Pilegrimskyrkja i Magdala

25/02/2015
Foto: Helge Brunstad 2015

Foto: Helge Brunstad 2015

Eg besøkte nyleg Magdala Center. Dette er eit nytt katolsk pilegrims-senter ved Gennesaretsjøen. Her er det bygd ei vakker og enkel kyrkje som gjorde sterkt inntrykk på meg.

Kyrkja blei vigsla i 2014. Det er sjeldan det blir bygd kyrkjer i dette området, og eg tenkjer derfor at det er ei viktig hending. Ikkje minst er kyrkja viktig fordi den er bygd på ein stad som det er så naturleg å knyta til Jesu liv og verksemd.

Kyrkja heiter Duc in Altum (Legg ut på djupet). Uttrykket er henta frå Jesu ord då han talte til ei folkemengde frå båten til Simon Peter: Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk (Luk 5,4). På latin: Duc in altum et laxate retia vestra in capturam.

Kyrkjerommet har eit altar som er forma som ein båt, og altartavla er ein stor glasvegg ut mot stranda og Gennesaretsjøen.

Ein brosjyre for prosjektet Magdala Center, omtaler kyrkja som “Duc in Altum” Spirituality Center og seier følgjande om intensjonane med bygget:

It will be a place for liturgical and sacramental prayer to help pilgrims understand and celebrate the events of Jesus´public ministry that took place in the area and it will also provide an environment for Ecumenical and Inter-faith dialogue.

I kyrkjerommet er det bilde av dei 12 disiplane. Forhallen er vigd til kvinnene som følgde Jesus. Rundt forhallen er det fire kapell med mosaikkunst frå ulike bibelforteljingar:

  • Mark 5,41 – dotter til Jairus
  • Matt 4,19 – dei første disiplane
  • Matt 14,30 – Peter går på vatnet
  • Luk 8,2 – Maria Magdalena

I underetasjen er det eit enkelt økumenisk kapell som ikkje er innvigd som katolsk kyrkjerom.

Pilegrimssenteret Magdala Center er framleis under oppbygging. Her er det i tillegg til kyrkja prosjektert hotell, restaurant, konferansesenter og multimediasenter. Og ikkje minst: Det er gjort svært viktige arkeologiske funn på staden.

Det er turkamerat Helge Brunstad har tatt dei flotte bilda frå kyrkja.

Foto: Helge Brunstad 2015

Foto: Helge Brunstad 2015


Synagogen i Magdala

20/02/2015

Mykje av Jesu offentlege verksemd skjedde geografisk på eit relativt lite område på nordvest-sida av Gennesaretsjøen. Eg har reist mykje i dette området og syns det er flott å koma til dei ulike stadane som er knytt til Jesu liv. Nå har eg for første gong vore i Magdala Center, eit katolsk pilegrimssenter som er under oppbygging. Her er det gjort interessante arkeologiske utgravingar og (foreløpig) bygd eit flott kyrkjebygg.

Eg har kome heim frå ein ny studietur i Israel og dei palestinske områda (februar 2015). Førsteamanuensis Fartein Valen-Sendstad var med som fagleg ansvarleg. Det var svært interessant å reisa saman med han!

I forhold til interessa for Jesu liv, var besøket i Magdala spesielt viktig for meg. Før har eg bare køyrt forbi på veg 90 over Ginosarsletta, – og gått i naturen i nærleiken, på stigen ned frå Arbelfjellet og Duedalen mot Kapernaum.

Magdala var på Jesu tid ein viktig fiskarby ved Gennesaretsjøen. Byen blir rekna som heimstaden til Maria Magdalena. Det har vore kjent kor den låg; stadnamnet eksisterer her den dag i dag i forma Migdal. Men det er først frå 2009 det er gjort systematiske arkeologiske utgravingar på staden. Det som har vekt mest oppsikt, er funnet av ein synagoge frå det første hundreåret. Då er me altså tilbake til Jesu tid. Staden blei truleg øydelagt av romarane under det jødiske opprøret i år 66-67.

Synagogen i Magdala

Magdala 2015

Synagogen er i seg sjølv svært interessant; det er ikkje funne meir enn 8-9 synagogar frå det første hundreåret.

Men det som gjer dette synagogefunnet unikt, er ein stein som er dekorert med jødisk tempelsymbolikk. Steinen (i sentrum av bilda) blei funnen sentralt i hovudrommet i synagogen, og har kanskje vore ein slags lesepult for lesinga av dei heilage skriftene. På informasjonstavla på staden blir steinen kalla “the ornamented furnishing”.

Eitt av symbola på steinen var den sjuarma lysestaken – menorahen – frå tempelet i Jerusalem. Steinen snur opp/ned på tidlegare tankar om det samfunnet som Jesus verka i. Sjølv om me kjenner uttrykket heidningars Galilea frå Matt 4,15, er det nå meir naturleg å tenkja at det har vore eit nært og forpliktande forhold mellom jødedomen i Galilea og den jødiske leiinga knytt til tempelet og Jerusalem.

Har Jesus undervist i denne synagogen? Har han stått ved denne steinen og lese frå Skriftene? Ja, eg tenkjer at det er gode grunnar til å tru det!

For her kjem me svært nær fortellingane i Det nye testamentet:

Sidan fór Jesus omkring i heile Galilea; han underviste i synagogane deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage hos folket. (Matt 4,23 og tilsvarande tekst i Matt 9,35).

Foreløpig er det ikkje publisert noko offisielt frå utgravingane. Informasjonen eg har, er frå den lokale guidinga og frå Fartein sine forelesingar på turen. Eg fekk også med meg eit par brosjyrar frå staden.

Eg har tidlegare (desember 2010) skrive om staden i notatet Synagogefunnet i Magdala.

Her er eit par bilde frå informasjonstavla ved synagogen.

Teikning på informasjonstavle, Magdala 2015

Informasjonstekst, Magdala 2015


Tidleg vår i Israel

11/02/2015
Foto: Arne Berge 2015

Foto: Arne Berge 2015

Bildet er frå eit område eg kjenner godt frå vandringa langs Jesus trail, nær Golani Junction i Galilea. Men den tidlege våren med ei fantastisk blomstereng med valmuar, gjorde likevel staden ny og annleis.

Eg har nyleg kome heim frå ei veke i Israel og dei palestinske områda. Har opplevd mykje flott, både når det gjeld vennskap og fellesskap, historie og geografi. Eg besøkte mange stadar eg ikkje hadde vore før og har også blitt inspirert til meir friluftsliv og fotturar i den varierte naturen.

Det neste treet viser mandeltre i blomst. Begge bilda er tatt med iPhonen min.

Foto: Arne Berge 2015

Foto: Arne Berge 2015


%d bloggarar likar dette: