Kjent og ukjent hjarteflimmer

Denne veka skal Trygve disputera for den medisinske doktorgraden ved Universitetet i Oslo. I denne samanhengen er eg først og fremst stolt far! Det dreier seg om forekomsten av kjent og ukjent hjarteflimmer, og eg gleder meg både til å læra meir om dette og til å vera med på prøveforelesing, disputas og fest!

Forskingsprosjektet som han er ein del av, presenterer disputasen slik:

Første doktoravhandling fra ACE 1950-studien

trygve-2783

Lege og stipendiat Trygve Berge skal forsvare sin doktoravhandling med disputas 21. mars 2019 i Oslo. Forekomst av kjent og ukjent atrieflimmer er hovedtemaet i den første doktoravhandlingen som utgår fra Akershus hjerteundersøkelse (ACE) 1950-studien.

Trygve Berge har vært lege og doktorgradsstipendiat i studien siden den startet, og også fungert som prosjektkoordinator i studien. Han skal nå forsvare sin avhandling for graden PhD (Philosophiae Doctor) ved Universitetet i Oslo torsdag 21. mars.

I hans avhandling presenteres først ideen bak ACE 1950-studien og hvordan den skulle gjennomføres (artikkel I). Videre presenteres data på forekomst av kjent atrieflimmer, risikofaktorer og annen hjerte- og karsykdom blant de 3 706 deltakerne i studien (artikkel II). Forekomsten av atrieflimmer var 4,5%, høyere enn tidligere rapportert i denne aldersgruppen, og høyere hos menn enn kvinner. Atrieflimmer var assosiert med overvekt, kroppshøyde, høyt blodtrykk og annen hjerte- og karsykdom.

Ca. 1 500 av deltakerne i ACE 1950-studien deltok også i en screening for ukjent atrieflimmer. I denne studien brukte vi et håndholdt EKG-apparat (‘tommel-EKG’), der deltakerne utførte gjentatte målinger av hjerterytmen over en 2-ukersperiode (artikkel III). Studien er den første som har gjennomført screening for atrieflimmer blant 65-åringer, og vi fant ca. 1% udiagnostisert atrieflimmer i denne aldersgruppen.

Disputasen er offentlig, og åpen for alle interesserte. Arrangementet foregår 21. mars i Gamle festsal, i universitets lokaler på Karl Johans gate (sentrum). Først avholdes en prøveforelesning om atrieflimmer og fysisk trening kl. 10.15 – 11.15. Deretter er det en pause før selve disputasen starter kl. 13.15 (varighet ca. 2,5 – 3 timer). Begge deler foregår på norsk.

Trygve Berge har mottatt doktorgradsstipend fra Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Og her er universitetet sin omtale av disputasen:

Cand.med. Trygve Berge at Institute of Clinical Medicine will be defending the thesis “Atrial fibrillation: Epidemiology and screening at 65 years – Design and cross-sectional analysis of the Akershus Cardiac Examination (ACE) 1950 Study cohort” for the degree of PhD (Philosophiae Doctor). Les meir

Oldefars notatbok frå 1875

Peter Sværens notatbok frå Stord Seminarium

Oldefar Peter Sværen (1854-1932) var lærar på Rennesøy i Ryfylke i 1879-1923. Han kom frå Balestrand, tok lærarutdanning på Stord og kom til Rennesøy i 1879. Den gamle notatboka hans er frå religionsundervisninga på Stord i oktober 1875. Boka er ein av skattane i bokhylla mi.

Teksten på tittelsida i boka:

Religionsanmærkninger af Seminarilærer Lilloe

Stord Seminarium 1te October 1875

P. Sværen

IMG_5277
Dei neste bilda viser første og siste tekstside i boka. Undervisninga var ved læraren Kristian Lilloe. Innhaldet er ein gjennomgang av Luthers litle katekisme, det vil seia ei framstilling av den kristne trua, delt inn i avsnitt om dei ti boda, truvedkjenninga, Herrens bøn, dåpen og nattverden.

Siste side (side 131) i notatboka er datert 30. oktober 1875. Dei brukte altså éin månad på dette temaet.

IMG_5278.jpg

IMG_5279

Eg fekk den gamle notatboka hans av «onkel Otto» då eg var ganske ung. Otto var son til Peter og bror til farmor.

Notatboka er altså frå undervisninga på Stord Seminarium, det som seinare blei lærarhøgskole og som etter fleire fusjonar nå er ein del av Høgskulen på Vestlandet.

Boka Lærarutdanning i 150 år. Stord lærarhøgskule 1839-1989 (tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket) har bilde av skulebygningen som oldefar gjekk på og av læraren Lilloe.

Skjermbilde 2018-02-17 kl. 22.45.57

Skjermbilde 2018-02-17 kl. 22.47.12

Eg tar til slutt med litt om familien til Peter. Han gifta seg i 1880 med Sigrid, født Sæveraas (1862-1956). Dei budde først i lærarbustad på Hegland, og frå 1890 på garden dei kjøpte på Ask. Sigrid og Peter fekk 10 barn. Eg er barnebarn av Petra Serina. Her er informasjonen som står om familien deira i Rennesøy gards- og ættesoge:

Frå Rennesøy gards- og ættesoge, side 18

Lokalhistorie frå Fiskepiren

verket-frontHistoria om farfars skraphandel har nå kome med i ei (svært lokal) lokalhistorisk bok om området ved Fiskepiren i Stavanger:

Erling Jensen: Verket. Fra seil til presse. Piren forlag 2016.

Historia kan også lesast her på bloggen, der den først blei publisert:

O. Berge, Skraphandel
(…) Skraphandelen til farfar har vore viktig i familien vår. Det er mange gode historier knytt til forretningsdrifta. Når eg ser tilbake på dette, er det ei stolt familiehistorie om ein mann som med humor og forteljarevne gjorde ein skraphandel til noko stort! (les meir)

Erling Jensen skriv i ei kort innleiing til teksten min at farfar overtok skraphandelen etter Goa i 1935. Dette var ei ny opplysning for oss i familien. Kjekt å få vita meir om familiehistoria vår!

Her er informasjon om boka frå forlaget:

Jorenholmen, Fiskepiren og Verksgata var et sentralt område allerede før Forstaden ble innlemmet i Stavanger i 1848. Sildeindustri, hermetikkindustri, smørproduksjon og trelasthandel ble etter hvert viktige satsingsområder. I kjølvannet fulgte alle under- leverandørene, håndverkerne og kremmerne. Boken gir et innblikk i hvordan forholdene var på Verket fra slutten av 1800-tallet og frem til i dag. Inneholder både gamle sort/hvitt-bilder og nyere fargebilder.

O. Berge, Skraphandel

Familiehistorie frå området ved Fiskepiren i Stavanger

Olaus Berge
Olaus Berge (1890-1961)

Jei har en löyen foritning. Jei kjöber alle mulige Brugte Ting fra den simpleste filler til de Floteste Ting. Biler kjöbes og huges op og de er en lönsom foritning da bildeler er kostbare her Jeme. Jei Kjöber Partier Jer og Metaler af alle slags og omseter de siden til de store smelterier eller Verksteder. Jei har Klart mei svert Bra med dette (…)

Slik skreiv farfar Olaus Berge i 1938 i eit brev til søstera Jenny i USA. Han dreiv skraphandel i Smalgangen 1 ved Fiskepiren i 25 år (ca 1935-1961).

Skraphandelen til farfar har vore viktig i familien vår. Det er mange gode historier knytt til forretningsdrifta. Når eg ser tilbake på dette, er det ei stolt familiehistorie om ein mann som med humor og forteljarevne gjorde ein skraphandel til noko stort!

Farfar kjøpte og selde flasker, filler, metall og det me i dag ville kalla antikvitetar. Men det at han før krigen dreiv med bilopphogging, var nytt for oss då me for få år sidan kom over Amerikabrevet frå 1938.

Eg har ein protokoll over det han kjøpte og selde frå 1956 fram til han døydde i 1961. Protokollen viser at han kjøpte frå privatpersonar og selde vidare til firma som Stavanger Tinfabrik, O. M. Titlesta Metalsmelteri (i Bergen), Bryne Metalsmelteri, og i nokre tilfelle til privatpersonar.

Den første innførselen i protokollen er frå oktober 1956. Han kjøpte 10 kg kopar av Arne Kristiansen i Hilevaagsveien 27 for kr 4,00 pr kg. Nokre dagar seinare selde han dette vidare til Bergen for kr 4,70 pr kg.

Det gjekk nok mykje i kopar og bly. Familiehukommelsen legg likevel vekt på meir spennande saker enn som så. Farfar sette ofte til side gamle og spesielle ting som han helst ikkje ville kvitta seg med. Han hadde sansen for raritetar og kuriositetar av mange slag! Kanskje var dette ein viktig motivasjonsfaktor i arbeidet hans? For oss barnebarna, ikkje minst for mine eldre søsken, var det alltid mykje spenning knytt til det å få vera der saman med han og få kikka rundt mellom alt det merkelege som fylte skraphandelen.

Smalgangen 1 var eit butikklokale som høyrde saman med Langgt. 6, der Olaus budde med familien sin; kona Petra og sonen Trygve (faren min). Dei leigde i andre etasje. Han brukte Langgt. 6 som forretningsadresse.

O. Berge Skraphandel

Dei siste åra før 1935 arbeidde farfar med lossing av båtar på Fiskepiren, truleg for firmaet Brisling-Foreningen. Av helsemessige grunnar slutta han med dette ca 1935. Far, som då var 23 år, overtok då arbeidet på kaien, mens farfar leigde første etasje i Smalgangen 1 og starta skraphandelen. Så vidt eg har forstått, hadde Brisling-Foreningen på denne tida lokale i andre etasje i dette huset.

Familien vår har faktisk også tilknyting til eit tredje nabohus; Smalgangen 3. Farfar kjøpte dette i 1954. Han hadde då flytta til Våland, men han hadde nok ein draum om å kunna koma tilbake til Smalgangen som «gamal». Det blei det aldri noko av; han leigde ut dette huset. Uthuset i gardsrommet i Smalgangen 3 reiv han (ulovleg) og bygde opp på nytt, då det gamle var i svært dårleg forfatning. Han fekk kr 75 i bot for dette i 1955. Det nye uthuset brukte han til ”lager av tunge kolli – pakkede metaller etc”. Foreldra mine overtok Smalgangen 3 etter farfar. Dei leigde det ut i nokre år til Rogaland teater og selde huset på slutten av 1960-talet.

Smalgangen 1 stod på slutten av 1990-talet i dårleg forfatning. I dag er huset er bygd opp på nytt som eit flott kunstnaratelier (bildet under). Eg hadde gleda av å besøka kunstnaren Lasse Skarbøvik i atelieret hans i september 2015, og det fekk fram mange gode barndomsminne!

Fakta:

  • Olaus Berteus Berge (1890-1961) kom frå Finnøy. Foreldra var Pauline Marta og Ole Tobias Berge.
  • Petra Serina Berge (1889-1961) kom frå Rennesøy. Foreldra var Sigrid og Peter Sværen.
  • Petra og Olaus flytta til Stavanger som unge. Dei gifta seg i St. Petri kyrkje i 1912. Vigselsattesten fortel at ho då var syerske og at han var skipsopphoggar.

Relaterte notat:

Smalgangen 1. Foto: Arne Berge 2015
Smalgangen 1. Foto: Arne Berge 2015

Godt nytt år, AD 2016!

Eg begynner det nye året med ordet TAKK. Eg er takknemleg for mykje i dag. Eg tenker på det at eg er i ganske god form etter ei ulukke i august. Og eg tenker på den flotte familien min, med Inger, barn, svigerbarn og fem barnebarn! Og sjølvsagt den gode storfamilien elles.

Nå ser eg fram til eit nytt år. AD er forkorting for Anno Domini, som betyr «Herrens år».

Me har elles mykje å vera takknemlege for i samfunnet vårt. Den største utfordringa for oss i det nye året er å visa nestekjærleik til kvarandre og til dei mange flyktningane som kjem til vår del av verda. Det har visstnok kome meir enn ein million flyktningar til Europa i 2015. Nokre få av dei har kome til Norge. Eg har denne jula tenkt mykje på at Jesus sjølv var flyktning då han var barn (meir her). Han blei født inn i ei brutal verd. Han kom som eit sårbart lite menneskebarn. Så langt var Gud villig til å gå då han blei menneske!

Nyttårsdagen er Jesu namnedag. Bakgrunnen for dette er at det er åttande juledag og at Jesus blei omskoren og fekk namnet sitt den åttande dagen etter fødselen (Luk 2,21). Dagens tekst dette året inneheld eit løfte knytt til å vera «samla i hans namn»:

Jesus seier: For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei. (Matt 18,20)

Det var mor som lærte meg å be. Ho lærte meg å avslutta bønene med «i Jesu namn. Amen.»

Sissels utstilling, Fotland 2015

Et sted langt borte, like i nærheten

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dotter mi, Sissel Ruud, har utstilling på Fotland Mølle fem søndagar nå i haust (25.10 – 22.11.2015). Eg ser fram til dette med glede og reklamerer gjerne for kunsten hennar!

Men her gir eg ordet til ei anna som skriv om Sissel. Heidi Strand Harboe har skrive ein presentasjon og eit dikt til utstillinga:

Kunstnaren Sissel Ruud, opprinneleg Brynejente, nå busett i Stavanger, lagar bilete til å drøyma seg vekk i. Ho har vald å kalla utstillinga si «Et sted langt borte, like i nærheten».

Dette meiner ho dekkjer ganske godt kva utstillinga handlar om. Denne gongen har ho vald å bruka få ord til å forklara bileta sine. Ho har og vald å la kunstverka vera utan namn. Ho opplever at ord kan setja grenser for det språket ho ynskjer at bileta skal formidla. Ho vil gjerne at andre menneske skal få oppleva bileta på sin eigen måte utan at orda hennar skal vera i vegen for dei.

Sissel sitt biletspråk er fylt med leik og glede. Sjølve skapingsprosessen er og leikforma. Ho startar med å skapa eit kaos av fargar og former. Så går prosessen over til å rydda i kaos og henta fram motivet heilt til ho er fornøgd med uttrykket.

Nokre av bileta er grafiske blad, trykte eigenhendig på Grafisk verkstad i Stavanger. Dei aller fleste bileta er collagar. Sissel har utvikla ein teknikk ho så vidt ho veit er aleine om å bruka. Hovudmaterialet i collagane er serviettar som ho limer lagvis fast til lerretet til ho får den effekten ho ynskjer. Via venner og kjende, og ikkje minst på nettet har ho klart å skaffa seg store samlingar med gamle serviettar som ho brukar til dette formålet. Dei gamle litt harde serviettane frå syttitalet og dei mjuke silkeserviettane er aller best å arbeida med. Ho sper og på med andre former for gjenbruksmateriale som gamle frimerke, tekstutklipp frå gamle vekeblad og til og med hekleserviettar frå Fretex. I tillegg bruker ho akrylmaling og blekk. Resultatet er nyskapande og spennande.

Denne utstillinga består ikkje av bilete laga for å provosera på nokon måte. Snarare er dei laga for å formidla gode kjensler av lys, leik, undring og varme. Verda, kvardagen og menneskelivet er fylt med mange utfordringar me skal ta stilling til. Sissel vil gjerne at bileta skal få vera små pustepausar der ein kan kjenna på det stillferdige og det ordlause. Som tittelen på utstillinga antyder, så er det ikkje alt som kan fangast i ord. Nokre gonger treng me andre språk for å nærma oss det som ligg bakanfor det som synest på overflata.

Bileta til Sissel fortel kvar sin historie, men dei er og laga for å kunna fortelja ei historie saman.

Innanfor orda

Bak orda ein stad

ligg det ordlause,

langt borte og underleg nær

med alt som nesten er her

og med det som kanskje finst.

Det er ikkje sant at me bare bur i tida,

at me bare bur i kvardagane.

Me bur og i dette andre

som alltid er her

for den som har auge til å sjå.

Forsiktig opnar me

dørene i tida,

og går inn

for å la stilla og tilliten

stryka forsiktig over sår og styrke.

Går inn i romet innanfor orda

der fargane snakkar fargespråket,

det kan tenkjast,

at det er der eg skal møta deg.

Heidi Strand Harboe

Om Lars E. Berge, Gjesdal

Eg sit med ei gamal bok i hendene. Den har tilhøyrt tippoldefaren min, Lars Erikson Berge. Han har skrive namnetrekket sitt i boka. For meg er den litle boka eit klenodium.

I morgon (30.08.2015) skal det vera slektsstemne for Bergeslekta frå Gjesdal. Sjølv har eg dessverre ikkje høve til å delta. Men eg kan bidra med litt frå slektshistoria her på bloggen.

Det er den store slekta etter Kari Toresdotter og Lars Erikson Berge som skal samlast. I denne slekta finst det eit par klassiske bilde, som eg vil ta med her.

Lars Erikson Berge, Gjesdal
Lars Erikson Berge, Gjesdal

Det første bildet viser Lars der han sit med falda hender. Han var født i 1792 og døydde i 1873. Lars var bonde. Han kom frå nabogarden Indre Lima og overtok garden på Berge frå svigerforeldra i 1820.

Elles hadde han mange tillitsverv i lokalsamfunnet. Han var ein av dei første ordførarane i Gjesdal, i perioden 1844-1847. I unge år var han omgangsskulelærar i ca 10 år. Seinare i livet var han vaksinatør. Og han hadde lenge ansvaret for ei boksamling som var utgangspunkt for det seinare lokale folkebiblioteket.

Lars var interessert i bøker. I slektsboka som kom ut i 1915, står det slik:

Han styrte i lang tid bygdens almuebibliotek og hadde selv læst størsteparten av bøkerne. Der var vistnok intet hjem i Gjesdal, hvor der læstes saa meget som i hans.

Eg er så heldig å ha ei av bøkene hans. Namnetrekket hans står øverst til venstre i bildet. Bildet blir større viss du klikkar på det.

Lars E. Berges bok

Tittelen på boka er lang i forhold til vår tids titlar:

Johannes Bunians udførlige Levnet og Død, eller Guds Naade, som strækker sig endog til de største Syndere. Det er, en sandfærdig Fortælling om Forfatterens første Dragelse og hans videre Fremgang i Naaden.

Dette må dreia seg om den kjente engelske presten og forfattaren John Bunyan. Boka er omsett frå engelsk og gitt ut i Christiania i 1848.

Boka har som du ser, si eiga historie. Ulike eigarar i slekta har skrive sine namnetrekk i den. Øvst til venstre finn me altså Lars E. Berge sitt namn. Reier Berge (1835-1908) var ein av sønene til Lars. Han var lenge lærar og klokkar i Gjesdal, men flytta seinare til Herikstad her i Time. Kaare Time var barnebarn av Reier. Eg blei kjent med han dei siste åra han var sokneprest i Høyland (1967-1978). Sjølv fekk eg boka i eige etter Kaare Times død. Etter at arvingane hadde gått gjennom boksamlinga hans, fekk eg òg sjå gjennom bøkene. Då eg viste fram kva eg hadde funne, fekk eg bekrefta at denne gamle boka etter ein av våre felles forfedre, skulle vera mi.

For at dei som er slektsinteresserte ikkje skal bli altfor forvirra, bør eg nok ta med at eg ikke har Bergenamnet mitt frå Gjesdal. Det kjem frå farsslekta mi frå Finnøy. Men mormora mi, Hanna Regine Salthe, var født Berge. Ho var barnebarn av Lars Erikson Berge. Slektslinja går slik: Mor heitte Esther Berge, født Salthe (1920-2007). Hennar mor var Hanna Regine Salthe, født Berge (1886-1955). Ho var dotter av Ommund Larsson Berge (1832-1903). Han var son av Lars Erikson Berge.

Eg vil avslutta med det andre klassiske bildet i Bergeslekta frå Gjesdal. Det er eit bilde av dei åtte barna til Lars, då dei sjølve var blitt gamle. Bildet er tatt i 1894.

Søskenflokk 1894, Berge i Gjesdal
Søskenflokk 1894, Berge i Gjesdal

Bak frå venstre: Adam, Lars, Erik, Ommund, Reier. Framme frå venstre: Karen, Thore, Rakel.

Lars Larsson Berge har 25.06.1894 skrive slik om dette bildet:

Idag var vi alle 8 søskende samlet hos den ældste bror paa vort fødested, Berge i Gjesdal sogn, for efter avtale at faa os fotograferet. Dette kunne vel siges at være av mindre nødvendighet. Og ganske sandt! Men der er dog den mærkverdighet ved det, at vi har ikke været flere søskende og nu er vi alle gamle og graa, fra 10de november 1816 til 1ste november 1835. Der er altsaa 19 aar i forskjel paa alderen eller den gjennemsnitlige alder henimot 70 aar. Dog var vi alle saa pas raske at vi kunne samles tilfods dertil. Den ældste er derimot ikke litet skrøpelig. Vi skildtes igjen med den tanke, at vi ikke mer kom til at samles paa et sted paa denne jord, men satte stevne hist oppe hos Gud. Det skje ved Jesus alene.

Himmelvandring

Notat til søndagens tekst: Luk 13,22-30

Trygve Berge: Himmelvandring. Måleri 1983
Trygve Berge: Himmelvandring. Måleri 1983

Herre, er det få som blir frelste? Dette spørsmålet var ein gong retta til Jesus. Svaret hans var preiketekst i dag på Bots- og bønnedag. I staden for å svara generelt, taler han eksistensielt til den som spør og seier: Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Samtidig seier han at det skal koma folk frå aust, vest, nord og sør og sitja til bords i Guds rike.

Eg oppfattar at han indirekte seier: Det er mange som skal bli frelst, og dei kjem frå alle kulturar og folkeslag. Samtidig: det er mange overraskingar i vente på Herrens dag! «Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»

Då faren min blei pensjonist, begynte han å teikna og måla, slik han hadde gjort då han var ung. Han måla mest landskapsmaleri. Men eitt av dei måleria som me i familien har etter han, har han kalt «Himmelvandring».

Her ser me mange menneske på veg mot eit mål. Der framme er døra eller porten til himmelen. Me ser ein engel (eller Jesus?) i lysglansen. Me ser korset som symbolsk er plassert i opninga. Far fortalte meg ein gong at han hadde måla opninga smal sidan han tenkte seg at me trass i trengselen bare kunne koma inn éin om gangen.

For meg var det den gong overraskande at far måla dette motivet. Han (eller mor) har til og med kopla bildet saman med julesongen Nå vandrer fra hver en verdens krok. Denne teksten er limt fast bak på måleriet.

Nå vandrer fra hver en verdens krok
i ånden frem, i ånden frem
et uoverskuelig pilgrimstog
mot Betlehem, mot Betlehem.

Eg tok med fars bilde i preika i Hinna kyrkje i dag. Ofte kan eit bilde seia meir enn mange ord.

Born som lar lovsongen lyda

Detalj får messehakel, Grødem. Inger Bakke Berge 2014

Eg ønskjer alle lesarane av bloggen god påske 2014 med dette lovsongsmotivet. Det er er inspirert av hosiannaropa til borna på tempelplassen i Jerusalem den dagen Jesus rei inn i byen på eit esel. Altså den hendinga som har gitt opphavet til vår palmesøndagsfeiring.

Borna som dansar og syng er brodert av Inger, kona mi. Ho er tekstilkunstnar og arbeider mykje med kyrkjetekstilar. Broderiet er hovudmotiv på ein kvit messehakel som i dag (påskedag) er tatt i bruk i Grødem kyrkje i Randaberg. Inger har designa messehakelen, vevd stoffet og utført broderiet. Sissel, dotter mi, har teikna motivet for Inger.

Her er bibelteksten om borna på tempelplassen:

Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet:

Frå munnen på småborn og spedborn
har du late lovsong lyda!»

Teksten står i Matt 21,15-16. Jesus siterer i følgje Matteus frå den greske versjonen av Salme 8.

Relatert notat: Sinte vaksne og glade barn

Reidar Bakkes bibliografi

Eg ryddar for tida i ein del gamle papir og kom nyleg over bibliografien til svigerfar Reidar Bakke (1926 – 2012). Eg vil gjerne dela den her på bloggen:

  • Tilpasningsproblemer i skolealderen. Særoppgave, Oslo offentlige lærerskole 1951
  • Målet for historieundervisninga i folkeskulen. Hovudliner i utviklinga av målsettingssynet frå 1860 til 1905. Avhandling til magistergraden, Universitetet i Oslo. Oslo 1958
  • «Inntrykk frå arbeidet for born med tilpasningsvanskar i England» i Norsk skuleblad, 1952, side 820-827
  • «Ein ideell skuleheim» i Prismet, 1956, side 87-91
  • «Bør hjelpeskolens målsetning avvike fra folkeskolens?» i Skole og Samfunn, 1956, side 112-116
  • «Historiens plass i skolen» i Norsk Pedagogisk Tidsskrift, 1960, side 131-141
  • «Plan for samfunnsfag» i Prismet, 1960, side 136-140
  • «Niårig skole. Den nye rammen skal fylles med nytt innhold» i Norsk skuleblad, 1960, side 512-513
  • «Nytt utgangspunkt for målsettingsdebatten» i Prismet, 1961, side 1-7
  • «Sentralskolespørsmålet – psykologisk og pedagogisk vurdert» i Prismet, 1965, side 225-230
  • «Norsk pedagogisk forskning. Hva er status i dag? Hvilke utviklingslinjer ønsker man?» i Skolen – et produkt av forskning og teknikk?, Universitetsforlaget 1970, side 106 flg
  • «Pedagogisk tenesteyting» i Norsk Pedagogisk Tidsskrift, 1972, side 111 flg
  • «Pedagogisk tenesteyting i lokalsamfunnet» i Syn og Segn, 1972, side 170-175
  • «Skole og undervisning som tenesteyting» i Synspunkter på nåtid og framtid, Rogaland Distriktshøgskoles skrifter, 1973, side 79 flg
  • Erfaringer fra forsøk med Pedagogiske sentra og Pedagogisk-psykologiske distriktskontor. Stensil. Forsøksrådet for skoleverket, Oslo 1975
  • Arbeidslivserfaring for elever i grunnskolen. En situasjonsrapport om gjennomføringen av Alternativ opplæring. Forskningsrapport fra Rogalandsforskning, nr 2 – 1979, 160 sider

Reidar var skuleinspektør i Egersund frå 1958, i Hetland frå 1962 og skuleinspektør/skulesjef i Sandnes frå 1965. Eg har tidlegare tatt med minneorda som eg heldt i gravferda hans (her).

Inspirert av Frida Hansen

Sissel Ruud. Grafikk.Sissel Ruud, dotter mi, har ei viktig og interessant kunstutstilling i Stavanger i perioden 3.-26. oktober 2013. Eg gir gjerne mi anbefaling!

Utstillinga inneheld grafikk og collage inspirert av tekstilkunsten til Frida Hansen (1855-1931), som for 100 år sidan var ein internasjonalt anerkjent Stavangerkunstnar. Bildet over er grafikk inspirert av teppa Melkeveien (1898) og Libellernes dans (1901).

Slik er altså Sissel med og løftar fram relativt ukjent lokal kulturhistorie, samtidig som ho presenterer sin eigen kunst. Ho har fått kulturstipend frå Rogaland fylkeskommune i samband med dette prosjektet.

Utstillinga skal vera i Frida Hansens hus i Frida Hansens vei i Stavanger! Sjå meir info om utstillinga på facebook her. Sjå Sissel si nettside her.

Frida Hansen fekk sitt internasjonale gjennombrot på Verdsutstillinga i Paris i 1900. Her fekk ho gullmedalje for teppet Melkeveien. Ho la stor vekt på fargebruken i arbeida sine. I eit intervju i 1907 sa ho:

Formen er hos mig først og fremst Midlet til at bringe Farverne frem. Farverne er som Solen i min Kunst. Derfor maa Formen ofte inordne sig for at skaffe tilveie de Farver, som jeg absolut vil have i en Samling».

Norsk Biografisk Leksikon skriv om Frida Hansen at …

alle hennes hovedverk havnet i utlandet, blant dem også Melkeveien, som ble solgt til Museum für Kunst und Gewerbe i Hamburg under verdensutstillingen i Paris 1900. På denne utstillingen stilte DNB (Det norske Billedvæveri) og Frida Hansen med en stor kolleksjon av billedtepper, transparente portierer og dekorative arbeider. Hovedverkene var de to 7 meter lange teppene De fem kloge og de fem daarlige jomfruer og Salomes dans. Begge tepper har motiv hentet fra tradisjonelle norske billedtepper, men er utført i et moderne formspråk med referanser både til art nouveau og engelsk prerafaelisme. Responsen var meget positiv, og det ble betydelige innkjøp til viktige europeiske museer og private. (Les meir)

Eg merkar meg med interesse at Frida Hansen i fleire store arbeid brukar bibelske motiv. Melkeveien inneheld hebraisk tekst frå Første Mosebok 1,15. Og begge dei to store hovudverka på Verdsutstillinga i 1900 hadde bibelske titlar, sjølv om Norsk Biografisk Leksikon legg større vekt på at motiva er henta frå «tradisjonelle norske billedtepper».

Trygve Berge (1912-2001)

I dag, 2. november 2012, er det 100 år sidan faren min blei født. Det vil eg gjerne markera her på bloggen.

Dette biletet av far set eg stor pris på. Det er tatt på fiskefestivalen i Tananger i august 1961. Her var far ein ivrig deltakar i fleire år, – og han gjorde det godt!

Reidar Bakke (1926 – 2012)

Minneord over svigerfar ved gravferda i Høyland kyrkje 15.06.2012

(Bildet blir større om du klikkar på det)

Oppvekst / ungdomstid

Reidar var født 19. juli 1926 i Bjerkreim. Foreldra Nilla Bertine og Ole Matias Bakke, som begge var frå Jølster i Sunnfjord, hadde året før flytta til Bjerkreim og kjøpt Oremo, der dei dyrka opp garden frå grunnen av. Det blei etter hvert åtte barn i familien, tre eldre enn Reidar og fire yngre. Familien budde og arbeidde på Oremo i svært enkle kår. Då foreldra flytta dit, var det f eks ikkje bilveg fram til plassen. Og strøm fekk garden først etter at Reidar hadde flytta heimefrå.  Ungdomstida var naturleg nok prega av krigen, som braut ut då Reidar var snautt 14 år gamal.

Reidar fekk likevel muligheten til å dra til Bryne for å gå på gymnas. Han tok eksamen artium i 1948 og sikta etter hvert inn mot å arbeida i skulen. Frå oppveksten hadde han med seg ei tydeleg kristentru med forankring i kyrkja, ein sterk rettferdighetssans og ei omsorg for dei som falt utanfor. Dette var verdiar som sidan prega han heile livet.

Omsorga for dei som strevde i livet, ser me spor av allereie i dei første stillingane han hadde. Først arbeidde han eit år på Bergen Guttehjem, og etter at han hadde tatt lærarskulen i Oslo, var han lærar for hjelpeklassen på Kvaleberg skule i Stavanger.

Det var i tida som ung student han ein sommar tok sykkelen med og reiste på eiga hand på studietur til England. Her møtte han ei ny og spennande pedagogisk tenking, og han fekk faglege impulsar og kontaktar som sette spor. Då han skulle heim frå England, tok han like godt båt over til Frankrike og sykla heim gjennom Europa! Dette var ein tur han sidan ofte kom tilbake til og fortalte om.

Familieliv

Reidar blei kjent med Sissel i Oslo i 1952 mens han studerte pedagogikk, etter lærarskulen. Det er ei kjent forteljing i familien at han var veldig forelska, men at det gjekk ei tid før Sissel let seg overtala. Sidan har Reidar fortalt om kor viktig det er å venta på ”den rette”. Sissel og Reidar gifta seg i 1955, og dei har hatt svært mange gode år saman med ein tydeleg kjærleik til kvarandre. Då Reidar siste gong talte til Sissel, i hennar 80-års dag, hadde han bare fokus på henne og på kjærleiken!

Sissel og Reidar fekk fire barn; Inger, Kirsten, Norunn og Sjur. Sidan har familien vakse med ein stor flokk med svigerbarn, 15 barnebarn og 1 oldebarn. Familien betydde mykje for han. Han var ein moderne mann som gjerne kunne bryta det som den gong var vanlege kjønnsrollemønster. Han var involvert i barna sine liv og var også gjennom dette forut for si tid. Samtidig er det ikkje å leggja skjul på at han, då barna var i oppveksten, var ein travel far med lange arbeidsdagar. Men i helgene tok han dette igjen, og var glad i å vera i aktivitet og på tur saman med barna.

Når han skulle kopla av, sette han helst i gang med hagearbeid, vedhogging eller turar i heia. Det var også naturleg å bruka tid på å hjelpa andre, anten det var med rådgiving eller med praktisk arbeid. Han var ein svært god støtte for mange i familien og slekta.

Røtene i Jølster var også viktige for han. Han drog gjerne på ferieturar dit, først med heile familien, seinare aleine med Sissel. Det betydde mykje å kunna springa på fjelltur opp til breen og å halda på kontakten med slekta i Stardalen, den vakre bygda som både mors- og fars-slekta kom frå.

Pedagogen

Reidar var ein pedagog med engasjement og sterk fagleg interesse. Dette førte han tilbake til Oslo og til vidare studium fram til magistergraden i pedagogikk. Så gjekk vegen vidare til stillinga som skuleinspektør i Egersund og Hetland og som skulesjef i Sandnes. Då Reidar blei tilsett i Egersund var han 32 år og den yngste skuleinspektøren i landet. Den lengste perioden hadde han i Sandnes, der han var skuleinspektør og skulesjef i over 20 år.

Som ledar såg han heile tida framover, og var opptatt av å følgja med i utviklinga. Det blir sagt at innsatsen hans var prega av stor kunnskap og innsikt. Han var blant anna ein pådrivar i innføringa av den 9-årig skulen og det blei bygd mange nye skular for ungdomane i Sandnes i hans tid som skuleledar. Den praktiske bakgrunnen hans og det faglege synet på læring gjorde at han la stor vekt på elevane sin yrkespraksis og arbeidslivserfaring. Dette hadde han også forskingspermisjon for å arbeida meir med, ved det som den gong heitte Rogalandsforskning.

Reidar var opptatt av samspelet mellom skulen og kulturlivet, og han var blant anna ein støttespelar ved oppstarten av Sandnes Musikkskole. I denne samanhengen er det også naturleg å nemna det nære forholdet han hadde til korarbeidet som Audun Vagle dreiv gjennom Ganddal Pikekor og dei mange skulekora. Reidar hadde eit sterkt engasjement for dette arbeidet, der også alle fire barna var aktivt med.

Reidar var ein tydeleg ledar som kunne vera kompromisslaus for det han hadde tru på. Dermed møtte han også motgang, og på 80-talet blåste det kraftig rundt han. Men Reidar blei ståande gjennom stormen, og fullførte arbeidet som skulesjef fram til han blei pensjonist.

Pensjonistliv og familieliv

Då Reidar blei pensjonist, begynte ein ny og rik periode i livet hans. Han fekk meir tid til familien og meir tid til frivillig arbeid for det som engasjerte han.

Reidar hadde lenge hatt ein draum om å oppleva Afrika. På 90-tallet reiste han og Sissel på tre større Afrika-turar, først og fremst til området rundt Viktoriasjøen. Dei besøkte norske misjonærar og dei reiste gjerne med enkel og offentleg kommunikasjon slik at dei kom i nær kontakt med det vanlege folkelivet. Desse turane skapte bare eit enda større engasjement for Afrika, og dette var i stor grad med og prega pensjonisttida til Reidar.

Sissel og Reidar engasjerte seg også i eit arbeid for teltmakarmisjon, og gjennom dette miljøet fekk dei kontakt med den kristne nødhjelporganisasjonen Food for the Hungry International  (FHI), – og den lille norske avdelinga Hungershjelpen – Norge. Her blei etter hvert Reidar leiar for den norske avdelinga og medlem av det internasjonale styret. Dette førte til mange reiser til styremøte i USA og i andre land. Me ser her ei linje frå Reidars pedagogiske arbeid for dei som strevde med livet, til hans sterke engasjement for dei som lid i verda i dag. Dette engasjementet hadde eit tydeleg utgangspunkt i nestekjærleiken, og gjennom dette står Reidar fram som eit viktig forbilde for oss alle.

Engasjementet som var tent, viste seg også i at Reidar ivra for at han og Sissel skulle gjera noe for innvandrarar som kom til Norge. Han tok kontakt med kommunen og dei blei kontaktpersonar for folk som kom frå Gambia. Desse besøkte dei og inviterte heim til seg. I fleire år var ein gambisk familie til middag første juledag hos Sissel og Reidar.

Me som utgjer den nære familien rundt Reidar, vil først og fremst minnast han som ein stabil og trygg samtalepartnar og støttespelar. Barnebarna har veldig mange gode minne knytt til morfar og farfar. Han var god til å fortelja historier. Han var med på leiken. Han fant på kjekke ting å gjera, som å laga dusj ute i hagen. Han tok dei med ned i verkstedet i kjellaren og fiksa gamle ting. Han kunne kle seg ut, med bart og bastskjørt. Mange ganger kom det vel med at han var ein samlar av dei sjeldne. Det var ikkje bare bøker han samla på!

Då Reidar fylte 80 år og framleis var heilt frisk, inviterte han til fjelltur for heile familien på Friluftsgarden Mån. Det var ei stor oppleving for alle som var med. Me var saman eit heilt døgn i leik og alvor, og om kvelden hadde me fest med taco og talar. Barnebarna sa noe med utgangspunkt i ”Når eg tenkjer på morfar/farfar, tenkjer eg på …”. Det blei mange flotte og gode ord om jubilanten!

Dei siste åra var ikkje helsa den same. Han trong meir hjelp, og det siste året har han hatt fast plass på Åse Bo- og aktivitetssenter. Den siste tida hadde han problem med å uttrykkja seg, og dette var nok til størst frustrasjon for han sjølv. Aller best hadde han det når Sissel var ved hans side, og når han fekk besøk av dei minste i familien, dei to nye barnebarna Sofia og Omar, og oldebarnet Solveig som han strålte opp over å få sjå.

Me vil alle huska at han hadde det lune smilet med seg, lenge etter at orda forsvann. Torsdag 7. juni sovna han stille inn, mens Sissel heldt han i handa.

Me lyser fred over minnet etter Reidar Bakke.

Relatert stoff: Reidar Bakkes bibliografi

Julekabalen

Desember måned er like mye en kabal som en måned, egentlig.

Dette notatet har strengt tatt lite å gjera med det stoffet eg normalt skriv om her på bloggen. Det får vera unntaket som bekreftar regelen.

Eg fekk ein god lått då eg las Jærbladet i morges. Minstemann Pål skriv blogg i lokalavisa ein gong i månaden. I dag skriv han om julekabalen i familien vår. Og han skriv godt. Les her.

Forresten: Eg lovar ikkje at det blir det einaste unntaket frå normalen. Bloggen har trass alt ein kategori som heiter Familien, og den treng vel å fornyast av og til, den óg.

Øyeblikk

Sissel Ruud Berge (dotter mi) har i dag opna utstillinga Øyeblikk på Fotland Mølle. Ho stiller ut arbeid i collage, serigrafi og collagrafi.

Det har vore ein flott dag med mykje folk og god stemning, – og mange gode ord om kunsten hennar.

Utstillinga er open dei neste søndagane kl 12 – 17, til og med 23. oktober.

Sjå info om utstillinga på facebook.

Sjå også Sissel si heimeside.

Og her finn du info om den fantastiske plassen Fotland Mølle.

Sissels utstilling våren 2011

Sissel opnar denne helga  ny utstilling på Annes Galleri på Forus. Eg reklamerer gjerne for kunsten til dottera mi her på bloggen!

Sandnesposten har eit fint oppslag om utstillinga her.

Sjå også Sissels bilete og informasjon om opningstider mm på heimesida hennar her.

Opninga blir laurdag 26. mars kl 12.00. Utstillinga er open i galleriet sine opningstider fram til 20. april.

Ei helg på Vega

Eg er på Vega igjen. Eg har gode sommarminne frå eit kort opphald på øya for tre år sidan (her), men nå er eg på besøk hos Trygve, som har budd her i eit halvt år. Det gir eit heilt anna utgangspunkt for å oppleva dette spesielle øyriket. Vegaøyan er Norges største skjærgard med 6.500 øyer, holmar og skjær. Tidlegare var det fast busetnad på 59 av desse, i dag bur det bare folk på Vega og Ylvingen. Noko av det mest fascinerande med desse øyane er at dei fleste er heilt låge, det er såvidt dei stig opp av havet, mens nokre få har bratte og høge fjelltoppar.

Fredag reiste me på guida båttur til Utværet Lånan, 16 nautiske mil nordvest for Vega. Her har menneske og ærfugl gjennom fleire hundreår levd i eit spennande samspel. I dag bur fuglevaktarane på staden om sommaren og held tradisjonen ved like. Det var ei flott oppleving å få betre kjennskap til den unike ærfugldrifta som har ført til at Vega har kome inn UNESCO si verdsarvliste. På føremiddagen var me forresten også innom Kystens dag på Vegstein og fekk omvisning i den historiske samlinga til Kystlaget.

Laurdag gjekk Trygve og eg opp på Trollvasstind, 799 moh, den høgaste toppen på øya. Fantastisk utsikt over øyar og hav, riktignok gjennom ein sverm av fluer. Me gjekk opp frå Vegdalsskaret og ned til Ervika. På veg ned danna eg dei (for meg) nye orda nedoversti og bortoversti. Det var godt å koma over på ein bortoversti etter nesten 800 meter intensiv nedoversti.

Søndag var me på gudsteneste i Vega kyrkje og deretter på vandring langs havet, på vestsida av øya. Me gjekk til Vegdalen, der me låg i sola på eit svaberg eit par timar før me rusla tilbake. Ei perfekt avslutning på ei flott helg!

Sissels lysglimt

Dotter mi, Sissel, samlar på lysglimt. Nå vil ho gjerne dela dei med andre.

Ho brukar ulike teknikkar innan maleri, collage og collagraph. Nettsida Sissel Ruud viser ein del av det ho lagar.

Sissel fortel, når ho presenterer seg, at ho har drive med kunst så lenge ho og dei rundt henne, kan huska.  Eg kan bekrefta at det er sant. Ho har eigentleg alltid sagt at ho ville bli kunstnar. Og det er kjekt når draumar blir oppfylte!

Nå i juni skal ho ha utstillinga Lysglimt i Mølleparken på Tau, ein kort ferjetur frå Stavanger. Utstillinga opnar søndag 6. juni kl 13.00 og er open søndagar kl 13 – 17 til og med 4. juli.

Oppdatering etter opninga søndag 6. juni: Opningsdagen blei ei flott oppleving. Mykje folk, godt ver og god stemning.

 

Bilfritt liv

Det går overraskande godt å leva utan bil! For nokre månadar sidan selde Inger og eg bilen etter 25 år som privatbilistar. Me har heile tida sagt at dette er eit forsøk. Viss forsøket ikkje går så godt, vil det ikkje vera eit stort nederlag å måtta kjøpa bil igjen. Men me hadde tenkt mykje på dette og var nå motiverte for å prøva det ut.

Sjølvsagt er det situasjonar då det kunne vore praktisk med ein bil som stod klar i garasjen. Men den viktigaste erfaringa er at det er mange fordelar ved det bilfrie livet:

  • Me brukar mindre pengar, – det å ha bil er langt frå gratis!
  • Me gjer ein innsats for miljøet
  • Me brukar kroppen meir til å sykla og gå
  • Me blir sparde for bekymringar omkring vedlikehald av bilen

Me brukar nå toget og syklane meir enn før, men er ikkje fanatiske antibilistar. Me har meldt oss inn i Bilkollektivet, som har ei avdeling i Stavanger. Det skulle sjølvsagt vore eit bilkollektiv på Bryne, men sidan eg dagleg reiser til Stavanger på jobb, fungerer det greit. Me har ikkje brukt dette tilbodet mykje, men det har vore godt å ha bil nokre helger i løpet av hausten.

I tillegg til dei opplagte fordelane som eg har nemnt, meiner me faktisk også at det bilfrie livet kan gje oss eit roligare liv! Me må nå berekna at ting tar tid og at me ikkje kan rekka over ein masse programpostar i løpet av ein dag eller ei helg. Men det er vel kanskje ikkje alle som er einige i at dette siste er ein fordel?

Oppdatering 21.02.2012: Det bilfrie livet varte i 2 1/2 år. Nå har behova våre endra seg. Derfor er me frå i dag bileigarar igjen. Det bilfrie livet kan anbefalast for andre som er i ein tilsvarande familiesituasjon.

Skrik på ein stein

Stavanger Aftenblad har nå i sommar omtalt funnet av ein stein «som har skapt mye moro blant venner og familie». Denne opplysninga gjer det naturleg å nemna steinen også her på bloggen. Det er nemleg svigerforeldra mine som har funne den, og eg er blant dei som har late oss underhalda.

Kva er så det spesielle ved steinen? Jo, den er er ei hittil ukjent forsteina utgåve av Munchs Skrik. Les historia og sjå bilete her.

Bergetreff 2008

Slektstreff for slekta etter Pauline Marta og Ole Tobias Berge på Finnøy

Her står eg, saman med Harald Gunnar Varland, og held eit maleri av slektsgarden på Berge på Finnøy. Oldeforeldra våre budde i huset til venstre. Driftsbygninga er bygd seinare. Begge desse husa er nå erstatta med moderne bygg. Me er på besøk på garden i samband med slektsstemnet me hadde i helga. Maleriet er malt av fiskar og tusenkunstnar Olav Gaudesen Vignes, som var gift med ei av søstrene til farfaren min. Gaudesen, som han ofte blir kalla, laga sjølvsagt også ramma sjølv! Harald Gunnar er tremenningen min. Han har vore primus motor for Bergetreffet og har gjort ein utruleg innsats fram til denne helga.

Bergetreffet gjekk veldig godt, det blei akkurat sånn me i komiteen hadde håpt på. Me var i Fleirbrukshallen på Judaberg det meste av dagen, praten gjekk livleg og mange brukte også tid på å sjå på ei stor utstilling av gamle bilete, gjenstandar og bøker som var knytt til slekta. Samtidig kunne ungar og ungdomar vera i aktivitet i idrettshallen når dei ville. Det var flott å treffa så mange frå slekta (ca 80 personar frå 4 generasjonar), både dei som eg kjente frå før og dei eg helste på for første gong. Og det var veldig kjekt å koma til Berge og helsa på dei som bur der nå. (Dersom du klikkar på biletet, får du ein større versjon).

Viss me skal seia at det er noko typisk ved denne familien, kan eg kanskje peika på slike ting som fantasi og evne til å laga ting sjølve (noko som eg ikkje har fått ein snev av), song og musikk (me hadde vårt eige husorkester med el-piano, gitar, fiolin og sag), lysten til å skriva (der er eg med!), gleda ved å samla på ting og tang (der er eg også med!) og kunstnarlege evnar innan bildande kunst. I kvar generasjon er det fleire som spelar fiolin og fleire som driv med teikning og maling.

Utstillinga blei dermed eit kapittel for seg. Her er ei (ufullstendig) oversikt over innhaldet:

  • Ei stor samling brev og bilete frå ca 1910-1970 som var sendt frå familien her i Norge til slekta i USA. Her er det mykje informasjon om slektshistoria! Totalt er det snakk om mange hundre brev som me har fått frå Sandra (tremenningen min) som kom heilt frå Seattle til dette treffet. Her er faktisk mykje som me ennå ikkje har hatt tid til å lesa gjennom.
  • Mange maleri av Elmer Berge («onkel Elmer»), som var kunstmalar i USA. Bileta er i privat eige i slekta, og det var første gong dei var samla til ei utstilling. I tillegg hadde Sandra med seg mange små maleri etter han. Desse blei i løpet av dagen fordelt til dei ulike greinene av familien. Eg fekk med meg to små maleri. Om det ikkje var av dei flottaste tinga han har laga, er det likevel veldig kjekt å ha noko som kjem frå han. Sandra hadde fått desse maleria etter mormora si, som var syster til onkel Elmer og som hadde tatt vare på det som var igjen etter han då han døde i 1956.
  • Bøker og bilete knytt til Pauline Marta og Ole Tobias Berge, oldeforeldra mine. Pauline Marta var jordmor. Ole Tobias var bonde på Finnøy, omreisande handelsmann og torghandlar på torget i Stavanger. I ungdommen var han omgangsskulelærar. Han likte å skriva, og me har både dikt og ei lang sjølvbiografisk artikkel som stod i Aftenbladet i 1922.
  • Diverse papir og bilete etter farfar, Olaus, som var skraphandlar på kaien i Stavanger. Han var svært knytt til Ryfylke og hadde motorbåt og hytte på Østhusvik, der farmor Petra hadde familien sin. Vidare fleire bilete og gjenstandar etter Olav Gaudesen Vignes, som var gift med Olaus si søster Pauline. Han var som nemnt fiskar og tusenkunstnar. Kanskje eg heller skulle seia oppfinnar? Og så må eg sjølvsagt nemna bilete, gjenstandar og ulike papir etter far, Trygve, som dreiv med småindustri i Stavanger og som bl a produserte tinnknappar, leiketøy og fiskesnellar. Far var som sin far knytt til Ryfylke gjennom båtliv, fiske og hytta.
  • Maleri malt av andre i slekta og mykje anna; som nemnt er det i kvar generasjon folk som har utprega kreative evner og som heldigvis brukar dei.

Dersom du som lesar framleis heng med, trur eg du forstår at dette blei ein spesiell dag for oss. Kanskje eg til og med skulle bruka det herlege uttrykket «ein minnerik dag»?

Relaterte notat:

O. Berge, Skraphandel. Notat frå 2016 om farfaren min Olaus Berge og skraphandelen hans ved Fiskepiren i Stavanger.

Berge på Finnøy. Notat frå 2008 der eg skriv om planlegginga av slektstreffet me hadde den sommaren.

Foto: Det første biletet har Inger tatt. Det andre har svoger Ivar Lein-Mathisen tatt, samtidig som han på ein uforklarleg måte også er med på biletet.

Slektstreff på Finnøy

I morgon skal me samlast til det tidlegare omtalte slektsstemnet for Bergefamilien. Me blir ca 80 personar frå 4 generasjonar på samlinga.

I kveld har eg funne fram gamle bøker, bilete og papir som er knytt til slekta. Me skal laga ei utstilling av slike ting i morgon. Det er også mange kunstnarar i slekta, og det vil bli ei heil maleriutstilling, først og fremst med maleri av Elmer Berge (1892-1956), som var bror til farfaren min.

Her tar eg med eit bilete som eg set stor pris på. Far min, Trygve Berge (1912-2001), var i fleire år på 60-talet deltakar på havfiske-festivalen i Tananger, og her smilar han fordi han har gjort det godt i konkurransen i 1964!

Eg kjem nok tilbake med meir stoff frå slektsstemnet i etterkant!

Oppdatering: Les referat frå slektstreffet her.

Berge på Finnøy

Røter er viktige. Nokre av røtene mine er knytt til Finnøy i Ryfylke. Farsslekta mi kjem derfrå. I juni skal me ha slektsstemne på Finnøy for etterslekta etter oldeforeldra mine, Pauline Marta og Ole Tobias Berge.

Eg er med i komiteen og det har ført til nokre gilde kveldar med planlegging og drøs om felles røter. Det har ikkje vore eit veldig krevjande verv, for tremenningen min (Harald Gunnar) er ein svært aktiv sekretær som gjer mykje av det som skal gjerast.

Planlegginga av slektsstemnet har blant anna ført mange gamle og interessante foto fram i lyset. Dette biletet viser Ole Tobias ca 1935. Då var han mest 90 år gamal! Han var ein spennande kar som levde eit langt og mangfaldig liv.

Eg trur ikkje eg tar for hardt i når eg seier at denne familien er prega av mange kreative personar. Dei som kjem, kan ta med seg bilete og gjenstadar som dokumenterer noko av dette. Eg ser for meg å ta med nokre ting som viser kva far min i si tid dreiv med (og det var ikkje lite).

Elles vil det nok bli ein del fokus på maleria etter Elmar S Berge (ein av sønene til Ole Tobias) som levde som kunstnar i USA.

Det ser ut for at me blir nærare 90 personar når me samlar oss til slektsstemnet. Me skal vera i Fleirbrukshallen på Judaberg. I løpet av dagen skal me også ta turen opp til Berge for å sjå staden og helsa på nokre av dei som bur der nå og som representerer familien som har drive garden sidan Ole Tobias si tid.

Nå ser eg fram til slektsstemnet. Eg ser ikkje bort frå at eg kjem tilbake med meir stoff om dette her på bloggen.

Oppdatering: Eg har seinare skrive følgjande notat relatert til slektstreffet og Bergefamilien:

På plass i nytt hus

Eg har visst ikkje kome så langt at eg har nemnt det her på bloggen. Den tidlegare omtalt flyttesjauen førte til at me frå sist laurdag har ny adresse her på Bryne: Kong Magnus gate 44. Framleis ryddar me i gamlehuset. Framleis er mykje av det me til vanleg omgir oss med, trygt plassert i bananesker rundt omkring i det nye huset. Men det gjer ikkje så mykje. Det er ein god kjensle å ha kome så langt, og ein vakker dag har me kanskje greidd å tøma alle eskene!

Oppdatering: Les også Påls versjon av flytteprosessen.

Travel flytteperiode

Her i huset er me midt i ein travel flytteperiode. Neste laurdag går flyttelasset til huset som me har kjøpt i nabolaget her på Bryne. Alt skal i esker, og det er ikkje lite! Akkurat nå synest mengda med bøker og papir uhorveleg! Vel, det skal nok gå godt. Me har fått og får god dugnadshjelp av familie og venner. Takk!

Bloggen blir det mindre tid til for tida. Men eg satsar på å koma sterkare tilbake.

Allehelgensdag

Frå Hinna gravlundEg har hatt ein fin og innhaldsrik Allehelgensdag i dag. Fekk med meg Egil Hovlands Allehelgensmesse i Domkyrkja i føremiddag, der Inger var med og song. Det var ei god oppleving. Ein av bibeltekstane i messa var denne bøna frå Jesu munn:

«Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos
meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi
du elska meg før verda vart grunnlagd.»

(Joh 17,24).

På veg heim var me innom mors og fars grav på kyrkjegarden på Hinna.

Og i kveld var eg på Allehelgenssamling i Hinna kyrkje med blant anna lystenning og opplesing av namn på dei døde det siste året. Deriblant mor som døydde 1. januar i år.

Aftenbladet var på samlinga i Hinna kyrkje. Avisa har også hatt ein samtale med biskopen om slike minnemarkeringar:

– Det er flott at me er opptatt av å visa respekt for dei som har gått føre og viser takksemd for det dei har gitt oss med å tenna lys og minnast. Det er ein fin skikk, seier biskop Ernst Baasland.

Han har opplevd eit stort oppsving i feiring av allehelgensdag i si tid som biskop.

– Det er typisk for vår tid. Me treng symbol. Eg trur lystenning vil koma meir og meir.

Fjelltur i sol og skodde

Sandvatn. Foto: Arne Berge 2007

Sist veke var Inger og eg nokre dagar i fjellet igjen. Me måtte utnytta den siste ferieveka mi på best mogleg måte. Turen blei verkeleg eit familieprosjekt, for to av ungdomane i familien fekk til å bli med mellom jobbing, reising og militærteneste.

Me la ikkje opp til dei store fysiske utskeiingane. Første dagen gjekk me inn til Sandvatn, ein av yndlingsstadane mine i fjellet. Der låg me frå torsdag kveld til laurdag morgon. Fredagen tilbrakte me med lesestoff i sol og varme på plattingen utanfor hytta, som ligg 900 moh. Herleg!

Laurdag gjekk me vidare til Blåfjellenden. Første delen av denne løypa går høgt og fritt, og frå toppen kunne me sjå ned på skodda som låg i dalsøkka. Litt seinare gjekk me sjølve inn i tåkeheimen, og nede i Fidjadalen var alt kvitt. Men litt tåke øydelegg ikkje ein fjelltur, – det gir bare heilt andre stemningar! Det er forresten interessant å merka seg koss opplevinga av avstand og retning forsvinn i tåken!

Blåfjellenden. Foto: Arne Berge 2007

Hyttene på Blåfjellenden låg som du ser godt innhylla i tåke. Biletet viser gamlehytta. Me la oss inn i den nye (frå 2006), der det var betre plass. Det er flott at STF nå nærast har fordobla kapasiteten på denne staden, der det mest alltid er mykje folk. Me hadde forresten gjort vårt for å trekkja fjellvandrarar til Blåfjellenden denne helga; me hadde avtalt å møta ein annan familie der. Dei fekk si første oppleving av livet på ei turisthytte (bading, kortspel, henta vatn i elva, leik, prat og mat, ikkje minst store mengder pannekaker) og så vidt eg forstår gav det meirsmak. Me hadde det flott saman, – det blei ein kjekk og livleg kontrast til dei rolege dagane på Sandvatn!

Sju av Nordlands underverk

Lofotkatedralen

Framleis ligg bunken med bøker, kart og brosjyrar frå ferien i Nordland framme her i heimen. Eg syns det er kjekt å sjå i dei og i bileta som me tok undervegs. Me kom heim med svært mange bilete på pc-en, truleg eit par tusen. Eg har nå prøvd å rydda opp, sletta og ta vare på dei beste bileta.

Biletet eg tar med her, tok eg ein flott morgon i Kabelvåg. Lofotkatedralen ser fin ut på avstand. Men eg nemner bare at vedlikehaldet av den store kyrkja har vore eit hett tema denne sommaren.

Sjølv om eg framleis blar i bøker og brosjyrar, avsluttar eg med desse linjene serien Sommarminne frå Nordland. Alt har si tid, og sju er jo eit passande tal. Serien, som eg då kan kalla Sju av Nordlands underverk, består av desse innlegga: Torghatten, Vega, Dønnes kyrkje, Skulpturlandskap Nordland, Svartisen, Midnattssol og Langt til havs.

Torghatten

Sommarminne frå Nordland I

Torghatten

Eg syns det var mektig å gå gjennom hòlet i Torghatten. Og det var spesielt å kunne gjera det seint på kvelden, ved midnatt. Dette var første kvelden vår i Nordland, og sjølv om staden ikkje ligg så langt nord at det er midnattssol, var det heilt lyst då me gjekk opp ca kl 23.00.

Her står Inger i opninga ut mot havet, mens eg tar biletet inne frå hòlet. Som du ser er det store dimensjonar over hòlet gjennom fjellet. Det er 166 meter langt, gjennomsnittleg 18 meter breitt og høgda varierer mellom 28 og 75 meter.

Segna seier at det var Hestmannen sin pil som skapte hòlet. Nyare undersøkingar fortel oss at det er isen som som har vore på ferde. Uansett har hòlet alltid gjort inntrykk og det har blitt kommentert av mange skribentar, f eks Petter Dass, Fritjof Nansen, Karel Capek og Arne Garborg.

Heile serien:

Heime igjen

6a00d8341cb87053ef00e54f3057a18834-640wi

I kveld har eg kome heim frå tre flotte veker på ferie. Etter dagane på Helgelandskysten var Inger og eg nokre dagar i Lofoten. Framleis med sol både dag og natt.

Det blei totalt 428 mil i bil, nokre mil på sykkel, ein dag på Hurtigruta, mange ferjeturar og ein flott dag på «Sea Bird Safari» med båt til Skomvær fyr, langt ute i havet utanfor Røst. Kvar dag var fylt av kjekke opplevingar, både når me var undervegs og på våre utallige stopp her og der.

Etter 12 fantastiske dagar i Nordland reiste me lange dagsetappar sørover mot Bryne. Ferien var rett og slett slutt for denne gang.

Den flotte reklamen for Nynorsk vekeblad fann eg på eit museum på Vega. Det vil nok likevel ikkje bli noko stoff frå ferien min verken i Nynorsk vekeblad eller i andre blad. Men eg kjem truleg tilbake med meir stoff her på bloggen! Då riktignok med meir fokus på natur- og kulturopplevingar enn på kjærleiken.