Bergetreff 2008

Bergjebakken, malt av Olav Gaudesen VignesHer står eg, saman med Harald Gunnar Varland, og held eit maleri av slektsgarden på Berge på Finnøy. Oldeforeldra våre budde i huset til venstre. Driftsbygninga er bygd seinare. Begge desse husa er nå erstatta med moderne bygg. Me er på besøk på garden i samband med slektsstemnet me hadde i helga (her og her). Maleriet er malt av fiskar og tusenkunstnar Olav Gaudesen Vignes, som var gift med ei av søstrene til farfaren min. Gaudesen, som han ofte blir kalla, laga sjølvsagt også ramma sjølv! Harald Gunnar er tremenningen min. Han har vore primus motor for Bergetreffet og har gjort ein utruleg innsats fram til denne helga.

Bergetreffet gjekk veldig godt, det blei akkurat sånn me i komiteen hadde håpt på. Me var i Fleirbrukshallen på Judaberg det meste av dagen, praten gjekk livleg og mange brukte også tid på å sjå på ei stor utstilling av gamle bilete, gjenstandar og bøker som var knytt til slekta. Samtidig kunne ungar og ungdomar vera i aktivitet i idrettshallen når dei ville. Det var flott å treffa så mange frå slekta (ca 80 personar frå 4 generasjonar), både dei som eg kjente frå før og dei eg helste på for første gong. Og det var veldig kjekt å koma til Berge og helsa på dei som bur der nå. (Dersom du klikkar på biletet, får du ein større versjon).

Viss me skal seia at det er noko typisk ved denne familien, kan eg kanskje peika på slike ting som fantasi og evne til å laga ting sjølve (noko som eg ikkje har fått ein snev av), song og musikk (me hadde vårt eige husorkester med el-piano, gitar, fiolin og sag), lysten til å skriva (der er eg med!), gleda ved å samla på ting og tang (der er eg også med!) og kunstnarlege evnar innan bildande kunst. I kvar generasjon er det fleire som spelar fiolin og fleire som driv med teikning og maling.

Utstillinga blei dermed eit kapittel for seg. Her er ei (ufullstendig) oversikt over innhaldet:

  • Ei stor samling brev og bilete frå ca 1910-1970 som var sendt frå familien her i Norge til slekta i USA. Her er det mykje informasjon om slektshistoria! Totalt er det snakk om mange hundre brev som me har fått frå Sandra (tremenningen min) som kom heilt frå Seattle til dette treffet. Her er faktisk mykje som me ennå ikkje har hatt tid til å lesa gjennom.
  • Mange maleri av Elmer Berge (“onkel Elmer”), som var kunstmalar i USA. Bileta er i privat eige i slekta, og det var første gong dei var samla til ei utstilling. I tillegg hadde Sandra med seg mange små maleri etter han. Desse blei i løpet av dagen fordelt til dei ulike greinene av familien. Eg fekk med meg to små maleri. Om det ikkje var av dei flottaste tinga han har laga, er det likevel veldig kjekt å ha noko som kjem frå han. Sandra hadde fått desse maleria etter mormora si, som var syster til onkel Elmer og som hadde tatt vare på det som var igjen etter han då han døde i 1956.
  • Bøker og bilete knytt til Pauline Marta og Ole Tobias Berge, oldeforeldra mine. Pauline Marta var jordmor. Ole Tobias var bonde på Finnøy, omreisande handelsmann og torghandlar på torget i Stavanger. I ungdommen var han omgangsskulelærar. Han likte å skriva, og me har både dikt og ei lang sjølvbiografisk artikkel som stod i Aftenbladet i 1922.
  • Diverse papir og bilete etter farfar, Olaus, som var skraphandlar på kaien i Stavanger. Han var svært knytt til Ryfylke og hadde motorbåt og hytte på Østhusvik, der farmor Petra hadde familien sin. Vidare fleire bilete og gjenstandar etter Olav Gaudesen Vignes, som var gift med Olaus si søster Pauline. Han var som nemnt fiskar og tusenkunstnar. Kanskje eg heller skulle seia oppfinnar? Og så må eg sjølvsagt nemna bilete, gjenstandar og ulike papir etter far, Trygve, som dreiv med småindustri i Stavanger og som bl a produserte tinnknappar, leiketøy og fiskesnellar. Far var som sin far knytt til Ryfylke gjennom båtliv, fiske og hytta.
  • Maleri malt av andre i slekta og mykje anna; som nemnt er det i kvar generasjon folk som har utprega kreative evner og som heldigvis brukar dei.

Dersom du som lesar framleis heng med, trur eg du forstår at dette blei ein spesiell dag for oss. Kanskje eg til og med skulle bruka det herlege uttrykket “ein minnerik dag”?

Foto: Det første biletet har Inger tatt. Det andre har svoger Ivar Lein-Mathisen tatt, samtidig som han på ein uforklarleg måte også er med på biletet.

5 svar til Bergetreff 2008

  1. Ivar Lein-Mathisen seier:

    Arne, veldig interessant og morsomt å lese.
    Du, er det mulig å legge inne scan av noen av de gamle originaldokumentene – eller deler av dem? Jeg synes det er kjempeinteressant å lese kildene direkte. Du kan jo plukke litt her og der i dem. Hvis du trenger hjelp til å sy dem sammen til 1, 2 , 3 dokumenter så kan jeg kanskje hjelpe deg med litt photoshop arbeid.
    Ivar

  2. arneberge seier:

    Dette må me sjå nærare på, Ivar! Kanskje me kan få til ei slik løysning?

  3. Kari Schøld Sæterdal seier:

    Ja, det var “ein minnerik dag”. Fint å koma i “slektsmodus”, vita at ein er del av noko større enn bare vår vesle familie. Kjekt å sjå så mange ukjende andlete, og faktisk vere i slekt med dei!
    De har vore gode som har fått slektstreffet til, det var framifrå gjennomført og utuleg koseleg! Utstillinga var også flott!
    Takk for ein super dag!
    Kari

  4. Harald Gunnar Varland seier:

    Skulle jo respondert på bloggane dine tidlegare. Det har faktisk vore svært hugnadsamt å lesa alle artiklane dine, og kommentarane. Eg har teke meg friheta og kopiert det meste.
    Historia om foreldra til Esther inspirerar til å halde fram med arbeidet å samle og skrive ned ting som er overlevert frå besteforeldre, foreldre, tanter og onklar. Me må berre lære oss endå meir “å sjå det store i det små”, dei små hendingane, parantesane som me minnest, då gjerne i møte med andre slektningar.
    Og stevnet, ja du meistra det framifrå! Har nok sett at einskilde ting skulle vore gjort på anna vis, men det får koma til uttrykk i andre høve. Eg vart overvelda av alt dei forskjellige hadde med seg, fekk ikkje tid til å sjå ordentleg på noko. Trur me må skipa til ei mimresamling etter ei tid.

    Harald Gunnar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: