stilla oss likegyldige til lidinga i verda, same kva form lidinga måtte ha.

Relatert på bloggen: Flukta til Egypt der eg skriv meir om den koptiske tradisjonen.

Dette notatet blei først skrive i 2013. Eg har i 2019 bearbeidd det i samband med at bibelteksten om flukta til Egypt er preiketekst på romjulssøndagen i år.