Høgtidsprat om pinsen

Eg ønsker lesarane av bloggen ei god pinsehøgtid!

Anbefaling: Her kan du sjå ein innhaldsrik og informert samtale om pinsen mellom tidlegare biskop Ole Christian Kvarme og tidlegare generalsekretær i Israelsmisjonen Rolf Gunnar Heitmann. Samtalen handlar både om den jødiske bakgrunnen for den kristne pinsefeiringa og om nokre av dei aktuelle bibeltekstane som blir lesne i pinsen.

Samtalen er også tilgjengeleg som podkast her.

Pinse er gudsfolkets gledesfest. Jeg skulle ønske at vi kunne få noe av jødenes frodighet inn i vår pinsefeiring.

Ole Christian Kvarme

Sjå også Israelsmisjonen si side med fleire ressursar og studieopplegg her.

Mariakyrkja i Efesos

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring

Mariakyrkja, Efesos. Foto: Arne Berge 2005

Eg meiner at ein tur bortom Mariakyrkja høyrer med til eit besøk i Efesos, sjølv om den ligg litt utanfor løypa dei fleste guidar vil prioritera.

Det er flott å koma inn i desse kyrkjeruinane. Når eg har vore der, har det vore få turistar, noko som gir ei heilt anna ro enn i mange av dei andre delane av det arkeologiske utgravingsområdet. Kyrkja har vore ein stad for stille, ettertanke og andakt. Men den roen eg har kjent her, har dessverre ikkje alltid prega det som har skjedd i kyrkja.

Dette er visstnok den eldste Mariakyrkja i verda. Den blei truleg bygd ca 350-400 med utgangspunkt i ein sivil romersk basilika som hadde blitt øydelagt under gotarane sitt angrep på byen på 260-talet. Alt dette skjedde altså lenge etter den nytestamentlege tida, og heller ikkje den sivile basilikaen stod der i den første kristne tida. Kyrkja er likevel viktig i kyrkjehistorisk samanheng, fordi den sommaren 431 var samlingspunkt for det tredje økumeniske kyrkjemøtet i oldkyrkja.

Denne skissa gir inntrykk av det lange, smale bygget. Tilbygget på nordveggen, er baptisteriet (dåpskapellet). Kyrkjeruinen skal vera ca 145 meter lang.

Mariakyrkja i Efesos. Credit: Wikimedia Commons. https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Ephesos_Church_of_Mary_building_phases.png

Konsilet i 431 samla ca 250 biskopar. Hovudtemaet var forholdet mellom det guddommelege og det menneskelege ved Jesus, med utgangspunktet i spørsmålet om det var rett å bruka uttrykket theotokos (Gud-føderske) om Maria, Jesu mor. Biskop Kyrillos av Alexandria kjempa hardt for dette uttrykket og blei ståande som den sigrande kyrkjeleiaren. Engasjementet til Kyrillos var retta mot Nestorius og dei som støtta han. Nestorius var biskop av Konstantinopel, men han kom frå Antiokia og hadde nok i hovudsak støtte i dei austlege kyrkjene.

Grunnen til at dette kunne bli ein hard strid, var at det handla om noko så sentralt som koss ein skulle forstå Jesus som Guds son. Eg trur det er rett å seia at synet som vann fram, tok vare på ein sunn balanse mellom yttarleggåande synspunkt i ulike retningar. Kyrillos si forståing har også i hovudsak blitt ståande i kristen teologi, både i ortodokse, katolske og protestantiske kyrkjer. Men det er også livskraftige kyrkjer i Midt-Austen som har halde på arven frå Nestorius.

I vår meir økumenisk innstilte tid er det nok mange som tenker at dei kan ha snakka forbi kvarandre med sine harde og store ord i Mariakyrkja sommaren 431. Det kan ha vore personlege motsetnadar, og det kan ha vore språklege og kulturelle forskjellar som gjorde kommunikasjonen mellom Alexandria og Antiokia svært vanskeleg. Det som den gong blei oppfatta som fundamentale meiningsforskjellar om Jesus Kristus som Gud og menneske, kan faktisk ha vore relativt små nyansar.

Sjølv om Kyrillos sin teologi har vist seg å vera berekraftig, har kyrkjene i ettertid ikkje lagt skjul på at han oppførte seg ufint for å vinna fram på konsilet i Mariakyrkja. Kyrie eleison, Herre miskunna deg over oss! Dette er ei passande bøn med tanke på slike delar av kyrkjehistoria.

Eg tar med nokre fleire bilde frå Mariakyrkja. Det første viser apsis mot aust. Plata som står på veggen, fortel at pave Paul 6. besøkte staden i 1967. Det neste bildet viser dåpskapellet som ein overgrodd ruin. Men dåpsbassenget med trapp på to sider, er heldigvis godt synleg. Det siste bildet viser ei informasjonstavle som gir ein del historisk informasjon om bygningen.

Frå Mariakyrkja. Foto: Arne Berge 2019
Frå dåpskapellet, Mariakyrkja. Foto: Arne Berge 2005
Informasjonstavle ved Mariakyrkja. Foto: Arne Berge 2005

Relaterte notat:

2000 år gamle rom funne under bakken ved Vestmuren

Denne filmen viser interessante arkeologiske funn som er presenterte idag frå utgravingane under plassen framfor Vestmuren i Jerusalem: Her er det funne rom som er hogd ut i fjellgrunnen for ca 2000 år sidan. Foreløpig er det usikkert kva romma blei brukt til. Romma låg under ein monumental bygning frå bysantinsk tid, også den under bakken i dag.

Det skal bli interessant når desse funna blir opna for publikum. Då satsar eg på å kunna vera blant dei som besøker staden!

Israel Antiquities Authority skriv:

Researchers suppose that the complex was used by Jerusalem residents during the Early Roman period, prior to the destruction of Jerusalem and the Second Temple. The system was sealed beneath the floor of a large and impressive structure from the Byzantine period, waiting for some 2,000 years to be discovered.

(…)

Dr. Barak Monnickendam-Givon and Tehila Sadiel, directors of the excavation on behalf of the Israel Antiquities Authority, said: “This is a unique finding. This is the first time a subterranean system has been uncovered adjacent to the Western Wall. You must understand that 2,000 years ago in Jerusalem, like today, it was customary to build out of stone. The question is, why were such efforts and resources invested in hewing rooms underground in the hard bedrock?” According to Dr. Monnickendam-Givon and Sadiel “The rich array of findings discovered in this excavation shed light on the daily life of the residents of the ancient city. Among other things, we found clay cooking vessels, cores of oil lamps used for light, a stone mug unique to Second Temple Period Jewish sites, and a fragment of a qalal – a large stone basin used to hold water, thought to be linked to Jewish practices of ritual purity”

Les meir

(Via PaleoJudaica)

Kristi himmelfartsdag

Kristi himmelfartsdag eller helgetorsdag er ein kristen heilagdag til minne om at Jesus blei tatt opp til himmelen førti dagar etter at han stod opp frå dei døde. Dagen blir derfor alltid markert den torsdagen som kjem førti dagar etter påskedag.

Det er mange som knapt nok kjenner bakgrunnen for at denne torsdagen er ein fridag. For svært mange er dette først og fremst ein god mulighet til å ha ei ekstra lang helg på ei fin tid av året. Det er sjølvsagt heilt i orden at folk utnyttar fridagane sine. Det har eg ingenting imot. Men eg ønsker likevel å peika på himmelfartsdagen sitt innhald. Det er det viktig å halda fast på når me lever i ein kristen samanheng.

Lukas skriv i evangeliet sitt:

Så førte han dei ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei. Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. 

Luk 24,50-52

Kva betyr det at han blei tatt opp til himmelen? Først litt om kva det ikkje betyr: Eg trur ikkje dette har med at han forsvann ut i himmelrommet, bak skyene. Det er ikkje snakk om noko som kunne likna på ei romferd. For eg trur ikkje at himmelen i kristen språkbruk er det same som universet, slik at me skulle kunna lokalisera Gud ein eller annan stad i universet.

Ordet himmel betyr to ting. På engelsk har me forskjellen mellom sky og heaven. På norsk brukar me det same ordet i begge tydingane. Eg trur himmelen (heaven) er ei usynleg verd som er like verkeleg som den synlege verda. I den hendinga som me kallar Jesu himmelferd tok han det endelege steget tilbake frå den synlege verda til den usynlege verda, som me også kallar Guds rike.

Det var frå denne usynlege verda han kom då han blei født som eit lite barn i Betlehem. Og det var tilbake til denne verda han gjekk då han forlét disiplane på himmelfartsdagen. Vegen mellom himmel og jord er opna av Jesus. Han har gått den vegen i begge retningar. I jula seier me at himmel og jord møtest i barnet Jesus i Betlehem. På same måte fekk disiplane eit glimt av dette møtet, då Jesus blei tatt bort for auga deira.

I tida mellom Jesu oppstode på påskedagen og hans himmelferd gjekk han på ein måte ut og inn av den usynlege verda. Han viste seg fleire gonger for disiplane og for andre som trudde på han, men han var ikkje lenger saman med dei slik han hadde vore før korsfestinga (Matt 28, Mark 16, Luk 24, Joh 20-21 og 1. kor 15,3-7).

I Apostelgjerningane fortel Lukas meir om det disiplane opplevde:

Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til.

(…)

Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?»  Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt.  Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.»

Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira. Som dei stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei og sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna. 

Apg 1,3-12

Skya er fleire stadar i Bibelen eit symbol på Guds spesielle nærvere. Og poenget med Jesu himmelferd er ikkje at han forsvinn bak skyene, men at han i og med skyen blir tatt opp i den himmelske, usynlege verda.

Forteljinga om Jesu himmelferd har elles ein viktig bibelsk bakgrunn i historia om då Elia blei tatt opp til himmelen i 2. Kongebok 2,1-18.

Kva kan så Kristi himmelfartsdag sitt innhald seia oss som trur på Jesus i dag? Eg tar med nokre korte punkt:

  • Jesus gir på himmelfartsdagen disiplane eit oppdrag om å vitna om han, først i Jerusalem og landet omkring, og så vidare til alle folkeslag. Dette oppdraget får me vera ein del av, også i vår tid.
  • Jesus gir på himmelfartsdagen eit løfte om at den som trur på han, skal bli utrusta med kraft frå Guds Ånd.
  • Jesus inntar på himmelfartsdagen den plassen me treng han mest; den mektige plassen ved Guds side («ved Guds høgre hand»). Der ber han for oss. Frå denne staden skal han ein dag koma synleg tilbake.
  • Det at Jesus nå er Herre i det usynlege Guds rike (= himmelen), gjer også at han kan oppfylla løftet om å vera med oss «alle dagar så lenge verda står» (Matt 28,20). Han er nå ikkje bunden av tid og rom, og kan derfor vera nær menneske alle stadar i verda samtidig.

Denne hendinga er ein så sentral del av det nytestamentlege vitnesbyrdet om Jesus at den er tatt med i den apostoliske truvedkjenninga:

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den heilage ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Dette notatet er oppdatert og publisert på nytt på bloggen 18.05.2020.

Celsusbiblioteket i Efesos

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring

Celsusbiblioteket. Foto: Arne Berge 2019

Celsusbiblioteket blei bygd på 100-talet e. Kr. og stod dermed ikkje i Efesos i nytestamentleg tid. Eg tar likevel med eit notat om dette vakre bygget i serien med bilde frå dei sju byane i Johannes openberring. Alle som besøker Efesos, vil sjølvsagt også vera opptatt av denne bygningen.

Biblioteket var ferdig i år 125, det vil seia ca 30 år etter Johannes openberring blei skriven og ca 70 år etter apostelen Paulus si verksemd i byen.

Bygget er oppkalla etter Tiberius Julius Celsus som var guvernør i provinsen Asia. Han døydde i 114 og sonen hans begynte å bygga biblioteket over grava til faren. Men også sonen døydde tidleg, og bygget blei fullført av barnebarnet til guvernøren.

Celsusbiblioteket skal på det meste ha hatt 12.000 bokrullar. Desse blei oppbevart i nisjer i veggen og var beskytta mot fukt og temperatursvingningar ved at dei var plassert inne i doble murar. Eg skulle gjerne visst meir om innhaldet i desse rullane. Tenk om desse hadde vore bevarte, eventuelt bare fragment av dei! Det hadde vore ein fantastisk litterær skatt! Men dessverre: Biblioteket blei øydelagt og brent då gotarane invaderte byen i 263.

Til høgre for fronten av biblioteket ser me litt av ein stor portal som går inn til torget i byen. Portalen er eldre enn biblioteket og den stod der i nytestamentleg tid. Så her har nok Paulus og Johannes passert mange gonger. Les om torget her.

I trappa framfor fronten av biblioteket er det ein interessant detalj. Her er det rissa ein menorah inn i steintrappa, altså ein jødisk sjuarma lysestake. Det var ei stor jødisk befolkning i Efesos, og me veit at det var synagoge i byen. Det var der Paulus begynte verksemda si på 50-talet (Apg 19,8). Men det er ikkje kjent kvar synagogen låg. Menorahen ved Celsusbiblioteket er det einaste konkrete jødiske symbolet som hittil er funne i dei arkeologiske utgravingane.

Menorah rissa i stein ved Celsusbiblioteket. Foto: Arne Berge 2019
Informasjon ved menorahen. Foto: Arne Berge 2019

Relaterte notat:

Keisarkulten i Efesos og Johannes openberring

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring

Skulptur frå Domitiantempelet, nå i Ephesus Museum. Foto: Arne Berge 2019

Armen og hovudet er alt som er igjen etter den enorme keisarskulpturen i Domitiantempelet i Efesos. Ut frå størrelsen på hovudet, reknar ein med at skulpturen var ca 5 meter høg.

Domitian var keisar i perioden 81-96. Han blei kalla Herre og Gud. Tempelet blei bygd i 89-90 og stod som eit tydeleg teikn på keisarkulten eller emperiekulten i tida då Johannes openberring blei skrive. Domitian blei elles mektig upopulær utover på 90-talet, og han blei drepen i 96. Då han var død, blei det bestemt at minnet etter han skulle vera fordømt (damnatio memoriae). Tempelet blei då omgjort til eit tempel til ære for faren Vespasian og broren Titus, som hadde vore keisarar før Domitian.

Det neste bildet viser nokre av restane som er igjen av Domitiantempelet i Efesos. Tempelet var bygd på ei stor plattform. Steinmurane me ser, var ein del av fundamenteringa for denne plattforma. Tempelet stod på nivået over steinbogane. Rett til høgre for dei to søylene ser me ei trapp som gjekk frå nedre nivå opp til øvre nivå der tempelet stod.

Sjå fleire bilde med god informasjon hos Carl Rasmussen på Holy Land Photo.

Murane under Domitiantempelet, Efesos. Foto: Arne Berge 2005

Så vidt eg forstår, meiner mange historikarar i dag at den store keisarskulpturen ikkje er ein skulptur av Domitian, men av Titus (sjølv om det ikkje blei presentert slik i Ephesus Museum i 2019). Begge desse har elles hatt eit negativt omdøme i kyrkja si historie. Titus var han som, før han blei keisar, leia øydelegginga av Jerusalem i år 70. Og Domitian har blitt knytt til forfølging av kristne i Efesosområdet på 90-talet.

I det 20. hundreåret har synet på Domitian endra seg. Han blir nå vurdert meir positivt enn tidlegare, i alle høve i den første perioden av dei 15 åra han var keisar. Upopulariteten som førte til drapet i 96, er framleis ein del av historia som blir fortalt. Sjå f eks i Store norske leksikon.

Det er interessant at det nå også blir rekna som usikkert om det verkeleg var systematisk kristenforfølging i Efesos så tidleg som under Domitian, og dermed også om imperiekulten på 90-talet var den konkrete bakgrunnen for Johannes openberring.

Det tradisjonelle synet har vore at apostelen Johannes som gamal var leiar for kyrkja i Efesos, at han under Domitian blei forvist til Patmos der han fekk synene sine og skreiv Johannes openberring, og at han etter Domitians død fekk koma tilbake til Efesos. Dette bygger på det kyrkjefedrane skreiv. Eusebios omtalte forfølging under Dometian i si kyrkjehistorie frå 320-talet (Kyrkjehistorie, bok III, 17-23), men så tidlege kyrkjefedre som Klemens av Alexandria (ca 150-215) og Tertullian (ca 160-220) skal også ha skrive om dette.

Eg vil her visa eit par ulike vurderingar av dette. Martin Synnes, som var ein av lærarane mine då eg studerte teologi, skreiv i 1996 at bakgrunnen for Johannes openberring var forfølging i Efesos under Domitian. Men han rekna ikkje med at Domitian sjølv, som levde langt borte i Roma, var involvert i dette:

Det er imidlertid lite sannsynlig at keiseren har befattet seg med en slik episode i en provins. Når vi betenker den rolle som Roms keiser (Domitian) inntar i Joh åp, er det ikke merkelig med en viss tilvekst i den kirkelige tradisjonen. Vi må slutte at Johannes tvangsmessig er blitt adskilt fra sine trosfeller. En angiver fra fiendtlig hold kan ha utløst guvernørens reaksjon.

Martin Synnes: Sju profetiske budskap til menighetene. Verbum forlag, Oslo 1996. Side 45

Professor Jorunn Økland skriv heilt annleis om dette i introduksjonen til Johannes openberring i Studiebibelen (2019):

I lang tid anså den historiske forskningen det for en sentral teori at forfølgelser var bakgrunnen for skriftet. Men historikere i dag finner ikke spor av eller kilder til at det skal ha vært systematiske kristenforfølgelser i Lilleasia i denne tidlige perioden. Johannes sier bare at han er på Patmos «på grunn av Guds ord og vitnesbyrdet om Jesus» (1,9) – det kan altså like gjerne ha vært for å misjonere. At skriftet er kritisk til romersk kolonimakt og storsamfunnet generelt, og at det oppfordrer til motstand mot imperiet, er det større enighet om. Forfatteren ser den sosiale, politiske og religiøse motstanden i et kosmisk perspektiv. Fordi alle jordiske imperier før eller siden faller, vil Roma falle som Babylon en gang gjorde det, og da vil Jerusalem frigjøres fra romersk overmakt – Jerusalem er etter Johannes´ mening Guds utvalgte by fra evighet til evighet (Åp 21).

Studiebibelen. Det Norske Bibelselskap 2019. Side 1209

Uavhengig av om det var forfølging av dei kristne i Efesos under Domitian eller ikkje; Domitiantempelet stod der på slutten av det første hundreåret. Det må ha vore eit mektig teikn på det kyrkja oppfatta som avgudsdyrking. For dei kristne kunne ingen andre enn Jesus Kristus vera «Herre og Gud».

Oppdatert 03.05.2020

Relaterte notat:

Jfr også det tidlegare notatet Johannes i Efesos.