Bilde av St. Olav i Fødselskyrkja

29/07/2018

Dette eldste kjente bildet av St. Olav er måla på ei av søylene i Fødselskyrkja i Betlehem. Bildet har lenge vore svært utydeleg. Eg var innom Fødselskyrkja tidlegare i sommar, og fekk sjå at bilda på søylene nå er under restaurering i samband med det store prosjektet The Restoration of the Church of Nativity – Bethlehem.

Sjølv har eg bildet frå eit kalenderblad frå 1941, utgitt av Dreyers grafiske anstalt i Stavanger. Her blir bildet tidfesta til 1165-1180. Historikaren Trond Norén Isaksen daterer bildet til rundt 1150-1160 i boka Hellig krig om Norges krone (s. 160). Eg har lånt ut bildet frå kalenderbladet til denne boka.

St. Olav, The Church of Nativity, Bethlehem

Olav den heilage i Fødselskyrkja, bilde frå Dreyers kalender 1941

 

Advertisements

Anidri: kyrkje, ravine og strand

26/07/2018

Agios Georgios, kyrkja i Anidri. Foto: Arne Berge 2018

Anidri er ein liten landsby nær Paleochora på Kreta. I området her er det mykje fint å sjå og oppleva. Inger og eg valde ein enkel variant; me tok taxi frå Paleochora opp til landsbyen. Her blei det besøk i tavernaen og kyrkja, før me gjekk stien ned Anidriravinen til den flotte sandstranda Gialiskari og vidare på grusvegen tilbake til Paleochora.

Dette er ein enkel og lite krevjande tur, men det blei ein fin dag med gode opplevingar. Turen starta i tavernaen i den nedlagde skulen (i drift 1933-1971). Frå den overbygde terrassen er det flott utsikt ut mot havet. Under oss ligg kyrkja og ravinen som me skal gå ned.

Anidri. Foto: Arne Berge 2018

Like nedanfor tavernaen ligg kyrkja Agios Georgios, altså St. Georg. Kyrkja er frå 1323 og har fresko-måleri frå denne tida. Freskoane er måla av Ioannis Pagomenos. Det er alltid interessant å møta kunst som viser St. Georg, som eg som gamal speidar har eit spesielt forhold til.

Agios Georgios, Anidri. Foto: Arne Berge 2018

Etter besøket i den gamle kyrkja begynte me på stien nedover mot havet. Den første delen av stien går innanfor bebyggelsen. Her møtte me ulike formar for jordbruk og dyrehald.

Frå Anidriravinen. Foto: Arne Berge 2018

 

Frå Anidriravinen. Foto: Arne Berge 2018

Turen ned ravinen er bare ca 2 km lang. Høgdeforskjellen er ca 200 meter. Det er ein lett sti å gå. Éin stad er det ein skrent der det er lagt ut taustige.

Anidriravinen. Foto: Inger Bakke Berge 2018

 

Anidriravinen. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Etter ein snau times vandring i lett terreng, kom me fram til den innbydande sandstranda Gialiskari. Her blei me verande nokre timar.

Sandstranda Gialiskari. Foto: Arne Berge 2018

Tidleg på kvelden gjekk me tilbake til Paleochora, ein tur på ca 4 km på grusveg langs havet.

Eg skreiv at me valde ein enkel variant då me tok taxi opp til Anidri. Det er også mogleg å gå på sti opp til landsbyen, sjå turbeskrivelse hos Paleochora Nature.

Inger og eg gjekk ned to ravinar i ferien på Kreta, ein kort og ein lang. Sjå også notatet På tur ned Samariaravinen.

 


På tur ned Samariaravinen

21/07/2018
IMG_6288.jpg

Samariaravinen. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Turen ned Samariaravinen på Kreta er ei flott oppleving. Undervegs er det mykje å sjå, både av vill natur og kulturhistoriske spor.

Løypa gjennom nasjonalparken startar høgt oppe, mellom enda høgare fjell, og går nedover ein stadig trongare fjellkløft før den endar i landsbyen Ágia Rouméli nede ved havet. På det smalaste er botnen av ravinen tre til fire meter brei og fjellsidene fleire hundre meter høge. Dei mest rasutsette stadane var merka med beskjed om å gå fort forbi denne staden!

Inger og eg tok buss frå landsbyen Paleochora, der me er på ferie, til Xyloskalo der turen starta 1227 meter over havet. Derfrå er det 16 km å gå til Ágia Rouméli, av desse er 13 km innanfor nasjonalparken sitt område. Etter eit bad på stranda, tok me ferje tilbake til Paleochora om kvelden.

Det må seiast at me ikkje var aleine på turen gjennom ravinen. Det var nokre hundre, kanskje også nokre tusen andre, som gjekk turen denne dagen. Me gjekk i kø nedover stien det første kvarteret. Etter dette hadde me ikkje oppleving av å gå i kø, sjølv om me heile tida hadde folk rundt oss.

Området var godt tilrettelagt for å ta imot så mange gjestar. Det var reint vatn å drikka mange stadar, og tilsette frå nasjonalparken på fleire stasjonar undervegs. Det var toalett, men ikkje nokon serveringsstadar. Det var kanskje like greitt, men då eg hadde gått turen var det godt med kaffi på kafeen utanfor parken!

Namnet på ravinen har elles ikkje noko å gjera med det bibelske landskapet Samaria. Dei fleste meiner namnet kjem frå Mariakapellet i den gamle landsbyen midt inne i ravinen. Landsbyen Samaria blei endeleg fråflytta då området blei naturpark i 1962. Men det er også dei forskarane som meiner at namnet må vera eldre enn busetnaden der, og at det dermed har andre språklege røter.

Vidare let eg nokre av bilda frå turen tala om kva som er å sjå.

Det første bildet viser utsikta frå startpunktet Xyloskalo. Herfrå går det bare ein veg, – nedover!

IMG_6209.jpg

Utsikt frå Xyloskalo. Foto: Arne Berge 2018

Det neste bildet viser fjellet Gingilos på 2080 moh. Det ragar mektig over startpunktet for turen.

Gingilos. Foto: Arne Berge 2018

Etter ei kraftig nedstigning kom me til Ayios Nikolaos. Her er det ein skog av imponerande sypressar. Treet eg står ved sidan av her, skal visstnok vera 600 år gamalt.

IMG_6223.jpg

Her er det også mange flotte blomar å sjå.

IMG_6230.jpg

Ved Ayois Nikolaos. Foto: Arne Berge 2018

Staden har namn etter Ayios Nikolaos, altså St. Nikolaus. Her er det sjølvsagt eit gamalt Nikolaus-kapell med ein enkel ikonostasis framfor altarområdet.

Ayios Nikolaos. Foto: Arne Berge 2018

Ikonostasis i Ayios Nikolaos. Foto: Arne Berge 2018

Litt lenger nede i ravinen kom me til landsbyen Samaria. Her ligg dette vakre Kristus-kapellet, som dessverre var låst.

IMG_6249.jpg

Etter landsbyen begynte ravinen å bli verkeleg smal. Her går det uttørka elveleiet mellom bratte fjellsider.

IMG_6262 (1).jpg

Samariaravinen. Foto: Arne Berge 2018

Lenger nede i ravinen kom me til eit nytt Kristus-kapell. Dette var ope.

IMG_6285

Christos, Samariaravinen. Foto: Arne Berge 2018

Ikonostasis i Kristuskapellet, Christos. Foto: Arne Berge 2018

Etter dette kom me til det smalaste partiet i ravinen. Dette var bare veldig imponerande og flott natur! Eg tar med dette bildet ein gong til, som avrunding av bildeserien.

Samariaravinen. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Sjå også notatet Anidri: kyrkje, ravine og strand.


%d bloggarar likar dette: