Nordafrikansk daddelpalme?

27/03/2010

Det var mest truleg greiner frå nordafrikanske daddelpalmar som blei brukt, då Jesus blei hylla på veg inn i Jerusalem. Det uttaler Brita Stedje, professor i botanikk ved Universitetet i Oslo, til Vårt Land i ein artikkel om palmar. Det finst 2700 ulike artar palmar, fortel avisa vidare.

Men kven var «den store folkemengda» som i følgje Joh 12,12-13 møtte Jesus med palmegreiner og hosiannarop? Dette har eg skrive om tidlegare i notatet Palmesøndag.

Her er det aktuelle avsnittet frå avisartikkelen om palmar (Vårt Land papirutgåva 26.03.2010):

Palme ved reisens slutt

(…)

– I påskefortellingen hylles og hilses Jesus velkommen med palmeblader idet han rir inn i Jerusalem. Hva slags palmer var dette?

– Det er umulig å si med sikkerhet. Mest sannsynlig var det nordafrikanske daddelpalmer.

Historien viser at palmegrenen var et symbol på seier. Og når det i Bibelen tales om honning, gjelder det ikke honning fra bier, men en slags sirup som ble presset fra modne palmedadler. En drikk som var populær i en tid hvor sukker var ukjent. Palmen ble ellers brukt på mange vis: Daddelfrø var god mat for husdyr, grenene var fine til å lage hytter av, og fibrene fra stammen kunne veves inn i tau, korger og sandaler.

Nå er dette eigentleg eit oppslag om palmar, men sidan dette førte til omtale av honning, vil eg nemna at arkeologar for 3 år sidan fann restar etter bikuber frå ca 900 f. Kr. i Jordandalen (les meir). Dette funnet syner at honning frå biar var kjent, sjølv om det har vore vanleg å tenkja seg at honning på denne tida var honning frå planteriket.

Ordboka skriv at palmen er ein «einfrøblada plante i familien Palmae; ugreina tre med store blad i vifteform i toppen».

Vårt Land skriv i ein faktaboks at palmen er ei «Plantegruppe som kjennetegnes av en slank stamme med en tett samling av blader i toppen. Disse er ofte enormt store, har lang stilk og er fjærformet eller vifteformet. Anlegget til palmens stamme ligger i jordskorpa og vokser til den når en viss bredde. Når maks bredde er nådd, skyter palmen i høyden. Etter dette kan den ikke vokse videre i bredden. Slik skiller den seg fra voksemåten til andre trær.»

Når eg først skriv om palmar, tar eg som eit apropos med det som står i Sal 92,13: «den rettferdige gror som palmer». Frank, ein god venn som også er begeistra for dei bibelske landskapa, har gjort meg merksam på ein andakt med utgangspunkt i dette bibelverset:

Palmen er det eneste treet der veksten foregår fra hjertet og utover. Den ytre stammen er det eldste og hardeste treet, mens kjernen er nyest og mykest. Mange trær kan se frodige ut selv om treet er råttent i margen, men slik er det ikke med palmen. Og den rettferdige spirer i forhold til hjertets sunnhet. «Bevar ditt hjerte framfor alt du bevarer, for livet utgår fra det» Ord 4,23.

(Robert G. Lee i 366 klassiske andakter, s. 41).


Påskemåltid med djupe røter

20/03/2010

I kveld skal eg vera med og feira eit kristent påskemåltid i bibelsk-jødisk tradisjon. Måltidet inneheld mange symbolske rettar i tillegg til eit godt og sosialt middagsmåltid. Me les tekstar, høyrer historier, syng salmar og feirar nattverd saman.

Eg har vore med og feira dette måltidet tidlegare og ser fram til kvelden som ein viktig del av påskeførebuinga mi. Påskemåltidet er også viktig for meg fordi det formidlar bibelske samanhengar som ikkje er så godt kjent, heller ikkje blant aktive bibellesarar.

Jesus og disiplane var samla til påskemåltid i Jerusalem. Dei feira måltidet etter den orden som det jødiske folket gjennom generasjonar før dei hadde følgt. I dette måltidet var det Jesus tok brødet og vinen og innstifta nattverden. Når me kristne feirar påskemåltid med utgangspunkt i dette bibelsk-jødiske måltidet, er det to store forteljingar som pregar innhaldet i kvelden; både den grunnleggjande påskeforteljinga om då Moses leia israelsfolket ut av Egypt og den grunnleggjande kristne forteljinga om då Jesus sona synda i verda gjennom sin død og si oppstode i påsken.

Måltidet blir også kalla sedermåltidet (hebraisk: seder = orden). Sentralt i måltidet er sju symbolske rettar. Programmet for måltidet følgjer hagaddah (hebraisk: hagaddah = forteljinga, dvs påskeforteljinga) og er bygd opp omkring fire beger vin knytt til livet, frelsa, velsigninga og håpet. Hovudmåltidet kjem mellom andre og tredje beger. Det var det tredje begeret, velsigningsbegeret, Jesus nytta då han innstifta nattverden: Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: Dette begeret er den nye pakta i mitt blod (1. kor 10,25).

Påskemåltidet i kveld skal vera i kyrkja vår her på Bryne. Det er ca 45 påmeldte til kvelden. Eg skal leia måltidet, som blir arrangert av misjonsutvalet i kyrkjelyden. Bryne kyrkjelyd har eit misjonsprosjekt knytt til Den Norske Israelsmisjon og overskotet etter kvelden går sjølvsagt til dette prosjektet. Eit påskemåltid kan feirast i kyrkjelyden eller i heimen, med eller utan nattverd og med få eller mange deltakarar.

Den som vil setja seg inn i feiringa av påskemåltidet, kan finna konkret hjelp her. Du kan gå enda grundigare inn i saka ved å gå til biblioteket og låna boka Åtte dager i Jerusalem av Ole Christian Kvarme.


al-Sinnabra

19/03/2010

Det hender at arkeologar må endra på teoriane sine. Denne veka har ei slik endring knytt til ei utgraving ved Gennesaretsjøen, blitt kjent. Arkeologar fann på 1950-talet noko dei trudde var ein synagoge. På 1990-talet blei det stilt spørsmål ved tolkinga av dette funnet.

Nå har arkeologar frå to israelske universitet bekrefta at dette slett ikkje er ein synagoge, men eit arabisk palass! Dei meiner at ruinane er restar av palasset al-Sinnabra som blei bygd av Umayyad-dynastiet (661-750). Dette palasset har vore kjent frå skriftlege kjelder, men har ikkje tidlegare vore lokalisert.

Dei meldingane eg til nå har lese om saka, seier ikkje noko nøyaktig om kvar desse arkeologiske utgravingane ligg.

Associated Press skriv:

Israeli archaeologists have announced that ruins long thought to be of an ancient synagogue are actually the remains of a palace built by Arab caliphs 1,300 years ago.

The site, on the banks of the Sea of Galilee, was identified as a synagogue in the 1950s because archaeologists found a carving of a menorah, a seven-armed candelabra that is a Jewish symbol. But scholars said in a report published this week that the identification was an error, and that the site was a winter palace used by the caliphs of the Umayyad dynasty, the same rulers who built Jerusalem’s gold-capped Dome of the Rock.

Les meir

(via PaleoJudaica)


Caspari Center 3/2010

18/03/2010

Caspari Center i Jerusalem er eit studiesenter som eg følgjer med stor interesse.

Det siste nyheitsbrevet deira handlar blant anna om nokre av dei utfordringane som Jesus-truande jødar møter i Israel. Vidare skriv dei om nye kursopplegg og bøker som senteret arbeider med.

Les nyheitsbrevet her.


Gamle graver i Kedrondalen

16/03/2010

Jerusalems 10 på topp #4

I Kedrondalen i Jerualem står tre store og imponerande gravmonument. Gravene stod her allereie på Jesu tid. Bildet viser Bene Hasirs grav til venstre og Sakarjas grav til høgre. Litt lenger til venstre for desse, utanfor bildet, ligg Absaloms grav. Desse gravene er med på ei liste over Jerusalems 10 på topp for den som er historisk og arkeologisk interessert.

Jesus gjekk her

Dette var sikkert ein stad Jesus ofte passerte på sine vandringar mellom Jerusalem og Oljeberget, slik det f eks er skildra her:

Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta. Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han på tempelplassen og høyrde på han. (Luk 21,37-38)

Jesus og disiplane passerte truleg også dei gamle gravene den natta dei gjekk frå innstiftinga av nattverdmåltidet til Getsemane, der Jesus blei arrestert:

Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med disiplane sine og over til andre sida av Kedronbekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. (Joh 18,1)

Namna på gravene

Gravmonumenta har gjennom tradisjonen blitt knytt til kjente namn frå Bibelen. Absaloms grav blei i 1170 e. Kr. knytt til Absalom med utgangspunkt i teksten frå 2. Sam 18,18:

Medan Absalom levde, hadde han reist ein minnestein for seg. Det er den steinen som enno står i Kongsdalen. «For eg har ingen son som kan halda oppe minnet om namnet mitt,» sa han. Difor gav han steinen namn etter seg, og sidan har han vorte kalla «Absaloms minne» og heiter så den dag i dag.

Bene Hesir var ein prestefamilie som er nemnt i 1. Krøn 24,15. Grava har fått dette namnet etter orda i ei hebraisk innskrift over dei to søylene. Sakarjas grav er blitt knytt både til den gamaltestamentlege profeten Sakarja og til døyparen Johannes sin far.

Historikarar daterer derimot gravmonumenta til 1. og 2. hundreår f Kr, altså til mellomtestamentleg tid, og gravene har nok ingen historisk tilknyting til personane dei har fått namn etter.

Jerusalems 10 på topp

Det er arkeologen og bibelforskaren Jerome Murphy-O’Connor som plasserer Kidron Valleys Tombs på fjerde plass på si liste over Jerusalems 10 på topp.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:


Det herodianske kvarteret

01/03/2010

Jerusalems 10 på topp #5

Under eit av dei moderne bygga i det jødiske kvarteret i Gamlebyen, ligg eit museum som viser fram dei arkeologiske utgravingane av seks luksushus frå herodiansk tid (37 f Kr – 70 e Kr). Her kan ein sjå denne flotte mosaikken, bordet og dei to steinkara.

The Palatial Mansion

Spesielt eitt av husa, The Palatial Mansion, skil seg ut. Dette er ein relativt godt bevart bygning på 600 kvadratmeter over to etasjar, blant anna  med ein stor mottakingshall og eit innebygd gardsrom. I tilknyting til bygget ligg The Peristyle Building, ein bygning som utmerkar seg med imponerande søyler som minnar om det som er funne i luksusvillaer i Pompeii og herodianske palass i Masada, Herodion og Jeriko. I kjellaren er det funne rituelle bad som viser at dei som budde her, la vekt på å følgja dei jødiske forskriftene.

Det herodianske kvarteret

Utgravingane av dei seks bygningane blir kalla Det herodianske kvarteret og er tilgjengeleg som Wohl Archaeological Museum. Du finn inngangen like ved Hurva Square.

Kven budde her?

Arkeologen Nahman Avigad var ansvarleg for utgravinga av området. Han meiner at The Mansion kan ha vore bustaden til ein rik øvsteprestleg familie eller ein av familiane i det sekulære aristokratiet i Jerusalem. Bargil Pixner har utfordra dette synet ved å hevda at arkeologane her har funne delar av Det hasmoneiske palasset der kong Herodes den store budde den første tida av regjeringstida si. Dette er eit omstridt synspunkt, men Pixner får støtte frå fleire fagfolk. Teorien er interessant, men eg tenkjer me bør vera forsiktige med ein slik identifikasjon før det evt kjem fram historisk eller arkeologisk kunnskap som gir sterkare støtte til teorien.

Jerusalems 10 på topp

Eg har funne fram ein uavslutta serie om Jerusalems 10 på topp og ser for meg at eg nå vil fullføra serien. Det er den kjende forskaren Jerome Murphy-O’Connor som har laga lista som eg følgjer. Han har rangert Herodian Mansions som nr 5 på denne lista.

Relatert stoff (om det hasmoneiske palasset) her på bloggen: Notatet om Pilatus si borg.

Oppdatering: Serien er nå ferdig:


%d bloggarar likar dette: