Den sjuarma lysestaken

den-sjuarma-lysestaken-2Det er mange som har lysestake med sju lys i vinduet nå i adventstida. Eg syns det er ein flott tradisjon.

Heime hos meg står den elektriske lysestaken i kjøkkenvinduet. Der viser den best frå vegen utanfor. Inne i stua har me i tillegg ei sjuarma lysestake for levande lys (biletet). Dette er ein jødisk menorah som me har kjøpt i Jerusalem.

Ein slik sjuarma lysestake er i dag eit heilt vanleg jødisk symbol, faktisk eit av dei viktigaste symbola i jødisk samanheng. Men dei fleste jødar vil aldri tenna staken, slik me kristne gjer! I tradisjonell jødisk kultur skal lysestaken stå utent inntil den messianske tida kjem. For Jesus-truande jødar og for kristne av alle andre folkeslag, er derimot den tente sjuarma lysestaken eit frimodig teikn på at Messias har kome og at han er nær.

Det er mange flotte Messiasprofetiar i GT, f eks denne frå profeten Jesaia:

For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste. (Jes 9,2)

Den sjuarma lysestaken har bakgrunn i GT. Det var Moses som fekk beskjed om å laga ein lysestake etter at han hadde motteke dei ti boda på Sinai. I 2. Mos 25,31-40 kan me lesa klare instruksjonar til Moses om koss lysestaken skulle sjå ut. Gjennom jødane si historie i gamaltestamentleg tid var denne lysestaken (“Guds lampe”) alltid brennande, først i tabernaklet, seinare i templet.

detalj-fra-titusbuen-foto-wikipediaMen i år 70, då Jerusalem blei øydelagt av romarane, blei lysestaken tatt som krigsbytte med til Roma. Den som har sett Titusbuen på Forum Romanum i Roma, har sett eit gamalt romersk relieff som viser dette, sett med romerske auge (foto: Wikipedia). Sidan har den sjuarma lysestaken som brann i tempelet i Jerusalem vore borte.

På denne bakgrunn er det forståeleg at ein tent sjuarma lysestake skapar meir undring i Israel enn her i vår kultur. I Immanuelkyrkja i Tel Aviv har dei ein slik menorah ståande som det sentrale symbolet på altaret. Dei tente lysa vitnar om trua på Jesus som kom som Messias for det jødiske folk og for alle folkeslag på jord. Dei skapar undring for jødar som kjem innom, og fungerer i denne samanhengen betre som symbol på Jesus enn eit kors ville ha gjort.

For oss som trur på Jesus, kan lysestaken vera eit godt symbol på at Han er den Messias som GT vitnar om. I kyrkja vår her på Bryne tenner me derfor den sjuarma lysestaken mens me les profetiar frå GT, når me har lysmesse i adventstida.

Den sjuarma lysestaken er med og framhever den kristne trua sine jødiske røter. For meg peiker den på Jesus. Derfor gleder eg meg over at det lyser sjuarma lysestakar i vindua i mange heimar i desse dagane. Om ikkje folk veit sikkert korfor dei har tent desse stakane, vitnar dei likevel om Han me feirar i jula!

8 svar til Den sjuarma lysestaken

  1. Ivar Lygren seier:

    Hei, Arne.
    Takk for mailen eg fekk.
    Litt om det Skarsaune skriv om den sjuarma lysestaken, “the menorah”.
    Han reiser spørsmålet om korleis messiastruande jødar budde i tida etter Konstantin i Palestina. Messiastruande jødar hadde tidlegare levd godt integrert saman med ikkje-messiastruande. Men utover 300-talet opplevde dei større sosial isolasjon som følgje av aukande motstand frå det rabbinske leiarskapet. Blei dei verande i tradisjonelle jødiske landsbyar eller flytte dei ut til eigne kristne busettingar?
    Kyrkjefaderen Epiphanius seier at flyktningar frå Jerusalem m.a. slo seg ned på Golanhøgda. I landsbyen Farj på Golan og i to andre landsbyar ikkje langt unna har ein på dørbjelkar funne symbol der krossen og den sjuarma lysestaken er kombinert. Ein meiner det er god grunn til å tru at dette symbolet er nytta av konverterte jødar, truleg då av “Nazoreansk” type (som då har danna eigne busettingar, mi anm.). Skarsaune er tilbøyeleg til å meina dette er mogleg sidan Epiphanius fortel om “nazoreanarar” på Golan.

  2. […] Når eg i dag hentar fram adventsstaken for at den skal lysa i tida fram mot jul, tenkjer eg likevel meir på samanhengen med den sjuarma lysestaken som har røter i Bibelen. Eg syns også det er interessant å tenkja gjennom den symbolske forskjellen mellom jødane sitt forhold til menorahen (som dei ikkje tenner) og vår kristne tradisjon med ein tent sjuarma lysestake. Eg har lært av dei Jesustruande messianske jødane at ein tent sjuarma lysestake, er eit tydeleg Messiassymbol. Sjå tidlegare notat her på bloggen: Den sjuarma lysestaken. […]

  3. […] Den sjuarma lysestaken […]

  4. […] Den sjuarma lysestaken […]

  5. […] Den sjuarma lysestaken (2008) […]

  6. […] (Les meir om den sjuarma lysestaken her.) […]

  7. […] Oppdatering 02.12.2013: Chanukka-staken med åtte lys og eit ekstra lys er ikkje bakgrunnen for den sjuarma lysestaken som me nyttar i adventstida, slik Aftenbladet feilaktig antyda i ein “forstå”-artikkel før helga! Bakgrunnen for denne er sjølvsagt den sjuarma lysestaken i jødisk/bibelsk tradisjon (2. Mos 25,31 ff), sjå her. […]

  8. […] Den sjuarma lysestaken (2008) […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: