Pinse

Pinse er ei høgtid som på mange måtar er gløymt. Pinsen blir ofte oppfatta som ei god og lang vårhelg, og bare det. Men pinse er ei kristen høgtid som har eit innhald. Innhaldet i pinsen (og i jula og påsken) handlar både om ei historisk hending som me kan lesa om i NT, og … Hald fram med å lese «Pinse»

Pinse er ei høgtid som på mange måtar er gløymt. Pinsen blir ofte oppfatta som ei god og lang vårhelg, og bare det. Men pinse er ei kristen høgtid som har eit innhald. Innhaldet i pinsen (og i jula og påsken) handlar både om ei historisk hending som me kan lesa om i NT, og om kva dette betyr for oss i dag.

I pinsen feirar me at Gud sendte Den Heilage Ande til dei første kristne og at han er nær oss med sin Ande òg i vår tid. Han skapar fellesskap av alle som trur på Jesus. Og dette er jo ikkje heilt uvesentleg for oss som er kristne ….

Hald fram med å lese «Pinse»

Hanna og Abraham

14. mai 2005

Denne forteljinga handlar om Hanna og Abraham, to ungdomar i 1905. Dette er eit år som er mykje i fokus for tida pga 100-årsjubileet for unionsoppløysinga. Men i denne forteljinga dreier det seg ikkje om nasjonen si historie. Her dreier det seg om to jærske ungdomar og det dei skapte saman. Grunnen til at eg er opptatt av deira historie, er at eg er barnebarnet deira. Så det dreier seg altså om røtene mine.

Hanna og Abraham Salthe 1905
Hanna og Abraham Salthe 1905

På veggen heime har eg eit stort brudebilete som blei tatt då Hanna og Abraham gifta seg i 1905. Det er ei forstørring av biletet du ser her. Dei som bare ser så vidt på det gamle biletet i ei stor gamal ramme, tenkjer kanskje at dette er nokre gamle folk. Men ser du nøyare etter, ser du at det dreier seg om to ungdomar; Hanna og Abraham var 19 og 20 år då dei gifta seg!

Hanna arbeidde på denne tida på Figgjo Ullvarefabrikk. Ho hadde ikkje foreldre, for mora var død då ho var 12 år gamal og faren døydde då ho var 16 år. Nå budde ho hos den eldre broren Lars som hadde landhandel ved Ullvarefabrikken. Fram til Hanna var fem år hadde familien budd på slektsgarden på Berge i Gjesdal. Då solgte faren garden og flytte med familien sin til sonen Martin i Høyland (som nå er ein del av Sandnes). Der budde dei i tre år, så flytte familien vidare til Lars på Figgjo.

Nå var Hanna blitt glad i ein gut som heitte Abraham. Han var 20 år og kom frå Time. Abraham arbeidde på Figgjo. Han var handlangar og sprang opp og ned ein stige; han bar murstein til dei som dreiv med muring. Når Hanna såg ut fabrikkvinduet der ho arbeidde, kunne ho sitja og sjå på han …

Abraham var født på garden Line, men familien flytte til Ree (som i dag er ein del av Bryne) då han var fem år gamal. Då han var åtte år, døydde mora hans. Faren hadde då ikkje mulighet til å ha alle barna heime, så Abraham blei faktisk plassert ut som tenestegut på prestegarden på Lye! Dette var i 1893. Sett med vår tids auge verkar det jo heilt utruleg at ein åtteåring som mistar mora si, skulle bli nøydt til også å flytta frå faren! Men det var altså virkeligheten den gong. Det blir fortalt at Abraham lengta sånn heim at han når han fekk fri, sprang det siste stykket på vegen frå prestegarden til heimen på Ree.

Hanna og Abraham har sidan fortalt om ein gong dei som unge, sikkert i tida før dei gifta seg i 1905, sat på ein benk i Sandnes og snakka om den kristne trua. Hanna kom frå ein heim der den kristne trua betydde mykje. I Abrahams familie var nok ikkje dette like viktig. Men der på benken fortalde han henne at han gjerne ville bli kristen.

Me kan få eit inntrykk av Hanna sin kristne bakgrunn gjennom dette sitatet, som står i ei slektsbok eg har. Der står det om foreldra hennar:

«De var begge gudfryktige og lærte sine barn å sette sin lit til Gud, og de var selv avhengige av sin himmelske Fader i alle ting. Om det var smått med det jordiske gods, så hadde de sin rikdom i Gud. Det var den arven de gav til sine barn, som igjen har gitt den videre til sine barn.»

Hanna og Abraham gifta seg 3. august 1905. Det store brudebildet frå den dagen, har si spesielle historie. Dei hadde eit lite bilete på stiv papp, slik det var vanleg den gong. Dette sendte dei til Hanna si syster Ane i USA. Ei tid etter fekk ei stor forstørring tilbake i ei brei ramme. Dette biletet hadde dei alltid sidan på veggen i bestestova si. Når eg ser på dette biletet, forstår eg godt at folk i Norge på den tida meinte at «alt» var så stort i Amerika!

Ein detalj ved brudebiletet er at Hanna eigentleg var høgare enn Abraham. Det blei forsøkt skjult på biletet ved at Abraham stod oppå ein treklosse som låg skjult under golvteppet.

Då Hanna og Abraham gifta seg, flytta dei til Stavanger. Den første staden dei budde var Hjelmelandsgata 16. Der hadde dei brønn i kjellaren, for der var det eit oppkomme eller ei kjelde. Så dei hadde friskt vatn inn i huset på naturleg vis!

Men det unge paret møtte mykje motgang dei første åra. I løpet av dei fem første åra dei var gift, fekk dei tre jenter som alle døydde som små. Dei trudde aldri dei skulle få nokon barn som vaks opp! Men det gjorde dei sanneleg. Etter dette fekk dei sju barn som vaks opp, og ei av døtrene deira er mi mor. Barna blei strengt oppdratt, i alle høve etter vår tids tenkning. Likevel har dei mange gode minne frå barneåra. Mor har bl a fortalt meg om kor mild og snill mora hennar, Hanna, var. Ho hadde så lett for å le!

Abraham arbeidde i mange år hos ein mann som heitte Brådland. Han eigde ein hermetikkfabrikk, og det var jo ein stor og viktig industri i Stavanger på den tida. Der hadde Abraham sesongarbeid, og elles fekk han òg ulike arbeidsoppgåver heime hos Brådland. Det var dårlege tider og familien hadde, som dei fleste andre, ikkje så mykje å rutta med. Dei flytte fleire gonger i desse åra, og leigde seg bustad forskjellige stadar i byen. Det var derfor ei stor hending for familien då dei i 1928 kunne kjøpa seg eige hus på Våland, i Furrasgate 31. Dette huset fulgte forresten familien vidare, og det var der eg budde som barn.

Den siste tida før dei flytte til Våland, budde dei på Løkkevegen. Dette var på den tida mi mor var lita jente. Ho huskar bl a at dei då hadde kolonihage på Eiganes. Abraham var opptatt av at det var sunt å eta mykje frukt og grønsaker, og i kolonihagen kunne han dyrka dette sjølv. Eg syns han må ha vore ganske framsynt når han var så opptatt av dette på 1920-talet!

Eit anna minne mor har frå barndomen i 1920-åra, var då dei julaftan reiste på besøk til hennar tante Kari som òg budde i Stavanger. Ho var ei av systrene til Hanna. Det var visst alltid snø om vinteren i Stavanger på den tida! Mor huskar i alle høve at dei dro på julebesøk på ei lang kjelke med styrestang. Fremst stod sekken med julegåver, bak sat dei minste barna. Og dei eldste barna sprang ved sidan av.

I 1931 begynte den første enkle starten på det som sidan skulle bli Hillevåg Trikotasjefabrikk. Hanna skaffa seg strikkemaskin, og begynte så smått å strikke for folk. Ho og Abraham var opptatt av at ungane ikkje skulle veksa opp til arbeidsløyse. Det var det mykje av på den tida.

Hanna og Abraham må ha vore driftige. Frå denne enkle starten i 1931 gjekk det slag i slag. Det utvikla seg til ein god bedrift med mange tilsette i tillegg til at fleire familiemedlemer arbeidde der. Dei heldt til i eit tilbygg til huset på Våland. Og alt åtte år seinare, i 1939, hadde dei behov for nye lokale. Abraham kjøpte då eit småbruk i Jarlevegen i Hillevåg. Der var det eit lite og gamalt bustadhus som dei pussa opp og flytta inn i. Og ved sidan av bygde dei ny fabrikkbygning. Her dreiv dei fabrikken vidare i fleire år. Seinare overtok dei to sønene drifta av Hillevåg Trikotasjefabrikk.

Då ungdomane Hanna og Abraham etablerte seg i Stavanger i 1905, ville dei gjerne vera med i eit kristent fellesskap. Dei var i kontakt med fleire menighetar og forsamlingar, bl a Salem som tilhøyrer Misjonssambandet og ein frimenighet i Ledaalsgata. Spesielt denne sistenemnte menigheten var viktig i desse første åra deira i byen. Abraham fortel i dagboka si at han blei omvendt til Gud i 1909. Det skjedde på eit møte der han høyrde eit vitnesbyrd frå ein mann som fortalde om si eiga omvending med utgangspunkt i teksten i Romarbrevet 5,1-2.

I 1912 starta menigheten Den Apostoliske Tro opp si verksemd i Stavanger, og der var Hanna og Abraham med frå starten. Sidan levde dei eit aktivt liv i denne menigheten. Seinare i livet blei Abraham òg brukt som forkynnar, han reiste bl a til Danmark som talar i Den Apostoliske Tro sine menighetar der. Den kristne trua betydde mykje for dei, og sjølv om ikkje alle barna fann sin plass i akkurat denne menigheten, har den kristne kulturarven som Hanna hadde med seg frå sine foreldre, og som betydde så mykje både for Hanna og Abraham, fulgt familien vidare.

Dei to fekk mange gode år saman. Men nokre månadar før dei skulle feira gullbryllup i 1955, døydde Hanna 68 år gamal. Abraham levde til 1962, då var han 77 år gamal.

Eg tar som ei avslutning på denne historia med eit salmevers av Grundtvig. Det handlar om formidling av den kristne trua i ein familiesamanheng. Eg syns tydeleg eg ser at det er dette som har skjedd i vår familie.

Guds ord, det er vårt arvegods, det våre barns skal være. Gud, gi oss i vår grav den ros, vi holdt det høyt i ære! Det er vår hjelp i nød, vår trøst i liv og død; o Gud, hvordan det går, la dog mens verden står, det i vår ætt nedarves!

Denne forteljinga er ei bearbeidd utgåve av historia eg fortalde på slektstreffet på Strandleiren 14. mai 2005. Då var me samla ca 85 personar frå familien etter Hanna og Abraham.

Fakta om Hanna og Abraham:

  • Hanna Regine Salthe, født Berge, født 16. desember 1886 i Gjesdal, død 26. april 1955 i Hillevåg.
  • Abraham Salthe, født 2. mai 1885 i Time, død 23. november 1962 i Hillevåg.
  • Hanna og Abraham er gravlagde ved Hetland kirke i Stavanger.
  • Dei tre barna som døde som barn: Magnhild (f. 1906), Agnes Margreta (f. 1908), Astrid Henriette (f. 1910).
  • Dei sju barna som vaks opp: Norvald (f. 1912), Ingfrid (f. 1913), Olga (f. 1915), Ruth (f. 1918), Esther (f. 1920), Arthur (f. 1924), Gerd (f. 1929).

Konfirmasjon

I dag har eg forretta som prest i ei konfirmasjonsgudsteneste med 29 ungdomar. Bryne kyrkje var full, dvs ca 500 menneske var samla. Det var fest og høgtid. Slike gudstenester har det vore mange stadar i landet i dag. Korfor driv kyrkja på med konfirmasjon? Kva betyr det eigentleg? Og koss opplever eg som er … Hald fram med å lese «Konfirmasjon»

I dag har eg forretta som prest i ei konfirmasjonsgudsteneste med 29 ungdomar. Bryne kyrkje var full, dvs ca 500 menneske var samla. Det var fest og høgtid. Slike gudstenester har det vore mange stadar i landet i dag. Korfor driv kyrkja på med konfirmasjon? Kva betyr det eigentleg? Og koss opplever eg som er prest, ein slik dag?

Synet på konfirmasjonen har endra seg opp gjennom historia. I dag er kyrkja opptatt av at konfirmasjonstida er ei læringstid og at konfirmasjonen er ei forbønsgudsteneste. Konfirmantane gir altså ikkje noko løfte om å tru på Gud, men er med på ei forbønshandling der me under handspålegging ber for den enkelte og for framtida deira. 

Eg syns det er flott å vera prest for konfirmantane i menigheten. Ja, eg er faktisk litt stolt av å vera presten deira, sjølv om eg sjølvsagt ikkje eig desse ungdomane og heller ikkje skal ta æra for kven dei er eller koss dei oppfører seg. Men gjennom eit år med ulike formar for samlingar og fellesskap blir me som har ansvar for konfirmantarbeidet, glade i ungdomane! Dei har mange spørsmål og det bur sjølvsagt både tvil og tru i dei. Men først og fremst opplever eg det flott at så mange ungdomar er opne og interesserte i kva den kristne trua er og betyr. Sjølvsagt veit eg at dei ulike ungdomane plasserer seg sjølv på ulikt vis i forhold til det å leva i tru. Derfor heiter det òg at formålet med konfirmantarbeidet i Den norske kyrkja er "å vekke og styrke troens liv som gis i dåpen for at de unge kan leve i menighetens fellesskap og vokse som Jesu Kristi disipler". Å vera konfirmant er å vera i ein prosess, og konfirmantopplegget som kyrkja har i dag, legg vekt både på opplæring og på oppleving.

Hald fram med å lese «Konfirmasjon»

Dagstur til Dødehavet

Sjølv om det er eit par veker sidan eg kom heim frå Israel (våren 2005), har eg lyst til å leggja til eit (siste?) kapittel i reiseskildringane mine. Den siste dagen me hadde til disposisjon før heimreise, var me på dagstur til Dødehavet. Dette er eit spesielt område: Det er ørken og det er omlag 400 meter under havets overflate! Her er det varmt og tørt. Og vatnet i Dødehavet er veldig salt. Dødehavet 2005Biletet er tatt på Masada der eg ser utover Dødehavet.

Me hadde gjort ein avtale med ein arabisk taxisjåfør som skulle køyra oss dit me ville denne dagen. Han lova å stilla med ein Van, så me skulle ha god plass. Det viste seg å vera ein VW Caravelle, lik den eg sjølv har køyrt i 10 år. Bare det at denne var køyrt over 490.000 km og det på ein lite omsorgsfull måte. Det viste seg faktisk at bilen skulle vore (og burde vore!) på verkstad denne dagen. Men det visste me ikkje før me på ettermiddagen begynte å få motorproblem ….

Før det blei kveld hadde me vore på Masada, i Qumran (der Dødehavsrullane blei funne), me hadde bada i Dødehavet, vore i Jeriko og i Betania. Og opplevd arabisk bilberging. Ein innhaldsrik dag!

Eg kan ikkje skildra alt det eg opplevde denne måndagen. Det ville sprenga alle grenser for ein blogg-artikkel som dette (viss du syns eg overdriver her, vil eg bare seia at eg har latt meg inspirera av evangelisten Johannes i Joh 21,25). Men nokre glimt frå det fascinerande landskapet og frå dei mange opplevingane våre på dagsturen til Dødehavet, går det jo an å dela!

Masada er ei fjellklippe som reiser seg 450 meter over Dødehavet. Platået på klippa er ca 650 x 300 meter stort. Der oppe bygde kong Herodes den store eit palass som skulle vera ein tilfluktsstad for han og familien hans.

Masada 2005Han leid både av stormannsgalskap og forfølgelsesvanvidd, stakkars! På Masada er det ruinar etter palass, romersk bad, synagoge, kornkammer som skulle rekke til 10.000 soldatar osv. I 2001 blei staden tatt inn på UNESCO World Heritage List.

Staden har ei spesiell historie. Herodes fekk aldri brukt denne tilfluktsstaden sin. Under det jødiske opprøret mot romarane omkring år 70 fekk derimot staden stor tyding. Her forskansa fridomsforkjemparane seg i tre år etter at Jerusalem var falt.

Romersk leir ved Masada 2005Tilslutt, då den romerske hærmakta var i ferd med å innta borga, gjorde dei kollektivt sjølvmord. Heller ein død i fridom enn å leva i slaveri for romarane, var tankegangen deira. Det er historikaren Josefus som har tatt vare på denne historia i skriftet Den jødiske krigen. Biletet viser ein av dei romerske militærleirane frå beleiringa i år 70, sett frå taubanen på veg opp til Masada.

Qumran er staden der Dødehavsrullane blei funne i 1947. Eit sensasjonelt funn som har betydd mykje for bibelforskinga. Det var beduinar som tilfeldig fann 2000 år gamle skriftrullar i nærast utilgjengelege fjellholer på staden. Dei som på Jesu tid budde her nede ved Dødehavet i eit klosterliknande samfunn, blir kalla essenarane. Dei var ei jødisk asketisk retning som var i opposisjon til dei som hadde makta i Jerusalem. I ein flott historisk presentasjon på staden, blir det hevda at døyparen Johannes truleg hadde bakgrunn i dette fellesskapet. Eg er ikkje så sikker på om dette er så opplagt, men skal sjølvsagt ikkje utelukka det. Uansett er det eit interessant tema å sjå på samanhengen mellom essenarane og Det nye testamentet.

Nå er nokre av Dødehavsrullane stillt ut i The Shrine of the Book i Jerusalem, eit spesielt bygg som ser ut som toppen av dei leirkrukkene dei fann rullane i. Me var og såg på denne utstillinga i Jerusalem ei vekes tid før besøket i Qumran.

Bading i Dødehavet 2005Bading i Dødehavet er sjølvsagt ein aktuell aktivitet når me er i området. Vatnet er så salt at kroppen er heilt slimete når me kjem opp av vatnet. Pga saltinnhaldet flyt me på ein heilt annan måte enn i vanleg vatn, ja, det er som om me vil tippa rundt. Og er det noko eg har respekt for, så er det å få dette vatnet i munn, nase og auge! Nei takk! Du bør heller ikkje ha for mange sår på kroppen når du går ut i dette vatnet, det kan svi ganske voldsomt. Men løye var det å bada der, denne gongen òg!

Etter opphaldet på ein sjabby badestrand, som me til og med måtte betala for å koma inn på, køyrde me vidare til Jeriko. Byen innehar ein del rekordar: Det skal vera den eldste by i verda, og det er den lågastliggjande by i verda!

Palmebyen 2005Byen er faktisk ein oase som ligg midt i ørkenen, derfor namnet «palmebyen» (sjå biletet). Det er grønt og frodig, for byen har ei kjelda med rennande vatn. Like utanfor byen er landskapet likevel goldt og tørt. Her passerte Jesus når han var på reise mellom Galilea og Jerusalem. Her var det han helbreda den blinde Bartimeus (Mark 10,46-52) og her var det han tok inn hos tollaren Sakkeus (Luk 19,1-10). Og kven har ikkje høyrt Jesu forteljing om ein mann som «fór frå Jerusalem ned til Jeriko» og som fall i hendene på røvarar? (Luk 10,30-37). Til orientering kan det nemnast at det er 1200 meters høgdeforskjell mellom dei to byane. Og avstanden er ikkje stor, men terrenget er farleg og villt!

På veg opp bakkene frå Jeriko mot Jerusalem blei det meir og meir klart at bilen aldri skulle vore på vegen den dagen. Andre enn meg kan nok gje ei betre skildring av den tekniske sida ved saka, og sikkert òg av det faktiske hendingsforløpet. For då eg vakna etter å ha sovna i baksetet, var motorhavariet eit faktum. Sjåføren var fortvila og irritabel. Me stod midt i ein bakke i Betania, me var altså nesten oppe på Oljeberget og hadde ikkje langt igjen til Jerusalem. Men det hjalp lite, for bilen ville ikkje meir. Sjåføren hadde lova oss å køyra innom Lasarus» grav (Joh 11,1-44) på veg tilbake. Etter ein del mekking og forhandling kom nevøen hans med ein annan bil og køyrde oss til kyrkja og moskeen som er bygd ved Lasarus» grav, og så vidare tilbake til Jerusalem gjennom trange og bratte gater i området rundt Oljeberget. På vegen var me innom verkstaden der dei allereie var igang med å berga bilen for framtida; kanskje var tanken at den skulle gå 490.000 nye km før den skulle få kvila hos den lokale knoksen?

The Real Group på Dalsnuten

I kveld har eg vore på Dalsnuten på konsert med The Real Group. Det var ei flott oppleving. Det er bare utruleg kva dei fem songarane kan gjera med stemmene sine! Og rammene for konserten var spesiell. Det var fleire tusen tilhøyrarar, me sat i eit naturleg amfi og rundt scenen såg me utover fjell … Hald fram med å lese «The Real Group på Dalsnuten»

I kveld har eg vore på Dalsnuten på konsert med The Real Group. Det var ei flott oppleving. Det er bare utruleg kva dei fem songarane kan gjera med stemmene sine! Og rammene for konserten var spesiell. Det var fleire tusen tilhøyrarar, me sat i eit naturleg amfi og rundt scenen såg me utover fjell og vatn. Til å vera utandørs syns eg lyden var svært god. Arrangørane var optimistiske og kalla det Solnedgangskonsert. Sola såg me lite til, men det gjorde ikkje noko – for alt det andre klaffa!

The Real Group stilte opp med eit variert program prega av humor og av kvalitet. Det er ikkje siste gong eg høyrer dei live!