Deilig er jorden!

For mange er Deilig er jorden julesongen over alle julesongar. Me høyrer den og syng den i mange samanhengar nå i jula.

Ein periode då eg var tenåring lot eg vera å syngja denne songen i protest. Eg syntest den var totalt urealistisk og gjenspeila ikkje mi oppfatning av verda i det heile! Eg har slutta å tenkja slik. Men framleis møter eg folk som har problem med songen. Dei oppfattar den for idyllisk: Jorda er deilig, Guds himmel er prektig, og vegen mellom jorda og himmelen går ”gjennom de fagre riker”.

Men verda er jo ikkje slik ….?

Verda var heller ikkje idyllisk då den danske Bernhard Severin Ingemann skreiv teksten i 1850. Sjølv hadde han smertelege erfaringar med sjukdom og død i sin eigen familie. Og i 1850 raste treårskrigen (1848-1850) mellom mellom Danmark og Tyskland. Ingemann var sjølvsagt fortvila over det han såg av smerte og liding rundt seg.

Det som gjer jorda deilig, er ikkje det me menneske har gjort den til! Men det har kome eit budskap til oss, midt i nøden på jorda, eit budskap om Guds frelse. Engelen sa: ”Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det født dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.”

Me kan altså seia at julebudskapet er så sterkt at det forandrar verda. Jesu kome til oss gjer at livet kan levast ut frå eit nytt perspektiv: Det fullkomne Guds Rike er opna for oss ufullkomne menneske. Me kan ta imot det i tru.

Eg las forresten ein gong at me også kan sjå på Deilig er jorden som ein protestsong, ein song full av protest mot øydelegginga av Guds fullkomne skaparverk. Det er ein protest me aldri skal gløyma!

Biskop Per Lønning sa ein gong i ei preike: Når kristne syng ”Deilig er jorden, prektig er Guds himmel”, er det ikkje fordi dei ser mindre av virkeligheten enn andre folk, det er fordi dei ser meir!

Deilig er jorden, prektig er Guds himmel, skjønn er sjelenes pilgrimsgang! Gjennom de fagre riker på jorden går vi til Paradis med sang.

Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang; aldri forstummer tonen fra himlen i sjelens glade pilgrimssang.

Englene sang den, først for markens hyrder; skjønt fra sjel til sjel det lød: Fred over jorden, menneske fryd deg! Oss er en evig frelser født!

4 svar til Deilig er jorden!

  1. Heidi: seier:

    Bra innlegg Arne! For å problematisera ytterlegare: Eg hadde ein periode i ungdomen kjempeproblem med å synga “Ja vi elsker,” på grunn av linja “Har den Herre stille lempet så vi vant, vi vant vår rett.”
    Kva rett har me til å seia “Dette er Norge, det er eit land me har rett til og me har rett til å stenga grensene for andre”? Nå syng eg med, men eg synest nok enno at “Gud signe vårt dyre fedreland” hadde vore ein langt betre nasjonalsong. “Lat folket som brødre saman bu som kristne det kan seg søma”… Takk for tips om salmekonkurranse, forresten.🙂

  2. Elena Teuffer seier:

    Hej Arne,
    jag stötte på ditt inlägg av en slump, när jag letade texten för “Härlig är jorden” på webben.
    Jag sjöng den mycket ofta under juletiden, när jag studerade i Finland, och nu, när jag minns den eller sjunger den antingen på svenska eller isländska, blir jag mycket rörd och tänker om alla de goda minnen jag har kvar från den tiden. Konstigt, hur man knyter en viss stad och stund samt tillhörande kännslor (Tomas-mässor i St:a Katharina kyrka i Åbo) med en viss sång!
    Jag har rest mycket runt i Norden, kommer egentligen från Tyskland, bodde i Finnland, arbetade också i Norge, flytte til Island för 7 år sen, och den sång följde mig vart jag gick. “…genom de fagra riken på jorden går vi til paradis med sång.”
    Livet är härligt om vi griper möjligheterna som bjöds oss och gör nånting ur det vi fick. Hur ska det bli i paradiset då, när vi kommer dit? Härlig är Guds himmel…
    Men först ska jag åka en gang til Finnland igen under juletiden och uppleva den sanna “Härlig är jorden”-stämmnigen igen.

    Det har egentligen ingenting med dina tankar att göra, men jag ville lämna en hälsning åt dig och önsker dig ett gott nytt år.

    Hälsningar från Reykjavik,
    Elena

  3. Arne seier:

    Takk for ei fin helsing, og godt nytt år til deg!

  4. […] Deilig er jorden! (2005) […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: