UKM 2006

Denne veka blir Ungdommens Kirkemøte (UKM) arrangert i Stavanger. UKM består av ca 40 unge representantar frå alle bispedøma i kyrkja og frå ulike organisasjonar som arbeider innanfor kyrkja.

UKM tar i år opp spørsmål som kjønnsrollemønster i kristne ungdomsmiljø, statskyrkje-spørsmålet, kyrkja i mediabiletet, overgrep i kyrkjeleg ungdomsarbeid og kyrkja i møte med innvandrarane. Her kan du lesa meir om bakgrunnen for desse sakene:

Du finn lenker med oppdatert informasjon om behandlinga av desse sakene her på kyrkja si heimeside.

Elles er det også journalistar til stades på møtet, og dei vinklar sjølvsagt sakene på ein annan måte enn dei offisielle sakspapira, sjølv om desse er skrivne med tanke på ungdom. Vårt Land slår f eks idag opp saka om overgrep under overskrifta Vil klemmekulturen til livs.

Oppdatering 04.07: Kva meiner ungdomane på UKM om stat/kyrkje-problematikken? Les pressemeldinga om saka her.

Jakob, Jesu bror

Det nye testamentet fortel at Jesus hadde brør og systrer. Dei var ikkje blant Jesu disiplar, tvert imot verkar det som om dei slett ikkje høyrde til det fellesskapet av menneske som Jesus samla rundt seg i Galilea. Her er eit par tekstar frå første del av Markusevangeliet, tekstar som set Jesus inn i ein familiesamanheng:

Då kom Jesu mor og syskena hans. Dei vart ståande utanfor, men sende bod inn og bad han koma ut. Det sat ein stor flokk omkring han, og dei sa til han: «Mor di og brørne dine og systrene dine står utanfor og spør etter deg.» Jesus svara: «Kven er mor mi og syskena mine?» Og han såg på dei som sat omkring han, og sa: «Sjå, her er mor mi og syskena mine! Den som gjer Guds vilje, er bror min, syster mi og mor mi.» (Mark 3,31-35)

Er ikkje dette tømmermannen, son til Maria og bror til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systrene hans her hos oss? (Mark 6,3)

Likevel: Trass i det me les her, var fleire av Jesu familiemedlemer og slektningar med i den første kristne forsamlinga i Jerusalem i dei første tiåra etter Jesu død og oppstode. Særleg fekk Jesu bror Jakob, han som sidan blei kalla ”den rettferdige”, ein sentral posisjon.

Jesus viste seg for over fem hundre menneske etter oppstoda (1 Kor 15,6). Jakob var ein av dei som fekk oppleva dette. Paulus skriv i ein oversikt over kven Jesus viste seg for etter oppstoda: ”Sidan viste han seg for Jakob, så for alle apostlane.” (1 Kor 15,7). Kanskje var Jakob på dette tidspunktet framleis ikkje-truande? I så fall var han kanskje den einaste ikkje-truande som fekk møta den oppstadne Jesus?

Hald fram med å lese «Jakob, Jesu bror»

Kultursyn

Eivind Skeie sin blogg kjem det stadig små og interessante epistlar. Eg syns han er ein ordkunstnar. I samband med at han nyleg blei tildelt Oslo Bys Kunstnerpris, har han lagt ut denne sjølvmeldinga på bloggen:

Skal jeg oppsummere mitt kultursyn som skrivende prest, må det være dette: Jeg ønsker først og fremst å være så nær alteret som mulig. Fra alteret vil jeg gå så langt ut på torget som jeg er i stand til. I denne vandringen mellom det hellige og det alminnelige henter jeg mitt kreative krutt. (Les meir)

Trefarga kristenliv

Trinitarisk_kompass Eg har i dag kome heim frå kurset Kraften fra en treenig tro. Kurset var ein presentasjon av eit "åndeleg kompass" som tar utgangspunkt i trua på den treeine Gud (skaparen, frelsaren og livgjevaren). Tankegangen er utvikla innanfor Naturlig Menighetsutvikling (NMU), eit internasjonalt nettverk som byggjer på den tyske kyrkjeforskaren Christian A. Schwarz sitt arbeid.

Eg syns dette er eit interessant verktøy i det kyrkjelege arbeidet. Tankegangen i grunnboka Color Your World with Natural Church Development opnar opp for mange spennande perspektiv og eg vil utan tvil ha dette stoffet med meg i prestetenesta i tida framover. Du kan få med deg seks små miniseminar om NMU her.

NMU skreiv i nyhetsbrevet sitt tidlegare i år: "Etterhvert forstår flere og flere at Naturlig menighetsutvikling dypest sett handler om å hjelpe fram en trefarget og trinitarisk menighet. Den er helt og fullt en Kristussentrert menighet, som legger vekt på sannhetene om Jesus og inviterer mennesker til et personlig fellesskap med ham i den røde sektor. Men den lever også i kraften av Den hellige ånd. Den ikke bare lærer, men lever i, og erfarer, Åndens virksomhet i troens blå sektor. Naturlig menighetsutvikling er basert på prinsipper som Gud har åpenbart i det skaperverket som vi lever i sammen med ikke-troende. Å åpne troens grønne sektor omfatter innsats for å verne miljøet, sosial rettferdighet, menneskerettigheter og fredsarbeid."

Å delta på kurs i NMU er å vera med i ei gjennomført økumenisk samanheng. Eg kan tenkja meg at ca 10 av 60 deltakarar kom frå kyrkjelydar i Den norske kyrkja. Elles var der adventistar, baptistar, pinsevenner, metodistar og folk frå Frelsesarmeen, Den evangelisk-lutherske frikyrkja og fleire andre kyrkjesamfunn. Av organisasjonane innan Den norske kyrkja var Indremisjonsforbundet representert. Ei svært interessant blanding! Og i denne samanhengen opplever me at me har eit felles verktøy og eitt mål: å utvikla sunne kristne fellesskap som er i vekst.

Det at kurset var lagt til Soltun Folkehøgskole i Troms var ikkje noko minus! Bonusen var at me fekk med oss flott nordnorsk natur og eit lite glimt av midnattssola! Dessutan er det ei interessant erfaring å sjå på nært hald at eit arbeid som dette kan leiast frå ein liten stad utanfor det som ofte blir kalla "sentrale strok" av landet.

Christian Carnival CXXIV

Meir lesestoff: Christian Carnival gir ein oversikt over saker som rører seg i "den kristne bloggosfæren". Den nyaste oversikten, Christian Carnival CXXIV, er nyleg publisert på bloggen Parableman.

"The Christian Carnival is a weekly collection of some of the best posts of the Christian blogosphere. It’s open to Christians of Protestant, Orthodox, and Roman Catholic convictions. One of the goals of this carnival is to offer our readers to a broad range of Christian thought." (les meir)

Biblical Studies Carnival VI

Biblical Studies Carnival er ein oversikt over bloggartikar om bibelske studiar. Her er det linkar til ulike bibelfaglege bloggar som har hatt spesielt interessante artiklar den siste månaden. Den siste oversikten, Biblical Studies Carnival VI, er nyleg publisert på bloggen Faith and Theology.

Hald fram med å lese «Biblical Studies Carnival VI»

Eg trur på Den Heilage Ande

Det er pinsedag, ein høgtidsdag. Flagget er tatt fram. Eg har hatt ein god frukost og skal snart i kyrkja. Tenkte bare eg først ville krydra bloggen med nokre ord frå den kristne tradisjonen.

Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

Desse orda kjem frå den apostoliske truvedkjenninga. Formuleringane går tilbake til oldkyrkja si tid. Ikkje så langt tilbake som apostlane, men vedkjenninga har fått namnet fordi den byggjer på apostlane si lære.

Eg tar òg med den tilsvarande formuleringa i den nikenske truvedkjenninga:

Vi trur på Den Heilage Ande, som er Herre og gjer levande, som går ut frå Faderen og Sonen, som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen, og som har tala gjennom profetane. Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje. Vi vedkjennest éin dåp til forlating for syndene og ser fram til oppstoda av dei døde og eit liv i den komande verda. Amen.

Martin Luther har skrive ei forklaring til den apostoliske truvedkjenninga, og denne forklaringa er ein del av vedkjenningsskriftene for oss som høyrer til i ei evangelisk-luthersk kyrkje:

Eg trur at eg ikkje av eige vit eller eiga kraft kan tru på Jesus Kristus, min Herre, eller koma til han. Men Den Heilage Ande har kalla meg ved evangeliet, opplyst meg med sine gåver, helga meg og halde meg fast i den sanne trua. På same måten kallar, samlar, opplyser og helgar han heile den kristne kyrkja på jorda, og held henne opp hjå Jesus Kristus i den eine sanne trua. I denne kristne kyrkja gjev han meg og alle truande dagleg forlating for alle synder. På den siste dagen skal han vekkja opp meg og alle døde, og gje meg og alle som trur på Kristus, eit evig liv.

Pinse

Det er pinse nå i helga, ei kristen høgtid som handlar om at Den heilage ande kjem til oss. Pinsen har, på same måte som høgtidene jul og påske, både eit historisk og eit aktuelt innhald:

  • For det første handlar det om ei historisk eingongshending som er skildra i NT (Apgj 2)
  • For det andre handlar det om kva dette betyr for oss som er kristne i dag

"Hva eller hvem Gud er, lar seg bare i begrenset grad fange i ord. Men å si noe om hvor Gud er, hva Gud gjør og beskrive Guds bevegelser, det har vi faktisk ganske gode holdepunkter for…."  Slik opnar Knut Grønvik sitt tekstverksted om evangeliet for pinsedagen (Les meir).

Geirs tenkekrok

Eg har i dag (01.06.2006) lagt inn link til Geirs tenkekrok her på bloggen. Eg traff Geir Skårland i dag på ei prestesamling og fekk ein god drøs med han. Som bloggar presenterer han seg slik:

Jeg er en 32 år gammel rogalending, gift, entusiastisk far, prest i Den norske kirke, fantasifull og filosofisk anlagt. Tenker mest på Gud, folk og det jeg for øyeblikket er mest opptatt av innen film, bok eller data.

Eit raskt blikk gjennom dei innlegga som ligg fremst på bloggen seier meg at her vil eg finna mykje interessant stoff framover. Artikkelen Presterolle, åpenhet og blogging fanga naturleg nok først min interesse.