Paulus om Guds frelsesvilje

logo_anno_paolino1Er det slik at Gud har bestemt kven som skal bli frelste? Det finst bibeltekstar som kan forstås slik, og det finst kristne som held fast på ein tanke om at det er bestemt på førehand kven som skal og kven som ikkje skal bli frelste. Men Bibelen inneheld også tekstar som heilt tydeleg seier at Guds frelsesvilje er universell, at den gjeld alle menneske.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Me har nå kome til pastoralbreva, dvs 1. og 2. brev til Timoteus og brevet til Titus. Marssitatet er ei utsegn om Gud i 1. Tim.

Paulus skriv:

… han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.

Dette er henta frå eit avsnitt om dei kristne si forbønsteneste, der forbøna blir grunngjeven i at Guds frelsesvilje gjeld alle menneske:

Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske. Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer. Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over, han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.

For Gud er éin,
og éin mellommann er det mellom Gud og menneske,
mennesket Kristus Jesus,
han som gav seg sjølv som løysepenge for alle.

(1. Tim 2,1-6a)

Omtalen av Gud som vår frelsar, er typisk for pastoralbreva sitt gudsbilete (jfr 1. Tim 1,1 og 1,15). Dette i følgje Martin Synnes, ein av lærarane eg hadde då eg studerte teologi. Synnes har skrive ein kommentar til 1. Tim der han skriv slik om denne teksten:

Menighetens omsorg for alle mennesker har sin grunn i Guds vilje og ønske om å frelse alle. Menigheten er med sitt nærvær i verden, i sin forkynnelse og i sin praksis, forpliktet på dette. Hermed har ikke pastoralbrevene sagt at alle skal bli frelst. Guds frelservilje sikter mot at ethvert menneske må nå frem til å kjenne sannheten.

(M. Synnes: Vakthold om den skjønne skatt, 1996, s 127)

Oppdatering: Eg har markert Paulusåret 2008-2009 med regelmessig å skriva litt i tilknyting til eit sitat frå kvart av dei paulinske breva:

Charlesworth om essearane

Debatten omkring Rachel Eliors kontroversielle teoriar om Dødehavsrullane, rullar og går i ulike samanhengar.

Artikkelen Dead Sea Scrolls’ origins spark debate er interessant, blant anna fordi den gjengir synspunkt frå professor James Charlesworth:

Charlesworth, whose own work focuses on editing and translating the Scrolls from Aramaic, Greek and Hebrew, said he is convinced that the Essenes wrote some of the texts. “Since Josephus mentions 120 features of the Essenes and I have found more than 100 of them in the Scrolls composed at Qumran, I have no doubts that the Qumranites should be identified with the Essenes mentioned by Philo, Pliny, Jospehus and many other historians in antiquity,” Charlesworth said in an e-mail.

Though contemporary Hebrew sources and the New Testament make no reference to the Essenes, Charlesworth noted that this is not unexpected, since “Essene” is a Greek word and the Qumranites never wrote in Greek. The New Testament does refer to “the Sons of Light,” a term used extensively by the authors of the Scrolls. Himmelfarb explained that Hebrew texts may have used other words to describe the group but that many of the proposed words are unconvincing.

(via PaleoJudaica)

Kontroversielt om essearane

QumranMars 2009:

Den israelske professoren Rachel Elior har vekt oppsikt med svært kontroversielle teoriar om opphavet til Dødehavsrullane. Eg har tidlegare skrive om at dette er eit tema for debatt. Nå blussar denne debatten opp igjen. Eliot hevdar at essearane truleg aldri har eksistert og at Dødehavsrullane truleg har bakgrunn blant saddukearane i Jerusalem.

Biletet viser ei av holene i Qumran, der Dødehavsrullane blei funne.

Morgenbladet skriv denne veka om Elior sitt kontroversielle utspel:

I mer enn 60 år har historikere ment at «forfatterne» bak Dødehavsrullene var essenerne, en mystisk sekt fra i fjellene i Qumran. Der, ved nordenden av Dødehavet, levde de et asketisk liv og nedtegnet sine religiøse erfaringer. Nå møter denne bredt aksepterte teorien motstand, nærmere bestemt av Rachel Elior, professor i jødisk tenkning ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem. For ifølge Elior har essenerne trolig aldri eksistert. Og dermed har også det hun kaller et av det 20. århundrets mest betydningsfulle arkeologiske funn – Dødehavsrullene – et helt annet opphav. (Les meir)

Oppdatering: Torleif Elgvin, norsk ekspert på Dødehavsrullane, uttaler seg om Eliors teoriar i Vårt Land 28.03.2009 (papirutgåva). Han hevdar at teoriane er usannsynlege og at Elior manglar kompetanse på forsking om Dødehavsrullane.

Her er eit utdrag:

– Ho har ikkje studert det arkeologiske materialet. Arkeologiske funn bind holene der skriftrullane vart funne til busetningane like ved. Ein har to typar krukker som er funne både i holene og i busetningane like ved, som ikkje er funne nokon annan stad, argumenterer Elgvin.

– Korleis blir Eliors synspunkt motteke blant forskarar i Israel?

– Ho er ein outsider i fagmiljøet og svært få er overbevist av teoriane hennar. Eg meiner ho trakkar i eit bedd ho ikkje har greie på.

– Kor viktig er det å vite kven som har skrive daudehavsrullane?

– Uansett korleis ein konkluderer om forfattarskap, er bokrullane unike kjelder til dei jødiske miljøa som gir oss bakgrunnen til Jesus og den første kristne kyrkja, seier Elgvin.

Framtid for Dødehavet?

Dødehavet sett frå QumranDødehavet er ein svært spesiell stad. Det er det lågaste punktet på jorda, vatnet har ein spesiell konsistens på grunn av alle mineralane i vatnet, og naturen rundt er vill og vakker. Ved nordenden ligg byen Jeriko, som av nokre blir omtalt som den eldste byen i verda. I Bibelen blir innsjøen oftast kalla Saltsjøen.

Eg har tidlegare skrive om at Dødehavet minkar. Nå (mars 2009) har det vore medieoppslag om at klimakrisa også påverkar framtida for Dødehavet. Samtidig blir det lagt vekt på at den politisk kompliserte situasjonen i området, (sjølvsagt) gjer samarbeidstiltak vanskelege.

For det er trolig bare gjennom tverrpolitisk samarbeid at Dødehavet kan reddes fra å tørke inn. Sviktende tilførsel av vann fra elva Jordan og andre vassdrag har ifølge Verdensbanken ført til at vannstanden i innsjøen falt med 26 meter fra midten av 1960-årene til 2007.

Maria bodskapsdag

I dag, på Maria Bodskapsdag, vil eg minna lesarane på at Maria har ein viktig plass i vår kristne tru, også i ei luthersk kyrkje. For det første er Maria Jesu mor og derfor nemnt i truvedkjenninga vår. Og så er ho eit eksempel på eit fromt menneske som ikkje ville framheva seg sjølv, men heller vera ein tenar for Herren då han kalla henne til ei heilt usannsynleg teneste.

Feiringa av Maria Bodskapsdag ni månadar før jul har ein lang tradisjon i den kristne kyrkja. For fleire hundre år sidan var 25. mars ein eigen heilagdag, nå markerer Den norske kyrkja dagen på den søndagen som kjem nærast 25. mars.

Sjå og tidlegare notat om Nasaret.

Israel Education Forum

Messianske jødar og arabiske kristne i Israel har gått saman om å danna Israel Education Forum. Eg syns det er flott at trua kan skapa gode relasjonar mellom folk som i ein konfliktfylt situasjon lett kunne hatt eit negativt bilete av kvarandre. Dei ser at dei har felles utfordringar og at skulane deira kan ha nytte av å stå saman og samarbeida.

Globalization in general leads to openness and that will lead to unprecedented exposure of the Christian message worldwide. That is true in Israel too but this message will be faced with layers and layers of stereotypes and a long history of prejudice. The Israel educational forum will have to deal with these layers in a fresh and creative way in order to make the message of Jesus known and accepted in the same spot where He lived.

Det er arabaren Botrus Mansour frå Nazareth Baptist School som svarar slik på eit spørsmål om kva som er den største utfordringa som møter arabiske kristne og messianske truande når dei skal formidla evangeliet til neste generasjon.

Sjå artikkelen Messianic, Evangelical Educators Create New ForumChristianityToday liveblog.

Dybde på nettet?

Morgenbladet har denne veka  (mars 2009) ein interessant artikkel i samband med at verdsveven www er blitt 20 år. Her får me ulike synspunkt på kva nettet gjer med oss. Blant dei mange som uttaler seg, er Jan Kjærstad og Thomas Hylland Eriksen. Begge nyttar ordet dybde. Men dei vurderer nettet ulikt som arena for refleksjon og djupe tankar.

Kjærstad er positiv:

– Enkelte vil si at nettet gjør oss dårligere til å fokusere. Hva tror du om det?

– Jeg tror det er svartmaling. Nettet er en liten brikke i evolusjonen, det er det siste redskapet vi har utviklet. Sånn sett kan man se på det som en forlengelse av kroppen, som en ny legemsdel. Internett er et stort instrument man kan bruke til å samle mange biter, og gå i dybden på det som interesserer, sier Jan Kjærstad.

Hylland Eriksen kjem derimot med kritiske tankar:

Professor i kulturell kompleksitet ved UiO og forfatter Thomas Hylland Eriksen tilhører de som er bekymret. – Nettet fører til vekst i bredde, men tap av dybde. Vi kan sende femti e-poster på en formiddag, men det behøver ikke stå noe i noen av dem. Teknologien legger overhodet ikke til rette for fordypelse og sammenheng. Ordet «fordi» blir sjeldent, evnen til å tenke i lange kausale kjeder blir svekket, mener Hylland Eriksen.

For eigen del opplever eg at nettet både er eit fantastisk informasjonsmedium og ein grisk tidstjuv. Minutta går fort framfor pc’en. Likevel kan det vera ein stad for viktig refleksjon. Eg har nå brukt nokre minutt til å lesa og kommentera artikkelen i Morgenbladet. Det har ikkje vore unyttig.

Les heile artikkelen i Morgenbladet her.

Kyrkjefunn frå bysantinsk tid

A church that dates to the Byzantine period which is paved with breathtakingly beautiful mosaics and a dedicatory inscription was exposed in an archaeological excavation the Israel Antiquities Authority is conducting near Moshav Nes-Harim, 5 kilometers east of Bet Shemesh (at the site of Horvat A-Diri), in the wake of plans to enlarge the moshav.

Slik startar Israel Antiquities Authority si entusiastiske pressemelding i dag om eit nytt kyrkjefunn frå bysantinsk tid i Israel. Staden Nes Harim ligg i høgdedraga utanfor Jerusalem. Regionen var ein del av det kristne bysantinske riket i over 300 år. Historia om denne perioden (325-638) er både viktig og interessant, og slike funn er med og gjev ny kunnskap om den rike kristne kulturen i Midt-Austen i tida før muslimane kom hit i 638.

Arkeologen Daniel Ein Mor, som har leia utgravingane, seier blant anna:

We know of other Byzantine churches and sites that are believed to be Byzantine monasteries, which are located in the surrounding region. The excavation at Nes-Harim supplements our knowledge about the nature of the Christian-Byzantine settlement in the rural areas between the main cities in this part of the country during the Byzantine period, among them Bet Guvrin, Emmaus and Jerusalem.

Les heile pressemeldinga herHaaretz har også ein liten omtale av funnet her.

(via Jim West)

Om tidebøn

Efrem forlag sin omtale av ei bok med tidebøner (mars 2009):

Tidebønn har sin opprinnelse i den jødiske tradisjons bønnetider og ble videreført av den tidlige kirke. Både Jesus og disiplene ba de gammeltestamentlige bønnene fra Salmenes bok. Apostlenes gjerninger, skriftet i Det nye testamentet som omhandler den første menighet, vitner om hvordan de første kristne, i fellesskap eller hver for seg, ba ved bestemte tider.

Bønnene er hentet fra Bibelen. Å be Guds ord er tidløst og slitesterkt. Hele spekteret av menneskelige føleleser og erfaringer får rom. Dybdene i Gud – og i oss selv – blir utforsket. Bønnen for verden blir utvidet. Vår kristne enhet fordypes.

Når vi ber tidebønn kommer vi ikke bare i forbindelse med den levende Gud, men også med alt Guds folk som over hele jorden ber de samme bønnene.

Boka kom ut i 2008.

Her er oppdatert lenke til boka. Den finst også i bokmålsutgåve.

Om messianske jødar i Jerusalem Post

Jerusalem Post hadde for nokre veker sidan ein magasinartikkel om fenomenet messianske jødar, altså jødar som trur på Jesus. Eg syns det er interessant å lesa koss dei messianske jødane, som eg reknar som søsken i trua, blir omtalt og forstått av ein israelsk kommentator.

Skribenten Lerry Derfner har i arbeidet med artikkelen hatt kontakt med mange ulike messianske forsamlingar og med den jødiske antimisjonsorganisasjonen Yad L’Achim. Generelt skriv han faktisk ganske positivt om den messianske rørsla og gir inntrykk av at han har måtta revurdera sitt syn på dei Jesustruande i kontakten med dei. Han kjenner seg meir uvel i møte med Jews for Jesus, som er ein aktiv evangeliserande organisasjon innanfor den messianske rørsla.

Han har, så langt eg veit, god informasjon om kor mange messianske jødar det er i Israel. Han oppgir at det er omlag 100 forsamlingar med tilsaman ca 7.000 truande (dvs ca 1 promille av innbyggjarane i landet).

Artikkelen er skriven på hebraisk av Larry Derfner, og omsett til engelsk i Caspari Media Review 03.03.2009:

Despite what most people think, the terms «Jews for Jesus» and «Messianic Jews» are not interchangeable. Jews for Jesus is an organization made up of Messianic Jews who actively proselytize, handing out leaflets and taking out newspaper ads. Their proactive approach makes many if not most Messianic Jews, at least in Israel, uncomfortable . . . My own impression of the Messianic Jews, though, is that they are a benign bunch – native Israelis and immigrants who usually came from outside society’s mainstream, who were spiritually hungry and found a new «faith community.» Of the estimated 7,000 Messianic Jews here, as many as half are recent Russian immigrants who were not raised Jewish . . . The Messianics aren’t a cult, either. They have no single leader or even a leadership team, and none of them is considered by any means divine, or closer to God than others, or possessed of divine powers. Each of the 100 or so congregations is effectively a community unto itself . . . They maintain no closed commune or retreat where new converts are brainwashed or «love-bombed,» the newcomers are not kept away from their families or friends, and anyone who wants to leave the community, leaves. While Jews for Jesus are the only ones who proselytize strangers in the street, Messianics are candid about talking up Jesus to any Jew (or gentile) who shows an interest . . . But their religion is indistinguishable from evangelical Christianity; they speak of themselves as «Messianics» or «believers» more than as «Messianic Jews.» They pray in evangelical Christian churches and evangelical Christians pray in their congregations – they prefer not to use the term «synagogues» – with no changes in text or ritual necessary . . . The Messianics say it’s only militant Orthodox Jews who give them problems; the mainstream Israeli Jews they live among are completely tolerant . . . Although society leaves the community largely to itself, when interest is shown, it’s largely negative. When I began approaching Messianics for this story in December, I ran into a lot of suspicion . . . I came armed with references from the community, but even my references were wary . . . The Bnei Brak-based Yad L’Achim, which considers Messianics to be law-breaking «missionaries» and «cultists,» makes no bones about doing everything legally possible to make these people’s lives miserable. In an interview in 2005, the organization’s aged leader, Rabbi Shalom Dov Lifschitz, told me: «When we find out about a missionary, we publicize his identity on posters, newspapers ads, by word of mouth. We don’t even have to phone up his place of work – a lot of Jewish employers don’t want to be involved with missionaries . . . So seeing an ad in the newspaper is enough for [the employer] to fire him. But not all employers will do this.» . . . Yad L’Achim fully acknowledges sending undercover spies into the Messianics» congregations, reporting on them to the Interior Ministry to prevent members from entering the country, making aliyah or getting citizenship.