Spor av Jerusalem i Skandinavia

23/05/2019

Eg fekk Informasjonsmagasinet MF våren 2019 i posten i dag, og sette spesielt pris på artikkelen Ny innsikt om Jerusalem som handlar om prosjektet Tracing the Jerusalem Code.

Eg har interessert meg for dette prosjektet etter at eg fekk med meg ein temakveld dei arrangerte i Uranienborg kirke for ei tid sidan. Nå kjenner eg at eg gleder meg til dei får gitt ut boka som skal presentera resultata i prosjektet.

Skann 2019-5-23 20.54.59

Advertisements

Jesus Trail og Jerusalem, oktober 2019

19/12/2018
Jesus trail

Frå vandringa på Jesus trail. Foto: Arne Berge 2017

Tre dagars vandring til fots på Jesus Trail i Galilea, frå Nasaret til Gennesaretsjøen. Fleire dagar med mange ulike opplevingar i Jerusalem. Besøk i Nasaret og Betlehem. Og enda mykje meir, f eks å koma til Qumran der Dødehavsrullane blei funne.

Og det at me får med oss Yom Kippur (den store forsoningsdagen, ein viktig jødisk heilagdag) mens me er i Jerusalem, er jo bare bonus!

Les om turen her: Jesus Trail og Jerusalem

Plussreiser arrangerer turen. Eg er reiseleiar saman med Inger, kona mi. Velkommen til å bli med oss på innhaldsrik haustferie i Israel og dei palestinske områda i oktober 2019.

Du kan også finna mykje stoff om Jesus Trail på nettsida deira: jesustrail.com

 


Bibelhistorier: Getsemane

23/03/2018
Getsemane og Oljeberget

Getsemane og Oljeberget. Foto: Arne Berge 2005

Getsemane er eit kjent stadnamn i den bibelske geografien, knytt til Jesus og påsken. Bildet viser Oljeberget som ligg aust for Gamlebyen i Jerusalem. Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda.

Bibelhistoria om Jesu bønekamp i Getsemane er spesielt knytt til skjærtorsdag:

Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. (Matt 26,36-45)

Dei fleste som besøker Getsemane i vår tid, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje (den store kyrkja med mosaikk i gavlen) og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja. Kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei bysantinsk kyrkje frå 300-talet og ei korsfararkyrkje frå 1100-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

Dei åtte gamle trea i hagen utanfor kyrkja gjer sterkt inntrykk på mange, for dei minner så konkret om denne bibelhistoria. Forskarar har funne ut at trea er frå 1100-talet, då korsfararane bygde si store kyrkje, sjå det tidlegare notatet Gamle oliventre i Getsemane.

Getsemane. Foto: Arne Berge 2006

Getsemane. Foto: Arne Berge 2006

Like nord for hagen ligg Getsemanegrotta. Inngangen er ved sidan av nedgangen til Mariakyrkja, men grotta ligg under den «private» delen av Getsemanehagen. Tradisjonen knyter også Getsemanegrotta til Jesus og disiplane, og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. Bibelhistoria fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei (i grotta?) fordi dei var vane med å sova på denne staden? Kanskje var det her ved grotta Judas sveik Jesus? I dag er grotta eit kapell som legg vekt på desse delane av Getsemanehistoria.

Det er umogleg å vita kor stor Getsemanehagen var på Jesu tid. Namnet blir i dag brukt om heile området ved Getsemanegrotta, Alle Nasjonars kyrkje og den russiske kyrkja med gullkuplar lenger oppe i bakken.

Skissa nedanfor plasserer grotta, hagen (orto del Getsemani) og Alle Nasjonars kyrkje (basilika moderna) i forhold til kvarandre. Heilt til venstre ligg den underjordiske ortodokse Mariakyrkja (tomba della Vergine), som eg ikkje har omtalt i dette notatet.

By Deror Avi (Own work) [GFDL (http://www.gnu.org/copyleft/fdl.html) or CC BY-SA 3.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0)%5D, via Wikimedia Commons

Oppdatert 23.03.2018


Restaurering av Jesu grav

16/04/2016

Jesu grav skal restaurerast, – eller faktisk: bli bygd opp på nytt!

Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005

Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005

«Grava» som det her er snakk om er ein liten bygning, på engelsk omtalt som The Edicule, over og rundt det som måtte vera igjen av den eigentlege grava. The Edicule blei sist bygd opp i 1810 og er altså 200 år gamal. Nå held den på å falla frå kvarandre. Denne våren (mai 2016) blir det sett igang ein stor og sikkert heilt nødvendig restaurering.

Bildet viser inngangen til The Edicule, som ligg inne i Gravkyrkja i Jerusalem, under den største kuppelen i kyrkja. Det engelske ordet kjem frå aedicula, lite hus (latin).

Ecumenical News skriv:

Decades on, historic accord reached on renovation of Jerusalem’s Holy Sepulcher Church

(…)

The renovation will cost $3.4 million, Christian Today reports noting that the monument, dating back to 1810 in its present form, it to be completely rebuilt.

Marble slabs will be taken off and with repairs to the 12th century Crusader shrine beneath and the cracks in the rock-hewn tomb under that, where many Christians believe Jesus was buried, will be filled.
The Greek Orthodox, Armenian Orthodox and Roman Catholic Churches will each pay a third of the cost.

The renovations will carried out National Technical University of Athens team and work will start May 15, expected to last eight months. The complex will remain open throughout this time.

Eg fann restaureringa først omtalt hos Luke Chandler, som viser til ein tilsvarande artikkel i The New York Times.

Sist The Edicule blei reparert, var i 1947 (altså før staten Israel blei oppretta). Då blei den redda av jernband som blei skrudd fast utanpå bygningen. Vakkert er det ikkje!

Gravkyrkja er styrt av fleire kyrkjesamfunn som har strevd med å samarbeida. Dette har ført til stillstand, også når det gjeld vedlikehald. Det er utruleg bra at dei nå har greidd å samarbeida!

51TMGXX6E7L

Eg har hatt glede av boka Martin Biddle: The Tomb of Christ.

Using results of an investigation and a collection of illustrations, this book explores the site of the tomb of Christ in Jerusalem. It examines the site in detail, its appearance, and the destruction’s and rebuilding through the years.

I eit tidlegare notat her på bloggen, har eg oppsummert historia til staden slik:

Ca 10 år etter Jesu død og oppstode blei Jerusalem utvida og Golgata og Jesu grav blei då liggjande innanfor bymurene. Staden blei då uaktuell som gravstad (både rettarstad og gravstad skulle vera utanfor byen). Det var godt kjent blant dei første kristne kor Jesu grav var, og det er ikkje urimeleg å tenkja seg at dei heldt staden heilag og nytta den til f.eks. bønesamlingar. Eg vil likevel presisera at dette veit me ingenting om.

Ca 100 år etter Jesu død og oppstode øydela romarane Jerusalem for andre gong på grunn av eit opprør mot det romerske styret (første gong var i år 70). Denne gongen bestemte dei seg for å gjera endeleg slutt på den jødiske motstandsrørsla. Dei bygde då rett og slett ein ny, romersk by på ruinane av det gamle Jerusalem, og kalla byen Aelia Capitolina. I samband med dette la dei ein heidensk heilagdom på staden der Golgata og Jesu grav var, kanskje for å knusa ei gryande tilbeding der. I 200 år var dermed staden merkt for dei kristne. Dei kunne ikkje nå Jesu grav, men dei visste kor den låg skjult.

Ca 325 blei denne heilagdomen fjerna av dei kristne og dei fann det dei var sikre var Jesu grav. Over dette funnet bygde dei ei imponerande kyrkje i åra etterpå. Kyrkja som me finn der idag, Gravkyrkja, er mykje mindre enn kyrkja frå Konstantins tid. Den nåverande kyrkja blei bygd i korsfarartida over restane av kyrkja frå 300-talet.

I år 1009 blei Gravkyrkja frå 325 øydelagt av kalif Hakim. Men Jesu grav blei, som den sentrale kristne heilagdomen, heldigvis rekonstruert i løpet av få år, mens folk ennå huska koss den hadde sett ut. Det er denne rekonstruerte grava som står i Gravkyrkja i dag.

På 1100-talet bygde korsfararane opp kyrkja igjen, og den kyrkja som står der i dag, er i hovudsak frå den tida.

Gravkyrkja er ei merkeleg kyrkje. Den består av mange og mørke kapell, og er ikkje spesielt imponerande. Men den har likevel ei eiga tiltrekningskraft pga at den rommer Golgataklippa og Jesu grav. Du kan lesa om mi oppleving av å besøkja Gravkyrkja her.

Denne avsluttande historiske skissa om Gravkyrkja er henta frå eit tidlegare notat om staden: Golgata og Jesu grav.

Sjå også notatet Gravkyrkja. Jerusalems 10 på topp #2.


Ein dag på Jerusalem Trail

09/07/2015

IMG_5414I sommar har eg testa ut koss det er å gå Jerusalem Trail. Dette er ein (delvis) merka fottur i og rundt Jerusalem.

Løva med tursekk og stav er symbol for turløypa.

Inger og eg har nyleg vore på ferie i Israel og dei palestinske områda. Éin av planane for ferien var å gå ein del dagsturar, først og fremst i ulike naturområde. Men den urbane Jerusalem Trail var også ein tur me gjerne ville gjera oss kjent med. Me valde å gå frå Gamlebyen vestover til Ein Kerem, ei strekning på ca 15 km.

Løypa er ikkje veldig godt merka. Me var heilt avhengig av gode kart der løypa er teikna inn. Det hadde me i boka Israel National Trail and the Jerusalem Trail der det er bykart i målestokk 1:15000. Enkelte delar av den 42 km lange turen er visstnok ikkje merka i det heile tatt.

Me starta faktisk dagen i Gravkyrkja ved Jesu grav. Grunnen til det skal eg koma tilbake til. Derfrå gjekk me gjennom det kristne kvarteret i Gamlebyen, ut Jaffaporten, forbi Sionshøgda og bort til området øverst i Hinnomdalen, like nedanfor den skotske kyrkja. Der fann me merkinga og begynte vandringa på Jerusalem Trail. Løypa førte oss forbi ein del interessante og viktige stadar i Vest-Jerusalem, og me tok oss tid til ein del stopp og små avstikkarar for å utforska stadar me ikkje hadde vore før.

IMG_5421Første stopp var den gamle jernbanestasjonen. Her er det bygd opp eit moderne miljø med butikkar og spisestadar. Det var så tidleg på dagen at det knapt var folk der. Men det var likevel spennande å sjå koss staden var blitt utvikla.

Vidare gjekk turen gjennom eit boligområde til me kom til Sacher-parken nedanfor Israel Museum. Me gjekk gjennom parken og opp til Knesset, passerte den store menorahen og gjekk vidare mot The Hebrew University.

Me passerte universitetet og ei stund etterpå kom me til Kikkar Denya (Danmarksplassen) der me fann oss ein kafé. Herleg! Etterpå følgte me trikkesporet til Mount Herzl der me gjekk inn i parken og såg grava til Theodor Herzl, grunnleggaren av den politiske sionismen.

Ikkje alle strekningane på turen var like spennande. Men det å gå til fots gjennom ein by, gir ei eiga oppleving av å bli kjent med dagleglivet i denne byen. For ein by er alltid meir enn dei typiske turiststadane. Både i Sacher-parken og på Mount Herzl var det livleg med skuleklassar med jødiske barn på klassetur.

IMG_5465Like ved endehaldeplassen til trikken, der vegen går inn til holocaustmuseet Yad Vashem, førte merkinga oss ut i skogen. Ganske snart passerte stien eit minnesmerke etter Raoul Wallenberg. Vidare gjekk det på skogsveg nedover ein dal til landsbyen Ein Kerem som var målet for vandringa vår. Den kristne tradisjonen seier at dette er Døyparen Johannes sin fødestad.

Landsbyen har ein sterk kristen tradisjon og det er fleire kyrkjer der. Me konsentrerte oss om Johanneskyrkja som i følge tradisjonen er bygd på døyparen sin fødestad. Dette er altså staden der foreldra hans, Elisabet og Sakarja, budde. Og staden Maria oppsøkte då ho hadde fått bodskapen om at ho skulle bli Jesu mor.

Til venstre for altaret i kyrkja er det ei grotte som markerer fødestaden: Hic Praecursor Domini Natus Est. Her er Herrens forløpar født.

I gardsrommet utanfor kyrkja er det keramikkfliser med Sakarjas lovsong (Luk 1,68-79) på mange ulike språk. Lovsongen var i følge Lukas profetisk tale i samband med døyparen sin fødsel. Teksten sluttar slik:

Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,
for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar

og læra folket hans å kjenna frelsa når deira synder blir tilgjevne,

for vår Gud er rik på miskunn.

Slik skal lyset frå det høge
gjesta oss som ein soloppgang

og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,
og styra våre føter inn på fredens veg.

Eg begynte med å fortelja at me starta dagen ved Jesu grav i Gravkyrkja. Dette gjorde me for å leggja ein ekstra dimensjon til vandringa frå Gamlebyen til Ein Kerem. Me gjorde dette til ei «Emmausvandring»! Det finst ei flott forteljing i Lukasevangeliet om koss Jesus påskedag viste seg for to vandrande disiplar og slo følge med dei på vegen. Disiplane var forvirra og usikre, og dei var på veg ut av Jerusalem til Emmaus (Luk 24,13-35). Det er fleire teoriar om kor dette Emmaus kan ha lege. Ein Kerem har faktisk vore nemnt i den samanhengen, men eg trur andre stadar er meir sannsynlege lokaliseringar. Likevel: Me starta dagen ved Jesu grav og las der det siste kapitlet i Lukasevangeliet om Jesu oppstode og om møtet med Emmaus-vandrarane. Dermed blei dette perspektivet også med og prega turopplevinga på Jerusalem Trail for oss.

Eg tar med nokre fleire bilde frå turen.

IMG_2084

IMG_5427

Raoul Wallenberg

Raoul Wallenberg

IMG_2095

IMG_2107


Funn av hasmoneisk akvedukt, Jerusalem 5/2015

21/05/2015
Foto: Israel Antiquities Authority

Foto: Israel Antiquities Authority

Ein del av ein akvedukt som førte vatn til Jerusalem allereie på Jesu tid, er nyleg funne i Aust-Jerusalem. Akvedukten er frå hasmoneisk tid (ca 150 – 37 f.Kr.)

Eg fekk tips av ein israelsk venn om at Jerusalem Post skreiv om dette funnet i dag (21.05.2015). Nå har eg funne fram til pressemeldinga frå IAA. Her er eit utdrag:

A Section of Ancient Jerusalem’s Lower Aqueduct was Exposed in the Eastern Jerusalem Neighborhood of Umm Tuba-MAY 2015

A section of Jerusalem’s Lower Aqueduct, which conveyed water to the city more than 2,000 years ago, was exposed in the Umm Tuba quarter (near Har Homa) during the construction of a sewer line in the neighborhood by the Gihon Company. (…)

The Israel Antiquities Authority conducted an archaeological excavation there following the discovery of the aqueduct. According to Ya’akov Billig, the excavation director, “The Lower Aqueduct to Jerusalem, which the Hasmonean kings constructed more than two thousand years ago in order to provide water to Jerusalem, operated intermittently until about one hundred years ago. The aqueduct begins at the ‘En ‘Eitam spring, near Solomon’s Pools south of Bethlehem, and is approximately 21 kilometers long. Despite its length, it flows along a very gentle downward slope whereby the water level falls just one meter per kilometer of distance. At first, the water was conveyed inside an open channel and about 500 years ago, during the Ottoman period, a terra cotta pipe was installed inside the channel in order to better protect the water”.

Les meir


Bynamnet Jerusalem

19/05/2015

Byen Jerusalem har hatt mange namn opp gjennom historia. I dag heiter byen Yerushalayim på hebraisk og Al-Quds på arabisk.

Haaretz har ein gjennomgang av bynamnet si historie:

Why is Jerusalem called Jerusalem?
From its earliest name Ursalim, Jerusalem’s name has mirrored the city’s conquerors, passing through Jebus to the Roman Aelia Capitolina to al-Quds – and back to the ancient Israelite Yerushalayim.

Les meir

(via PaleoJudaica)


%d bloggarar likar dette: