Gjetaren frå Betlehemsmarkene

25/12/2019

Preike på familiegudstenestene i Hinna kirke 24.12.2019

Hei! Nå e eg hjemma igjen. Godt å komma hjem! Nå har eg vore ude på nattevakt og passa på sauene for bøndene i Betlehem. Kan tru eg har opplevd møje! Nå ska dokker få høyra.

Eg va samen med dei andre gjetarane ute ved grottene på Betlehemsmarkene. Det e ein fin plass å vera om nåttå. Me kan ha sauene inne i grottene. Då e dei trygge for rovdyr. Og så kan me sitta rundt bålet rett utfor opningå. Då har me full kontroll.

Det vil sei, i nått følte eg ikkje me hadde full kontroll! For då opplevde me ting så ingen av oss hadde opplevd før. Midt på nåttå kom det eit stort lys på himmelen. Me blei veldig redde. Men så kom det ein stemme ut av lyset så sa at me ikkje skulle vera redde. Itte kvert såg me ein engel i det enorme lyset. Ja, eg har alltid trudd på englar, men eg har ikkje visst koss dei såg ut. Og eg veit faktisk ikkje om eg greier å forklara det nå heller! Det var så enormt sterkt lys så kom frå han. Me blei blenda. Men han snakka te oss. Sånn at me kunne forstå det!

Eg kan det heilt utenat, det han sa. Me var jo fleire så høyrde det, og ittepå har me gjentatt og gjentatt engelen sine ord for folk inne i Betlehem. Nå kan eg seia det te dokker. Engelen sa:

Ver ikkje redde! Eg forkynne dokker ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag e det født dokker ein frelsar i Davids by; han e Messias, Herren. Og dette skal dokker ha til tegn: Dokker skal finna eit barn som e svøpt og ligg i ei krybbe.

Tenk det! Messias, Herren! Me har jo alltid visst at Messias skulle komma frå Betlehem, for det har profeten Mika sagt. Og det sjølv om Betlehem bare e ein liten landsby. Eg tror det e han, Messias, som e født nå!

Om eg har sett han? Ja, du kan vera trygg!

Men først kom det eit heilt englekor og sang. Dei sang om ære te Gud! Og om at Gud e glad i oss menneske! Det var så fint!

Då englekoret forsvant opp te himmelen, sa me te kvarandre: «La oss gå inn te Betlehem for å sjå dette så har hendt, det så Gud har fortalt oss.» Så då tok me altså sauene med oss og ville finna ungen.

Me var egentlig ganske usikre då me gjorde det. Ville me bli tatt godt imot? Me luktar jo akkurat så de dyrå me passar på. Og me e ganske fattige. Kanskje foreldrå te den ungen så engelen snakka om, var rike? Kanskje budde dei i det finaste huset i Betlehem?

Det e jo merkeleg, dette. For sjøl om folk ser litt ned på oss gjetarar, så e eg egentlig stolt av å vera gjetar! Eg tenker på at kong David var gjetar her i Betlehem då han var ung. Før han blei valgt ut te å vera konge. Og eg syng ofte dei flotte salmane han har laga. Eg liker spesielt ein der han kallar Gud for gjetaren sin. «Herren er min hyrde». Når eg tenker på dette, blir eg ganske stolt inni meg, sjølv om det ikkje ser ut som om folkå i Betlehem forstår dette.

Men sjølv om me ikkje visste koss me ville bli mottatt, våga me oss te Betlehem på grunn av tegnet som engelen hadde gitt oss. Det var liksom te oss! Me e jo vant med å pakka nyfødte inn i teppe. Og krybber kan me alt om! Me leita oss fram, og jammen fant me ungen. Alt var akkurat sånn så engelen hadde sagt. Og Maria og Josef, ja for det var det dei heitte, var heilt greie. Dei tok godt i mot oss. Og det var mange andre folk der òg. Me fekk høyra at barnet låg i krybbå fordi det ikkje hadde vore plass någen annan plass. Det er så møje folk i Betlehem for tidå, på grunn av det der manntalet. Maria og Josef hadde faktisk kome heilt frå Nasaret i Galilea.

Det viste seg at eg kjenner dei så eig krybbå. Det e folk eg har truffe mange ganger. Og dei likte godt å ta imot gjestar og gjorde alt dei kunne for Jesus og foreldrå hans. Eg trur kanskje at Maria og Josef e i slekt med dei. Josef hadde i alle fall familien sin her i Betlehem, sa han.

Me fortalde det engelen hadde sagt om ungen. Alle som høyrde på, var veldig interesserte. Dei undra seg over det me sa. Spesielt Maria ville høyra absolutt alt. Me måtte seia det om igjen og om igjen. For me hadde jo på ein måte fått fasiten, me hadde fått vita kem ungen i krybbå eigentleg e.

I dag e det født dokker ein frelsar i Davids by; han e Messias, Herren.

Veit dokker kva eg trur? Eg trur at Gud har kome inn i vår verden. Eg trur at det e sant, det engelen sa om Jesus. At han e Messias, ein frelsarkonge, han så Gud har lovt oss for lenge siå. Det stemmar jo at han skulle bli født her i Betlehem. Og det stemmar med det profetane har sagt, det me høyrer om i synagogen. Og nå kom altså ein Herrens engel og sa dette te oss. Tenk, Gud har kome inn i vår verden!

Englekoret sang om at Gud elskar oss menneske. Dei gav Gud ære! Det vil eg òg gjera! Når engelen kalla Jesus for ein frelsar, så betyr vel det at Gud har gjort alt så e nødvendig for oss gjennom dette barnet?

Dette e någe eg treng i mitt liv! Eg e jo ein heilt vanlig mann. Eg strever med mitt, og har både gode og vanskelege dagar. Men nå har eg fått ei ny tru på Gud på grunn av det som har skjedd. Og eg trur at Jesus er frelsaren. Tenk, han kom te oss vanlege menneske!

Eg får lyst til å seia: Ære! Ære være Faderen og Sønnen og Den hellige ånd, som var og er og blir én sann Gud, fra evighet til evighet.


Jul på bloggen

23/12/2018

Rembrandt. Adoration of the ShepherdsBildet er The Adoration of the Shepherds av Rembrandt (eller ein av elevane hans). Legg merke til lyset som kjem frå barnet i krybba, – «det sanne lyset» (Joh 1,9).

Her er eit utval tidlegare bloggnotat relatert til jula:

 


Krubba i juleevangeliet

24/12/2006

Eg er heime etter å ha forretta ved tre gudstenester nå på julaftan (2006). Først to familiegudstenester med masse barn til stades, og så ei meir stille og «vaksen» gudsteneste til slutt. Det er flott å vera i kyrkja ein slik dag. Her kjem folk i alle aldrar og feirar Jesu fødsel. «Nå vandrer fra hver en verdenskrok, i ånden frem, i ånden frem, et uoverskuelig pilgrimstog mot Betlehem, mot Betlehem.»  Ca 1200 menneske har vore til gudsteneste i Bryne kyrkje i dag. Og i morgon er det høgtidsgudsteneste, der me også reknar med meir folk enn vanleg.

Kyrkja er pynta til fest, – nye folk har tatt ansvar og gjort det på sin flotte måte. Og nytt av året var også ein stor stall med krubbe og høy, som barna kunne koma fram og setja seg inn i.

Men først og fremst er julaftan feiringa av at Gud blei menneske, i eit lite barn i ei krubbe. Derfor tar eg med litt stoff om juleevangeliet her på bloggen i kveld. Det er mange interessante detaljar i denne bibelteksten, og utruleg mange trådar som kan trekkjast til andre bibeltekstar. I dag vil eg skriva litt om krubba som Jesus blei lagt i.

(Julemiddagen er snart klar, gjestene har kome og storfamilien på 12 skal snart gå igang med den meir private delen av feiringa. Heldigvis hadde eg skrive dei følgjande tankane tidlegare i dag.)

Juleevangeliet (Luk 2,1-20) kan delast i tre hovuddelar:

  1. Jesu fødsel (v 1-7)
  2. Bodskapen (v 8-14)
  3. Reaksjonen (v 15-20)

Sentrum i teksten er det som står i vers 11:

«I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.»

Lukas fortel at den nyfødde frelsaren blei lagt i ei krubbe. Det kan faktisk verka som om det var svært viktig for han å få fram kvar Jesus blei lagt. Krubba er med i alle dei tre hovuddelane av teksten (v. 6, 12 og 16). Og Lukas er nøye med skildringa; barnet blei sveipt og lagt i ei krubbe, fordi dei ikkje fann husrom nokon stad.

Me kan leggja merke til at Lukas verken nemner herberget eller stallen! Det mykje omtalte herberget, der det ikkje var ledig rom, har nå også forsvunne ut av den nyaste norske omsetjinga av Bibelen. Ordet som tradisjonelt har vore omsett med «herberge», er katalyma. Det brukest til vanleg om gjesterommet i eit privathus, eit rom som ofte låg i andre etasje over staden der dyra var. Og dyra var ikkje i ein norsk stall, men i eit rom i huset eller i ei grotte i tilknyting til huset.

Eg har høyrt mange forklaringar og utleggingar om korfor Maria og Josef ikkje fann husrom nokon stad. Men dette skriv faktisk ikkje Lukas noko om. Slike innleggingar i teksten skapar sjølvsagt liv i dei mange dramatiseringane av juleevangeliet (og dette er noko eg likar å vera med på!), men akkurat nå vil eg heller sjå på kva teksten faktisk seier og den bibelske bakgrunnen for dette.

I adventstida i år har eg arbeidd med The Birth of the Messiah av Raymond E. Brown. Dette er ein svær kommentar og eg har ikkje hatt tid til å lesa heile boka (eg kjøpte den på antikvariat i Tel Aviv i haustferien). Eg tar i det følgjande med nokre tankar som eg har funne hos Brown (s 418 ff).

Jesus født i fattigdom?

Han poengterer at krubba i juleevangeliet slett ikkje treng vera eit teikn på at Jesus var født i fattigdom i forhold til den tids levestandard, men at ho først og fremst er ei underleg og oppsiktsvekkjande plassering av eit nyfødt barn og derfor eit teikn for gjetarane.

Ei anna sak er at Jesus blei født «i fattigdom» då han, som Guds evige Son, lét seg føda inn i vår verd som eit vanleg menneske. Her er eit par bibelsitat som seier noko om dette:

Han var i Guds skapnad (…)
men han gav avkall på sitt eige,
tok ein tenars skapnad
og vart menneske lik.
(Fil 2,6-7)

De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike. (2. kor 8,9)

Bibelsk bakgrunn for krubba?

Jes 1,3 er ein viktig bakgrunn for krubba i juleevangeliet:

Ein okse kjenner sin eigarmann,
og eit esel krubba åt herren sin.
Men Israel kjenner ingen ting,
mitt folk er utan skjøn.

Lukas si forteljing opphevar denne domen over Israel, seier Brown. Gjetarane blir sendt til krubba for å finna Herren som er ei kjelde til glede for heile Israelsfolket. Dei finn barnet i krubba og dei byrjar å prisa Gud. Med andre ord; Guds folk har begynt å kjenna «krubba åt herren sin».

Eit barn som er sveipt

Kanskje det manglande husrommet (Luk 2,7) kan ha ein samanheng med orda i Jer 14,8, adressert til Israels herre og frelsar?

… kvifor er du som ein gjest i landet,
lik ein ferdamann som berre stoggar for ei natt?

Brown peiker på at Israels herre og frelsar nå ikkje kjem som ein framand som treng husrom/herberge for ei natt. Sveipinga kan vera eit teikn på at Israels Messias ikkje er eit utskot i folket, men tvert imot at barnet blir tatt i mot på ein omsorgsfull og passande måte.

I Visdommens bok 7,3 ff står desse orda, tillagt kong Salomo:  «Da jeg kom til verden, begynte jeg å puste den samme luft som alle andre. Jeg ble lagt på den samme jord, og som hos alle andre nyfødte var min første lyd et skrik. Jeg ble reivet og stelt med, for slik begynner også kongen livet. Inngangen til livet er ens for alle; utgangen likeså.» (Visdommens bok er ei av dei apokryfe bøkene som er med i nokre bibelutgåver. Dette er jødiske skrift frå tida mellom GT og NT. Du finn dei, dessverre bare på bokmål, på www.bibelen.no viss du merkar av feltet «inkl de deuterokanoniske bøker».)

Brown avsluttar omtalen av krubba med å visa til ein artikkel av Giblin der biletet blir samanfatta slik: Jesus er født i Davids by, ikkje i husrom/herberge som ein framand, men i ei krubbe der Gud stadfestar at folket er hans folk. Og sveipinga svarar til hans kongelege rolle.


%d bloggarar likar dette: