Sauer i adventstida

05/12/2019

Adventsblogg 5. desember

IMG_0837

Frå pilegrimsvegen over Pyreneane. Foto: Arne Berge 2019

Ved julekrybba vår er det mange sauer. Dei kjem eg tilbake til om litt. Først vil eg ta med noko frå dagens bibeltekst i Salme 65 der det er ei poetisk setning om sauene. Bildet frå pilegrimsvandringa i Pyreneane i sommar passar godt til denne setninga:

Markene kler seg med sauer … (Sal 65,14)

Men den gamle salmen handlar om mykje meir enn sauer. Den er ein lovsong til Gud for alle velsigningane i naturen, og først og fremst vatnet si store tyding. Vatn forandrar alt, har eg lært av Kirkens Nødhjelp. I store delar av verda er reint vatn ein mangelvare. Dette kan me framleis gjera noko med!

Sjå kor flott det står om vatnet i den gamle hebraiske poesien:

10 Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt,
du gjer henne overdådig rik.
Guds bekk er full av vatn,
du sørgjer for kornet,
ja, såleis sørgjer du for henne.

11 Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene,
med regnskurer gjer du jorda mjuk,
du velsignar hennar grøde.

12 Du kronar året med dine gode gåver,
spora dine flyt over av rikdom,

13 beita i øydemarka flyt over,
haugane smykkar seg med jubel.

14 Markene kler seg med sauer,
dalane sveiper seg i korn.
Dei ropar av glede, dei syng. (Salme 65,10-14)

Tilbake til sauene og deira plass i adventstida. Det er mange sauetekstar i Bibelen. Og sjølv om det ikkje står om sauer i juleevangeliet, tenker eg meg at gjetarane sin flokk var ein saueflokk:

Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. (Luk 2,8)

Heime hos oss har me sauer i alle rom, heile året. Inger elskar nemleg sauer. I adventstida samlar mange sauer seg ved julekrybba. Og dermed har me våre eigne Betlehemsmarker tilgjengeleg for familien. Julekrybba med tilbehør fyller ein heil benk på kjøkkenet, og barnebarna får leika med figurane. Spesielt sauene og kamelane står ulikt plassert frå dag til dag. Eg tok dette bildet i morges då sauene varma seg rundt bålet. Nå i kveld har dei flytta seg til ein anna plass på kjøkkenbenken.

IMG_2282

«Betlehemsmarkene» ved julekrybba vår. Foto: Arne Berge 2019

Eg tenker meg at det neste bildet, tatt ved Yeruham nord i Negevørkenen, kan gje oss eit inntrykk av koss saueflokken på Betlehemsmarkene eigentleg såg ut.

IMG_1821

Saueflokk ved Yeruham. Foto: Arne Berge 2015

Jesus kalla seg den gode gjetaren. Han sa:

Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. (Joh 10,14-15)

Fortsatt god adventstid!


Grotta under Bodskapskyrkja

03/12/2019

Adventsblogg 3. desember

IMG_5849

Grotta under Bodskapskyrkja, Nasaret. Foto: Arne Berge 2018

Adventsbloggen handlar også i dag om kva som er å finna i Nasaret. Og eg trur også det blir fleire dagar med stoff frå denne byen, for eg har mykje å dela herfrå.

Grotta bak i bildet er etter tradisjonen restar etter Maria sin heim. Grotta og det store altaret finn me i underetasjen i den katolske Bodskapskyrkja (Basilica of the Annunciation). Denne kyrkja er ei av dei største kyrkjene i Midt-Østen, kanskje den aller største. Den blei bygd over restane av eldre kyrkjer på 1960-talet. Katolikkane framhever ein tradisjon som seier at det var her engelen Gabriel kom til Maria og gav henne bodskapen om at ho skulle bli mor til Jesus.

34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:
«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir fødd,
vera heilagt og kallast Guds Son. (Luk 1,34-35)

Eg skreiv for nokre år sidan nokre pilegrimstekstar til ein Mariakonsert, blant anna denne: Mariapilegrim i Nasaret.

Her er eit par bilde av eksteriøret av kyrkja:

Galilea 2012 137

Bodskapskyrkja, Nasaret. Foto: Arne Berge 2012

Galilea 2012 125

Bodskapskyrkja, Nasaret. Foto: Arne Berge 2012

Over inngangsdøra står desse orda frå Johannesprologen:

Verbum caro factum est et habitavit in nobis.

Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss.

(Joh 1,14)

Fortsatt god adventstid!


Jesus opna bokrullen

02/12/2019

Adventsblogg 2. desember

284e3296-b47b-4ca5-abe0-5ceebe833232

På dette bildet les eg teksten om då Jesus opna bokrullen i synagogen i Nasaret i den «modell-synagogen» som er laga i Nazareth Village. Bildet er tatt tidlegare i haust.

Midt inne i gamlebyen i Nasaret ligg Synagogekyrkja. Den er bygd der den lokale tradisjonen seier at synagogen på Jesu tid stod. Utanfor kyrkja står dette skiltet:

Galilea 2012 097

Teksten om då Jesus talte i synagogen i Nasaret, er dagens tekst på 2. desember. Me knyter den til adventstida fordi den så tydeleg seier korfor Jesus kom og kva han vil gjera blant oss i dag. Han vil setja menneske fri!

Eg prøver meg på ein adventsblogg i år, inspirert av Heidi som har gjort dette i fleire år. Men det må bli på min måte, og med ikkje altfor ambisiøse innlegg. Eg garanterer heller ikkje at det kjem nye notat kvar dag. Eg ser for meg å ta utgangspunkt i bilde frå turane mine i bibelske landskap, og i tekstar frå Bibelen og den kristne tradisjonen. Me får sjå kva det kan bli til.

Jesus las frå ein bokrull. På gresk står det to biblion, som kan bety både bok og bokrull. Ordet er omsett på begge desse måtane i teksten vår; det er brukt både om «boka til profeten Jesaia» og om bokrullen han opna og etterpå rulla saman igjen. Ordet er sjølvsagt også utgangspunkt for vår ord Bibel. Den siste boka som har kome inn i bokhyllene mine, er den nye Boka om boka av Hans Johan Sagrusten. Eg gleder meg til å lesa den!

Og her er dagens tekst frå Evangeliet etter Lukas, kap 4:

16 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta,17 og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

18  Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg
til å forkynna ein god bodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom
og at blinde skal få sjå,
for å setja undertrykte fri

19  og ropa ut eit nådeår frå Herren.
20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22 Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.

Teksten er faktisk den eldste kjente skildringa av ei jødisk synagogegudsteneste. Blikket er retta mot han som får i oppgåve å vera tekstlesar denne dagen. Han veit kven han er, han vel sjølv teksten, og finn eit avsnitt i Jesaia 61 som han les som si programerklæring.

Her er ei preike eg har hatt over denne teksten:

Han kjem med eit nådens år

Det må ha vore merkelig å ver i Nasaret den gangen di hørrte Jesus tala i synagogen! Folk visste jo kem han va. Trudde di.

Di va vant med å sjå Jesus i verkstedet te faren hans, Josef. Og når han va rundt omkring med forskjellig byggearbeid. Kanskje kom ongane så va 11 år springande mod han og ropte: ”Hei! Me kjenne deg! Du har jo bygd huset vårt!”

Nå hadde tømmermannen Jesus vore borte frå byen ei stund. Og det gjekk rykte om alt det merkelige han hadde sagt og gjort på andre steder.

Det va mange så lurte på dette med Jesus. Folk spurte kverandre: Kem e han egentlig?

Les meir

Fortsatt god adventstid!


Advent

01/12/2019

Adventsblogg 1. desember 2019

Adventstida er ei viktig og flott tid. Eg vil påstå det er fordi den har eit innhald knytt til Jesus. Og dette gir igjen mange gode ringverknader, som det at me blir opptatt av å tenna lys i mørkret, av å skapa fellesskap og varme.

Desse vekene før jul har sin eigen symbolikk. Eg syns derfor det er eit poeng å skilja mellom adventspynt og julepynt. Lilla / fiolett er fargen for adventstida. Adventskransen eller adventsstaken med fire lys er ein viktig del av denne symbolikken. Me tenner eit nytt lys i den kvar søndag i adventstida. Me tenner også mange andre lys, me har adventskalender og me har adventsstjerne i vinduet. Den sjuarma lysestaken, som eigentleg er eit Messias-symbol for oss kristne, er også blitt svært vanleg å ha i vinduet. Eg syns dessutan det gir god meining å ta fram noko av julepynten, f eks englane, og la dei vera saman med den lilla fargen fram til julepynten tas fram dei siste dagane før jul. Dersom du har ein julekrubbe, kan du ta den fram, men venta med å plassera barnet i krubba til jula kjem.

Det er fint å lytta til julemusikk i adventstida, – og å synga julesongar. Dette er ein flott måte å førebu jula på. Men det er også mange fine adventssongar. «Tenn lys! Et lys skal brenne». Slik begynner ein godt kjent song av Eyvind Skeie (Norsk Salmebok nr 25). Ein annan fortel oss: «Hvert adventslys skal minne om / at Jesus, lysets Herre, kom.» Så enkelt kan det seiast! Setninga er henta frå Svein Ellingsens salme Mens frost og vintermørke rår (Norsk Salmebok nr 18).

Ordet advent kjem frå det latinske Adventus Domini som betyr Herrens kome. Språkleg sett seier altså ikkje ordet oss noko om å venta, men om å koma. Det er Jesu kome det dreier seg om. I kyrkja seier me at det er tre perspektiv på Jesu kome til oss: Han kom ein gong (då han blei født i Betlehem), han kjem til oss i dag og han skal ein gong koma igjen i herlegdom. Forventning er dermed eit viktig ord i adventstida.

Dette notatet skreiv eg til Kirkehilsen nr 6/2013, menighetsbladet for Hinna og Gausel menigheter. Sidan er det bare gjort små endringar nå ved starten av adventstida 2019. 


Ved starten av kyrkjeåret

05/12/2014

Adventstida er ei tid for førebuing til julehøgtida. Begge desse tidene i kyrkjeåret er verdifulle og dei har tradisjonelt ulik profil, farge og innhald. Alt det praktiske som me gjerne vil ha gjort før jul, kan lett gjera advent til ei svært hektisk tid. Det ser også ut til å vera ein trend at det som naturleg høyrer med i jula, blir tatt ut i forkant. Dermed får mange ei oppleving av at jula er over med julaftan!

Eg trur me alle vil vinna på å la advent vera advent og jul vera jul. Og på å la julehøgtida vara heilt til ”trettande dag jul”, altså 6. januar. Det kan me gjera for eksempel ved å venta (lengst mogleg) med å fylla huset med julepynt og ved å la (noko av) den gode julematen få liggja lagra til jula faktisk har begynt.

Dette er eit utdrag frå Prestekragen, ein spalte i Kirkehilsen nr 6/2014. Menighetsbladet kjem i desse dagar i postkassene i Hinna bydel.

Her er heile teksten:

Har du tenkt over at me som lever i ein kultur prega av kristendommen, har to kalendrar som går parallelt? I tillegg til kalenderåret, følgjer me også kyrkjeåret med sine høgtider og årstider. Det er i denne samanhengen ord som advent og jul høyrer heime. Første søndag i adventstiden begynner eit nytt kyrkjeår.

Eg er glad for at kyrkjeåret vekslar mellom ulike søndagar, høgtider og periodar. Dette er med og gir året innhald. Det blir på ein måte som med kalenderåret; me er heldige som har ulike årstider. Sjølv om eg ikkje ville vore utan hausten, er eg glad det ikkje er haust heile året!

Kyrkjeåret sitt utgangspunkt er feiringa av søndagen. Dette går heilt tilbake til dei første kristne. Dei begynte å samlast den første dagen i veka, søndagen, dagen då Jesus stod opp frå dei døde. Dei feira altså på ein måte påske kvar veke. Sidan vaks det fram eit kyrkjeår der kvar søndag og kvar heilagdag har sitt eige namn og sitt spesielle innhald. Den som følger med på dette, får setja seg inn i ulike sider ved Jesu liv og ved den kristne trua.

Forfattaren Peter Halldorf har skrive om kyrkjeåret. Han skriv at kyrkjeåret både har ein åndeleg og ein pedagogisk funksjon. Me feirar og set oss inn i dei store hendingane i Jesu liv: «Fra jul til påske, fra pinse til advent følger vi Jesus gjennom evangeliene og lar våre liv innpodes i hans liv. Hvert år er et prisme som får sitt lys fra Kristus og lar det bli reflektert i skiftende farger til ulike tider i løpet av året. Hver høytid gjenspeiler ett aspekt av troens mysterium.»

Adventstida er ei tid for førebuing til julehøgtida. Begge desse tidene i kyrkjeåret er verdifulle og dei har tradisjonelt ulik profil, farge og innhald. Alt det praktiske som me gjerne vil ha gjort før jul, kan lett gjera advent til ei svært hektisk tid. Det ser også ut til å vera ein trend at det som naturleg høyrer med i jula, blir tatt ut i forkant. Dermed får mange ei oppleving av at jula er over med julaftan!

Eg trur me alle vil vinna på å la advent vera advent og jul vera jul. Og på å la julehøgtida vara heilt til ”trettande dag jul”, altså 6. januar. Det kan me gjera for eksempel ved å venta (lengst mogleg) med å fylla huset med julepynt og ved å la (noko av) den gode julematen få liggja lagra til jula faktisk har begynt.

Og så vil eg slå eit slag for at den innhaldsmessige sida ved advent og jul får koma til sin rett. Dette kan skje ved deltaking i gudstenester og konsertar i kyrkja. Og det kan skje i heimen ved å ta vare på og bruka ritual og tradisjonar som å tenna adventslys, lesa juleevangeliet, gå rundt juletreet og synga julesongar.


Han kjem med eit nådens år

30/11/2014

Preike på Lys våken – gudsteneste i Hinna

1. søndag i adventstida 2014

Det står skrevet i evangeliet etter Lukas, kapittel 4:

 Jesus kom også til Nasaret, hvor han var vokst opp, og på sabbaten gikk han inn i synagogen, slik han pleide. Da han reiste seg for å lese, rakte de ham profeten Jesajas bok. Han åpnet bokrullen og fant stedet der det står skrevet:

Herrens Ånd er over meg,
for han har salvet meg
til å forkynne et godt budskap for fattige.
Han har sendt meg for å rope ut
at fanger skal få frihet
og blinde få synet igjen,
for å sette undertrykte fri

og rope ut et nådens år fra Herren.

Så rullet han bokrullen sammen, rakte den til synagogetjeneren og satte seg. Alle i synagogen stirret spent på ham. Han begynte da med å si: «I dag er dette skriftordet blitt oppfylt mens dere hørte på.» Alle roste ham og undret seg over nådeordene som kom fra hans munn. «Er ikke dette Josefs sønn?» spurte de.

Slik lyder det hellige evangelium.

Jesus og bogrullen

Det må ha vore merkelig å ver i Nasaret den gangen di hørrte Jesus tala i synagogen! Folk visste jo kem han va. Trudde di.

Di va vant med å sjå Jesus i verkstedet te faren hans, Josef. Og når han va rundt omkring med forskjellig byggearbeid. Kanskje kom ongane så va 11 år springande mod han og ropte: ”Hei! Me kjenne deg! Du har jo bygd huset vårt!”

Nå hadde tømmermannen Jesus vore borte frå byen ei stund. Og det gjekk rykte om alt det merkelige han hadde sagt og gjort på andre steder.

Det va mange så lurte på dette med Jesus. Folk spurte kverandre: Kem e han egentlig?

Og nå va altså Jesus på gudsteneste. Han va tekstlesar og leste frå ein bogrull. Han fekk te og med ha preikå den dagen.

Her har eg med meg ein bogrull. Di hadde ikkje bøger den gong. Her ser me koss bogrullen ser ud. Det e eit tøystykke rundt som beskyttelse. Nå tar eg av beskyttelsen. Her ser me rullen med bibelteksten.

Di ga han bogrullen te profeten Jesaia. Då leste Jesus den profetteksten så me har hørrt i kjerkå nå i dag (Jes 61,1-3). Dette va ein gammal tekst så fortelle om Messias – ein konge så sko komma og hjelpa alle så trang hjelp. Då han hadde lest, satte han seg, for det va vanlig på den tidå. Alle såg på han. Di va så spente på ka han sko sei.

Han begynte med å sei: «I dag e dette skriftordet blitt oppfylt mens dokker hørrte på.»

Eg lure på koss det hadde vore å ver der. Hadde det vore lettare å tru på Jesus viss me va der?

Kanskje hadde det vore lettare å tru då …? Kanskje det e lettare nå …?

Di såg tømmermannen så di kjente, han di kalte Josefs sønn. Men di såg kanskje ikkje den store sammenhengen.

Me har større mulighed te å sjå sammenhengen, for me har Det nye testamentet så fortelle oss om heile livet te Jesus.

Kanskje hadde det vore lettare å tru då …? Kanskje det e lettare nå …?

Nådens år

«I dag e dette skriftordet blitt oppfylt mens dokker hørrte på.» Det e Jesus så tolke bibelteksten sånn. Nå! Ventetidå e slutt. Messias e her, seie han.

Folket hadde venta på Messias, ein konge. Di fleste tenkte at Messias var ein krigskonge så sko få møje makt og befri folket frå romerne som hadde tatt landet.

Men her seie Jesus at han er ein aen slags Messiaskonge.

Gud har sendt meg, seie Jesus, for å forkynna eit godt budskap for fattige, for at fangar ska få frihed, for at blinde ska få synet igjen og for å setta undertrykte fri.

Men – gjelde dette oss her på Hinna? Det e vel ikkje så mange fattige eller fangar eller blinde eller undertrykte her?

På mange måder kan me sei at dette gjelde oss! Bare for å ta eit eksempel: Her på Hinna og i resten av Norge e me rige i forhold te di fleste menneske i verdå. Ligavel kan me ver fattige! Me kjøbe stadig nye ting – men me blir aldri fornøydde.

Dokker så er voksne, huske sikkert pop-kongen Elvis. Eg har hørrt at han va så rig at han kunne bruga privatflyet sitt for å reisa te ein aen by og kjøpa akkurat den hamburgaren han likte så godt, te kvelds. Ligavel hadde han ikkje eit godt liv. Han va veldig rige, men ligavel veldig fattige.

Jesus ropte ud eit nådens år te alle menneske; fattige, fangar, blinde og undertrykte. Dette gjelde oss! «I dag e dette skriftordet blitt oppfylt mens dokker hørrte på.»

Eg syns dette blei veldig tydelig i dåpen i dag. Gud ga nytt liv, eit evigt liv, te …. (namn på dei tre dåpsbarna). Det skjedde i dag. Her i Hinnakjerkå.

Og når me feire nattverd samen seinare i gudstenesten, komme Jesus te oss å seie: Her komme eg. Eg gir meg sjøl for deg. Du får fellesskap og nytt liv. Det skjer i dag. Her i Hinnakjerkå.

Jesus kutta ut ei setning

Men det va spesielt ein ting så skapte oppstandelse i synogogen. Og når eg seie oppstandelse i denne sammenhengen, meine eg modstand. Folk va begeistra først, men itte kvert blei di sinte på Jesus. Det kan ha vore mange grunnar te det. Men eg trur ein av grunnane va at di la merke te at Jesus kutta ud ei setning i profetien frå Jesaia. Di kunne tekstane frå Det gamle testamentet godt.

Jesus leste at han va sendt for å ropa ut eit nådens år frå Herren. Så slutta han der.

I bogrullen fortsatte teksten med ord om hevnens dag frå Gud. Det tok ikkje Jesus med.

Gjett om det blei lagt merke te! Folkå levde eit hardt liv og landet va okkupert. Mange ønskte sikkert hevn over romerne. Men Jesus ropte ud eit nådens år for alle som trang hjelp, uden hevn.

Sånn e Jesus. Han komme med nåde. Han komme te alle så trenge hjelp. Uansett kem me e. Uansett koss me har det. Uansett ka me har gjort og tenkt og sagt. Han komme ikkje med hevn. Han komme te oss med nåde. I dag.

Meditasjon (tekst: Mari og Paul Erik Wirgenes)

Du var dristig, Jesus.
Da du leste teksten i din hjemlige synagoge,
talte du ikke om håp for en fjern fremtid eller for neste år.
Du sa i dag.
I dag skjer det.
Her. Mens vi hører på.
La det skje hver dag, Jesus,
at du stille leser ordene for oss:
Om nådens år
og ditt nærvær,
om oppreisning og fred,
at det er nå det skjer.
Alltid.


Tekstar til den sjuarma lysestaken

20/11/2013

den-sjuarma-lysestaken-2Eg legg her ut eit opplegg for tenning av sjuarma lysestake i adventstida. I kristen tradisjon er dette ei handling som framhever vår tru på at Jesus er den Messias som var lova.

Dette er eit opplegg med lesing av ein profeti for kvart lys og med eit salmevers etter kvar tekst. Eg har i fleire år brukt dette i lysmesse i samarbeid med ei speidargruppe.

(Les meir om den sjuarma lysestaken her.)

Innleiing
Nå er det advent. Me førebur feiringa av at Jesus kom til jorda. Lenge før det skjedde, blei det forutsagt at Jesus skulle bli født. Mens lysa i den sjuarma lysestaken blir tente, skal me lesa nokre av profetiane om Jesus, han som er lyset for verda.

Tekstlesar 1:

Allereie i dei første bøkene i Bibelen les me om kongen som skal koma. Det står skrive i 4. Mosebok:

Så seier han som høyrer høyrer Guds utsegn,
som får kjenna kunnskapen frå Den høgste
og sjå syn frå Den veldige,
som sig saman, men med opna auge:
Eg ser han, men ikkje no,
eg skodar han, men ikkje nær.
Ei stjerne stig opp or Jakob,
ein kongsstav lyfter seg frå Israel. (4. Mos 24,16-17a)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 1 / første lys blir tent

Tekstlesar 2:

Og i Salmane står det skrive:

Alle kongar skal kasta seg ned for han,
alle folkeslag skal tena han.
Han bergar ein fattig som ropar,
ein stakkar som ingen hjelper.
Lat namnet hans leva til evig tid,
skyta friske skot så lenge sola er til! (Sal 72,11-12 + 17a)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 2 / andre lys blir tent

Tekstlesar 3:

Det står skrive hos profeten Jesaia:
Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel. (Jes 7, 14)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 3 / tredje lys blir tent

Tekstlesar 4:

Profeten Jesaia held fram slik:

Det folket som går i mørkret,
ser eit stort lys.
Over dei som bur i dødsskuggens land,
strålar lyset fram.

For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar, Veldig Gud,
Evig far, Fredsfyrste. (Jes 9, 2+6)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 4 / fjerde lys blir tent

Tekstlesar 5:

Det står skrive hos profeten Mika:

Du, Betlehem, Efrata,
minst mellom slektene i Juda!
Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.
Hans opphav er frå gammal tid,
frå eldgamle dagar.
Og han skal vera fred. (Mika 5,1+4a)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 5 / femte lys blir tent

Tekstlesar 6:

Det står skrive hos profeten Sakarja:
Bryt ut i jubel, dotter Sion!
Rop av glede, dotter Jerusalem!
Sjå, kongen din kjem til deg,
rettferdig og rik på siger,
fattig er han og rid på eit esel,
på ein eselfole. (Sak 9,9)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 6 / sjette lys blir tent

Tekstlesar 7:

Dette heilage evangeliet står skrive i evangeliet etter Lukas:
Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne:
«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.
Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.» (Luk 1,26-33)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 7 / sjuande lys blir tent


%d bloggarar likar dette: