Bob Dylan, jøde og kristen

Bob Dylan er aktuell her i Rogaland for tida (mai 2008). Denne veka held han konsert på Viking stadion i Stavanger med 19.000 til stades. Han er ute på sin «Never Ending Tour».

Dette er ein artist som har levert mange viktige tekstar. Han begynte som protestsongar for ca 45 år sidan og har sidan vore innom mange sjangrar. Ein artikkel på Wikipedia prøver å formulera betydninga han har hatt:

Bob Dylan forandret populærmusikken på to viktige punkter. Han økte betydningen av sangtekstene, og han gjorde det klart at sangstemmen ikke var det viktigste.

Eg syns dessutan det er av interesse at han har tydelege bibelske referansar i mange av tekstane sine. Ein periode, etter ei sterk åndeleg oppleving i 1978, var han rett og slett forkynnande på konsertane sine. Dette har han sidan endra på, men han skal likevel ikkje ha tatt avstand frå den kristne trua.

For meg, og sikkert for fleire av lesarane av denne bloggen, er det også av interesse at han er ein jøde som vedkjenner seg trua på Jesus. Det siste nummeret av Misjonsblad for Israel, nr 3/2008, utgitt av Den Norske Israelsmisjon, har ein artikkel om denne sida ved artisten. Det er redaktør Ingvill Egeli Olsen som skriv, og ho støttar seg på uttalar frå Sven Aasmundtveit. Ho skriv blant anna:

Bob Dylan vokste opp som en del av det jødiske miljøet i Minnesota, USA. Begge Bob Dylans foreldre var jøder, og artistens fødenavn var Robert Allan Zimmermann. Besteforeldrene var innvandret fra Odessa, Ukraina til USA.

– Familien var et sted mellom nominelle jøder og bevisste. Moren forteller at han fløy rundt på kristne vekkelsesmøter i oppveksten. Men han var nok mest knyttet til det jødiske miljøet, forteller Bob Dylan-kjenner Sven Aasmundtveit.

Aasmundtveit forteller at Bob Dylan allerede før sin radikale omvendelse godt kjente både den jødiske og den kristne Bibelen. I arbeidsrommet lå Bibelen oppslått konstant. Flere av artistens tekster har bibelske referanser.

Dette er Jesusvekkelsens tid, og Bob Dylan samarbeider med flere kristne artister (…)

Og på slutten av 1978 får Bob Dylan sitt åndelige gjennombrudd. Under en konsert kaster en publikummer et kors opp på scenen. Bob Dylan plukker det opp og tar det med seg. Et par dager senere opplever han på hotellrommet at Jesus er på rommet hans. Og der tar Dylan imot troen.

(…)

Samtidig fornekter han ikke sin jødiske bakgrunn. Han har hatt jødisk konfirmasjon for ett av barna sine. Jews for Jesus er aktive rundt konsertene hans.

Etter hvert blir det kristne budskapet mindre framtredende. Bob Dylan forkynner ikke lenger fra scenen. Men Aasmundtveit understreker at han ikke tar avstand fra troen.

– Selv om Dylan forlot den tydelige forkynnelse og det kristne aspektet ble mindre fremtredende, sluttet Dylan aldri å bruke bibelske referanser i tekstene sine, understreker Aasmundtveit.

Eg veit ikkje nok om Bob Dylan til å vurdera hans religiøse utvikling og kan derfor ikkje gå god for desse uttalane. Men eg syns han er ein spennande artist som har mange flotte songar. Og eg syns det er interessant å leggja merke til at han, som høgt profilert artist, har vore tydeleg på at trua på Jesus er aktuell, også for ein som har jødisk bakgrunn.

Viktor Sparre (1919-2008)

Kunstnaren Viktor Sparre er død, 88 år gamal. Eg blei kjent med Viktor Sparre sin kunst då eg var tenåring og gjekk til gudsteneste i Hinna kyrkje. Der er det ein flott altarvegg med store glassmaleri som han har laga. Seinare har eg blitt kjent med glassmaleria hans i Immanuelskyrkja i Tel Aviv. Der har … Hald fram med å lese «Viktor Sparre (1919-2008)»

Kunstnaren Viktor Sparre er død, 88 år gamal. Eg blei kjent med Viktor Sparre sin kunst då eg var tenåring og gjekk til gudsteneste i Hinna kyrkje. Der er det ein flott altarvegg med store glassmaleri som han har laga.

Seinare har eg blitt kjent med glassmaleria hans i Immanuelskyrkja i Tel Aviv. Der har han laga mange glassmaleri med bibelske tema, fantastiske bilete som fungerer som forkynning for mange israelarar som kjem innom kyrkja.

NTB har sendt ut følgjande melding om dødsfallet:

Victor Sparre er død

Bildekunstneren Victor Sparre er død 88 år gammel. Sparre var født i Bærum i 1919 og var særlig kjent for sine fargesterke malerier og sine glassmalerier.

Hans monumentale glass-utsmykning av østveggen i Jeløy kirke fra 1975 regnes som et av hans hovedverk. Han har også laget glassutsmykninger i Ishavskatedralen i Tromsø og i Hinna kirke.

Sparres malerier har ofte symbolske og religiøse undertoner. Han var i mange år aktiv i menneskerettsbevegelsen.

Eg kjenner bare kyrkjekunsten hans. Maleria hans har eg ikkje sett. For Viktor Sparres kyrkjekunst vil i alle høve «religiøse undertoner» vera det me kallar eit typisk understatement.

Tarjei Vesaas debutantpris

Nils Henrik Smith frå Bryne har fått Tarjei Vesaas debutantpris for 2007. Gratulerer, Nils Henrik! Jærbladet skriv: Det litterære råd kallar romanen vill og ambisiøs. «Manhatten skyline er ein roman det er vanskeleg å fange i kortfattede beskrivelser. Det er en fortelling som nekter å falle til ro, som vågalt søker ut over grenser den … Hald fram med å lese «Tarjei Vesaas debutantpris»

Nils Henrik Smith frå Bryne har fått Tarjei Vesaas debutantpris for 2007. Gratulerer, Nils Henrik!

Jærbladet skriv:

Det litterære råd kallar romanen vill og ambisiøs. «Manhatten skyline
er ein roman det er vanskeleg å fange i kortfattede beskrivelser. Det
er en fortelling som nekter å falle til ro, som vågalt søker ut over
grenser den selv setter, og den etterlater leseren undrende, rørt og
begeistret», skriv juryen i si grunngjeving.

(…)

Nils Henrik Smith kjem i godt selskap med denne tildelinga. Av andre
kjende norske forfattarar som har fått prisen tidlegare er Lars Saabye
Christensen, Roy Jacobsen, Tor Obrestad og Tore Renberg. (les meir)

Oppdateringar:

Aftenbladet.no skriv også om pristildelinga:

– Dette var selvfølgelig hyggelig. Det er ikke så mye mer å si om den saken,
sier en beskjeden Nils Henrik Smith (27) til Aftenbladet.no.

(…)

– Da jeg fikk vite at jeg fikk prisen, ble jeg glad og overrasket. Alle som
debuterer går rundt og tenker på at de kanskje kan få debutantprisen. Jeg
vet ikke om noen andre debutantpriser som har en tilsvarende posisjon, sier
Smith. (les meir)

Pasjonsspelet

Eg vore på Pasjon 08 i Domkyrkja i dag. Inger er med som korsongar og statist. Forestillinga har mange høgdepunkt og for meg var desse stort sett knytt til Duc Mai-The si tolking av Jesus. Skal eg framheva noko, vil eg peika på innslaga med guten Saul, som var dikta inn i forteljinga og som … Hald fram med å lese «Pasjonsspelet»

Eg vore på Pasjon 08 i Domkyrkja i dag. Inger er med som korsongar og statist.

Forestillinga har mange høgdepunkt og for meg var desse stort sett knytt til Duc Mai-The si tolking av Jesus. Skal eg framheva noko, vil eg peika på innslaga med guten Saul, som var dikta inn i forteljinga og som utvikla eit nært og fint forhold til Jesus. Desse innslaga var nydelege. Elles syns eg scenen med kampen i Getsemane var sterk og talande.

Her er eit lite, men spennande tekstutdrag:

Eg har tala om Guds rike for dykk og alle som har villa høyra. Mange har spurt kvar det er og når det vil koma. Eg seier dykk: det er her, no, midt iblant dykk, over alt og inni dykk. Det er her! Eg er her! De må bare opna opp og ta det inn. Du skal elska Herren din Gud av heile di sjel, men det er like viktig å elska nesten din.

Og din neste er alle som treng deg, alle som treng din hjelp og din kjærleik. Elsk han som du elskar deg sjølv og du må elska deg sjølv slik Faderen elskar deg. Faderen elskar deg som du er. Han har skapt deg i sitt bilete, teikna deg i sine hender. Gjort deg til menneske og han elskar deg som menneske. Som ein far elskar sine born.

Om de kan bringa denne bodskapen ut, slik at alle kan ta imot meg, skapar vi Guds rike.

Les også Heidi sine korte notat om Pasjonsspelet.

NRK om pasjonsspelet

Stavanger 2008: NRK skriv om pasjonsspelet Over alt og meldaren er gripen av innhaldet: En gripende, men også springende forestilling, mener vår anmelder om mysteriespillet under Pasjon 2008. (…) I alt 130 medvirkende er på scenen. Et fåtall av dem er profesjonelle – her er barn og unge dansere og flere kor som alle gjør en formidabel innsats. … Hald fram med å lese «NRK om pasjonsspelet»

Stavanger 2008: NRK skriv om pasjonsspelet Over alt og meldaren er gripen av innhaldet:

En gripende, men også springende forestilling, mener vår anmelder om mysteriespillet under Pasjon 2008.

(…)

I alt 130 medvirkende er på scenen. Et fåtall av dem er profesjonelle – her er barn og unge dansere og flere kor som alle gjør en formidabel innsats.

I sentrum står likevel Jesus sjøl, spilt av Duc Mai-The. Han er sterk, men samtidig sårbar, og han gjør akkurat det det skorter litt på ellers i forestillingen. Gjennom kontrollert spill, får han fram Jesu indre opprør. Og det er da – når pasjonen blir en indre kraft, uten utvendige proklamasjoner – at forstillingen blir virkelig intens. Da er Pasjon 2008 på sitt beste. (les meir)

Pasjon08

Denne helga blir mysteriespelet Over alt spela i Stavanger Domkyrkje. Dette er ein del av det større prosjektet Pasjon08. Denne oppsettinga har eg høyrt mykje om dei siste vekene, for Inger er med som korsongar. Det er ingen tvil om at ho har det både kjekt og inspirerande i denne samanhengen, sjølv om det blir … Hald fram med å lese «Pasjon08»

Denne helga blir mysteriespelet Over alt spela i Stavanger Domkyrkje. Dette er ein del av det større prosjektet Pasjon08. Denne oppsettinga har eg høyrt mykje om dei siste vekene, for Inger er med som korsongar. Det er ingen tvil om at ho har det både kjekt og inspirerande i denne samanhengen, sjølv om det blir mange og lange dagar i kyrkja. Sjølv skal eg sjå stykket søndag ettermiddag. Eg gleder meg!

"I Domkyrkja er det bygd opp ein 17 meter brei scene under søylene langs den eine langveggen. Rundt 130 deltakarar er med i den nyskrivne oppsettinga, her er både profesjonelle og semiprofesjonelle skodespelarar, drama- og dansestudentar, musikarar og songarar. – Dette er ei forestilling med veldig mange uttrykksformer, seier kunstnarisk leiar og regissør Svein Harry S. Hauge …" (Stavanger Aftenblad 04.03, papirutgåva)

Stavanger Aftenblad skriv meir om stykket i dag. Avisa sin meldar gjer eit poeng av at dette er "en historie vi har hørt mange ganger" og leitar etter det nyskapande:

Det er kanskje først og fremst myldringen av små og store skuespillere og
sangere, i tillegg til den fantastiske lyssettingen, som gjør dette til en
annerledes opplevelse av en historie vi har hørt mange ganger.

(…)

Det er ingen
lett oppgave å skape noe nytt ut av noe som er både velprøvd og velkjent. I
dette tilfellet er det kanskje omgivelsene som gir den mest uvanlige
opplevelsen. At podiet kommer foran de brede søylene har både fordeler og
ulemper. På den ene siden er lyset nydelig, og scenen hvor en harmdirrende
Jesus velter salgsboder og brøler i tempelet fungerer godt. Men når podiet
befolkes av mange skuespillere samtidig, er det lett å miste oversikten over
hvem som snakker, og ikke minst hvem de henvender seg til.

(…)

Derimot fungerer musikken, og særlig korpartiene, godt. De sakrale
stemningene som bæres fram av lette barnestemmer, er mye mer effektfulle enn
brølingen til fariseere og romerske soldater, som til tider balanserer
farlig nær grensen til det parodiske. På samme måte er det de lavmælte
scenene med mariaene som skaper dynamikk i en velkjent historie hvor det
dramatiske og høylytte dominerer. (les meir)

Sjå også tidlegare oppslag om Duc Mai-The, som har rolla som Jesus.

Kamp mot atomvåpen 23.04.2007

I dag er det femti år sidan Albert Schweitzer (m.a. medisinar og teolog) heldt ein historisk appell mot atomvåpen i NRK under slagordet Ærefrykt for livet. Dette blir i desse dagar markert med at Norske leger mot atomvåpen (NLA) set igang ein norsk del av ein internasjonal kampanje mot atomvåpen. Eldsteson i familien, Trygve, er … Hald fram med å lese «Kamp mot atomvåpen 23.04.2007»

I dag er det femti år sidan Albert Schweitzer (m.a. medisinar og teolog) heldt ein historisk appell mot atomvåpen i NRK under slagordet Ærefrykt for livet. Dette blir i desse dagar markert med at Norske leger mot atomvåpen (NLA) set igang ein norsk del av ein internasjonal kampanje mot atomvåpen. Eldsteson i familien, Trygve, er leiar for den norske kampanjen. Bra, Trygve! Dette støttar eg. Eg har i dag underteikna oppropet.

Utdrag frå NLA sin informasjon om kampanjen:

Atomvåpen er de verste av alle våpen. Kombinasjonen ekstrem sprengkraft, varme og stråling vil i begrensede mengder kunne ødelegge hele byer – i verste fall hele livsgrunnlaget på jorda. (Les meir)

Dette er ei viktig sak. Me treng engasjement og tenkning omkring slike tema. Eg trur på ein Gud som har skapt alt og som står bak alt liv. Om eg ikkje følgjer Albert Schweitzer i heile hans tenkning på dette området, har eg ingen problem med å støtta ein kamp mot atomvåpen i hans ånd. Og kampen for skaparverket er ikkje mindre viktig i dag enn for femti år sidan!

Pavens bok om Jesus

Pave Benedikt XVI fyller 80 år i dag. Han er ein oppegåande eldre mann og har faktisk skrive bok som blir gitt ut på fødselsdagen. Boka heiter Jesus fra Nasaret. Før Benedikt blei pave, heitte han Joseph Ratzinger. Les meir om Pave Benedikt XVI her. Nettsida ABC Nyheter hadde før helga ein omtale av den … Hald fram med å lese «Pavens bok om Jesus»

Pave Benedikt XVI fyller 80 år i dag. Han er ein oppegåande eldre mann og har faktisk skrive bok som blir gitt ut på fødselsdagen. Boka heiter Jesus fra Nasaret. Før Benedikt blei pave, heitte han Joseph Ratzinger. Les meir om Pave Benedikt XVI her.

Nettsida ABC Nyheter hadde før helga ein omtale av den nye boka:

Boka blir beskrevet som et rent personlig verk om Jesu liv, og målgruppen er katolikker flest. I første omgang gis den ut på italiensk, polsk og tysk. Den 448 sider tjukke boka vil være i salg fra mandag, samme dag som paven feirer fødselsdag.

I boka viser paven blant annet til historien om den barmhjertige samaritan og Jesu oppfordring om å elske sin neste, og trekker linjer til dagens verden med enorme forskjeller mellom fattige og rike. Både kapitalisme og kolonialisme kritiseres.

«Hvis vi bruker dette på den globaliserte verden, ser vi at plyndringen av Afrikas folk angår oss. De rike har kledd de fattige nakne og har påført dem åndelige sår,» heter det i et utdrag fra boka som er trykket i avisa Corriere della Sera.

«I stedet for å gi dem Gud, den Gud som er nær oss i Kristus, og ønske velkommen alt det som er godt og stort i tradisjonene deres, brakte vi dem kynismen i en verden uten Gud, hvor kun makt og fortjeneste teller», heter det videre. (Les meir)

Eg vil tru boka er interessant for andre enn "katolikkar flest". Men sjølvsagt, – paven har ein heilt spesiell posisjon i katolsk kyrkeliv, og En katolsk weblog skriv i dag både om fødselsdagen og om boka. Sjølv om eg ikkje høyrer til i den katolske kyrkja, vil eg vera med og heidra ein viktig kyrkjeleiar. Eg stiller derfor meir enn gjerne opp i rekka av dei som seier: Gratulerer med dagen!

Oppdatering 21.04:

Få dagar etter utgjevinga blir det meldt om store salgstal for paven si bok. Paven slår Harry Potter melder Vårt Land i dag.

Du er Guds barn nett no

Dåpssalmen Du er Guds barn nett no er kåra til vinnar av salmekonkurransen Nye feiringssalmar (2006). Teksten er skriven av Emil Skartveit frå Stavanger. Melodien er skriven av Stein Skøyeneie. Dei to arbeider saman i Sagene kyrkje i Oslo. Du er Guds barn nett no. Eit glimt av skaparverket så underfullt å skode. Du er … Hald fram med å lese «Du er Guds barn nett no»

Dåpssalmen Du er Guds barn nett no er kåra til vinnar av salmekonkurransen Nye feiringssalmar (2006).

Teksten er skriven av Emil Skartveit frå Stavanger. Melodien er skriven av Stein Skøyeneie. Dei to arbeider saman i Sagene kyrkje i Oslo.

Du er Guds barn nett no.
Eit glimt av skaparverket
så underfullt å skode.
Du er eit barn av Gud nett no.

Du er Guds barn nett no.
Med vatnet på ditt hovud
og krossen på di panne.
Du er eit barn av Gud nett no.

Du er Guds barn nett no.
Me lyftar deg mot himlen
og ber din engel vakte.
Du er eit barn av Gud nett no.

Kanskje dette er ein salme som me skal ta i bruk i kyrkja her på Bryne?

Hald fram med å lese «Du er Guds barn nett no»

Potetfestivalen 2006

Det er Potetfestival på Bryne denne helga (september 2006). Ein festival «med fokus på poteter, mat, drikke og kultur». Dette er eit årvisst arrangement, og med det sommarveret me har på Jæren nå i desse dagane (25 grader i dag!), blir sjølvsagt dette ein folkefest av dei heilt store. Det er masse aktivitet i gatene … Hald fram med å lese «Potetfestivalen 2006»

Det er Potetfestival på Bryne denne helga (september 2006). Ein festival «med fokus på poteter, mat, drikke og kultur». Dette er eit årvisst arrangement, og med det sommarveret me har på Jæren nå i desse dagane (25 grader i dag!), blir sjølvsagt dette ein folkefest av dei heilt store. Det er masse aktivitet i gatene og på torget, der eit stort torgtelt er sett opp. Ikkje minst betyr ein slik festival mykje sosialt liv i sentrum, og i morgon skal eg sjølvsagt bort på torget og drøsa med folk!

Torgteltet blir brukt til mykje forskjellig av løpet av helga, det er f eks både underhaldning, servering og dans. Men sundag morgon sørgjer festivalleiinga for å rydda og reingjera teltet så det er klart for gudsteneste! For kyrkja er også med på Potetfestivalen. Sundag kl 11 flyttar Bryne kyrkje gudstenesta frå kyrkja til torget. Kyrkja er «ei vedkjennande, tenande, misjonerande og open folkekyrkje». Derfor er det flott å vera med og prega programmet på ein så folkeleg festival! På same måte som i fjor, har me presentasjonen av dei nye konfirmantane på denne potetgudstenesta.

Nokre kallar Potetfestivalen for Jæren sin hausttakkefest. Ikkje så dumt! Men dette ordet er jo eigentleg eit kyrkjeleg ord. Det er ein gamal tradisjon å takka Gud for «markens grøde» om hausten, for livsgrunnlaget og alle dei goder som me får frå Skaparen gjennom naturen.

Eit angrep på trusfridomen

I helga blei det skote mot den jødiske synagogen i Oslo. Dette er totalt uakseptabelt, og heldigvis har regjeringa ved justisministeren gripe fatt i saka i dag og markert sin avsky. Den norske kyrkja har også sagt tydeleg frå om at alle truande må slå ring om jødane i Norge i denne situasjonen. Eit slikt … Hald fram med å lese «Eit angrep på trusfridomen»

I helga blei det skote mot den jødiske synagogen i Oslo. Dette er totalt uakseptabelt, og heldigvis har regjeringa ved justisministeren gripe fatt i saka i dag og markert sin avsky.

Den norske kyrkja har også sagt tydeleg frå om at alle truande må slå ring om jødane i Norge i denne situasjonen. Eit slikt angrep på eit gudshus kan oppfattast som eit angrep på trusfridomen i landet vårt. Her er pressemeldinga som i dag blei sendt ut frå Oslo biskop og generalsekretæren i Mellomkirkelig Råd:

Skytingen mot synagogen i Oslo denne helga er et alvorlig angrep på jødene i Norge. Som representanter for Den norske kirke vil vi på det sterkeste ta avstand fra den handling som nå er utført mot synagogen, og uttrykke vår støtte til Det mosaiske trossamfunn i denne situasjonen.

Denne handlingen skaper frykt og uro i et fellesskap som den senere tid har vært utsatt for både sjikane og alvorlige trusler. Dette er uakseptabelt og forkastelig, og situasjonen kaller på økt oppmerksomhet overfor alle tendenser til anti-semittisme.   

Vi har ikke tidligere opplevd skyting mot gudshus i Norge. Derfor kan dette oppfattes som et angrep på trosfriheten i vårt land. Dette er derfor også et angrep på vårt demokratiske samfunn. Det er dermed en utfordring for alle troende i vårt land, uansett religion og trossamfunn, å slå ring om jødene i denne situasjonen. Dette gjelder grunnleggende verdier i vårt samfunn.

Nær-nøden-oppleving

Når eg har vore på ferie, har eg alltid eit prosjekt gåande som går ut på å bla gjennom avisene eg ikkje har lese, for å sjå om det er noko eg må ha med meg før dei forsvinn i papirinnsamlinga. Noko av det eg stoppa ved denne gongen, var ein artikkel i Vårt Land … Hald fram med å lese «Nær-nøden-oppleving»

Når eg har vore på ferie, har eg alltid eit prosjekt gåande som går ut på å bla gjennom avisene eg ikkje har lese, for å sjå om det er noko eg må ha med meg før dei forsvinn i papirinnsamlinga. Noko av det eg stoppa ved denne gongen, var ein artikkel i Vårt Land måndag 31.07 (så vidt eg kan sjå bare i papirutgåva) om ein familie eg kjenner her på Bryne. Dei har nyleg gjennomført eit spesielt og utfordrande prosjekt: Dei har reist til Ecuador og vore voluntørar for Misjonsalliansen i fem veker i sommar!

"Familien Schjelderup valgte slum og regnskog i Sør-Amerika fremfor sydenferie og hytte på fjellet. Hva får en helt vanlig familie til å reise til andre siden av jorden for å møte fattigdommen der?"

Slik opnar artikkelen i avisa, og eg trur eg får innblikk i litt av svaret på dette spørsmålet ved å lesa artikkelen, som blir avslutta slik:

"- Jeg vil oppfordre alle som er interessert i bistand og urettferdighet om å gjøre det samme. Det er interessant og spennende å få se Misjonsalliansens arbeid på nært hold, og vi får stadig mer respekt for dem som jobber her nede. Sett med turistøyne er ikke byen vakker, men det er vel ikke derfor man arbeider her, avslutter Ståle."

Det gjer ikkje så mykje at du ikkje kan lesa heile avisartikkelen på nettet. For familien har skrive eigen blogg under planlegginga og gjennomføringa av turen til Ecuador. Les heller bloggen, som dei presenterer slik: Blogg om fem uker i Ecuador sommeren 2006. En feriestudietur for to voksne og tre barn på 9-16 år. Et framprovosert kulturkrasj, en nær-nøden-opplevelse. Og et dobbeltliv satt på spissen. Les bloggen her!

Eg sit her ved pc’en og tenkjer at dette har eg sansen for! Samtidig sit eg og lurer på kva journalisten frå Vårt Land meinte med å kalla desse fem menneska "en helt vanlig familie" …

Nye Norges Kristne Råd

– Så vidt jeg kjenner til finnes det ingen nasjonale kristne råd med tilsvarende bredde i verden. Det var Arnfinn Løyning (frå Frikyrkja) som sa dette i samband med at Norges Kristne Råd og Norges Frikirkeråd nå i helga er slått saman til eit nytt felleskristent organ. Den norske kyrkja er med i dette nye … Hald fram med å lese «Nye Norges Kristne Råd»

Frikirkeraad_nkr_2005 – Så vidt jeg kjenner til finnes det ingen nasjonale kristne råd med tilsvarende bredde i verden.

Det var Arnfinn Løyning (frå Frikyrkja) som sa dette i samband med at Norges Kristne Råd og Norges Frikirkeråd nå i helga er slått saman til eit nytt felleskristent organ.

Den norske kyrkja er med i dette nye rådet saman med mest alle andre kristne kyrkjesamfunn i Norge. Her samles alt frå pinsevenner til katolske og ortodokse kristne, og det er eit flott tiltak! Namnet blir truleg Nye Norges Kristne Råd.

Jesus ba denne bøna: "Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg." (Joh 17,21). Sjølv om me ikkje er einige i alt, finst det i dag ei grunnleggjande vilje til å snakka saman, be saman og arbeida saman.

Hald fram med å lese «Nye Norges Kristne Råd»

Samefolket sin dag

Samefolket_sitt_flagg Gratulerer med dagen! I dag (06.02.2006) er det samefolket sin dag. Dette er ein felles nasjonaldag for samane over heile Nordkalotten. Dagen har vore markert sidan 1993, og har sidan 2004 vore offisiell flaggdag i Norge.

Her er sametingspresident Aili Keskitalo si helsing på dagen:

Dette fellesskapet er en trygghet vi skal bygge framtida på. Det som skiller oss er også en styrke ved det samiske samfunnet. Det vitner om en levende kultur i vekst og i endring.

Det har skjedd store endringer siden det første samiske landsmøtet i Trondheim, 6. februar 1917. Utviklingen for det samiske folk går i riktig retning, selv om mange av sakene våre forfedre drøftet da fortsatt er aktuelle – og uløste.

Jeg håper nasjonaldagen preges av samhørighet og at feiringen skjer i solidaritet med andre folk. Vi er alle likeverdige som mennesker, og trenger å styrke grunnleggende verdier som toleranse og medmenneskelighet. Derfor setter vi pris på at også andre enn samer deltar i feiringen av vår nasjonaldag.

Våre barn og unge er framtidens bærere av samisk kultur. Vår viktigste oppgave er å sikre at de har en framtid å forvalte og tilhørighet til et samisk fellskap. Vi må fokusere på dette både i politikken og i hverdagen, og vi må tørre å ta opp kampen når våre grunnleggende rettigheter blir truet. Det er viktig at også ungdom får innflytelse på utviklingen av egne levekår.

Med disse ordene vil jeg gratulere samefolket med dagen, og ønske lykke til med feiringen. Jeg håper dere får en fin nasjonaldag, hvor dere alle finner noe å glede dere over og kanskje en god historie å le av.

Aili Keskitalo
sametingspresident

Solo mot 71 grader nord

Ragnar Fjeld frå Bryne, for å vera heilt nøyaktig Lye, har i helga (januar 2006) lagt ut på sin store og lenge planlagte tur aleine på ski frå Lindesnes til Nordkapp. Fyrvaktaren på Lindesnes skriv i sin omtale av turen at Ragnar på 23 år kanskje er den yngste som har tatt denne turen aleine … Hald fram med å lese «Solo mot 71 grader nord»

Ragnar Fjeld frå Bryne, for å vera heilt nøyaktig Lye, har i helga (januar 2006) lagt ut på sin store og lenge planlagte tur aleine på ski frå Lindesnes til Nordkapp. Fyrvaktaren på Lindesnes skriv i sin omtale av turen at Ragnar på 23 år kanskje er den yngste som har tatt denne turen aleine nokon gong.

Inntrykket eg får og omtalen eg har høyrt om turen på førehand tyder på at turen er godt planlagt. Det er nok også nødvendig! Ragnar vil nok få bruk for alt han har lært om friluftsliv, bl a frå fleire år som aktiv speidar i 1. Bryne KFUM!

Etter at Inger i fjor sykla Nordkapp-Lindesnes aleine, har eg fått eit betre inntrykk av kor langt dette eigentleg er, og eg har ikkje noko behov for å prøva meg på turen sjølv, verken på ski eller sykkel. Men eg vil gjerne vera blant dei som ønskjer GOD TUR og eg kjem til å følgja med på koss det går!

Dei sju underverka

Nå (januar 2006) er det muleg å stemma på kva som skal reknast som dei sju «nye» underverka i verda. New 7 Wonders Foundation har sett igang denne kåringa og presenterte ved nyttårsskiftet 21 finalistar. Nå er det opp til oss å stemma, og ved neste årsskifte vil resultatet bli kunngjort. Biletet frå Istanbul viser … Hald fram med å lese «Dei sju underverka»

Nå (januar 2006) er det muleg å stemma på kva som skal reknast som dei sju «nye» underverka i verda. New 7 Wonders Foundation har sett igang denne kåringa og presenterte ved nyttårsskiftet 21 finalistar. Nå er det opp til oss å stemma, og ved neste årsskifte vil resultatet bli kunngjort.

6a00d8341cb87053ef00e54f5f3ecc8834-640wiBiletet frå Istanbul viser Hagia Sofia, ein av finalistane. Den bysantinske kyrkja Hagia Sofia blei bygd under keisar Justinian i 537. «Hagia Sofia» betyr den heilage visdomen.

I 1453 blei kyrkja gjort om til moské og frå 1934 har den vore museum både for den kristne og den muslimske perioden i bygningen si historie.

Hagia Sofia var i ni hundre år rekna som den største og viktigaste kyrkja i verda. For meg er den framleis først og fremst ei kyrkje.

Dei 21 finalistane er

  1. Akropolis, Athen, Hellas
  2. Alhambra, Grananda, Spania
  3. Angkor, Kambodsja
  4. Chichen Itza, Yucatan, Mexico
  5. Kristusskulpturen, Rio de Janeiro, Brasil
  6. Colosseum, Roma, Italia
  7. Statuane på Påskeøya, Chile
  8. Eiffeltårnet, Paris, Frankrike
  9. Den kinesiske muren, Kina
  10. Hagia Sofia, Istanbul, Tyrkia
  11. Kiyomizutempelet, Kyoto, Japan
  12. Kreml, Moskva, Russland
  13. Machu Picchu, Peru
  14. Neuschwanstein slott, Füssen, Tyskland
  15. Petra, Jordan
  16. Giza-pyramidane, Egypt
  17. Fridomsstatuen, New York, USA
  18. Stonehenge, Amesbury, Storbritannia
  19. Operahuset, Sydney, Australia
  20. Taj Mahal, Agra, India
  21. Timbuktu, Mali

Bakgrunnen for denne kåringa er det gamle omgrepet dei sju underverka i verda. Tanken om dei sju underverka kjem frå den greske antikken og kan førast tilbake til 200-talet f. Kr. Men lista har utvikla seg noko sidan den tid. Det som nå er kjent som dei sju underverka, var alle menneskeskapte monument i det som den gong var den kjente verda (med greske auge):

  1. Fyrtårnet på Faros ved Alexandria
  2. Artemistempelet i Efesos
  3. Zeusstatuen i Olympia
  4. Kolossen på Rhodos
  5. Mausoleet i Halikarnassos
  6. Dei hengande hagane i Babylon
  7. Pyramidane i Giza i Egypt

Desse underverka var bygde mellom år 2500 f. Kr og 200 f. Kr. Det er bare dei egyptiske pyramidane som framleis finst og som dermed har kunna koma med på den nye lista.

Toleranse i fokus

Thor Bjarne Bore som er leiar i Kyrkjerådet, heldt i dag opningstale på Kyrkjemøtet 2005. Der kom han inn på dette med toleranse. Han kom òg inn på forholdet mellom toleranse og misjon. Eit interessant tema! Hovudtema for Kyrkjemøtet i år er kva det vil seia at Den norske kyrkja er «ei misjonerande kyrkje». Eg … Hald fram med å lese «Toleranse i fokus»

Thor Bjarne Bore som er leiar i Kyrkjerådet, heldt i dag opningstale på Kyrkjemøtet 2005. Der kom han inn på dette med toleranse. Han kom òg inn på forholdet mellom toleranse og misjon. Eit interessant tema! Hovudtema for Kyrkjemøtet i år er kva det vil seia at Den norske kyrkja er «ei misjonerande kyrkje».

Eg tar med eit par avsnitt frå Thor Bjarne Bore sin tale:

«Den populære oppfatningen av toleranse – at ingen bør holde seg med ”intolerante standpunkter”, altså standpunkter som flertallet kan ha noe imot – vil i virkeligheten føre til at alle må beklippe sine syn, slik at de ikke støter noen. Alle pålegger seg selv, og dermed andre, en flertalls-sensur.
For kirken vil det være en trussel mot egen eksistens. Det budskap som er oss gitt, kan ikke underkastes noe flertallsvotum., Det er ikke garantert mot å vekke anstøt, og skal det lyde i sin bredde, må det også være med krav på universell gyldighet, for det ligger i sakens karakter: Det er et budskap fra Skaper til skapning, derfor må det gjelde alle. At ikke alle opplever det slik, det er den smertelige situasjon vi lever i, i splittelsens og fallets verden.

Toleranse vil i den sammenheng si at budskapet får lyde, men at det aldri må settes makt bak det. Men beklipper man budskapet, svikter man både toleransen og budskapet. Det er jo nettopp derfor vi trenger toleransen: for at alle skal få ytre seg i full bredde, med hele sin oppfatning.»

Bore held fram:

«Av samme grunn blir det galt å spille misjon og toleranse ut mot hverandre. Toleransen må tåle at budskap som gjør krav på universell sannhet, forkynnes. Bare da kan toleransen bli satt på prøve. Og bare da kan budskapet utfoldes i sin bredde. Men til gjengjeld må det ikke stilles en makt bak budskapet som forhindrer motsigelse, debatt og helt andre oppfatninger. Flere krav på å være sannhet må få leve side om side. Løsningen på det dilemma som ligger i forholdet mellom toleranse og pretensjoner om noe allmenngyldig, ligger i at man ikke løser dilemmaet. Lager man et kompromiss – litt mindre ambisjoner med budskapet, og litt mindre enn total toleranse – så blir resultatet ingen av delene: Ingen klare posisjoner, men heller ingen reell toleranse. Da får vi lett et flertallsdiktatur, der innholdet blir en slags trendenes stadig skiftende ti på topp.

Misjon kan i stedet bli en virkelig prøvestein på toleransen, også fordi man ikke kan vite hvordan det kristne budskap vil ta form i en ny kontekst. Det er en del av inkarnasjonen at evangeliet skal forkynnes på alle tungemål, og det vil også si at det virkelig finnes en kristendom på norsk – eller riktigere: det finnes flere kristendomsformer på norsk – en annen på japansk og en tredje på amhari – og det skal være slik. Det samme resonnementet kan gjøres gjeldende i forholdet til kultur. Den tradisjonelt lavkirkelige motstanden mot kultur, som har mistet mye av sin makt også blant lekfolket i våre dager, var ikke en kristendom uten kultur, men en kristendom som tok avstand fra en bestemt type urban kultur, kanskje også en overklassens kultur. I stedet ville man ha en lekfolkets kultur, preget av alvor og nødvendighet.»

Potetfestivalen 2005

A_potetlogo Det er potetfestival på Bryne denne helga. Det betyr stor aktivitet med kultur og handel, og ikkje minst aktivt sosialt liv i sentrum av Bryne. Eg skal nytta dagen idag til å få med meg ein heil del av dette. Eg skal på opning av kunstutstilling i Mølla og eg skal på underhaldning med Han Innante i teltet på torget. Og i tillegg reknar eg med å treffa mange folk som det er kjekt å drøsa med!

Torgteltet blir brukt til mykje forskjellig av løpet av helga, det er f eks både underhaldning, servering og dans. Men sundag morgon sørgjer festivalleiinga for å rydda og reingjera teltet så det er klart for gudsteneste! For kyrkja er også med på Potetfestivalen. Sundag kl 11 flyttar Bryne kyrkje gudstenesta frå kyrkja til torgteltet. Kyrkja er «ei vedkjennande, tenande, misjonerande og open folkekyrkje». Derfor er det flott å vera med og prega programmet på ein så folkeleg festival! I år har kyrkja lagt presentasjonen av dei nye konfirmantane til denne potetgudstenesta.

Nokre kallar Potetfestivalen for Jæren sin hausttakkefest. Ikkje så dumt! Men dette ordet er jo eigentleg eit kyrkjeleg ord. Det er ein gamal tradisjon å takka Gud for «markens grøde» om hausten, for livsgrunnlaget og alle dei goder som me får frå Skaparen gjennom naturen.

The Real Group på Dalsnuten

I kveld har eg vore på Dalsnuten på konsert med The Real Group. Det var ei flott oppleving. Det er bare utruleg kva dei fem songarane kan gjera med stemmene sine! Og rammene for konserten var spesiell. Det var fleire tusen tilhøyrarar, me sat i eit naturleg amfi og rundt scenen såg me utover fjell … Hald fram med å lese «The Real Group på Dalsnuten»

I kveld har eg vore på Dalsnuten på konsert med The Real Group. Det var ei flott oppleving. Det er bare utruleg kva dei fem songarane kan gjera med stemmene sine! Og rammene for konserten var spesiell. Det var fleire tusen tilhøyrarar, me sat i eit naturleg amfi og rundt scenen såg me utover fjell og vatn. Til å vera utandørs syns eg lyden var svært god. Arrangørane var optimistiske og kalla det Solnedgangskonsert. Sola såg me lite til, men det gjorde ikkje noko – for alt det andre klaffa!

The Real Group stilte opp med eit variert program prega av humor og av kvalitet. Det er ikkje siste gong eg høyrer dei live!