Bibelhistorier: Jesu dåp

Foto: Arne Berge 2012

Jesus blei døypt i Jordanelva av døyparen Johannes. Han opplevde sjølv at dette var noko som “måtte” skje, og me kan sjå på Jesu dåp som ei innviing til oppdraget hans.

Bildet er tatt på den tradisjonelle dåpsstaden nær Jeriko på Vestbreidda. Staden heiter Qasr al-Yahud på israelsk side og Al-Maghtas på jordansk side. Det er mogleg å gå ned til elva og vassa i det sterkt forureina vatnet, på begge sider av elva.

Her er historia slik den står i Evangeliet etter Matteus:

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» (Matt 3,13-17)

Bibelhistoria fortel at Den heilage ande konkret kom over Jesus og at Guds røyst høyrdest frå himmelen. Men kven høyrde dette? Éin måte å forstå bibeltekstane på, er at det bare var Jesus og Johannes som høyrde dette. Og at andre som var til stades, truleg bare såg dua. Dei forstod ikkje at dette var Anden, og dei høyrde ikkje Guds røyst. Også idag må Guds handlingar tolkast. Den som bare er tilskodar, får ikkje med seg meir enn det ytre.

Er det ein samanheng mellom denne dåpshandlinga og den kristne dåpen me har i kyrkja? Det er vanleg å seia at Jesu dåp peiker fram mot hans død og oppstode, mens vår dåp byggjer på Jesu død og oppstode.

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å seia sikkert kvar Jesu dåp skjedde. Det nye testamentet  gjev ikkje nøyaktige geografiske opplysningar i denne saka. Men det er relativt sikkert at det skjedde ved Jordanelva (eller ei sideelv) mellom Gennesaretsjøen og Dødehavet. Det er i dag (minst) to såkalla dåpssstadar i dette området; i tillegg til Qasr al-Yahud er det også ein stad som heiter Yardenit (som ligg rett sør for Gennesaretsjøen). Den israelske avisa Haaretz hadde i 2014 ein interessant artikkel om stadane.

Baptism in the River Jordan
Ancient tradition meets modern ecology: Cleansing the soul, cleaning the water.

Av desse stadane har eg absolutt mest sans for Qasr al-Yahud. Staden er, som Haaretz påpeiker, meir autentisk (geografisk) og mindre kommersialisert enn Yardenit. Avisartikkelen legg elles vekt på den dårlege kvaliteten på vatnet, – og ser fram mot ei tid med reinare vatn i elva. La oss håpa den tid vil koma!

Avisa skriv ut frå perspektivet at kristne pilegrimar i vår tid blir døypte i elva. Ja, dette blir praktisert av ein del kristne trussamfunn. Eg er redd mykje av dette er gjendåp, noko eg har lite sans for. For meg betyr det meir å sjå på elva som stad for døyparen Johannes sin aktivitet og for Jesu dåp.

Hendinga er med i alle dei fire evangelia. Men me kan merka oss at evangelisten Johannes (altså ikkje døyparen), ikkje spesifikt nemner at Jesus blei døypt. Han er meir opptatt av at døyparen her peiker på kven Jesus er:

    29 Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg. 31 Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.»32 Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande. 34 Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.» (Joh 1,29-34)

Bibelhistoria om Jesu dåp er ein del av forteljingsteksten på 2. søndag i openberringstida (Matt 3,13-4,11). 

Relaterte notat:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: