Vandring på Klosterøy

Utstein kloster og kulturmiljø. Foto: Arne Berge 2023

I går (10.05.2023) var eg med på ei vandring på historisk grunn på Utstein gard, med marinarkeolog Endre Elvestad som guide. Det blei ein fin kveld. Eg fekk lært meir om ein del av historia eg ikkje kan så mykje om. Og ikkje minst: eg fekk gå i dette flotte kulturlandskapet som normalt ikkje er ope for allmenn ferdsel. Dermed fekk eg også sett Utstein kloster på avstand frå ei for meg uvanleg retning. Eg syns klosteret og landskapet rundt er ein utruleg vakker stad.

Me fulgte ein gamal kjerreveg over øya, frå garden og klosteret til Bakkahodnet ut mot Matrafjorden. Der fekk me sjå eit område med ca 120 gravhaugar i strandkanten, truleg frå perioden 300-600 e. Kr. Dette gravfeltet er elles tilgjengeleg ved å gå Sorgenfrivegen som startar ved Utstein pilegrimsgard.

Me fekk også høyra om den underlege 150 meter lange labyrinten av stein som blei funnen på Bakkahodnet, ovanfor gravhaugane. Arkeologane kan ikkje seia sikkert kva dette har vore. Steinsetjinga er like gamal som gravhaugane, det er gjort funn der som er datert til ca 200-400, og den har truleg vore «en eller annen form for religiøs helligdom», som historikaren Eivind Heldaas Seland uttrykker det i boka Utstein kloster – og Klosterøys historie (Eldbjørg Haug, red). I denne boka er det teikning av labyrinten, og bilde frå den gong den var synleg i terrenget. I dag er den overgrodd.

Men som sagt, sjølve vandringa over Klosterøy var nok det viktigaste for meg denne kvelden. Normalt går eg frå pilegrimsgarden eller hotellet når eg skal til klosteret, og dette er ein liten tur eg liker godt, på smal bilveg i strandkanten. Men denne kvelden fekk me gå gjennom innmarka på Utstein gard, der det til og med var mange sauer og lam på beite. Me fekk sett klosteret frå høgda. Det å oppleva nye sider ved kulturlandskapet ved Utstein kloster er det som sit mest igjen hos meg etter turen.

Arrangør var Rennesøy historielag. Det var ca 50 deltakarar.

Les meir på VisitUtstein.

Relatert notat her på bloggen: Litterært blikk på Utstein kloster.

Utstein kloster og kulturmiljø. Foto: Arne Berge 2023
Utstein kloster. Foto: Arne Berge 2023
Reklame

Skandinavisk påskemorgon i Jerusalem

Påskefeiring 2023 i Jerusalem, del 4

Påskemorgon på Oljeberget. Foto: Arne Berge 2023

«Han er oppstaden! Ja, han er sanneleg oppstaden!» Me deltok på friluftsgudsteneste påskemorgon kl 05.30 på Oljeberget, med utsikt mot aust over Dødehavet og Jordan. Det var ennå mørkt, men snart kom sola og dagslyset.

Påskemorgon på Oljeberget. Foto: Arne Berge 2023

Gudstenesta var eit samarbeid mellom Den Danske Kirke i Jerusalem og Swedish Theological Institute, den svenske kyrkja sitt studiesenter i byen. Me var også nokre få nordmenn som deltok. Det var både ei fin naturoppleving og ei god feiring av Jesu oppstode.

Me song kjende og ukjende påskesalmar på dansk og svensk. Sjølv om me dessverre ikkje song Påskemorgen slukker sorgen, var denne salmen sterkt med meg i tankane. Det var den første påskesalmen eg lærde som barn, og den betyr framleis mykje for meg.

Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid;
den har oss givet lyset og livet, lyset og livet i dagning blid.
Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid.

N. F. S. Grundtvig. Norsk salmebok nr 196, vers 1

Evangeliet blei lese frå Mark 16,1-8 om kvinnene som kom tidleg om morgenen til grava for å salva den døde Jesus. Dei fann ei tom grav og ein engel som sa:

«Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, den krossfeste. Han er stått opp, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han! Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter: ‘Han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, slik han har sagt dykk.’»

Mark 16,6-7, bibel.no

I gudstenesta delte me brød og vin. Og etter gudstenesta hadde me fellesskap omkring eit bord med «let morgenmad».

Etter morgongudstenesta på Oljeberget. Foto: Arne Berge 2023

Inger og eg tok taxi opp til Oljeberget, men me ville gå ned igjen. Me gjekk langs toppen av Oljeberget til Himmelfartskapellet, og vidare til den flotte kyrkja Dominus Flevit. Så gjekk me ned bakkane til Getsemanehagen og deretter lenger ned i Kedrondalen, der det ligg nokre gamle og store gravmonument. Så opp igjen til Gamlebyen, inn Søppelporten og til Vestmuren. Og deretter vidare til Jaffa Street der me budde. Det var ein fin morgontur mens det ennå nærast var folketomt langs vegane og inne i kyrkjene. Og det blei faktisk også tid til ein liten kvil før neste påskegudsteneste!

Jerusalem i morgonlys, sett frå Oljeberget. Foto: Arne Berge 2023

Det neste målet vårt for denne påskedagen, var å delta på felles-skandinavisk festgudsteneste i Gravhagen kl 11.30. Her var det mange fleire nordmenn enn på Oljeberget, faktisk også nokre kjenningar heimefrå. Og me song enda fleire påskesalmar, – på norsk, dansk og svensk. Gudstenesta blei leia av den danske presten David Serner som me nå hadde vore saman med mange gonger gjennom påsken. Og preika var ved Eyvind Volle, som nå er ny pastor i Immanuelkyrkja i Tel Aviv, utsend av Den Norske Israelsmisjon.

Det var flott å få feira påske i byen der Jesu død og oppstode skjedde!

Deg være ære, Herre over dødens makt!
Evig skal døden være Kristus underlagt.
Lyset fyller haven, se, en engel kom,
åpnet den stengte graven, Jesu grav er tom!

Deg være ære, Herre over dødens makt!
Evig skal døden være Kristus underlagt.

Edmond L. Budry, omsett til norsk av Arne Fjelberg. Norsk salmebok nr 197, vers 1
Frå Gravhagen før den skandinaviske påskegudstenesta. Foto: Arne Berge 2023

Her er heile serien om påskefeiring i Jerusalem 2023:

Langfredag kveld på Golgata

Påskefeiring 2023 i Jerusalem, del 3

Bogen mellom det latinske og det greske kapellet på Golgata. Foto: Arne Berge 2023

Langfredag kveld gjekk me til Gravkyrkja i det kristne kvarteret i Gamlebyen. Det kjendest som å vera på rett stad til rett tid. Denne kvelden var det fint å vera der og minnast Jesu død på korset, på staden der det skjedde.

Gravkyrkja har ei lang og samansett historie, men historikarar er stort sett einige om at kyrkja er bygd over staden der Golgata og Jesu grav låg.

Golgataklippa er bygd inn i sjølve bygningsstrukturen. Me går opp ei bratt trapp og kjem til to kapell; det latinske (katolske) kapellet som er knytt til at Jesus blir festa til korset og det gresk-ortodokse kapellet knytt til at Jesus døydde på korset.

Eg la for første gong merke til den flotte bogen mellom dei to kapella. Teksten Stabat ivxta crucem mater eivs (framfor/ved korset stod mor hans) er henta frå den latinske bibelteksten i Joh 19,25. Uttrykket Stabat mater er kjent frå ein tekst frå 1300-talet. Teksten handlar om Maria sin smerte då sonen hennar blir korsfesta. Svært mange komponistar har sidan opp gjennom historia komponert flott musikk til Stabat mater.

Det neste bildet viser mosaikken over altaret i det latinske kapellet. Dette er 11. stasjon på Via Dolorosa og temaet er altså koss Jesus blei nagla til korset. Også her er Maria, Jesu mor, sentral i bildet.

Mosaikk over altaret i det latinske Golgatakapellet. Foto: Arne Berge 2023

Mosaikken i det latinske kapellet blei laga av den italienske arkitekten Antonio Barluzzi på 1930-talet, då han hadde ansvar for å restaurera kapellet. Barluzzi blir gjerne blir kalla «The Architect of the Holy Land», og han tok i denne samanhengen utgangspunkt i at heile kapellet i korsfarartida var dekka av mosaikk.

Det neste bildet viser det greske altaret som står sentralt på Golgata. Dette er 12. stasjon på Via Dolorosa. Kapellet er rikt utsmykka i ortodoks tradisjon, med mange ikon og oljelampar. Klippa er synleg, under glas, på begge sider av altaret. Her ser me også koss folk står i kø for å knela på staden. Under altaret er det ei plate med eit hol i. Tar ein handa ned i dette holet, skal det vera sjølve Golgataklippa ein tar i. Eg har gjort det, men denne gongen stilde eg meg ikkje i køen. Eg opplevde at det å vera på staden, var det viktige for meg.

Golgata. Foto: Arne Berge 2023

Over altaret er det eit stort bilde av Jesus på korset.

Golgata. Foto: Arne Berge 2023

Jesu død på korset må vera det mest omtalte dødsfallet i verda. Inga dødsscene er framstilt av så mange kunstnarar opp gjennom historia. Bildet over det greske altaret på Golgata er ikkje stor kunst i den samanhengen, men det minte meg denne kvelden på at eg var på staden der det skjedde.

Ut frå den kristne trua er det naturleg å seia at Jesu død forandra verda for alltid. Det som såg ut som eit nederlag, viste seg å vera ein stor siger. Jesus blei sigerherre gjennom å vera slaktoffer, sa Augustin, i eit flott uttrykk på latin: Victor quia victima!

Her er heile serien om påskefeiring i Jerusalem 2023:

Skjærtorsdag kveld i Getsemane

Påskefeiring 2023 i Jerusalem, del 2

Getsemanehagen skjærtorsdag kveld. Foto: Arne Berge 2023

Dette bildet viser eldgamle oliventre i hagen utanfor Alle Nasjonars kyrkje i Getsemane. Bildet er tatt skjærtorsdag ca kl 19.30, og mørkret er i ferd med å legga seg over staden. Her i området var det Jesus kjempa sin siste og store bønekamp kvelden før han blei korsfesta. Og her var det han blei tatt til fange.

Men før eg skriv meir om besøket i denne hagen og kyrkja, spolar eg tilbake til det me var med på tidlegare på kvelden.

Kvelden starta for oss med at me deltok i ein prosesjon frå den lutherske Redeemer Church i Gamlebyen til Getsemane ved foten av Oljeberget. Prosesjonen var felles for kyrkjelydane som brukar denne kyrkja; det gjekk derfor på arabisk, engelsk, tysk og dansk. Me gjekk syngande gjennom det kristne og det muslimske kvarteret, ut gjennom Løveporten, vidare ned Kedrondalen til Getsemane, og til slutt eit lite stykke opp i skråninga av Oljeberget til ein hage der me skulle ha fleirspråkleg kveldsgudsteneste. Dette var i den vakre hagen som ligg rundt den russisk-ortodokse Maria Magdalena-kyrkja.

Maria Magdalena – kyrkja i Getsemane. Foto: Arne Berge 2023
Prestane som leia den fleirspråklege gudstenesta i Getsemane

Me fekk utdelt tekstark og lys då me kom til plassen framfor kyrkja. Då skumringa kom, tente me lysa og stod der med kvart vårt brennande vokslys.

I denne gudstenesta song me salmar som kunne syngast på alle dei fire språka samtidig, og me bad Herrens bøn samtidig på kvart vårt språk. Teksten om Jesus i Getsemane frå Matt 26,36-56 blei lesen avsnitt for avsnitt på dei mange språka, og alle hadde tekstark med dei ulike omsetjingane. Dermed kunne me følga med i det herlege språklege virvaret! Ei flott oppleving!

Teksten frå Matteusevangeliet begynner slik:

36 Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» 37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. 38 Då sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40 Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? 41 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»

Matt 26,36-41. Bibel 2011

Då Jesus og disiplane kom til Getsemane, kom dei frå feiringa av påskemåltidet. Me hadde faktisk kvelden før, på den jødiske påskeaftenen, deltatt i eit jødisk-kristent påskemåltid i den danske kyrkjelyden, «et sedermåltid i lyset af Jesus». Så dette var også med og fylte skjærtorsdagskvelden vår med innhald.

Etter den fleirspråklege gudstenesta snudde me oss mot vest og fekk eit flott syn av tempelplassen i det sola gikk ned.

Tempelplassen med Klippedomen sett frå Getsemane. Foto: Arne Berge 2023

Så gjekk me ned til hagen ved Alle Nasjonars kyrkje (det første bildet). Denne kyrkja blir også kalla Basilica of the Agony (smerte). Framfor altaret er det ein stor flat stein som etter tradisjonen er staden for Jesu bønekamp.

Det var mykje folk rundt kyrkja, og det viste seg at mange kom svært tidleg for å få plass på den katolske songgudstenesta som skulle begynna kl 21. Me gjekk inn og var der eit kvarters tid for å oppleva staden denne spesielle kvelden.

Alle nasjonars kyrkje før gudstenesta skjærtorsdag kveld. Foto: Arne Berge 2023

Me gjekk heim mette av inntrykk etter alle desse opplevingane i Getsemane skjærtorsdag kveld.

Det var rolig stemning då me gjekk heim, sjølv om det var meir folk enn vanleg på kveldstid i Gamlebyen. Dette fordi det dette året har vore samanfall mellom mange høgtider; det var muslimsk ramadan, jødisk pesach og kristen påske på éin gong! Sjølv om det denne påsken har vore uroleg i Jerusalem, har ikkje me opplevd noko av dette.

Då me kom ut gjennom Jaffaporten blei me enda ein gong minna på høgtidsfeiringa. Bymuren var vakkert opplyst med פסח שמח (pesach sameach) og Happy Passover.

Bymuren ved Jaffaporten på kveldstid under pesach, den jødiske påsken. Foto: Arne Berge 2023

Her er heile serien om påskefeiring i Jerusalem 2023:

Palmesøndagsprosesjon over Oljeberget

Påskefeiring 2023 i Jerusalem, del I

Palmesøndagsprosesjonen på Oljeberget. Foto: Inger Bakke Berge 2023

Eg har kome heim etter ein god og innhaldsrik påske i Jerusalem saman med Inger. Me har opplevd mykje flott!

Palmesøndag gjekk me saman med tusenvis av kristne frå heile verda i prosesjon over Oljeberget. Dette er ei årleg feiring av Jesu inntog i byen, ei hending som innleier påskeforteljinga i Det nye testamentet.

Dagen begynte for oss med gudsteneste og kyrkjekaffi saman med Den Danske Kirke i Jerusalem. Dei har gudstenester i det gamle Johanneskapellet i Redeemer Church i Gamlebyen. Me har hatt mykje glede av å bli kjent med denne kyrkjelyden, som var inkluderande og open for at me kunne delta i deira påskefeiring.

Etter gudstenesta gjekk me saman opp til Oljeberget. Prosesjonen starta frå Betfage kl 14.30 og me stod klare då folkemengda passerte ved Fadervårkyrkja på toppen av Oljeberget. Prosesjonen bestod av tusenvis av tilreisande pilegrimar saman med lokale kristne. Det var god stemning med flagg og fanar, song og musikk, smil og latter.

Etter ei tid gjekk me saman med våre nye danske venner inn i prosesjonen. Dei heldt seg samla ved hjelp av danske flagg og dei song danske og engelske salmar og songar. Ein del av repetoaret var heldigvis kjent for oss!

Prosesjonen gjekk seint vidare nedover dei bratte bakkane til Getsemane i Kedrondalen. Vidare gjekk me opp til bymuren rundt Gamlebyen og inn gjennom Løveporten.

Palmesøndagsprosesjonen går inn gjennom Løveporten. Foto: Arne Berge 2023

Det heile endte opp ved Betesdadammen og St Anna-kyrkja ca kl 16.45. Då hadde me altså gått i prosesjon i ca to timar. Palmesøndag blir aldri det same etter å ha opplevd dette!

Prosesjonen er ferdig, og me gleder oss over å ha fått delta!

Alle dei fire evangelistane fortel om då Jesus rei inn i Jerusalem på eit esel, og folket hylla han som Messias. Det er evangelisten Johannes som skriv konkret om palmegreiner, og det er dermed hans versjon som har gitt namn til palmesøndagen.

Johannes får på ein fin måte også fram at ingen heilt såg kva dei var med på då det skjedde. Men etter påsken, og spesielt i lys av Jesu oppstode frå dei døde, såg disiplane stadig nye samanhengar mellom Jesu liv og det som var skrive om han i dei heilage skriftene. Johannes skriv:

12 Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13 Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:
           Hosianna!
           Velsigna er han som kjem
           i Herrens namn,
           Israels konge! 
14 Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
          
    15  Ver ikkje redd, dotter Sion!
           Sjå, kongen din kjem,
           ridande på ein eselfole. 
16 Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten. 

Joh 12,12-16. Bibel 2011

Her er heile serien om påskefeiring i Jerusalem 2023:

Avslutning av prestetenesta mi i Hinna

Eg har nå slutta i tenesta som sokneprest i Hinna. Dei siste vekene har vore ei spesiell tid med mange fine markeringar. Bildet blei tatt etter avskjeds-gudstenesta søndag 26. mars. Her står eg saman med Bjørg Tysdal Moe, leiar i Hinna menighetsråd, og Tor Magne Nesvik, prost i Ytre Stavanger prosti.

Eg er takknemleg for alle menneska eg har møtt og for alt det eg har fått oppleva i ei innhaldsrik tid i kyrkjelyden. Den siste oppgåva mi i går kveld var å delta i fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp, saman med konfirmantane. Det var ei god og meiningsfull avslutning!

Eg tar med eit intervju frå det lokale bladet Kirkehilsen nr 1/2023:

Arne Berge ser fram til meir tid med familien

Etter om lag 11 år som sokneprest i Hinna kyrkjelyd går han av med pensjon 1.4. Det er eit godt høve til å tenka både bakover og framover.

Kva vil du trekka fram som dei beste minna frå åra som sokneprest på Hinna?

Det dreier seg om menneske. Nokre har eg møtt ein kort periode, andre har eg vore mykje saman med i lang tid. Eg vil spesielt nemna konfirmantarbeidet, der eg har møtt mange flotte ungdomar! Arbeidet med gudstenestene og forkynninga av Guds ord har vore viktig for meg. Og dåp og nattverd – det er både sterkt og flott!

Kva er forholdet ditt til Hinna kirke?

Det er eit nært forhold. Eg er døypt i St. Petri kirke, men både konfirmert og ordinert til presteteneste i Hinna kirke. Og nå har eg altså vore prest her sidan 2012.

Kva har endra seg mest ved prestetenesta i dei åra du har vore yrkesaktiv?

I dag har mange frivillige medarbeidarar oppgåver i gudstenestene. Det likar eg. Før var det prest, kyrkjetenar, klokkar og organist. Elles er det nå vanleg akseptert at også presten treng fritid. Det er eit stort gode! Og så kan eg jo nemna at eg ikkje hadde e-post då eg begynte som prest!

Korleis får du til å snakka fritt utan manus eller huskelapp når du held preika under gudstenesten?

Eg brukar ein del tid på preika gjennom veka. Så står eg opp grytidleg søndag morgon og bearbeider det eg har tenkt og skrive. Når gudstenesta startar, har eg eit manus med meg, men eg ser minst mogleg i det.

Korleis er det å ha gravferder?

Det er meiningsfylt å vera saman med pårørande og snakka om det livet som er slutt, og å vera med på å skapa ei trygg ramme rundt gravferda. Nokre gonger rammar døden brått og brutalt. Andre gonger kjem døden som ein venn. Uansett: Sorg og kjærleik høyrer saman. Det er godt å kunna forkynna tru og håp i møte med døden. Eg opplever eigentleg at denne delen av prestetenesta gir meg mykje tilbake!

Kor mange gonger har du vore i Israel og kvifor?

Eg har vore ca 20 korte og lange turar i Israel og dei palestinske områda, både på studieturar, private feriar og som reiseleiar. Eg likar å formidla kunnskap til andre, og bibelsk historie og geografi er interessant! Eg er også engasjert i Israelsmisjonen sitt arbeid med forsoning og å dela trua på Jesus med det jødiske folket.

Kva skal du gjera som pensjonist når garasje og kjellerboder er rydda?

Eg ser fram til å få betre tid til familien, for eksempel å laga meir pannekaker til barnebarna! Eg vil også delta aktivt i kyrkja der eg bur (Bryne), – og så har eg mange andre ting som eg likar å halda på med. Viktige stikkord for interessene mine er pilegrimsturar og andre reiser, bøker, bibelfag, slektshistorie og anna historie.

Til sist vil me takka Arne hjarteleg for alt han har gjort og alt han har vore
for kyrkejelyden vår og menneska der – både tilsette, frivillige,
«kyrkjefolk» og alle som ein eller annan gong har hatt eit møte med Arne
og kyrkja, i sorg som i glede – eller noko midt imellom!

Intervju ved Magne Økland.

Maria får bodskap frå engelen Gabriel. Luk 1,26-38

Ein Gud som grip inn

«Trur du på ein Gud som grip inn?» Dette spørsmålet fekk eg ein gong av ein pilegrim eg hadde blitt kjent med på vandringa tidlegare på dagen. Det kom etter ein innleiande samtale der me fortalde kvarandre om bakgrunnen vår. Det blei ein interessant dag med samtalar om Guds nærvær i det vanlege livet og om ein Gud som er større enn alt i det vanlege livet. Og ja, ein Gud som gjer under, ein Gud som grip inn. Ikkje alltid. Ikkje på bestilling. Og ikkje på ein måte me kan forstå. For Guds tankar er større enn våre tankar (Jes 55,8). Gud er alltid større, har me lært frå kyrkjefedrane.

Maria Bodskapsdag er dagen då me kan dykka ned i det største underet, at Gud blei menneske. Det er fint å løfta fram mysteriet omkring Jesu fødsel, òg utanom julehøgtida.

Bibelforteljinga

26 Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 

30 Men engelen sa til henne:
          «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
          
    31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
          og du skal gje han namnet Jesus.
          
    32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
          Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
          
    33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
          og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:
          «Den heilage ande skal koma over deg,
          og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
          Difor skal òg barnet som blir fødd,
          vera heilagt og kallast Guds Son.
36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. 37 For ingen ting er umogleg for Gud.»38 Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne. 

(bibelteksten henta frå Bibel 2011 på bibel.no)

Jødisk bakgrunn for bodskapet til Maria

Evangelisten Lukas, som truleg ikkje var jøde, opnar evangeliet med å fortelja koss han har arbeidd med å samla stoff til skriftet sitt. Han har vurdert forskjellige framstillingar frå dei som var augnevitne. Det er tydeleg at han i kapittel 1-2 på ein eller annan måte har fått tilgang på Maria si forteljing om det som skjedde i samband med Jesu fødsel. Dette er ei forteljing som er djupt forankra i jødisk tru og tradisjon.

Lukas fortel at Maria gøymde alt ho fekk høyra om barnet sitt, i hjartet sitt (2,19). Det gjaldt nok òg det engelen Gabriel fortalde henne den dagen i Nasaret. Ho lytta til det ho fekk høyra, både frå engelen og frå menneske, og sikkert òg frå dei heilage skriftene i Den hebraiske bibelen (GT). Og ho grunda på det. Dermed har Maria kunna gje eit viktig bidrag til evangeliet om Jesus, spesielt i evangelisten Lukas sin versjon.

Lukas gir oss mange trådar tilbake til GT. Me kan merka oss teksten i Dom 13,2-7 der ein engel fortel ei kvinne som ikkje kunne få barn, at ho skulle «bli med barn og føda ein son». Ho blei mor til nasirearen Samson. Likevel er nok dei ulike utsegnene om barnet som Maria skulle få, dei viktigaste for oss. Engelen sine ord er full av uttrykk som knyter Jesus til jødisk tru og Messias-forventing.

Jesus var gjennom Josef (!) av Davids ætt (v 27), og Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans (v 32). Han er Son til Den høgste (Gud), og skal vera konge over Jakobs hus (eit uttrykk for Israelsfolket) til evig tid (v 32-33).

Gud gir gjennom engelen barnet namnet Jesus (v 31). Dette er det hebraiske namnet Jesjua (Jehosjua/Josva). Namnet tyder Herren frelser. «Jesus» er ei namneform som har kome til oss via gresk språk. Dei messianske jødane brukar i dag forma Yeshua på moderne hebraisk.

Marias ord kjem fram to gonger i teksten: I vers 34 der ho spør engelen om koss dette skal gå til når ho ikkje har vore saman (seksuelt) med nokon mann, og i vers 38 der ho gir sin positive respons på engelen sitt bodskap.

Bodskapet til Maria samanlikna med bodskapet til Sakarja

Teksten er nært knytt til den føregåande forteljinga om bodskapet til Sakarja (1,5-25). Dei to tekstane har mykje til felles. Engelen Gabriel (Dan 8,16 og 9,21) kjem med bodskap frå Gud både til Sakarja og Maria. Lukas formulerer seg likevel forskjellig i omtalen av barna, og nettopp forskjellane poengterer at Jesus er større enn Johannes. Her er nokre døme:

Johannes skal vera stor i Herrens auge (v 15). Jesus skal vera stor og kallast Son til Den høgste (v 32).

Johannes skal gjera i stand for Herren eit folk som er vel førebudd (v 17). Jesus skal vera konge over folket til evig tid (v 33).

Johannes skal vera fylt av Den heilage ande (v 15) som ein profet. Jesus skal gjennom krafta frå Den heilage ande vera heilag og kallast Guds Son (v 35).

Men også mottakarane av bodskapa, Sakarja og Maria, er ulike. Maria er i ein heilt annan posisjon i samfunnet i forhold til Sakarja. Ho er ung i ei verd som verdsette alder, kvinne i ei verd regjert av menn, utan nokon offisiell rolle.

Og som mottakarar reagerte dei forskjellig. Sakarja sa: Korleis kan eg vita at dette er sant? (v 18). Han blei stum på grunn av denne reaksjonen (v 20). Maria sa: Lat det gå med meg som du har sagt (v 38). Dette forløyste den store lovsongen (v 46 ff).

Lesetekstane på Maria bodskapsdag, første tekstrekke

Leseteksten frå Jesaia (Jes 7,10-14) handlar om Immanuel-teiknet. Kyrkja har alltid forstått orda i vers 14 som ein profeti om Jesus, barnet som blei født av jomfru Maria. Dette trass i at det er tydingsnyansar i dei hebraiske og greske orda som ligg bak, og det derfor er ulike meiningar om omsetjinga til norsk. Bibel 2011 brukar «ung jente» i Jesaiateksten, mens det står «møy/jomfru» i Matt 1,23 der profetien blir sitert. Bakgrunnen er at teksten frå profeten Jesaia er omsett frå hebraisk, mens evangelisten siterer profetien i den greske omsetjinga. Andre bibelomsetjingar brukar møy/jomfru begge stadane. Profetien gir oss det hebraiske namnet Immanuel (Gud med oss), eitt av dei mange flotte namna som er knytt til Jesus.

Leseteksten frå Galatarbrevet (Gal 4,4-7) kan kallast Paulus sitt juleevangelium. Teksten framhevar at Jesus er sendt og dermed kjem frå Gud. Uttrykket «fødd under lova» betyr heilt konkret at han kom som jøde. Dette skjedde då «tida var fullkomen», det var Gud som bestemte når (og kvar) Jesu fødsel skulle skje.

Dette notatet er skrive for Prekenverkstedet til Den Norske Israelsmisjon til Maria bodskapsdag 2023. Her er det også eit forslag til disposisjon for forkynning over tekstane.

Avsnittet om samanlikninga mellom dei to bodskapa frå engelen, bygger i stor grad på Luke Timothy Johnson: The Gospel of Luke. Sacra Pagina. Minnesota 1991.

Nytt om Siloadammen 01/2023

Siloadammen. Foto: Arne Berge 2007
Siloadammen. Foto: Arne Berge 2007

Det har nyleg kome opplysningar om at Siloadammen i Jerusalem vil bli vidare utgraven dei næraste åra, og at publikum skal kunna følga det arkeologiske arbeidet etter kvart som det blir utført.

Ein liten del av Siloadammen frå nytestamentleg tid blei funnen i 2004 og den er i dag tilgjengeleg i Davidsbyen i Jerusalem, sjå bildet over. Eg syns dette er ein interessant plass å besøka i Jerusalem. Den har tilknyting til bruken av tempelet på Jesu tid og er også direkte knytt til eitt av Jesu under. Frå denne dammen gjekk det ein stor trappeveg opp til tempelplassen. Meir om dette lenger nede i notatet.

Ynet skreiv 27.12.2022:

Jerusalem’s Siloam Pool to be fully excavated and opened to public

In the coming months, tourists will gain access to the entirety of Siloam as part of a route that traces the footstep of millions of pilgrims who 2,000 years ago purified themselves at the pool on their way to ascend to the Holy Temple

The Pool of Siloam in the City of David, one of Jerusalem’s most noteworthy historical sites, will be fully excavated and opened to the public, the Israel Antiquities Authority (IAA) announced on Tuesday.

«Due to its great significance, over the past 150 years the Pool of Siloam has been an attraction for archaeologists and researchers from all over the world,» the IAA said in a joint statement with the Nature and Parks Authority and the The Ir David Foundation. «Now it is expected to be fully exposed for the first time and to be open to the general public.» (Les meir)

Ynet 27.12.2022

Eg trur ikkje alt dette blir gjort «in the coming months», slikt arbeid tar lang tid. Men eg håper dette likevel blir gjort gradvis tilgjengeleg for oss som tenker oss å reisa til Jerusalem i tida som kjem.

Det skal også nemnast at utgravingane i Davidsbyen, den eldste delen av Jerusalem, er omstridde. Dei foregår i og under det som i dag er palestinsk busetnad.

På Jesu tid låg denne dammen innanfor bymurene. Vatnet blei ført fram til dammen gjennom Hiskias tunnel frå Gihonkjelda i Kedrondalen.

Den vanlege oppfatninga er at Siloadammen var eit reinsingsbad (miqveh) for dei som skulle opp til tempelet. Her var det nok mykje folk heile året, og ekstra mange når det i dei tre jødiske høgtidene kom tusenar av pilegrimar til byen. 

Det gjekk som nemnt ein stor pilegrimsveg frå Siloadammen opp til tempelplassen. Her er det også eit interessant arkeologisk arbeid for tida. Sjå dette notatet frå 2019: Trappevegen frå Siloadammen.

Siloadammen er nemnt i evangeliet etter Johannes, der Jesus seier til ein blind mann:

«Gå og vask deg i Siloa-dammen!» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå. 

Joh 9,7

Bibelteksten i Joh 9 handlar om ein mann som var født blind og som fekk synet igjen ved eit møte med han som er lyset i verda (Joh 8,12). Mannen møtte mykje motgang og vanskar fordi helbredinga skjedde på ein sabbat. Forteljinga sluttar med at han møter Jesus igjen og blir ein disippel av han. På den måten blir bibelteksten eit møte med ein mann som ser lyset i dobbelt forstand.

Relatert notat: Rennande vatn i Davidsbyen (2008)

Anno Domini 2023

Eg ønskjer lesarane av bloggen eit godt nytt år!

Nyttårsdagen er Jesu namnedag. Bakgrunnen for dette er at det er åttande juledag i dag og at Jesus blei omskoren og fekk namnet sitt den åttande dagen etter fødselen:

Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv. (Luk 2,21)

Namnet Jesus er ei gresk form av det hebraiske namnet Yeshua som betyr Herren frelser.

I Israel blir Jesus i dag dessverre ofte omtalt som Yeshu, ei kortform av ei forbanning! Messianske jødar er derfor svært opptatt av å spreia informasjon om at han heiter Yeshua, eit namn som set han i den rette samanhengen.

Forresten: Anno Domini (AD) er latin og betyr «Herrens år».

Frå bokhylla: Salmeboka Harpen

Salmeboka Harpen blei gitt ut av Niels Johannes Holm i Christiania (Oslo) i 1829. Holm var forstandar for brødrevennene/herrnhutarane i byen.

Det er fleire grunnar til at eg syns denne salmeboka er ein skatt. Éin av grunnane gjer at eg tar den fram akkurat nå i adventstida.

Gjør døren høy

Det er i Harpen me finn den første norske (det vil seia danske) versjonen av adventssalmen Gjør døren høy. Holm hadde omsett teksten frå tysk. Med tida har salmen blitt ein av dei viktigaste songane knytt til adventstida.

Her er sida som viser salmen i Harpen:

I dag finn me salmen i Norsk salmebok (2013) nr 5. Her står det at teksten er skriven av Georg Weissel i 1623 og omsett av N.J. Holm i 1829. Vidare står det at M.B. Landstad har bearbeidd bokmålsteksten og Elias Blix har omsett nynorskteksten. Eg legg merke til at salmen i dag har åtte vers både på bokmål og nynorsk. Originalutgåva frå 1829 hadde sju vers!

Brødrevennene

Brødrevennene vaks fram som eit evangelisk trussamfunn i Tyskland på 1700-talet. Byen Herrnhut er viktig i denne samanhengen, og derfor blir dei altså også kalla herrnhutarane.

Her i Norge fekk brødrevenene operera innanfor statskyrkja, nærast som ei frikyrkje (Brødremenigheten). Dette til tross for den tida sine strenge reglar for forkynning utanfor dei offisielle gudstenestene. Brødrevenene var opptatt av misjon og spelte ei viktig rolle i norsk kyrkjeliv i samband med stiftinga av dei første misjonsorganisasjonane på 1840-talet (Det Norske Misjonsselskap og Den Norske Israelsmisjon).

Sjølv har eg lenge interessert meg for denne grupperinga, heilt frå eg som teologistudent skreiv ei kyrkjehistorisk avhandling om lokale forhold i Finnøy og Hjelmeland i 1840. Også av den grunn er sjølvsagt Holm si salmebok i mine auge ein skatt, saman med andre gamle og nye bøker om brødrevennene.

Dåpsgåve til fadderbarnet

Det som likevel gjer akkurat dette eksemplaret spesielt, er at boka inneheld ein dedikasjon frå Holm sjølv. Han og kona gav salmeboka som dåpsgåve til eit barn dei var fadrar for:

Maria Cicilia Iversen paa hendes Daabsdag den 12te Mai 1830 af hendes faddere Maria Augusta Holm og Niels Johannes Holm

Eg tar til slutt med eit par bilde av koss boka ser ut i dag, gamal og velbrukt:

Adventsblogg

Stjerna som markerer Jesu fødestad i grotta under Fødselskyrkja. Foto: Arne Berge 2005

Her er adventsbloggen eg skreiv i 2019. Dette er jo relativt tidlaust stoff, så eg tar sjansen på å henta fram oversikta nå i adventstida 2022.

Ei lesbar setning frå ca 1700 f.Kr.

Israelske arkeologar har funne ei kanaaneisk setning på sju ord skrive inn på ein kam av elfenbein. Kammen blei funnen for nokre år sidan i Lakisj, men inskripsjonen er funnen først nå. Det blir sagt at dette kan vera den eldste lesbare setning som nokon gong er funne. Det som er spesielt og nytt med dette språket, i motsetning til for eksempel kileskrift og hieroglyfar, er at det er brukt eit alfabet til å forma ord og setningar.

Innskrifta på kammen inneheld eit ønske om å bli reinsa for lus i hår og skjegg.

NRK skriv om saka i dag (12.11.2022). Her er det også bilde av kammen:

Kan ha funnet verdens eldste lesbare setning: Gjett hva som står?

Ordene er skrevet på en kam av elfenben, og den er datert til rundt 1700 år før vår tidsregning.

nrk.no 12.11.2022

Lakisj var ein viktig by i Judariket. Den er nemnt 22 gonger i Det gamle testamentet. Staden er spesielt kjent frå tekstane som handlar om den assyriske kong Sanherib sin krig mot Juda i 701 f.Kr. (2 Kong 18 og 19). Men då var altså kammen med inskripsjonen allereie 1000 år gamal, og låg truleg nedgravd i jorda under byen.

Lakisj er i dag ein viktig arkeologisk utgravingsstad i Israel. Eg har vore innom der éin gong, på ein ekskursjon med Tantur Ecumenical Institute i 2001. Les meir om Lakisj i SNL her.

Her er pressemelding frå Det hebraiske universitetet i Jerusalem om funnet: First sentence ever written in Canaanite language discovered: A plea to eradicate beard lice

(via BiblePlaces Blog)

Oppdatering: Sjå også kva tidsskriftet Antiquiety (Cambridge University Press) skreiv i 2021 om det som då var det eldste funn av alfabetisert tekst: Early alphabetic writing in the ancient Near East: the ‘missing link’ from Tel Lachish. (via forskning.no)

Oppdatert 19.11.2022

The 200th Biblical Studies Carnival Extravaganza!!!!!!!!!!!!

Zwinglius Redivivus

Welcome to the 200th Biblical Studies Carnival!  Here you’ll find all the best posts from October, 2022 from all your favorite biblical studies bloggers and tweeters and youtubers and the rest of social media.

And yes, I’ve stepped outside of the usual carnival parameters and included stuff that isn’t on blogs alone.  This because just as biblical studies changes over time, so have the means by which biblical studied discussions are promulgated.  Blogs are supplemented by videos and tweets and facebooks and tiktoks and other methods and all serve the grand purpose of getting the word out concerning the field we love.

The Carnival is divided into sections so that you can quickly locate your field of interest and then move on to the other parts.  Links are «curated» (people love that word these days don’t they.  Even sandwiches are curated now…) with appropriate (and sometimes inappropriate) commentary by…

View original post 3 891 fleire ord

Betesdadammen i Jerusalem

Betesda. Foto: Arne Berge 2007

Eg syns det er flott å koma inn på eigedomen som rommar dei arkeologiske utgravingane etter Betesdadammen i Jerusalem. Staden er roleg og fredeleg, ofte i kontrast til gatebildet utanfor. Her er det Dei kvite fedrane, ein fransk munkeorden, som har ansvaret. Dei møter oss som kjem dit, med eit smil!

Staden ligg i dag i det muslimske kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem, nær Stefanusporten / Løveporten. Her er me også svært nær den nordre delen av tempelplassen.

Det første eg legg merke til når eg er komen inn på området, er den store kyrkja St. Anne, bygd av korsfararane på 1100-talet. Den skal eg skriva meir om ein annan gong. Nå vil eg konsentrera meg om utgravingane utanfor kyrkja. Her finn me Betesdadammen som det står om i evangeliet etter Johannes (kap 5).

Første gong eg var her, syns eg utgravingane var forvirrande. Det er bygningsrestar frå fleire forskjellige tidsaldre. Men eg har heldigvis fått med meg god guiding på staden. Nå ser eg betre for meg den historiske utviklinga av området. Framleis er dette likevel ein stad for undring og for å oppdaga nye ting!

På Jesu tid låg staden utanfor bymuren, ved ein byport som heitte Saueporten:

Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda. Rundt dammen er det fem bogegangar. Der låg det ei mengd menneske som var sjuke, blinde, lamme og uføre.

Joh 5,2-3a

Betesdadammen bestod eigentleg av to dammar som låg ved sidan av kvarandre. Den nordlegaste dammen var den eldste. Den var bygd i gamaltestamentleg tid, truleg på 700-talet f. Kr. og hadde som formål å samla opp regnvatn som rann i ein liten dal der. Vatnet blei leia inn på tempelplassen, der det var bruk for mykje vatn.

Det er vanleg å tenka at denne eldste dammen ved Betesda er den Øvredammen som er nemnt i Det gamle testamentet; i Jes 7,3 der profeten får beskjed om å møta kong Ahas ved Øvredammen, og i 2 Kong 18,17 der assyrarane sin kommandant står ved Øvredammen og held ein hånleg tale til kong Hiskia sine folk.

Den søndre dammen var truleg bygd på 100-talet f. Kr. og dei fem bogegangane var på Jesu tid enda nyare. Dei var bygde av Herodes den store. Dette var overbygde søylerekker som gjekk rundt heile anlegget og mellom dei to dammane.

Sjølv om staden hadde ein funksjon i forhold til tempeltenesta, må den tidleg ha vore kjent som ein stad der det skjedde helbredelser, og det sikkert med utgangspunkt i ulike religiøse tradisjonar og tankegangar. Kanskje har den gamle legeguden Eshmun vore kjent og dyrka her?

På Jesu tid var dette ein stad som samla mange funksjonshemma og sjuke, og ut frå teksten i Johannesevangeliet var det store forventningar knytt til vatnet i dammen. Kanskje me kan kalla dette den tids healing-miljø i Jerusalem? Johannesevangeliet fortel, utan å kommentera det, kva folk trudde kunne skje her:

Dei venta på at vatnet skulle koma i rørsle, for ein Herrens engel steig frå tid til anna ned i dammen og rørte opp vatnet. Den første som då steig nedi etter at vatnet var rørt opp, vart frisk, same kva sjukdom han hadde.

Joh 5,3b-4. Desse versa er ikkje med i dei eldste handskrifta av Evangeliet etter Johannes

Det er interessant at staden også sidan har vore ein stad der det har vore fokusert på helbredelse. Først i romersk kontekst, så i kristen.

Romarane bygde eit tempel for legeguden Asklepios over dammen på 100-talet, etter at Jerusalem var blitt til den romerske kolonien Aelia Capitolina.

Og på 400-talet, då Jerusalem var blitt ein del av det kristne bysantinske riket, blei det bygd ei stor kyrkje her, til minne om Jesu under. Denne bysantinske kyrkja blei delvis øydelagt av persarane då dei angrep Jerusalem i 614, men kyrkja skal ha vore der vidare heilt fram til korsfararane kom til byen.

Då korsfararane tok makta i Jerusalem, bygde dei eit lite kapell i samband med den gamle bysantiske kyrkja. Og ikkje minst; på 1130-talet bygde dei den store og praktfulle St. Anne-kyrkja ved sidan av damanlegget.

I dag kan me sjå restane etter både Betesdadammen, Asklepiostempelet, den bysantinske kyrkja og korsfararkapellet på denne fascinerande staden. I tillegg til at St. Anne står der i all si prakt.

Tilbake til forteljinga i Johannesevangeliet:

No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år. Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han: «Vil du bli frisk?»  «Herre,» svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.»  Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»  Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk.

Joh 5,5-9a

Forteljinga viser oss Jesu makt til å helbreda, men også hans omsorg for enkeltmenneske. Det er kanskje overraskande at det ikkje er snakk om tru her. Mannen som blei helbreda, visste på det tidspunktet ikkje eingong kven Jesus var! Det går fram av det siste avsnittet i forteljinga:

Men det var sabbat den dagen. Difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.» Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: «Ta båra di og gå!’»  «Kven er det mennesket som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei. Men han som hadde vorte frisk, visste ikkje kven det var, for Jesus hadde trekt seg unna; det var så mykje folk der. Seinare fann Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synd ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.» Mannen gjekk då og fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk.

Joh 5,9b-15
img_6120 betesda
Betesda. Foto: Arne Berge 2005

Sist oppdatert 08.10.2022

Radioinnslaget om Fødselskyrkja er nominert til Prix Radio 2022

Forrige vinter var eg med i fleire radioprogram med programleiar Gry Anette Tørring i Radio pTro. Me hadde samtalar om bibelske stadar knytt til Jesu liv. Nå er innslaget om Fødselskyrkja i Betlehem nominert i kategorien «Årets innslag» til Prix Radio 2022.

Dei fire andre nominerte innslaga i denne kategorien kjem frå NRK P1, NRK Oslo og Viken, P4 og P5 Hits. Eg syns naturleg nok dette er stas, – og ganske overraskande!

Fredag 21. oktober kåres vinnerne av Norges offisielle lydpriser og etter et omfattende juryarbeid er nå finalistene til årets Prix Radio klare.

–  Veldig høyt nivå i årets konkurranse, så her er det bare å gratulere med nominasjoner til dyktige folk, sier Morten Scott Janssen, leder i hovedjuryen.

Prix Radio er norsk radio- og podkastbransjes Oscar-utdeling. Det deles i år ut priser i 23 ulike kategorier. I de aller fleste kategoriene er det fem bidrag som konkurrerer mot hverandre. 

Finalebidragene skal nå vurderes av ulike deljuryer, bestående av representanter fra NRK, Norsk Lokalradioforbund, P4-gruppen og Bauer Media. Hvem som vinner offentliggjøres under Prix Radio-showet fredag 21. oktober.

radiodager.no

Oppdatering 24.10.2022: Nå er vinnarane av Prix Radio 2022 blitt kåra. Radio pTro nådde ikkje heilt til topps. Men eg syns det er veldig kjekt at serien eg var med på å laga, i det heile tatt kom med i denne samanhengen! Nå er det bare å gratulera P5 Hits og dei andre vinnarane. Her kan du lesa om prisutdelinga Prix Radio 2022: https://www.radiodager.no/…/her-er-vinnerne-av-prix-radio…/

Du kan høyra innslaget frå Fødselskyrkja i dette programmet:

Heile serien ligg tilgjengeleg som podkast her.

Inntrykk frå Pasjonsspelet i Oberammergau 2022

I sommar var eg i Oberammergau i dei tyske alpane og fekk sett det berømte pasjonsspelet. Det var ei stor oppleving på mange plan. Eit pasjonsspel er eit skodespel som framstiller Jesu lidingshistorie. 

Denne veka har Pasjonsspelet lagt ut ein fin presentasjonsfilm om byen og spelet. Eg nyttar høvet til å dela og anbefala filmen, som varer ca 20 minutt, og skriva litt om inntrykka eg sjølv sit igjen med etter besøket i Oberammergau i sommar.

Pasjonsspelet er svært lokalt basert i Oberammergau, ein liten by med ca 5400 innbyggarar. Ca 1800 av desse er engasjert som deltakarar i prosjektet. For å få vera med må deltakarane vera født og oppvaksne i byen eller ha budd der i minimum 20 år. Eg syns det er fascinerande og spesielt at folket i denne byen er så sterkt opptatt av å framstilla Jesu lidingshistorie. 

Dette pasjonsspelet har utvikla seg over nesten 400 år til å bli eit stort prosjekt som engasjerer «heile byen». Dei fleste skodespelarane er unge vaksne, så vidt eg forstår i alderen 20-35 år. Men det er både barn og tenåringar med, – og godt vaksne og eldre menneske. Eldste deltakar i år er 96 år. Hennar «rolle» er å koma dei dagane ho maktar det, – og vera ein del av folkemassene i dei store scenene!

Det blir sagt at pasjonsspelet er ein stor sosial happening som skapar eit sterkt samhald og godt vennskap på tvers av generasjonane i byen. Og det er tydeleg at det betyr mykje for folk å få vera med. Det blei fortald om folk som tok permisjon frå jobben og om studentar som tok pause i studiet for å kunna koma heim til Oberammergau og delta. 

Musikalsk er det også ei flott oppleving med stort kor og orkester. Det dreier seg om eit oratorium med klassisk musikk. Komponisten heiter Rochus Dedler, født i Oberammergau i 1779, og dagens musikalske leiar Markus Zwink har bearbeidd og lagt til nye element.

For meg er det likevel først og fremst innhaldet som gjer pasjonsspelet så interessant; det er mangfaldig og set i gang refleksjon og undring omkring den bibelske historia. «Kven seier folk at Menneskesonen er?» spurte Jesus disiplane (Matt 16,13). Det spørsmålet blir verkeleg levande i møtet mellom skodespelarar og publikum i Oberammergau.

Pasjonsspelet blir framført kvart tiande år. I løpet av sesongen kjem det nærare 500.000 tilskodarar til byen. Det er framføringar fem dagar i veka frå mai til oktober. Inger og eg var reiseleiarar for ei av dei mange norske gruppene som denne sommaren har lagt turen til Oberammergau.

Sjølve pasjonsspelet varar i fem timar. I tillegg er det ein pause på tre timar, der alle tilskodarane får servert middag i Oberammergau eller i ein av småbyane i området rundt. Det er ein omfattande logistikk knytt til arrangementet!

Kven er alle desse som kjem til Oberammergau? Ca halvparten kjem frå Tyskland, den andre halvparten kjem frå «heile verda». Regissøren Christian Stückl svarar slik på spørsmålet om ein må vera «religiøs» for å få noko ut av pasjonsspelet:

Religious – what does that actually mean? You certainly don´t have to belong to a church, no. As a spectator you don´t really have to bring anything, you can just turn up. But as a director, if I didn´t have the belief and conviction that there is a certain power behind this story, behind this Jesus, I wouldn´t be able to tell the story. I wouldn´t need to tell it. 

Passion Play. Oberammergau 2022. Published by the Municipality of Oberammergau. Theater der Zeit. Side 146.

Seinare i haust skal eg ha ein temakveld om pasjonsspelet i Hinna kirke. Då vil eg gå meir inn på innhaldet, både det som særpregar framstillinga av evangelieforteljinga og dei interessante linjene som blir trukke tilbake til Det gamle testamentet. Truleg kan det også bli nokre notat her på bloggen om dette. Det vil i så fall bli etter denne temakvelden, som skal vera onsdag 21. september. I denne omgangen anbefaler eg filmen øvst dette bloggnotatet.

Oppdatert 30.08.2022

Filmen om Cheiderboka er nå tilgjengeleg for alle

Regissør Nina F. Grünfeld har laga ein kort dokumentarfilm om den norsk-jødiske religionsboka frå krigen, ei bok som eg kom over på eit antikvariat og gav vidare til den jødiske forsamlinga i Oslo. Filmen hadde premiere i 2021 og har etter dette blitt vist på ulike filmfestivalar (her). Nå er den tilgjengeleg på filmbib.no. Den er også tilgjengleg direkte frå Nina si nettside her.

Slik blir filmen omtalt:

«Cheiderboken» på Filmbib.no

Den animerte kortfilmen «Cheiderboken» ligger ute på Filmbib.no. Filmen er laget sammen med Animaskin og passer for alle:

Når åtte år gamle Lily ankommer til sin ukentlige cheider-undervisning, der hun lærer om jødisk religion og tradisjoner, møter hun den mystiske presten Arne. Han har funnet noe helt spesielt som han vil overlevere, men som en utenforstående er det er ikke lett å komme inn i det jødiske samfunnet. Snart blir både Lily og Arne fanget av sikkerhetstiltakene.

Filmen er en kort, animert dokumentarfilm om en cheiderbok som ble laget for hånd i 1941 og som forsvant under andre verdenskrig, men som ble funnet igjen av en prest i 2015 som returnerte den til det jødiske samfunnet.

Med: Johannes Joner, Rosalind Bergman Hoff, Hauk Heyerdahl, Peter Hidas, Lily Ellis, Arne Berge og Ervin Kohn.  

https://filmbib.no/perma/e758ac2d020ac11dfa1a5c0b8dd06bb8

grunderfilm.no

Eg skreiv to bloggnotat om Cheiderboka i 2016, utan at eg den gong kjende dette ordet. I desse notata er det bilde og sitat frå boka:

Oppdatert 24.10.2022

Ti år på Jesus Trail

Arbelfjellet. Utsikt over Gennesaretsjøen

Det er nå i august 2022 ti år sidan første gong Inger og eg gjekk turløypa Jesus Trail. Sidan har det blitt mange vandringar i Galilea.

Jesus Trail er ein 65 km lang vandring frå Nasaret til Kapernaum. Den går i eit landskap der Jesus sjølv gjekk. Dersom du går heile turen, vil du normalt bruka 4-5 dagar. Det er også mogleg å gå delar av løypa. Det er dessutan lurt å setja av tid til å utforska Nasaret før turen og å vera (minst) ein dag ved Gennesaretsjøen etter turen. Bildet frå Arbelfjellet er frå ein av turane på Jesus Trail.

Det er ei spesiell oppleving å oppleva eit land og kulturen der til fots. Me ser andre ting enn når me er i bil eller buss. Me kjenner lukter, treff menneske, ser blomar og tre på nært hald. Stien er merka og går i naturen og delvis i bebygde område. Me er innom forskjellige landsbyar, heilagdomar og arkeologiske utgravingar. Det er mykje interessant å sjå.

Eg las første gong om Jesus Trail på nettet i 2008. Inger og eg hadde då vore mange gonger i Israel, men aldri på fottur. Så dette skapte interesse!

Sommaren 2012 var første gong me fekk høve til å ta turen, og det blei altså tur i august. Ikkje optimalt, og eg ville aldri gjort det igjen på denne tida av året. Me gjennomførte så vidt i veldig varmt ver. Nettsida til Jesus Trail seier at ein på grunn av varmen ikkje bør gå turen i perioden juni – september!

Første gong gjekk Inger og eg åleine. Sidan har me gått denne turen som reiseleiarar for norske turgrupper. Me har også gått delar av turen på nytt åleine, når me har vore på ferie i Israel. Eg vil anbefala å vera med på gruppetur eller bruka ein lokalkjent operatør på slike turar. Ein treng ikkje nødvendigvis guide på vandringa, men det er lurt å få hjelp av lokale folk med gode råd og bestilling av overnatting, transport av bagasje med meir.

Her er eit par bilde frå gruppeturar i totalt ulike terreng som me møter på Jesus Trail.

Under Arbelklippene. Foto: Arne Berge 2019
Frå Nakhal Arbel. Foto: Arne Berge 2017

Når Inger og eg har med oss ei gruppe på vandringa, har eg ansvar for forkynning og undervisning. Eg syns det er flott å få formidla bibelkunnskap som er «jordfesta» i den bibelske geografien og historia. Det neste bildet er tatt i ein slik formidlingssituasjon, på Hattins Horn. Her er det god utsikt over store delar av Galilea. På bildet skimtar me Gennesaretsjøen langt nede i bakgrunnen.

Frå Hattins horn. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Vil du finna ut meir om Jesus Trail? Du kan sjå fleire bilde og lesa det eg har skrive gjennom ti år her på bloggen i kategorien Jesus Trail. Noko av det første eg skreiv i denne kategorien, var eit relativt fyldig referat frå turen i 2012, sjå her.

Vidare er det mykje viktig og interessant informasjon å lesa på Jesus Trail si offisielle nettside.

Synagogen Etz Hayyim i Chania

Synagogen Etz Hayyim i Chania. Foto: Arne Berge 2022

Synagogen ligg i ei stille sidegate i det som ein gong var det jødiske kvarteret i Chania. Eg besøkte staden i 2019, og har nå i 2022 på ny vore på ferie på Kreta. Det var flott å koma tilbake til den gamle og restaurerte synagogen og bruka meir tid på staden.

Her er mykje å sjå. Det sentrale rommet er forsamlingssalen med skapet med tora-rullar mot aust og leseplattforma mot vest. Elles er det eit rom med mikveh (reinsingsbad), eit gardsrom mot sør med gravene til tre rabbiar frå 1800-talet, – og eit fint gardsrom mot nord, som i dag er inngangsparti. Her er det også kontor og ein enkel bokhandel.

Forsamlingssalen i Etz Hayyim, Chania. Foto: Arne Berge 2022
Det nordre gardsrommet i Etz Hayyim, Chania. Foto: Arne Berge 2022

Namnet Etz Hayyim er hebraisk og betyr livsens tre. Synagogen har altså fått namn etter det sentrale treet i Edens hage (1. Mos 2,8-9).

Synagogen har ei lang og spennande historie. Bygningen var først bygd som kyrkje på 1400-talet i den venetianske perioden av Kreta si historie. På 1500-talet blei kyrkja øydelagt i krig og på 1600-talet blei den overtatt av det jødiske samfunnet og ombygd til synagoge. Dette utsnittet av eit kart over byen viser kvar me finn det jødiske kvarteret og synagogen.

Skjermbilde frå filmen Etz Hayyim Synagogue Virtual Tour (sjå filmen lenger nede i notatet)

Etz Hayyim var ein levande synagoge i nesten 300 år, fram til den nazistiske okkupasjonen av øya i 1941-44. Jødane på Kreta blei arrestert 21. mai 1944. Guideboka mi fortel at heile det jødiske samfunnet, bortsett frå éin person, blei sendt til Auschwitz med ein båt som sank undervegs. Alle omkom i forliset.

Synagogen stod til forfalls etter krigen, og var i nokre år visstnok også overtatt av husokkupantar. Etter kvart var bygningen meir eller mindre øydelagt. Men historikaren Nicholas Stavroulakis (1932-2017) tok initiativ til å rekonstruera synagogen. Han budde i fleire år i Chania og hadde tidlegare vore direktør for det jødiske museet i Athen.

Etz Hayyim blei fint restaurert på 1990-talet. Nå er den ein aktiv synagoge med eit lite fellesskap av jødar og ikkje-jødar som markerer sabbaten og dei jødiske høgtidene. Samtidig er synagogen eit kultursenter som tar vare på jødisk kulturhistorie. Men det jødiske samfunnet er dessverre heller ikkje her trygt. I 2010 var det påsett brann i synagogen, og mykje blei øydelagt. Bygningen blei etter dette restaurert på ny, finansiert av internasjonale støttespelarar.

Her er ein film frå staden:

Eg sa at det var ein enkel bokhandel i synagogen. Eg kjøpte boka The Jews of Greece. An Essay av Nicholas Stavroulakis, mannen som tok initiativet til restaureringa av Etz Hayyim. Kreta har ei interessant historie og ein mangfaldig kultur. Den jødiske historia på øya er ein viktig del av dette.

Om Gravkyrkja og Gravhagen på pTro. Podkast

Koss er det i dag å koma til den staden der Jesus blei korsfesta og gravlagt? Er folk einige i kvar det skjedde? I denne episoden i serien om bibelske stadar knytt til Jesu liv, der eg fortel om den historiske (og underlege) Gravkyrkja, og om den alternative staden Gravhagen.

Dette er siste episode i serien. Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Om Getsemane og Via Dolorosa på pTro. Podkast

Koss er det å koma til Getsemane i dag? Kan me finna spor av bibelforteljinga om Jesu bønnekamp og arrestasjonen? Og kva er eigentleg Via Dolorosa? Koss er det å gå den vegen i dag? Her er ein ny episode i serien om bibelske stadar knytt til Jesu liv, der eg fortel om desse stadane. 

Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Ritmeyer om Kapernaum

Den moderne kyrkja som er bygd over Peters hus, Kapernaum. Foto: Arne Berge

Kapernaum er ein viktig og svært interessant bibelsk stad. Jesus flytta hit frå Nasaret og gjorde Kapernaum til base for verksemda si. Her er det også gjort svært spesielle arkeologiske funn frå utviklinga av det som blir kalla Peters hus frå bustadhus til kyrkje i dei første hundreåra etter Jesu tid.

Utviklinga av denne kyrkja er spesiell. Her er det ein kontinuitet mellom det som fortel om Jesu liv og det me kan sjå av dei første Jesus-truande sin samlingsplass. Ein slik kontinuitet finst det ikkje make til andre stadar.

Nå har det kome nokre nye og instruktive artiklar om Kapernaum på nettsida Ritmeyer Archaeological Design. Det typiske for denne sida er flotte og oversiktlege teikningar. Eg anbefaler gjerne desse artiklane:

  • Capernaum, om byen som Jesus valde som sin bustad
  • Capernaum´s House Church, om utviklinga av Peters hus frå bustadhus til huskyrkje i tida frå det første til det fjerde hundreåret.
  • Capernaum´s octogonal church, om den vidare utviklinga av Peters hus frå huskyrkje til åttekanta minnekyrkje på 400-talet. Her skriv også Ritmeyer om koss Kapernaum blei funnen i moderne tid, og om utviklinga av staden fram til vår tid. Han kommenterer også den moderne UFO-liknande kyrkja som i dag står over Peters hus.

Om tempelplassen i Jerusalem på pTro. Podkast

Koss kan det ha seg at tempelplassen i Jerusalem blir rekna som ein heilag stad både i jødedomen, kristendomen og i islam? Kva er det å sjå på staden i dag? Og koss er det å koma opp på tempelplassen på ein vanleg dag? Her er ein ny episode i serien om bibelske stadar knytt til Jesu liv, der eg fortel om desse stadane. 

Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Om Oljeberget og Klagemuren på pTro. Podkast

Kva slags stad er eigentleg Oljeberget, og i kva samanhengar er staden nemnt i Bibelen? Og koss er det å koma til Vestmuren, som også blir kalla Klagemuren. Her er ein ny episode i serien om bibelske stadar knytt til Jesu liv, der eg fortel om desse stadane.

Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Arkeologisk nasjonalpark i Tiberias?

Restar etter teateret i Tiberias. Foto: Arne Berge 2015

Byen Tiberias ved Genesaretsjøen blei grunnlagt av Herodes Antipas ca år 20. Sjølv om byen i dag er ein turiststad, har den i liten grad utnytta dei historiske skattane etter den eldste delen av byen.

The Times of Israel skriv nå at det er eit arbeid i gang for å få oppretta ein ny nasjonalpark som kan verna og utvikla dei arkeologiske utgravingane i byen. Det har vore usemje om kven som skal ta ansvar, men nå ser det ut for at pandemien kanskje kan ha opna ei dør!

After years of neglect, ‘rare opportunity’ opens up for Tiberias archaeological gems

Volunteers have cleaned up stunning sites including Sanhedrin seat and huge Roman theater that were buried under trash; as authorities argue, experts plead to set up national park

It is an area of immense historical, archaeological and religious significance to all three monotheistic faiths, referred to by some as the “Caesarea of the Galilee”: where manuscripts of the Bible were written, where the 2,000-year-old Sanhedrin rabbinic council of sages is believed to have compiled the Jerusalem Talmud, where an ancient church, huge Roman theater and one of the world’s oldest mosques are situated, and where Roman leader Herod Antipas built his palace.

But for many years, these sites in ancient Tiberias in northern Israel have largely been lying neglected and in ruins, covered in weeds and garbage and subjected to theft and vandalism, prompting outcry among experts.

The Times of Israel 02.04.2022

Eg har overnatta fleire gonger i Tiberias, men berre éin gong (i 2015) vore innom dette området, som ligg vakkert til i bakkane opp frå sjøen, litt utanfor den moderne bykjernen. Slik byen framstår nå, er den først og fremst ein stad for å finna eit hotell. Så reiser ein heller ut av byen for å oppleva meir interessante stadar. Dette til tross for at byen sjølv har ei viktig og interessant historie!

Om Jordanelva på pTro. Podkast

Korfor er eigentleg Jordanelva så kjent? Det er jo ikkje nokon stor og imponerande elv! Og koss er det å koma til staden der Jesus blei døypt? Kva skjedde ved Jesu dåp? Her er ein ny episode i serien om bibelske stadar knytt til Jesu liv. Eg fortel om Jordanelva og om Jesu dåpsplass.

Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Johanneskyrkja i Ein Kerem

Johanneskyrkja i Ein Kerem. Foto: Arne Berge 2015

Elisabet og Sakarja var foreldra til Døyparen Johannes. Det var til deira heim «i fjellbygdene i Juda» den unge Maria reiste då ho hadde fått bodskapet om at ho skulle bli Jesu mor. Tradisjonen som plasserer dette i landsbyen Ein Kerem vest for Jerusalem, kan visstnok følgast tilbake til 500-talet.

Den store Johanneskyrkja i Ein Kerem er ei fransiskansk kyrkje frå 1600-talet. Tradisjonen seier at den er bygd over Døyparen Johannes sin fødestad. Det som er meir sikkert, er at den er bygd over tidlegare kyrkjer frå bysantinsk tid og korsfarartida. Til venstre for hovudaltaret i kyrkja er det ei grotte som markerer fødestaden. På golvet under altaret i grotta står det: Hic Praecursor Domini Natus Est. Omsett skulle det bli: Her er Herrens forløpar født.

Døyparen Johannes har i den kristne tradisjonen blitt sett på som «Herrens forløpar», han som skulle førebu Jesu kome og livsgjerning.

Markering av Døyparen Johannes sin fødestad i Ein Kerem. Foto: Arne Berge 2015

Det første kapitlet i Lukasevangeliet handlar om det som skjedde før Jesus blei født. I denne samanhengen er historia om Elisabet, Sakarja og guten deira viktig. Dei var eit gamalt par som var barnlause og som ved eit under fekk sonen Johannes. Elisabet og Maria var i slekt og dei blei begge gravide ved eit under. Maria budde hos den eldre slektningen sin i tre månadar i løpet av svangerskapet, og fekk hjelp og støtte hos henne. Barna deira, Johannes og Jesus, blei født med ei halvt års mellomrom.

I gardsrommet utanfor kyrkja er det keramikkfliser med Sakarjas lovsong (Luk 1,68-79) på mange ulike språk. Lovsongen var i følge evangelisten Lukas ein profeti frå faren Sakarja. Det var det første han sa etter Johannes sin fødsel. Teksten sluttar slik:

Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,
for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar

og læra folket hans å kjenna frelsa når deira synder blir tilgjevne,

for vår Gud er rik på miskunn.

Slik skal lyset frå det høge
gjesta oss som ein soloppgang

og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,
og styra våre føter inn på fredens veg.

Luk 1,76-79
Gardsrommet utanfor Johanneskyrkja i Ein Kerem. Foto: Arne Berge 2015

Relaterte notat:

Om Kana på pTro. Podkast

I denne podkasten fortel eg om den fransiskanske Bryllaupskyrkja i Kana i Galilea, og litt om byen og gjestehuset eg har budd på når eg har vore i byen. Det dreier seg om den arabiske byen Kfar Kanna nokre kilometer nordaust for Nasaret. Tradisjonen seier at det var her Jesu vinunder skjedde.

Dei fleste gongene eg har vore i Kana, er det som overnattingsstad etter første dagsetappe på pilegrimsvandring på Jesus Trail. Eg har samla det eg har skrive om slike turar under kategorien Jesus Trail.

Du finn heile serien om bibelske stadar her på Radio pTro.

Arkeologiske undersøkingar av golvet i Gravkyrkja

Gravkyrkja i Jerusalem. Foto: Arne Berge 2018

Gravkyrkja i Gamlebyen i Jerusalem er truleg bygd over Golgata og Jesu grav. Nå skal det for første gong gjerast systematiske arkeologiske undersøkingar av golvet i kyrkja. Dette er ei oppfølging av undersøkingane under The Edicule, kapellet over Jesu grav inne i kyrkja, i 2016-2017.

Dette er sjølvsagt eit viktig pilegrimsmål for svært mange menneske. Samtidig er det ein stad med svært samansett og brokete historie. Det er mange kyrkjesamfunn som har ansvar for staden saman, og det er ein streng avtale om Status Quo mellom dei, det vil stort sett seia at alt skal vera som det «alltid» har vore. Nå har tydelegvis dei tre viktigaste av desse kyrkjesamfunna, den gresk-ortodokse kyrkja, den katolske kyrkja og den armenske kyrkja likevel greidd å samarbeida om desse arkeologiske undersøkingane.

Arbeidet skal gjerast i ulike etappar, slik at ein ikkje stenger for den omfattande folkestraumen som kjem til staden.

Jerusalem Post skriv denne veka om saka. Her er eit utdrag:

Holy Sepulchre Church pavement restoration allows first-time excavation

Most of any remains found are likely to be then covered up in order to keep in accordance with the Status Quo.

An archaeological study of the floor under the Church of the Holy Sepulchre will be possible for the first time, after a two-year undertaking to repair and restore its pavement stones got underway in an inaugural ceremony on Monday.

(…) “We don’t know what is beneath the floor,” said Prof. Giorgio Piras, director of the Department of Ancient Sciences at the Sapienza University of Rome, which will be responsible for the archaeological excavations of the entire floor area during the restoration of the pavement. “It has never been systematically excavated, so we don’t know what we shall find. But it should be at least some remains of [Roman Emperor] Constantine’s church.

“We hope to understand the structure of this very holy place. Maybe there will be some remains from Hadrian’s Temple.”

The pavement stones date from various periods ranging from the medieval period to last century, he said.

The Jerusalem Post 14.03.2022, – via Agade

På slutten av artikkelen er det ein gjennomgang av viktige punkt i kyrkja og staden si historie, med vekt på dette:

  • Staden var i følge tradisjonen eit steinbrot fram til første hundreår f. Kr.
  • Staden var på Jesu tid utanfor bymuren, og blir identifisert som Golgata
  • Byutvidelse, slik at staden kom innanfor bymuren i perioden 41-44
  • Hadrians byggeprosjekt 135-136
  • Konstantin si kyrkje bygd 326-335
  • Øydelegging av kyrkja 614, påfølgande gjenoppbygging
  • Øydelegging av kyrkja 1009
  • Gjenoppbygging av ei mindre kyrkje frå 1042
  • Korsfararane bygger vidare på kyrkja, ferdig i 1142
  • Brann i 1808 og jordskjelv i 1927

Den viktige kyrkja har ei lang og brokete historie. Det blir interessant å følga dei nye arkeologiske undersøkingane!

Sjå relaterte notat her på bloggen: Spor frå 300-talet i Gravkyrkja (2017), Restaurering av Jesu grav (2016), Gravkyrkja. Jerusalems 10 på topp #2 (2011), Golgata og Jesu grav (2005).

Salme 31 som dagleg felles bønn i Ukraina

Foto: Den Norske Israelsmisjon

Salme 31 har nå blitt ei dagleg felles bønn i Ukraina. Dei ukrainske kyrkjene har blitt einige om å be denne salmen kvar dag kl 17, etter oppfordring frå ein jødisk rabbi i landet. Det betyr at ortodokse, katolske, protestantiske og evangeliske kristne står saman med ukrainske jødar i bønn til Gud i den fortvila situasjonen folket er i.

Det var bibelmisjonsleiar Bernt Greger Olsen i Bibelselskapet som fortalde om dette i den økumeniske fredsgudstenesta i Trefoldighetskirken i Oslo i kveld (01.03.2022).

Salmen begynner slik:

2 Herre, eg søkjer tilflukt hos deg,
          lat meg aldri bli til skamme!
          Fri meg ut i di rettferd!
          
     3 Vend øyret til meg,
          skund deg og redd meg!
          Ver meg eit vern og eit berg,
          ei borg til frelse!
          
     4 Du er mitt fjell og mi borg;
          for ditt namn skuld fører og leier du meg.
          
     5 Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!
          For du er mi tilflukt.

Salmen er gjennomsyra av ein trygg tillit til Gud, midt i ein vanskeleg situasjon. Fienden er tydeleg til stades i teksten; vidare utover i salmen står det om planar om å ta liv (v 14), overgrep frå menneske (v 21) og ein kringsett by (v 22). Derfor blir også dei tillitsfulle orda ekstra sterke.

Oppdatering: Nå skriv Bibelselskapet om bruken av Salme 31 på nettsida si, og bekrefter historia om koss salmen har blitt ei felles dagleg bønn:

På møte i det religiøse rådet i Ukraina løftet den ledende jødiske rabbiner opp Salme 31 som en felles bønnesalme for folket i denne truende situasjonen. Salmen ble på kort tid brukt av både i synagogene og i de kristne kirkene. 

Nå er dette en bønn som bes av millioner av ukrainere hver dag mellom klokken fire og klokken fem. Også vi inviteres inn i denne bønnen. Både som enkeltmennesker og i fellesskap. Bønnen kan gjerne stykkes opp med et Kyrie eleison mellom delene. 

Vi anbefaler at denne salmen bes på søndagens gudstjenester i felleskap med kristne i Ukraina og ellers i verden. Vi legger også ved noen flere forslag til bønner som kan brukes i denne vanskelige tiden.

https://bibel.no/nyheter/bønn-for-ukraina, 07.03.2022

Her kan du lesa heile salmeteksten, og vera med det ukrainske folket i bønn:

Salme 31

Til korleiaren. Ein salme av David.
          
     2 Herre, eg søkjer tilflukt hos deg,
          lat meg aldri bli til skamme!
          Fri meg ut i di rettferd!
          
     3 Vend øyret til meg,
          skund deg og redd meg!
          Ver meg eit vern og eit berg,
          ei borg til frelse!
          
     4 Du er mitt fjell og mi borg;
          for ditt namn skuld fører og leier du meg.
          
     5 Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!
          For du er mi tilflukt.
          
     6 I dine hender gjev eg mi ånd,
          du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.
          
     7 Eg hatar dei som held seg til vind og fåfengd.
          Sjølv set eg mi lit til Herren.
          
     8 Eg vil jubla av glede over di miskunn
          fordi du har sett mi naud,
          du kjenner mi trengsle.
          
     9 Du gav meg ikkje over i handa til fienden,
          men førte meg ut i ope land.
          
    10 Ver meg nådig, Herre,
          for eg er i naud.
          Auget sløvest av bitter sorg,
          pust og kropp svinn bort.
          
    11 Livet mitt endar i sorg,
          åra mine i klage.
          Min styrke sviktar
          på grunn av mi skuld,
          beina i kroppen svinn.
          
    12 Eg blir til spott for fienden,
          til hån for grannane,
          ei redsle for dei som kjenner meg,
          dei som ser meg på gata, vik unna.
          
    13 Som ein død er eg gløymd av menneske,
          lik eit kar som er kasta bort.
          
    14 For eg høyrer mange som kviskrar
          – å, redsle på alle kantar! –
          når dei samlar seg mot meg
          og legg planar om å ta mitt liv.
          
    15 Men eg set mi lit til deg, Herre,
          eg seier: «Du er min Gud.»
          
    16 Mine tider er i di hand,
          fri meg frå fiendar som jagar meg!
          
    17 Lat ditt andlet lysa over din tenar,
          frels meg i di miskunn!
          
    18 Herre, lat meg ikkje bli til skamme,
          for eg ropar til deg.
        
          Lat dei urettferdige stå med skam
          og gå stille til dødsriket!
          
    19 Lat lygande lepper tagna,
          dei som talar frekt mot den rettferdige
          med hovmod og forakt.
          
    20 Kor stor di miskunn er,
          som du har spart til dei som fryktar deg!
          Rett framfor menneske har du vist di miskunn
          mot dei som søkjer tilflukt hos deg.
          
    21 Hos deg finn dei vern
          mot overgrep frå menneske.
          Du gøymer dei i di hytte
          for tunger som kjem med klagemål.
          
    22 Velsigna er Herren som gjer under!
          Han viste meg miskunn i ein kringsett by.
          
    23 Eg sa i min angst:
          «Eg er støytt bort frå dine auge.»
          Men du høyrde mi bøn
          då eg ropa til deg.
          
    24 Elsk Herren, alle hans trugne!
           Herren vernar dei trufaste,
          men den hovmodige gjev han att i fullt mål.
          
    25 Ver modige og sterke,
          alle de som ventar på Herren!

bibel.no

Oppdatert 07.03.2022

%d bloggarar likar dette: