Arbelfjellet

Notat frå Jesus trail V

Det er ei fantastisk utsikt over Gennesaretsjøen frå Arbelfjellet i Galilea. På biletet ser eg ned på Ginosarsletta. I bakgrunnen ser me området som er spesielt knytt til Jesu liv, langs den nordvestre delen av sjøen. Her ligg Kapernaum, “Jesu eigen by”, målet for fotturen langs Jesus trail som Inger og eg gjekk i sommar.

Det er flatt landskap oppe på fjellet. Utsikta er flott i alle retningar. Toppen av Arbelfjellet ligg 181 moh. Gennesaretsjøen ligg ca 200 muh, altså nesten 400 meter lågare. Fjellet er i dag eit naturreservat (her).

Inger og eg gjekk opp på fjellet om ettermiddagen frå Moshav Arbel, der me overnatta på Arbel Guest House. Neste morgon følgte me grønmerka sti frå gjestehuset ned Duedalen og gjekk vidare ned mot Gennesaretsjøen.

På Jesu tid var det ein by på fjellet. Her budde det folk frå 2. hundreår f Kr til 8. hundreår e Kr då byen truleg blei øydelagt i jordskjelv. Det finst ein interessant utgraving av ein synagoge frå 300-talet her. Biletet av synagogen er tatt i morgonlys ca kl 6 då me var på veg ned mot Duedalen (som viser godt på biletet).

Med tanke på at dette fjellet ligg i området Jesus vandra rundt, er det naturleg å sitera bibelvers som dette:

Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage. (Matt 9,35)

I klippene i Arbelfjellet ligg det mange grotter. Her gjekk det an å skjula seg i vanskelege tider. Me kan lesa detaljerte (og grusomme) skildringar av dette hos Josefus. Men staden har ei enda lenger historie. Arbel er nemnt i samband med makkabearane ca 160 f. Kr i 1. Makkabearbok 9,2  (Arbela) og i GT hos profeten Hosea i Hos 10,14 (Bet-Arbel).

Sjå andre notat frå turen:

4 svar til Arbelfjellet

  1. […] er godt synleg frå Gennesaretsjøen og frå Ginosarsletta. Den ligg rett under det markerte Arbelfjellet. Biletet under viser dette fjellet frå sjøen. Det mindre fjellet i midten av biletet er […]

  2. […] V. Arbelfjellet […]

  3. […] forbi på veg 90 over Ginosarsletta, – og gått i naturen i nærleiken, på stigen ned frå Arbelfjellet og Duedalen mot […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: