På Hattins horn

27/03/2017

Bilde #9 frå vandringa på Jesus trail

Galilea 2012 391

Dette bildet viser terrenget på Hattins horn, eit vulkansk fjell i Galilea. Det me ser her, er det som kan minna om eit krater.

Staden er kjent for slaget som stod her 4. juli 1187 mellom Saladin og korsfararane. Saladins hær vann ein knusande siger som fekk stor historisk tyding. Den som har lese Jan Guillou sin trilogi om Arn, kan nok sjå for seg dette slaget!

På 1800-talet var det vanleg å seia at det var her Jesus heldt Bergpreika. Sjå notatet Jesus på fjellet Hattins horn?

Den fire dagar lange pilegrimsløypa Jesus trail går over Hattins horn. Her er det ein flott utsikt over store delar av Galilea. Neste notat i denne bildeserien skal visa noko av utsikta.

Tidlegare notat i serien med bilde frå Jesus trail:

  1. Klar for vandring i Galilea
  2. Morgonlys over Nasaret
  3. Kulturlandskap i Galilea
  4. Galileas Mona Lisa
  5. Kana i Galilea
  6. Bryllaupskyrkja i Kana
  7. Turutstyr på Jesus trail
  8. Jesus på fjellet Hattins horn?

Biblical Studies Carnival 2/2017

04/03/2017

Biblical Studies Carnival for februar 2017 er nå publisert på bloggen Persuing Veritas. Dette er ei oversikt over lenker til innlegg på faglege bibliobloggar i februar om GT, NT, den eldste kyrkja, teologi og hermeneutikk, bokmeldingar, ressursar og nyheiter om konferanser mm.


Stillhet

10/01/2015

Det er i dag 10 år sidan eg la ut dei første notata på bloggen. Dette blir markert på ein relativt stillferdig måte, ved at eg legg ut på nytt det første eigentlege bloggnotatet frå 10. januar 2005.

Temaet er ikkje forelda. Ei av dei bøkene som står på leselista mi for 2015, er Susan Cain: Stille. Introvert styrke i en verden som aldri slutter å snakke.

Stillhet er ikkje farleg. Eg syns det er herleg å vera for meg sjølv innimellom. Bare vera for meg sjølv med tankane mine. Det er forskjell på å kjenna seg einsam (eng: loneliness) og på sjølv å ha valt å vera aleine (eng: solitude). Det første er noko vondt, det andre er noko godt.

Sidan eg er kristen, har dette sjølvsagt noko med gudsforholdet mitt å gjera. Eg syns det er godt å søkja Gud i stillheten, samtidig som eg òg treng fellesskapet med andre kristne.

Men mange gonger dreier det seg rett og slett om behov for å roa meg ned. Kjenna på den gode stillheten, den gode ensomheten. Ei bok som har inspirert meg i denne retninga, er Leve langsomheten av Owe Wikstrøm (Genesis forlag 2002).

Det treng ikkje alltid ta så mykje tid. Heidi Strand Harboe skriv i eit av dikta sine om dei ”ørsmå hol i dagen”. Det gjeld å sjå dei og å utnytta dei!

Men å vera aleine i stillhet er ikkje det normale, heldigvis! Til vanleg er eg sjølvsagt saman med andre. Anten heime, på jobb eller blant venner. Me menneske er jo sosiale vesen som er ganske avhengige av kvarandre!


Topp 5 på bloggen 2013

04/01/2014

Statistikken eg får frå WordPress viser kva som har vore dei mest populære notata her på bloggen i 2013.

Lista inneheld fleire notat frå tidlegare år og viser såleis at bloggnotat kan ha lang levetid. Det har eg ingenting i mot. Det var likevel overraskande for meg å sjå at alle dei fem notata som står øvst på lista, var frå tidlegare år. Veit ikkje heilt koss eg skal tolka dette. Får tygga litt på det i tida som kjem … 🙂

Her er lista Topp 5 i 2013:

  1. Garborg: Om pengar (2010)
  2. Den sjuarma lysestaken (2008)
  3. Guds pakt med Noah (2010)
  4. Paulus i Efesos (2005)
  5. Bibelsk musikkarkeologi (2010)

Bloggen inneheldt ved årsskiftet 1257 notat, av desse var 63 nye i 2013.


2012 in review

31/12/2012

The WordPress.com stats helper monkeys prepared a 2012 annual report for this blog.

Here’s an excerpt:

4,329 films were submitted to the 2012 Cannes Film Festival. This blog had 23,000 views in 2012. If each view were a film, this blog would power 5 Film Festivals

Click here to see the complete report.


Topp 10 på bloggen 2011

31/12/2011

Statistikken viser kva som har vore dei mest populære notata her på bloggen i 2011. Lista inneheld fleire notat frå tidlegare år og viser såleis at bloggnotat kan ha lang levetid. Det har eg ingenting i mot.

Her er lista Topp 10 i 2011:

  1. Den sjuarma lysestaken
  2. Garborg: Om pengar
  3. Guds pakt med Noah
  4. Om guder og mennesker
  5. Kristi Himmelfartsdag
  6. Jødisk og kristen påske
  7. Steinkjerringa
  8. Bob Dylan, jøde og kristen
  9. Klagemuren / Vestmuren
  10. Gaustatoppen

I tillegg har infosida Om bloggen hatt mange lesarar.

Eg vil òg nytta høvet til å peika på nokre av mine eigne «favorittar», skrivne i 2011:

  1. Alfabetsalmar i Bibel 2011 (25.11.2011)
  2. Evangelisten Matteus (23.08.2011)
  3. Det jødiske Krakow (08.05.2011)
  4. Jesus stiller stormen (27.01.2011)
  5. Rubljov: Treeininga (12.01.2011)
  6. Jesu dåp i Jordanelva (08.01.2011)

Biblical Studies Carnival 9/2011a

15/08/2011

Eit nytt Carnival er på plass. James McGrath presenterer på bloggen Exploring Our Matrix ei første utgåve av oversikta for september, altså før det har blitt september! Dette er ei oversikt over kva som er skrive på ulike bibliobloggar den siste månaden, i stor grad sett med amerikanske auge.

September 2011 Biblical Studies Carnival – Early Edition

Due to a truly impressive amount of blogging about matters related to the Bible, I have decided to offer an early edition of the September 2011 Biblical Studies Carnival, which provides a round-up of posts from August 2011. Here is a carnival featuring the posts from the first half of this month. (Les meir)

Oppdatering: Nå er også Episode 2 lagt ut, sjå her.


%d bloggarar likar dette: