Lite vatn i Gennesaretsjøen

Det er lite vatn i Gennesaretsjøen for tida. Denne sjøen, som er godt kjent frå NT, forsyner i dag Israel og dei palestinske områda med ferskvatn og spelar såleis ei viktig rolle i regionen. Vassmengda blir derfor følgt med argusauge. Men den store innsjøen har også betydning på andre område. Det er i dag, somLes meir «Lite vatn i Gennesaretsjøen»

Bob Dylan, jøde og kristen

Bob Dylan er aktuell her i Rogaland for tida (mai 2008). Denne veka held han konsert på Viking stadion i Stavanger med 19.000 til stades. Han er ute på sin «Never Ending Tour». Dette er ein artist som har levert mange viktige tekstar. Han begynte som protestsongar for ca 45 år sidan og har sidanLes meir «Bob Dylan, jøde og kristen»

Lysta til alltid å eiga meir

Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje. Dette er eit sitat frå Jesus, henta frå denne søndagens preiketekst. Eg kjenner at dette er utfordrande, for det er lett å bli prega av denne lysta.Les meir «Lysta til alltid å eiga meir»

Rennande vatn i Davidsbyen

Jerusalems #7 Vatn er nødvendig i ein by. Jerusalem ligg langt oppe i fjella og var frå gamal tid avhengig av kjeldevatn. Byen er 3000 år gamal og vatnsystemet som er funne i Davidsbyen, det eldste Jerusalem, har element som går mest så langt tilbake i historia. Det er fascinerande å sjå nærare på Warren’sLes meir «Rennande vatn i Davidsbyen»

Kristne korstog?

(Dette innlegget skreiv eg på den tidlegare TypePad-bloggen min 15.03.2006. Innlegget blei sletta i samband med konverteringa frå TypePad til WordPress, og sidan det er relativt tidlaust, tar eg det inn her på bloggen nå). Eg har truffe mange interessante menneske når eg har vore ute og reist, ikkje minst i Israel og dei palestinskeLes meir «Kristne korstog?»

Om bibelomsetjing

På Bibelselskapet si nettside ligg det ein innhaldsrik og interessant artikkel om Fadervår – kildene, tradisjonen og formidlingen. Artikkelen er sett saman av fleire ulike delar: Fra bibeloversetterens verksted. Fadervår, Herrens bønn. Hentet fra oppslagsdelen til Det nye testamentet 2005 Å omsetja Fadervår. Artikkel av bibelomsetjar Hans Johan Sagrusten, tidlegare publisert i Ung Teologi (teologiskLes meir «Om bibelomsetjing»

Den treeine Gud

Det er Treeiningssøndag (bokmål: treenighetssøndag) i dag. Eg markerer dette, også dette året, med å gjengje den nikenske truvedkjenninga, ein svært viktig tekst med tanke på den felles kristne trua på den treeine Gud: Far, Son og Heilagande. Vi trur på éin Gud, den allmektige Far, som har skapt himmel og jord, alt synleg ogLes meir «Den treeine Gud»

Gjev fred på jorda

Fredsbøna til kyrkja Allmektige, evige Gud, du som kan leia og bøya menneskehjarte, vi bed deg: Hjelp og styrk alle dei som i dag har det store ansvaret for fredssaka i verda. Ta i di mektige hand leiarane i nasjonane, vend hjarta deira til deg og gjev dei kraft i striden mot alt det somLes meir «Gjev fred på jorda»

Berge på Finnøy

Røter er viktige. Nokre av røtene mine er knytt til Finnøy i Ryfylke. Farsslekta mi kjem derfrå. I juni skal me ha slektsstemne på Finnøy for etterslekta etter oldeforeldra mine, Pauline Marta og Ole Tobias Berge. Eg er med i komiteen og det har ført til nokre gilde kveldar med planlegging og drøs om fellesLes meir «Berge på Finnøy»

Meir om israelsk bibelkonk.

Eg har tidlegare skrive om den uventa publisiteten dei messianske jødane har fått i Israel pga ei ung messiansk jente si deltaking i ein populær bibelkonkurranse. Nå har eg fått litt meir informasjon om koss denne saka har utvikla seg. Det er tydeleg at rabbinarane ikkje har fått særleg oppslutning om oppfordringa til boikott. DetLes meir «Meir om israelsk bibelkonk.»

Arkeologisk arkitektur

Dr Leen Ritmeyer er arkeologisk arkitekt med bibelsk arkeologi som spesialitet. The Bible illustration blog har gjort eit interessant intervju med han. Her er eit utdrag: Leen, you’re job title is «Archaeological Architect specializing in Biblical Archaeology». In layman’s terms, what exactly does an archaeological architect do? The work I have done for a longLes meir «Arkeologisk arkitektur»

Prins Caspian

Narnia vil for alltid ha ein plass i mi verd. Først og fremst i bokformat. Men eg har også gode minne frå filmen Legenden om Narnia frå 2005. Nå kjem snart Prins Caspian, den andre Disney-filmen over C.S. Lewis sine fantastiske bøker. Christianity Today har ein seksjon med stoff om filmen her, blant anna intervjuLes meir «Prins Caspian»

Jesaiarullen

Den som skal til Jerusalem dei næraste vekene, bør prioritera å besøkja The Shrine of the Book og sjå den originale Jesaiarullen frå Qumran. Dette er ein av dei viktige Dødehavsrullane, og den er tatt fram i lyset i samband med staten Israel sitt 60års-jubileum. Haaretz skriv i dag: 2,100-year-old Isaiah Scroll on rare publicLes meir «Jesaiarullen»

Staten Israel 60 år

Israel feirar i dag (08.05.2008) at det er 60 år sidan staten blei oppretta. Eg vil gjerne vera med og gratulera! Seinare i år skal eg vera med på ei stor jubileumsmarkering som blir arrangert av fleire ulike israelsvennlege organisasjonar. Staten blei elles proklamert 14. mai 1948, men blir feira i dag på grunn avLes meir «Staten Israel 60 år»

Steinkjerringa

Eg var på tur til Steinkjerringa i dag. Dette er eit av dei meir originale turmåla her på Jæren. Alle jærbuar kjenner sjølvsagt staden, men av omsyn til andre lesarar, tar eg med denne spesielle historia. Skulpturen, som også blir kalla Mor Norge, står plassert langt inne i heia på Høg-Jæren, i Synesvarden landskapsvernområde. DetLes meir «Steinkjerringa»

Boikott pga messiansk jøde?

The beauty of the Jewish world is the diversity. Dette er sagt av ein israelsk advokat som argumenterer for dei messianske jødane sin rett til å sjå på seg sjølv som jødiske. Men dette er ikkje allment godtatt i Israel. Tvert imot blir dei messianske jødane i enkelte mektige miljø heller oppfatta som ein rødLes meir «Boikott pga messiansk jøde?»

Damaskusporten

Jerusalems #8 Gamlebyen i Jerusalem er omkransa av ein bymur frå 1500-talet. Det er sju portar i muren. Damaskusporten er den største og flottaste av byportane og den har fått 8. plass på lista over Jerusalems 10 på topp. Damaskusporten ligg i den arabiske delen av Jerusalem. Heile området, både på utsida og innsida avLes meir «Damaskusporten»