Anastasis

God påske 2015 

Bildet er tatt i Jesu grav i Jerusalem. Her er det ein tom benk med lys og anna utsmykning, typisk for gresk-ortodokse kyrkjer. Teksten på teppet, XRISTOS ANESTÆ (transkribert til vårt alfabet), betyr: KRISTUS ER OPPSTADEN.

Jesu grav i Gravkyrkja

“Grava” er i dag ei bygning eller eit kapell inne i Gravkyrkja, under den store kuppelen. Grava har vore øydelagt nokre gonger gjennom historia, men er kvar gong bygd opp på ny på den same plassen.

Me vestlege kristne kallar kyrkja Gravkyrkja, The Church of the Holy Sepulchre. Dei ortodokse kristne har eigentleg eit mykje finare namn på kyrkja; Anastasis (ανάστασις), oppstode.

(Her kan du lesa meir om historia bak staden: Golgata og Jesu grav)

Eg tar i dag fram Johan Nordahl Brun sin gamle og monumentale påskesalme:

Jesus lever, graven brast!
Han stod opp med guddoms velde.
Trøsten står som klippen fast:
at hans død og blod skal gjelde.
Lynet blinker, jorden bever,
graven brast, og Jesus lever!

Jeg har vunnet, Jesus vant,
døden oppslukt er til seier.
Jesus mørkets fyrste bandt,
jeg den kjøpte frihet eier.
Åpen har jeg himlen funnet,
Jesus vant, og jeg har vunnet!

Denne påskesalmen passar innhaldsmessig spesielt godt til evangeliet etter Matteus, som er preiketekst på påskedag dette året. Her er det lyn og jordskjelv ved Jesu oppstode:

1 Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. 2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. 3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. 4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. 5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. 6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! 7 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
 8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane. 9 Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10 Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.» (Matt 28,1-10)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: