Skandinavisk påskemorgon i Jerusalem

Påskefeiring 2023 i Jerusalem, del 4

Påskemorgon på Oljeberget. Foto: Arne Berge 2023

«Han er oppstaden! Ja, han er sanneleg oppstaden!» Me deltok på friluftsgudsteneste påskemorgon kl 05.30 på Oljeberget, med utsikt mot aust over Dødehavet og Jordan. Det var ennå mørkt, men snart kom sola og dagslyset.

Påskemorgon på Oljeberget. Foto: Arne Berge 2023

Gudstenesta var eit samarbeid mellom Den Danske Kirke i Jerusalem og Swedish Theological Institute, den svenske kyrkja sitt studiesenter i byen. Me var også nokre få nordmenn som deltok. Det var både ei fin naturoppleving og ei god feiring av Jesu oppstode.

Me song kjende og ukjende påskesalmar på dansk og svensk. Sjølv om me dessverre ikkje song Påskemorgen slukker sorgen, var denne salmen sterkt med meg i tankane. Det var den første påskesalmen eg lærde som barn, og den betyr framleis mykje for meg.

Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid;
den har oss givet lyset og livet, lyset og livet i dagning blid.
Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid.

N. F. S. Grundtvig. Norsk salmebok nr 196, vers 1

Evangeliet blei lese frå Mark 16,1-8 om kvinnene som kom tidleg om morgenen til grava for å salva den døde Jesus. Dei fann ei tom grav og ein engel som sa:

«Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, den krossfeste. Han er stått opp, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han! Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter: ‘Han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, slik han har sagt dykk.’»

Mark 16,6-7, bibel.no

I gudstenesta delte me brød og vin. Og etter gudstenesta hadde me fellesskap omkring eit bord med «let morgenmad».

Etter morgongudstenesta på Oljeberget. Foto: Arne Berge 2023

Inger og eg tok taxi opp til Oljeberget, men me ville gå ned igjen. Me gjekk langs toppen av Oljeberget til Himmelfartskapellet, og vidare til den flotte kyrkja Dominus Flevit. Så gjekk me ned bakkane til Getsemanehagen og deretter lenger ned i Kedrondalen, der det ligg nokre gamle og store gravmonument. Så opp igjen til Gamlebyen, inn Søppelporten og til Vestmuren. Og deretter vidare til Jaffa Street der me budde. Det var ein fin morgontur mens det ennå nærast var folketomt langs vegane og inne i kyrkjene. Og det blei faktisk også tid til ein liten kvil før neste påskegudsteneste!

Jerusalem i morgonlys, sett frå Oljeberget. Foto: Arne Berge 2023

Det neste målet vårt for denne påskedagen, var å delta på felles-skandinavisk festgudsteneste i Gravhagen kl 11.30. Her var det mange fleire nordmenn enn på Oljeberget, faktisk også nokre kjenningar heimefrå. Og me song enda fleire påskesalmar, – på norsk, dansk og svensk. Gudstenesta blei leia av den danske presten David Serner som me nå hadde vore saman med mange gonger gjennom påsken. Og preika var ved Eyvind Volle, som nå er ny pastor i Immanuelkyrkja i Tel Aviv, utsend av Den Norske Israelsmisjon.

Det var flott å få feira påske i byen der Jesu død og oppstode skjedde!

Deg være ære, Herre over dødens makt!
Evig skal døden være Kristus underlagt.
Lyset fyller haven, se, en engel kom,
åpnet den stengte graven, Jesu grav er tom!

Deg være ære, Herre over dødens makt!
Evig skal døden være Kristus underlagt.

Edmond L. Budry, omsett til norsk av Arne Fjelberg. Norsk salmebok nr 197, vers 1
Frå Gravhagen før den skandinaviske påskegudstenesta. Foto: Arne Berge 2023

Her er heile serien om påskefeiring i Jerusalem 2023:

Langfredag kveld på Golgata

Påskefeiring 2023 i Jerusalem, del 3

Bogen mellom det latinske og det greske kapellet på Golgata. Foto: Arne Berge 2023

Langfredag kveld gjekk me til Gravkyrkja i det kristne kvarteret i Gamlebyen. Det kjendest som å vera på rett stad til rett tid. Denne kvelden var det fint å vera der og minnast Jesu død på korset, på staden der det skjedde.

Gravkyrkja har ei lang og samansett historie, men historikarar er stort sett einige om at kyrkja er bygd over staden der Golgata og Jesu grav låg.

Golgataklippa er bygd inn i sjølve bygningsstrukturen. Me går opp ei bratt trapp og kjem til to kapell; det latinske (katolske) kapellet som er knytt til at Jesus blir festa til korset og det gresk-ortodokse kapellet knytt til at Jesus døydde på korset.

Eg la for første gong merke til den flotte bogen mellom dei to kapella. Teksten Stabat ivxta crucem mater eivs (framfor/ved korset stod mor hans) er henta frå den latinske bibelteksten i Joh 19,25. Uttrykket Stabat mater er kjent frå ein tekst frå 1300-talet. Teksten handlar om Maria sin smerte då sonen hennar blir korsfesta. Svært mange komponistar har sidan opp gjennom historia komponert flott musikk til Stabat mater.

Det neste bildet viser mosaikken over altaret i det latinske kapellet. Dette er 11. stasjon på Via Dolorosa og temaet er altså koss Jesus blei nagla til korset. Også her er Maria, Jesu mor, sentral i bildet.

Mosaikk over altaret i det latinske Golgatakapellet. Foto: Arne Berge 2023

Mosaikken i det latinske kapellet blei laga av den italienske arkitekten Antonio Barluzzi på 1930-talet, då han hadde ansvar for å restaurera kapellet. Barluzzi blir gjerne blir kalla «The Architect of the Holy Land», og han tok i denne samanhengen utgangspunkt i at heile kapellet i korsfarartida var dekka av mosaikk.

Det neste bildet viser det greske altaret som står sentralt på Golgata. Dette er 12. stasjon på Via Dolorosa. Kapellet er rikt utsmykka i ortodoks tradisjon, med mange ikon og oljelampar. Klippa er synleg, under glas, på begge sider av altaret. Her ser me også koss folk står i kø for å knela på staden. Under altaret er det ei plate med eit hol i. Tar ein handa ned i dette holet, skal det vera sjølve Golgataklippa ein tar i. Eg har gjort det, men denne gongen stilde eg meg ikkje i køen. Eg opplevde at det å vera på staden, var det viktige for meg.

Golgata. Foto: Arne Berge 2023

Over altaret er det eit stort bilde av Jesus på korset.

Golgata. Foto: Arne Berge 2023

Jesu død på korset må vera det mest omtalte dødsfallet i verda. Inga dødsscene er framstilt av så mange kunstnarar opp gjennom historia. Bildet over det greske altaret på Golgata er ikkje stor kunst i den samanhengen, men det minte meg denne kvelden på at eg var på staden der det skjedde.

Ut frå den kristne trua er det naturleg å seia at Jesu død forandra verda for alltid. Det som såg ut som eit nederlag, viste seg å vera ein stor siger. Jesus blei sigerherre gjennom å vera slaktoffer, sa Augustin, i eit flott uttrykk på latin: Victor quia victima!

Her er heile serien om påskefeiring i Jerusalem 2023:

Skjærtorsdag kveld i Getsemane

Påskefeiring 2023 i Jerusalem, del 2

Getsemanehagen skjærtorsdag kveld. Foto: Arne Berge 2023

Dette bildet viser eldgamle oliventre i hagen utanfor Alle Nasjonars kyrkje i Getsemane. Bildet er tatt skjærtorsdag ca kl 19.30, og mørkret er i ferd med å legga seg over staden. Her i området var det Jesus kjempa sin siste og store bønekamp kvelden før han blei korsfesta. Og her var det han blei tatt til fange.

Men før eg skriv meir om besøket i denne hagen og kyrkja, spolar eg tilbake til det me var med på tidlegare på kvelden.

Kvelden starta for oss med at me deltok i ein prosesjon frå den lutherske Redeemer Church i Gamlebyen til Getsemane ved foten av Oljeberget. Prosesjonen var felles for kyrkjelydane som brukar denne kyrkja; det gjekk derfor på arabisk, engelsk, tysk og dansk. Me gjekk syngande gjennom det kristne og det muslimske kvarteret, ut gjennom Løveporten, vidare ned Kedrondalen til Getsemane, og til slutt eit lite stykke opp i skråninga av Oljeberget til ein hage der me skulle ha fleirspråkleg kveldsgudsteneste. Dette var i den vakre hagen som ligg rundt den russisk-ortodokse Maria Magdalena-kyrkja.

Maria Magdalena – kyrkja i Getsemane. Foto: Arne Berge 2023
Prestane som leia den fleirspråklege gudstenesta i Getsemane

Me fekk utdelt tekstark og lys då me kom til plassen framfor kyrkja. Då skumringa kom, tente me lysa og stod der med kvart vårt brennande vokslys.

I denne gudstenesta song me salmar som kunne syngast på alle dei fire språka samtidig, og me bad Herrens bøn samtidig på kvart vårt språk. Teksten om Jesus i Getsemane frå Matt 26,36-56 blei lesen avsnitt for avsnitt på dei mange språka, og alle hadde tekstark med dei ulike omsetjingane. Dermed kunne me følga med i det herlege språklege virvaret! Ei flott oppleving!

Teksten frå Matteusevangeliet begynner slik:

36 Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» 37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. 38 Då sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40 Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? 41 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»

Matt 26,36-41. Bibel 2011

Då Jesus og disiplane kom til Getsemane, kom dei frå feiringa av påskemåltidet. Me hadde faktisk kvelden før, på den jødiske påskeaftenen, deltatt i eit jødisk-kristent påskemåltid i den danske kyrkjelyden, «et sedermåltid i lyset af Jesus». Så dette var også med og fylte skjærtorsdagskvelden vår med innhald.

Etter den fleirspråklege gudstenesta snudde me oss mot vest og fekk eit flott syn av tempelplassen i det sola gikk ned.

Tempelplassen med Klippedomen sett frå Getsemane. Foto: Arne Berge 2023

Så gjekk me ned til hagen ved Alle Nasjonars kyrkje (det første bildet). Denne kyrkja blir også kalla Basilica of the Agony (smerte). Framfor altaret er det ein stor flat stein som etter tradisjonen er staden for Jesu bønekamp.

Det var mykje folk rundt kyrkja, og det viste seg at mange kom svært tidleg for å få plass på den katolske songgudstenesta som skulle begynna kl 21. Me gjekk inn og var der eit kvarters tid for å oppleva staden denne spesielle kvelden.

Alle nasjonars kyrkje før gudstenesta skjærtorsdag kveld. Foto: Arne Berge 2023

Me gjekk heim mette av inntrykk etter alle desse opplevingane i Getsemane skjærtorsdag kveld.

Det var rolig stemning då me gjekk heim, sjølv om det var meir folk enn vanleg på kveldstid i Gamlebyen. Dette fordi det dette året har vore samanfall mellom mange høgtider; det var muslimsk ramadan, jødisk pesach og kristen påske på éin gong! Sjølv om det denne påsken har vore uroleg i Jerusalem, har ikkje me opplevd noko av dette.

Då me kom ut gjennom Jaffaporten blei me enda ein gong minna på høgtidsfeiringa. Bymuren var vakkert opplyst med פסח שמח (pesach sameach) og Happy Passover.

Bymuren ved Jaffaporten på kveldstid under pesach, den jødiske påsken. Foto: Arne Berge 2023

Her er heile serien om påskefeiring i Jerusalem 2023:

Palmesøndagsprosesjon over Oljeberget

Påskefeiring 2023 i Jerusalem, del I

Palmesøndagsprosesjonen på Oljeberget. Foto: Inger Bakke Berge 2023

Eg har kome heim etter ein god og innhaldsrik påske i Jerusalem saman med Inger. Me har opplevd mykje flott!

Palmesøndag gjekk me saman med tusenvis av kristne frå heile verda i prosesjon over Oljeberget. Dette er ei årleg feiring av Jesu inntog i byen, ei hending som innleier påskeforteljinga i Det nye testamentet.

Dagen begynte for oss med gudsteneste og kyrkjekaffi saman med Den Danske Kirke i Jerusalem. Dei har gudstenester i det gamle Johanneskapellet i Redeemer Church i Gamlebyen. Me har hatt mykje glede av å bli kjent med denne kyrkjelyden, som var inkluderande og open for at me kunne delta i deira påskefeiring.

Etter gudstenesta gjekk me saman opp til Oljeberget. Prosesjonen starta frå Betfage kl 14.30 og me stod klare då folkemengda passerte ved Fadervårkyrkja på toppen av Oljeberget. Prosesjonen bestod av tusenvis av tilreisande pilegrimar saman med lokale kristne. Det var god stemning med flagg og fanar, song og musikk, smil og latter.

Etter ei tid gjekk me saman med våre nye danske venner inn i prosesjonen. Dei heldt seg samla ved hjelp av danske flagg og dei song danske og engelske salmar og songar. Ein del av repetoaret var heldigvis kjent for oss!

Prosesjonen gjekk seint vidare nedover dei bratte bakkane til Getsemane i Kedrondalen. Vidare gjekk me opp til bymuren rundt Gamlebyen og inn gjennom Løveporten.

Palmesøndagsprosesjonen går inn gjennom Løveporten. Foto: Arne Berge 2023

Det heile endte opp ved Betesdadammen og St Anna-kyrkja ca kl 16.45. Då hadde me altså gått i prosesjon i ca to timar. Palmesøndag blir aldri det same etter å ha opplevd dette!

Prosesjonen er ferdig, og me gleder oss over å ha fått delta!

Alle dei fire evangelistane fortel om då Jesus rei inn i Jerusalem på eit esel, og folket hylla han som Messias. Det er evangelisten Johannes som skriv konkret om palmegreiner, og det er dermed hans versjon som har gitt namn til palmesøndagen.

Johannes får på ein fin måte også fram at ingen heilt såg kva dei var med på då det skjedde. Men etter påsken, og spesielt i lys av Jesu oppstode frå dei døde, såg disiplane stadig nye samanhengar mellom Jesu liv og det som var skrive om han i dei heilage skriftene. Johannes skriv:

12 Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13 Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:
           Hosianna!
           Velsigna er han som kjem
           i Herrens namn,
           Israels konge! 
14 Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
          
    15  Ver ikkje redd, dotter Sion!
           Sjå, kongen din kjem,
           ridande på ein eselfole. 
16 Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten. 

Joh 12,12-16. Bibel 2011

Her er heile serien om påskefeiring i Jerusalem 2023: