St Olav i Betlehem

Bilde av St. Olav i Fødselskyrkja, The Church of Nativity, Bethlehem

St. Olav, The Church of Nativity, Bethlehem
St. Olav, The Church of Nativity, Bethlehem

 

Oppdatering 2019: Eg har skrive nyare notat om bildet. Sjå Bilde av St. Olav i Fødselskyrkja (29.07.2018) og Om Fødselskyrkja i Betlehem (28.12.2018).

I dag på olsok (29.07.2015) har eg funne fram dette bildet av St. Olav frå Fødselskyrkja i Betlehem. Freskoen er frå det 12. hundreåret og er malt på ei av søylene i Fødselskyrkja i Betlehem. Den som har vore i kyrkja og sett søyla, veit at bildet nå dessverre bare er svakt synleg.

Eg har bildet på eit gamalt kalenderblad frå 1941, utgjeve av Dreyers Grafiske Anstalt i Stavanger.

Bilda under viser 1.) korleis søylene ser ut nå i 2015 og 2.) ein plansje over helgenbilda på søylene. Klikk på bilda, så blir dei større.

IMG_2779

IMG_2570

Skriftrull frå Ein Gedi

Ein Gedi. Foto: Arne Berge 2011
Ein Gedi. Foto: Arne Berge 2011

For 45 år sidan blei det funne ein forkulla skriftrull i dei arkeologiske utgravingane i syngagogen i oasen Ein Gedi ved Dødehavet. Nå har omsider forskarane teknologi som gjer det mogleg å lesa skriftrullen. Teksten som er «opna», er frå Tredje Mosebok.

Bildet viser ørkenlandskapet med oasen, og Dødehavet i bakgrunnen.

Her er Israel Antiquities Authority sin omtale av skriftrullen: The Most Ancient Hebrew Scroll since the Dead Sea Scrolls has been Deciphered.

Vårt Land skreiv i forrige veke om skriftrullen, og fekk blant anna ein uttale frå Torleif Elgvin:

Rull av kull fyller hull
Først 45 år etter at en forkullet skriftrull ble funnet i Israel, er teknologien god nok til å «åpne» den. – Fyller et hull etter Dødehavsrullene, sier ekspert.

(…)

Nå har forskerne knekt koden. Tidligere denne uken viste forskere ved Israels 
nasjonalmuseum hvordan de ved hjelp av en mikro-CT-scanner, som sender røntgenstråler fra flere sider og skaper en 3D-
modell, har lyktes i å ta bilder av innholdet i rullen. Bildene ble 
siden sendt til dataeksperter i USA som har gjort teksten leselig.

Det viser seg at deler av rullen inneholder de første åtte versene av Tredje Mosebok, som sammen med de andre Mosebøkene 
utgjør den jødiske toraen. Versene
 i rullen er regler for hvordan man skal tilberede brennofferet.

(…)

Torleif Elgvin, som er ekspert på Dødehavsrullene og professor ved NLA Høgskolen Staffeldtsgate, er mer nøktern i sin kommentar.

– Alle arkeologiske funn er interessante, men vi lærer ikke noe nytt om bibelteksten i denne
 skriftrullen. Bibeltekstene ble standarisert på hebraisk rundt år 100 etter Kristus. Det vil overraske
meg meget hvis denne skrift-
rullen avviker fra denne standardteksten, sier Elgvin.

Når det kommer til betydningsfulle tekstfunn, rangerer han Dødehavsrullene høyest. Deretter kommer Nag Hammadi, som er en samling kristen-gnostiske skrifter som ble funnet nær den egyptiske byen med samme navn. Her finner vi blant annet Tomasevangeliet.

Selv om Elgvin understreker at skriftrullen fra Ein Gedi på ingen måte er av samme betydning, mener han likevel at funnet er viktig.

– En bokrull fra Bibelen fra 500-tallet fyller et hull i den historiske tradisjonen der man ikke har bevart noe særlig. Dødehavsrullene er nedskrevet mellom
 250 før Kristus og 100 etter Kristus. De neste hebraiske bibeltekstene vi har bevart er noen fragmentariske skrifter fra 800-tallet og Aleppo-kodeksen fra 900-tallet (det best bevarte tekstvitnet til Det gamle testamentet på hebraisk, red.anm.), sier Elgvin.

Han synes også det er spennende at ny teknologi kan være med og gi svar på gamle gåter.

– Vi har mye å hente fra teknologien. Jeg har kolleger som jobber sammen med bildeeksperter 
og grafikere for å lage et program som kan gjenkjenne delvis 
bevarte hebraiske og greske bokstaver. I løpet av noen få år vil en datamaskin kunne lese igjennom tusenvis av slike upubliserte, 
hebraiske tekster, sier Elgvin.

(…)

Bibelforskeren tror at forskerne har klart å lese de ytterste lagene. Skriftrullene fra denne perioden var ofte laget i geiteskinn eller sau og i sjeldne tilfeller kalv eller steinbukk.

– Det viser at dette er en bokrull som sannsynligvis har en hel Tredje Mosebok. Det var vanlig praksis å rulle bokrullen slik at begynnelsen lå ytterst, og de fem mosebøkene fikk av praktiske grunner hver sin skriftrull.

Sjå bilde frå synagogen i Ein Gedi: Pictures from the Holyland.

Oppdatering 22.09.2016: The New York Times skreiv i går ein artikkel med meir informasjon om skriftrullen frå Ein Gedi. Det blir her lagt vekt på teknologien som er brukt og på at teksten (to kapittel frå Tredje Mosebok) er identisk med den masoretiske bibelteksten frå mellomalderen. Dermed er tekstrullen det hittil eldste kjente vitnet til den klassiske forma på «grunnteksten» til Det gamle testamentet.

Modern Technology Unlocks Secrets of a Damaged Biblical Scroll

(…) The scroll’s content, the first two chapters of the Book of Leviticus, has consonants — early Hebrew texts didn’t specify vowels — that are identical to those of the Masoretic text, the authoritative version of the Hebrew Bible and the one often used as the basis for translations of the Old Testament in Protestant Bibles.

 The Dead Sea scrolls, those found at Qumran and elsewhere around the Dead Sea, contain versions quite similar to the Masoretic text but with many small differences. The text in the scroll found at the En-Gedi excavation site in Israel decades ago has none, according to Emanuel Tov, an expert on the Dead Sea scrolls at the Hebrew University of Jerusalem. (…)

“It doesn’t tell us what was the original text, only that the Masoretic text is a very ancient text in all of its details,” Dr. Segal said. “And we now have evidence that this text was being used from a very early date by Jews in the land of Israel.”

Les meir

Ein smakebit av Nahal Amud

IMG_4208

Naturreservatet i dalen Nahal Amud i fjellområda i Galilea var eitt av måla for ferien i Israel i sommar. Eigentleg hadde Inger og eg planlagt å gå frå Safed ned dalen til Gennesaretsjøen. Det er ein tur på ca 20 km og med over 1000 meter nedstigning. Varmen gjorde at me endra desse planane. Det førte til at me i denne omgangen bare fekk ein smakebit av naturreservatet. Men det me fekk med oss, gav meirsmak. Me kjem nok tilbake, og då på ei tid av året då det er forsvarleg å ta heile turen.

Me drog til den øvre delen av dalen der Israel Nature and Parks Authority har parkeringsplass og eit enkelt informasjonssenter med kiosk (inn ein stikkveg frå veg 866). Her fekk me brosjyre med informasjon og kart over den nordre delen av Nahal Amud, dessverre bare på hebraisk. Dumt dei ikkje hadde engelskspråkleg utgåve av brosjyren, slik dei pleier ha desse stadane. Då eg pakka sekken heime i Norge, prioriterte eg nemleg ikkje å ta med guideboka Israel National Parks & Nature Reserves. Utgåva eg har, veg over 500 gram, og eg var restriktiv med kor mykje vekt eg ville ha på ryggen.

Me fekk beskjed om at ein anbefalt rundtur ville ta 3 timar, men at turen kunne kortast ned til 1 1/2 eller 2 1/2 time. Dette viste seg å vera romsleg tid, inklusiv pauser. På grunn av varmen valde me likevel å forkorta turen, det vil seia at me tok varianten som var berekna til 2 1/2 time.

Då me var heime i Norge igjen, forstod me at me hadde gått glipp av den finaste staden i dalen ved ikkje å gå heile rundturen; me burde gått heilt ned til Sekhvi Pools, som blir omtalt slik i guideboka:

These pools are formed from the convergence of Nahal Sekhvi og Nahal Amud. Beside the pools stand large Oriental Plane trees (Platanus orientalis). Here, one can immerse oneself in the cool water and rest in the shade of the trees.

Sjølv om me ikkje kom til desse dammane, fann me ein god pauseplass ved Ein Yakim. Det er ikkje kvardagskost å finna rennande vatn og skuggefulle stadar ein varm sommardag i Israel. Men i denne tronge og bratte dalen fann me nettopp dette.

Guideboka siterer ei setning eller eit uttrykk frå Bibelen i samband med omtalen av kvar stad. Nahal Amud blir kommentert med følgjande uttrykk frå Femte Mosebok:

… eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som spring fram i dalane og på fjellet … (5. Mos 8,7)

Ein dag på Jerusalem Trail

IMG_5414I sommar har eg testa ut koss det er å gå Jerusalem Trail. Dette er ein (delvis) merka fottur i og rundt Jerusalem.

Løva med tursekk og stav er symbol for turløypa.

Inger og eg har nyleg vore på ferie i Israel og dei palestinske områda. Éin av planane for ferien var å gå ein del dagsturar, først og fremst i ulike naturområde. Men den urbane Jerusalem Trail var også ein tur me gjerne ville gjera oss kjent med. Me valde å gå frå Gamlebyen vestover til Ein Kerem, ei strekning på ca 15 km.

Løypa er ikkje veldig godt merka. Me var heilt avhengig av gode kart der løypa er teikna inn. Det hadde me i boka Israel National Trail and the Jerusalem Trail der det er bykart i målestokk 1:15000. Enkelte delar av den 42 km lange turen er visstnok ikkje merka i det heile tatt.

Me starta faktisk dagen i Gravkyrkja ved Jesu grav. Grunnen til det skal eg koma tilbake til. Derfrå gjekk me gjennom det kristne kvarteret i Gamlebyen, ut Jaffaporten, forbi Sionshøgda og bort til området øverst i Hinnomdalen, like nedanfor den skotske kyrkja. Der fann me merkinga og begynte vandringa på Jerusalem Trail. Løypa førte oss forbi ein del interessante og viktige stadar i Vest-Jerusalem, og me tok oss tid til ein del stopp og små avstikkarar for å utforska stadar me ikkje hadde vore før.

IMG_5421Første stopp var den gamle jernbanestasjonen. Her er det bygd opp eit moderne miljø med butikkar og spisestadar. Det var så tidleg på dagen at det knapt var folk der. Men det var likevel spennande å sjå koss staden var blitt utvikla.

Vidare gjekk turen gjennom eit boligområde til me kom til Sacher-parken nedanfor Israel Museum. Me gjekk gjennom parken og opp til Knesset, passerte den store menorahen og gjekk vidare mot The Hebrew University.

Me passerte universitetet og ei stund etterpå kom me til Kikkar Denya (Danmarksplassen) der me fann oss ein kafé. Herleg! Etterpå følgte me trikkesporet til Mount Herzl der me gjekk inn i parken og såg grava til Theodor Herzl, grunnleggaren av den politiske sionismen.

Ikkje alle strekningane på turen var like spennande. Men det å gå til fots gjennom ein by, gir ei eiga oppleving av å bli kjent med dagleglivet i denne byen. For ein by er alltid meir enn dei typiske turiststadane. Både i Sacher-parken og på Mount Herzl var det livleg med skuleklassar med jødiske barn på klassetur.

IMG_5465Like ved endehaldeplassen til trikken, der vegen går inn til holocaustmuseet Yad Vashem, førte merkinga oss ut i skogen. Ganske snart passerte stien eit minnesmerke etter Raoul Wallenberg. Vidare gjekk det på skogsveg nedover ein dal til landsbyen Ein Kerem som var målet for vandringa vår. Den kristne tradisjonen seier at dette er Døyparen Johannes sin fødestad.

Landsbyen har ein sterk kristen tradisjon og det er fleire kyrkjer der. Me konsentrerte oss om Johanneskyrkja som i følge tradisjonen er bygd på døyparen sin fødestad. Dette er altså staden der foreldra hans, Elisabet og Sakarja, budde. Og staden Maria oppsøkte då ho hadde fått bodskapen om at ho skulle bli Jesu mor.

Til venstre for altaret i kyrkja er det ei grotte som markerer fødestaden: Hic Praecursor Domini Natus Est. Her er Herrens forløpar født.

I gardsrommet utanfor kyrkja er det keramikkfliser med Sakarjas lovsong (Luk 1,68-79) på mange ulike språk. Lovsongen var i følge Lukas profetisk tale i samband med døyparen sin fødsel. Teksten sluttar slik:

Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,
for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar

og læra folket hans å kjenna frelsa når deira synder blir tilgjevne,

for vår Gud er rik på miskunn.

Slik skal lyset frå det høge
gjesta oss som ein soloppgang

og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,
og styra våre føter inn på fredens veg.

Eg begynte med å fortelja at me starta dagen ved Jesu grav i Gravkyrkja. Dette gjorde me for å leggja ein ekstra dimensjon til vandringa frå Gamlebyen til Ein Kerem. Me gjorde dette til ei «Emmausvandring»! Det finst ei flott forteljing i Lukasevangeliet om koss Jesus påskedag viste seg for to vandrande disiplar og slo følge med dei på vegen. Disiplane var forvirra og usikre, og dei var på veg ut av Jerusalem til Emmaus (Luk 24,13-35). Det er fleire teoriar om kor dette Emmaus kan ha lege. Ein Kerem har faktisk vore nemnt i den samanhengen, men eg trur andre stadar er meir sannsynlege lokaliseringar. Likevel: Me starta dagen ved Jesu grav og las der det siste kapitlet i Lukasevangeliet om Jesu oppstode og om møtet med Emmaus-vandrarane. Dermed blei dette perspektivet også med og prega turopplevinga på Jerusalem Trail for oss.

Eg tar med nokre fleire bilde frå turen.

IMG_2084

IMG_5427

Raoul Wallenberg
Raoul Wallenberg

IMG_2095

IMG_2107