Profetkvinna Anna

Notat til søndagens tekst: Luk 2,36-38

Det er framleis jul. Preiketeksten i dag handlar om eit møte som skjedde då Jesus var lite barn. Eit møte mellom generasjonar, mellom ein ung familie (Maria og Josef med Jesusbarnet) og ei gamal kvinne.

Det var ei profetkvinne der, Anna, dotter til Fanuel, av Asjer-stammen. Ho var langt oppi åra. I ungdomen var ho gift i sju år, og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.

Evangelisten Lukas fortel at denne Anna levde i tempelet i Jerusalem, i faste og bøn. Eg ser for meg at bønene hennar handla om frelse for folket og om at Messias, frelsarkongen, skulle koma. Det var ei sterk Messiasforventning i det jødiske folket på den tida, og samanhengen gjer det naturleg å knyta Anna til denne forventninga. Maria og Josef var elles også prega av denne forventninga.

Då Jesus blei boren til tempelet av foreldra sine, blei Anna kalla fram frå det skjulte. Ho fekk sjå barnet Jesus og ho såg dette barnet som ei oppfylling av Guds løfte. Ordparet “løfte og oppfylling” er viktig i den kristne forkynninga i adventstida og jula. Den gamle profetkvinna Anna såg meir enn andre. Ho såg mysteriet med eigne auge. Og ho som hadde levd i det stille, blei nå ei som fortalde den glade bodskapen om Jesus til “alle som venta på fridom (lytråsis) for Jerusalem”. Det greske ordet kan også tyda frigjering eller frelse, og det kan nyttast både i politisk og religiøs tyding. Me kan nok trygt omskriva utsegna til at ho fortalde til alle som hadde Messiasforventninga i seg. Denne forventninga hadde både politiske og religiøse overtonar.

Profetkvinna Anna blir relativt grundig presentert av Lukas, sjølv om teksten er kort. Her er opplysningane om henne, med nokre kommentarar:

  • Anna var profetkvinne (profætis). Ho er faktisk den einaste kvinna i NT som blir kalla for det. Men ho står i ein tradisjon frå GT, der me kjenner fleire kvinnelege profetar, for eksempel Mirjam (2. Mos 15,20), Debora (Dom 4,4) og Hulda (2. Kong 22,14). Ordet profætis brukest elles i Op 2,20 også om den berykta Jesabel i GT, men då i negativ forstand om ei som kalla seg sjølv profet.
  • Anna var dotter av Fanuel. Namnet hans betyr “Guds ansikt”. Då ho såg Jesusbarnet, såg ho Guds ansikt i dette barnet.
  • Anna var av Asjer-stammen. Dette er ei overraskande opplysning. Til vanleg er slektskap tilbake til stammesamfunnet knytt til Juda, Benjamin eller Levi. Asjer-stammen var ein stamme som heldt til i nordvest, i området der Haifa ligg i dag og nordover inn i dagens Libanon. Denne stammen er blant dei som blir kalla “Israels ti tapte stammar”. Asjer var ein av sønene til Jakob, og namnet hans blir knytt til lukke (1. Mos 30,12-13).
  • Anna hadde som ung vore gift i sju år, men var blitt enke. Nå var ho 84 år. Teksten kan visstnok også tolkast som om ho hadde vore enke i 84 år. Dette er jo meir usannsynleg; men dersom dette er den rette forståinga, må ho ha vore over 100 år og kunne i så fall samanliknast med enka Judit som blei 105 år i følgje det apokryfe skriftet Judits bok (Jud 16,22-23).
  • Anna levde i tempelet, det må bety ein eller annan stad på tempelplassen. Inne i tempelet ville ho aldri få lov til å vera. Opplysninga om at ho tente Gud i faste og bøn natt og dag, betyr truleg at ho levde eit stille liv, om mogleg skjult for all aktiviteten som elles prega tempelplassen.

Kva kan historia om Anna læra oss? Eg tar med tre punkt, fritt gjengitt etter Jorunn Andestad Langmoen sitt bidrag i DNI sin tekstverkstad: Romjulsfest med en lykkelig gammel dame:

• Gud held løfta sine! Me kan nok bli utålmodige, men me kan stola på hans «timing».
• Å søkja Gud gir hjelp til å vera klar i det viktigaste, uansett livssituasjon.
• Den kristne trua er ein bodskap som betyr frigjering, frelse og glede for alle menneske.

Og eg vil leggja til: Eit generasjonsmøte kan vera eit viktig møte. Dei gamle kan bidra med djup refleksjon i møte med barnet. Og menneske i ulik alder kan møtast i felles forventning.

Èitt svar til Profetkvinna Anna

  1. […] Profetkvinna Anna (2014) […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: