Jesus og sabbaten

Notat til søndagens tekst: Markus 2,23-28

Kva betyr det å halda kviledagen heilag? I vår kristne tradisjon brukar me det tredje bodet slik at det handlar om søndagen. Ein gong Jesus blei kritisert for brot på sabbatsbodet, sa han:

Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten. Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.

Kva forhold har me kristne til lova i Det gamle testamentet? Kva er kristen fridom? Koss underviste Jesus om desse spørsmåla?

Eg trur det er rett å seia at Jesus gav sabbaten eit nytt innhald, eit innhald dei fleste kristne har overført til søndagen. Det viktige er ikkje å ha strenge reglar for kva som er lov å gjera denne dagen. Det viktige er å ta til seg det godet som ein annleis dag er, og la det prega vår bruk av dagen. Jesus vil at helgedagen skal vera fylt av “frid, glädje, förlåtelse och gemenskap med Gud”, for å sitera den svenske biskopen Bertil Gärtner (sjå sitat lenger nede). Sjølv ville eg ha lagt til fellesskap med familie og venner.

Eit aktuelt spørsmål er sjølvsagt om ikkje samfunnet, nettopp for å gjera helga annleis i forhold til resten av veka, likevel bør ha reglar som regulerer bruken av søndagen.

Dette er eit notat til bibeltekstane for den komande søndagen, 9. august 2015 (11. søndag i treeiningstida). Eg har skrive notatet for Prekenverkstedet på Den Norske Israelsmisjon si nettside og bearbeidd det litt før eg nå legg det ut her på bloggen. 

Leseteksten frå Andre Mosebok (2. Mos 20,1-17) inneheld dei ti boda om Guds gode vilje for menneskelivet. Den korte forma av det tredje bodet er: “Du skal halda kviledagen heilag”. Dette er ei pedagogisk bearbeidd kortform av sabbatsbodet slik det står i 2. Mos 20:

Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag. Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning, men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine. For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han.

Leseteksten frå Galatarbrevet (Gal 5,1-6) begynner med det programmatiske «Til fridom har Kristus frigjort oss.» Vidare er teksten ei formaning til ikkje å akseptera ei forkynning som seier at vegen til frelse går gjennom oppfylling av lova. Vårt kristne alternativ er tru, håp og kjærleik (vers 5-6).

Teksten frå Markusevangeliet er éi av fem forteljingar i eit større avsnitt (2,1 – 3,6) som viser koss motstanden mot Jesus vaks fram. I denne forteljinga er det Jesu forhold til sabbatsreglane som står i fokus. Teksten vil ha fram at Jesus har autoritet til å utfordra ei lovforståing som bind menneske. Han viser tilbake til at lova (eksemplifisert ved sabbaten) er Guds gode gåve til menneska.

Her er teksten frå Markusevangeliet:

23 Ein gong Jesus gjekk langsmed kornåkrane på sabbaten, tok læresveinane hans til å riva av aks medan dei gjekk. 24 Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei slikt som ingen har lov til på sabbaten?» 25 Han svara: «Har de aldri lese kva David gjorde då han var i naud og både han og mennene hans svalt? 26 Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta. Han gav òg til dei som var med han.» 27 Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten. 28 Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»

Menneskesonen er herre over sabbaten!
Vers 23 fortel om ei konkret hending. Jesus og disiplane var ute og gjekk på ein sabbat. Stien gjekk langsmed ein kornåker. Disiplane begynte å riva av aks (for å eta dei). Dette var lov, jfr 5. Mos 23,25.

Vers 24 fortel at nokre farisearar klaga på disiplane ved å seia at dei gjorde noko som ikkje var lov på sabbaten. Det var lov å eta på sabbaten; den var ikkje ein fastedag. Det har truleg heller vore sjølve aktiviteten «å riva av aks» som dei vurderte som arbeid og som dermed kom i konflikt med sabbatsbodet i 2. Mos 20,8 ff. Parallellteksten i Luk 6,1 viser også at dei gneid aksa mellom hendene. Kanskje var det dette som var problemet?

Vers 25-26 viser at Jesus avviste farisearane si rigide sabbatstolking. Han argumenterte ut frå eit skriftbevis, ein vanleg rabbinsk metode. Her viser han tilbake til forteljinga i 1. Sam 21,1 ff om då David og mennene hans åt skodebrøda som bare prestane skulle eta. I parallellteksten i Matt 12,1 ff blir også sjølve tempeltenesta (4. Mos 28,9-10) omtalt av Jesus som eit brot på sabbatsbodet samtidig som prestane er «utan skuld».

Problem i teksten
Det er elles eit problem i vers 26. Jesus seier (i følgje Markus) at historia om skodebrødet skjedde på den tid Abjatar var øvsteprest, mens 1. Sam 21 seier at det var Abjatar sin far, Ahimelek, som var øvstepresten i den aktuelle samanhengen. Abjatar overlevde massakren på prestane i 1. Sam 22,18-21 og blei seinare ein viktig mann i Davidshistoria. Kanskje det er derfor namnet hans har kome med i denne teksten? Matteus og Lukas nemner ikkje Abjatar i sine versjonar av forteljinga.

Det er mange som har strevd med tanken på om det kan vera ein feil her, og om det i så fall var Jesus eller Markus som tok feil. Har det blitt ein utilsikta ironi ved at dette skjer akkurat der Jesus seier: «Har de aldri lese kva David gjorde då han …»?

Sjur Isaksen har i si bok Ordet gjennom året, bd 2 side 156, heller gjort dette til ein illustrasjon på poenget i teksten: «Troen står ikke på spill i detaljene.»

I vers 27 understrekar Jesus i ei generell utsegn at sabbaten er gitt oss menneske som ei gåve og ei velsigning. Det blir feil om den blir ei bør. Dette er eit viktig prinsipp for Jesus.

Jødisk tolking
Samtidig er dette prinsippet ikkje unikt for Jesus. The Jewish Annotated New Testament (Oxford University Press 2011) kommenterer verset med å seia:

Here Jesus advocates a humanitarian Sabbath exception such as those often discussed in Jewish law.

Den messianske jøden David H. Stern viser i sin kommentar til NT til følgjande tekst frå Talmud:

Rabbi Yonatan ben-Yosef said: For it (Shabbat) is holy unto you (Ex 31,14). That is, it is committed into your hands, not you into its hands!

Messiansk tidalder
Vers 28 kan lesast som eit sterkt uttrykk for Jesu messianske sjølvbevisstheit, altså at han såg på seg sjølv som den Messias som skulle koma. Sabbatsbodet hadde på Jesu tid fått ein spesiell status. Sabbaten er eit teikn mellom Gud og folket (2. Mos 31,12 ff) og dette blei forstått slik at sabbatsbodet stod over dei andre boda. Sabbaten blei også forstått som ein forsmak på den komande messianske tidsalderen, jfr omgrepet «kvile» i Hebr 4,1-11.

Bertil Gärtner skriv i sin kommentar til Markusevangeliet:

Det är väl närmast detta förhållande mellom sabbaten och Messias och hans rike, som återspeglas i evangeliarnas berättelser, enligt vilka Jesus vågade bryta mot judarnas stränga sabbatsreglar och skänka sabbaten ett nytt innehåll. Jesu gjärningar, hans botande av de sjuka och hans kärleksfulla handlingar just på sabbaten, skulle vittna om att Messias kommit, och att hans rike och hans krafter förmedlade den välsignade messianska sabbatens innehåll: frid, glädje, förlåtelse och gemenskap med Gud.

(Bertil Gärtner: Markus evangelium. Verbum. Stockholm 1970).

Som eit apropos vil eg likevel nemna at både The Jewish Annotated New Testament og den messiansk-jødiske David H. Stern meiner at «Menneskesonen» (hebraisk: ben-adam) i vers 28 i Jesu munn kan ha vore eit generelt uttrykk for mennesket, og at det først seinare har fått messianske overtonar! I så fall sa Jesus her noko slikt som at «mennesket er herre over sabbaten».

Innspel til forkynning over teksten
Forkynninga kan vektlegga ulike tema. Her er nokre eksempel:

– Jesus og Moselova
– Jesus som Messias, «herren over sabbaten»
– Kristen fridom (jfr Luthers boktittel: Om et kristenmenneskes frihet)
– Helgedagstanken, forholdet sabbat – søndag, det godet det er å ha ein annleis dag

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: