Kleive og Reiersrud

28/05/2006

To musikalske trollmenn var på besøk i Bryne kyrkje i går kveld. Det var inntrykket eg sat igjen med etter konserten med Iver Kleive (kyrkjeorgel) og Knut Reiersrud (diverse gitarar). Konserten var ein del av Jærnåttå (tidlegare Jæren Musikkfestival), og forventningane var på topp. Det tyder det også på at dei var i festivalleiinga. Eg saksar litt frå omtalen i Jærnåttå sitt program:

"Kirkekonserten under årets festival blir en høytidsstund av de sjeldne. Da inviterer Iver Kleive og Knut Reiersrud på en reise i deres musikalske univers. Kleive/Reiersrud har stått frem med et særdeles spesielt musikalsk uttrykk som ikke lett kan plasseres i musikalske båser. Klassisk orgel, blues, folkemusikk, verdensmusikk veves sammen i nye høyere enheter av to fremragende musikere …."

Det blei ei oppleving av dei sjeldne. Kleive og Reiersrud er svært dyktige musikarar på sine instrument. Reiersrud er dessutan ein meister til å få underlege lydar ut av gitaren. Eg lurer litt på om han har eit stort forbruk av gitarar eller om instrumenta faktisk toler behandlinga han gir dei.

Eg er spesielt svak for deira tolking av gamle salmetonar. Dei gav for nokre år sidan ut to CD-ar med slik musikk: Blå Koral og Himmelskip, og me fekk heldigvis høyra ein del av dette stoffet. Trur eg syns Overmåte full av nåde var den aller beste! Elles spelte Reiersrud ein del spennande folkemusikk på sin spesielle måte og Kleive hadde blant anna ein flott (sjølvskriven) Toccata.

Som de forstår, var konserten ei stor musikalsk oppleving. Det einaste svake punktet var då Reiersrud i ei avdeling med musikk frå Statane, sette i gang å syngja She’s got the whole world in her hand. For meg er det misforstått modernisme å tru at me i iver etter å vera in, kan eller bør gjera Gud, vår himmelske Far, til ei kvinne (eller ei gudinne?).

Advertisements

The Second Temple Model

26/05/2006

Denne interessante modellen er nå flytta til Israel Museum i Jerusalem. Modellen er i målestokk 1:50 og viser koss ein tenkjer seg at Jerusalem såg ut før byen blei øydelagt av romarane i år 70. Det vil også seia at modellen dekkjer den tidsperioden som Det nye testamentet skildrar, og den er derfor av stor interesse for dei som reiser til Jerusalem bl a for å læra meir om Jesu liv.

Les resten av dette innlegget »


Kristi Himmelfartsdag

25/05/2006

Kristi Himmelfartsdag er ein kristen heilagdag til minne om at Jesus blei tatt opp til himmelen førti dagar etter at han stod opp frå dei døde. Dagen blir derfor alltid markert den torsdagen som kjem førti dagar etter påskedag.

Det er mange som knapt nok kjenner bakgrunnen for at denne torsdagen er ein fridag, og for svært mange er dette først og fremst ein god mulighet til å ha ei ekstra lang helg på ei fin tid av året. Det er sjølvsagt heilt i orden at folk utnyttar fridagane sine. Det har eg ingenting imot. Men eg ønskjer likevel å peika på Himmelfartsdagen sitt innhald. Det er det viktig å halda fast på når me lever i ein kristen samanheng.

Lukas fortel om Jesus og disiplane:

Så førte han dei ut av byen (Jerusalem) mot Betania. Han lyfte hendene og velsigna dei. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. (Luk 24,50-52)

Men kva kan det bety at han blei tatt opp til himmelen?

Først litt om kva det ikkje betyr: Eg trur ikkje dette har med at han forsvann ut i himmelrommet, bak skyene. Det er ikkje snakk om noko som kunne likna på ei romferd. For eg trur ikkje at himmelen i kristen språkbruk er det same som universet, slik at me skulle kunna lokalisera Gud ein eller annan stad i universet.

Ordet himmel betyr to ting. På engelsk har me forskjellen mellom sky og heaven. På norsk brukar me det same ordet i begge tydingane. Eg trur himmelen (heaven) er ei usynleg verd som er like verkeleg som den synlege verda. I den hendinga som me kallar Jesu himmelferd tok han det endelege steget tilbake frå den synlege verda til den usynlege verda, som me også kallar Guds rike.

Det var frå denne usynlege verda han kom då han blei født som eit lite barn i Betlehem. Og det var tilbake til denne verda han gjekk då han forlét disiplane på Kristi Himmelfartsdag. Vegen mellom himmel og jord er opna av Jesus. Han har gått den vegen i begge retningar. I jula seier me at himmel og jord møtest i barnet Jesus i Betlehem. På same måte fekk disiplane eit glimt av dette møtet, då Jesus blei tatt bort for auga deira.

I tida mellom Jesu oppstode på påskedagen og hans himmelferd gjekk han på ein måte ut og inn av den usynlege verda. Han viste seg fleire gonger for disiplane og for andre som trudde på han, men han var ikkje lenger saman med dei slik han hadde vore før korsfestinga (Matt 28, Mark 16, Luk 24, Joh 20-21 og 1. kor 15,3-7).

Apostelgjerningane fortel meir om det disiplane opplevde:

Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til. (…) Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?» Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt. Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av verda.» Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira. Som dei stod og stirde opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei og sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.» Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget … (Apg 1,3-12)

Skya er fleire stadar i Bibelen eit symbol på Guds spesielle nærvere. Og poenget med Jesu himmelferd er ikkje at han forsvinn bak skyene, men at han i og med skyen blir tatt opp i den himmelske, usynlege verda.

Kva kan så dette seia oss som trur på Jesus i dag? Eg tar med nokre korte punkt:

  • Jesus gir på himmelfartsdagen disiplane eit oppdrag om å vitna om han, først i Jerusalem og landet omkring, og så vidare til alle folkeslag. Dette er utgangspunkt for den kristne misjonen.
  • Jesus gir på himmelfartsdagen eit løfte om at den som trur på han, skal bli utrusta med kraft frå Guds Ånd.
  • Jesus inntar på himmelfartsdagen den plassen me treng han mest, den mektige plassen ved Guds side («ved Guds høgre hand»). Der ber han for oss. Frå denne staden skal han ein dag koma synleg tilbake.
  • Det at Jesus nå er Herre i det usynlege Guds rike (= himmelen), gjer også at han kan oppfylla løftet om å vera med oss «alle dagar så lenge verda står» (Matt 28,20). Han er nå ikkje bunden av tid og rom, og kan derfor vera nær menneske alle stadar i verda samtidig.

Denne hendinga er ein så sentral del av det nytestamentlege vitnesbyrdet om Jesus at den er tatt med i den apostoliske truvedkjenninga:

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.


2000 år gamalt frø frå Masada

20/05/2006

På ein kibbutz i Israel veks det i dag ein levedyktig daddelpalme som har spirt fram frå eit 2000 år gamalt frø. Frøet blei funne i arkeologiske utgravingar i Herodes den store sitt palass på Masada ved Dødehavet.

Med dette som utgangspunkt, skriv Maureen Gilmer ein artikkel om den judeiske daddelpalmen der ho også kjem med informasjon om floraen i området i bibelsk tid. Ho skriv blant anna at det skal ha vore store skogar av desse palmane i Judea.

«The Judean palms described in Roman writings and shown on their coins are endemic to the Holy Land. Enormous forests of these palms once covered this now barren landscape, the value of its date harvest invaluable to the economic viability of Judea. But these groves disappeared after the Romans left. Twentieth century palm groves planted in Israel are not Judean, but imported from the date groves of California. Botanists are keen on discovering how the ancient date palm differs from our contemporary agricultural plants.» Les heile Maureen Gilmers artikkel her. Eg fann den via omtale på PaleoJudaica.

Som ein kuriositet kan det nemnast at palmen i kibbutzen har fått kallenamnet Metusjalah. Den bibelske personen Metusjalah, som er omtalt i 1. Mos 5,21-27, skal i følgje urhistoria ha blitt heile 969 år. Namnet hans har, i den eldre formen Metusalem, kome inn i norsk språk som ord for ein eldgamal person.

Men tilbake til utgangspunktet på Masada. Dette er ein fascinerande stad. Eg vil seia at staden bør vera eit opplagt «must» på lista over framtidige reisemål for den som ikkje har vore der. Eg har tidlegare skrive om staden i artikkelen Dagstur til Dødehavet.


Rosseland

14/05/2006

I dag har eg hatt familiegudsteneste i gymsalen på Rosseland skule. Bryne er i sterk vekst for tida, og soknerådet har starta eit kyrkjelydsbyggjande arbeid på Rosseland, den austre delen av Bryne.

Les meir om bakgrunnen for dette arbeidet her i ein artikkel eg har skrive på kyrkjelyden sin heimeside.

Les også det meir omfattande dokumentet Menighetsutvikling i Stavanger bispedømme.


Disputas

13/05/2006

Eg har hatt ein interessant dag. Hans Austnaberg, prestekollega her i Time, har i nokre år arbeidd med eit doktorgradsprosjekt. I går hadde han prøveforelesingar og i dag har han forsvart avhandlinga si i faget misjonsteologi på ein disputas på Misjonshøgskolen i Stavanger.

Hans har studert ei spesiell vekkjingsrørsle innan den lutherske kyrkja på Madagaskar. Denne rørsla praktiserer eksorsisme, altså demonutdriving, og Hans har undersøkt koss leiarane i denne rørsla sjølve tenkjer omkring dette og koss dei praktiserer det. Dette har resultert i avhandlinga Shepherds and Demons. A study of exorcism as practised and understood by shepherds in the Malagasy Lutheran Church.

Les Hans Austnaberg sitt eige samandrag av doktoravhandlinga her.


Eidavatn

10/05/2006

Mor på Eidavatn

Det nærmar seg sommaren, og då flyg tankane mine lett opp mot Ryfylkeheiane. Dette biletet tok eg ein sommarkveld for nokre år sidan. Eg var på ein fleire dagars fjelltur saman med Inger (biletet), Eirik og Pål. Eirik har i dag funne fram biletet og lagt det ut på sida si på flickr.

Biletet er tatt rett utanfor turisthytta ved Eidavatn, 1080 m.o.h. Ein fantastisk stad! Og som du ser, når sola går ned over vatnet kan himmelen spela opp med ei utruleg fargeprakt.

Eg har tidlegare skrive om fjellturar i dette området i artikkelen Til fjells i Ryfylkeheiane. Sjå òg Stavanger Turistforening sine nettsider.


%d bloggarar likar dette: