Bibelhistorier: Forvandlinga

30/01/2016
BEN112975 The Transfiguration, 1480 (oil on panel) by Bellini, Giovanni (c.1430-1516); 115x154 cm; Museo e Gallerie Nazionali di Capodimonte, Naples, Italy; Italian, out of copyright

BEN112975 The Transfiguration, 1480 (oil on panel) by Bellini, Giovanni (c.1430-1516); 115×154 cm; Museo e Gallerie Nazionali di Capodimonte, Naples, Italy; Italian, out of copyright

Det nye testamentet fortel: Éin gong fekk tre av dei som stod Jesus aller nærast, sjå ei heilt annleis side ved han. Dei fekk sjå Jesus i hans himmelske samanheng. Han blei forvandla og dei fekk sjå det.

Dei som var med i følget til Jesus, levde til dagleg eit kvardagsliv saman med han (det vil seia: heilt kvardagsleg kan det umogleg ha vore, for dei høyrde orda hans og såg koss han levde). Men dei hadde òg nokre heilt spesielle opplevingar saman med han. Forteljingsteksten for denne søndagen handlar om ein gong Peter, Jakob og Johannes gjekk opp på eit høgt fjell saman med Jesus. Dei gjekk opp dit for å be. Der skjedde forvandlinga. Jesus blei for ei kort stund annleis.

Ut frå samanhengen i evangelia er det kanskje mest naturleg å lokalisera hendinga til Hermonfjellet nord i Israel. Den kristne tradisjonen har derimot knytt teksten til Taborfjellet meir sentralt i Galilea. Bildet over viser koss renessansekunstnaren Giovanni Bellini (ca 1430-1516) såg for seg hendinga. Flott kunst, men eg trur ikkje kunstnaren kan ha vore verken på Hermon eller Tabor!

Kyrkjeåret har ein søndag som heiter Kristi forklaringsdag, i overgangen mellom openberringstida og fastetida. Det vil seia at søndagen kjem kvart år i januar/februar, avhengig av om me har tidleg eller sein påske. Me kunne like gjerne kalla denne søndagen Kristi forvandlingsdag. På engelsk blir hendinga kalla the transfiguration. Me som er kristne, trur at Jesus er både menneske og Gud. Denne søndagen handlar om openberringa av Jesu guddom.

Sjølv om me kallar forvandlinga for Kristi forklaring, betyr ikkje det at dette kan forklarast så me kan forstå det. Dette går sjølvsagt langt utanfor forstanden. Likevel kan me tru. Og me kan tru at slike forteljingar kan gje oss djupare kjennskap til kven Jesus er.

Her er bibelhistoria om då disiplane fekk sjå Jesu herlegdom:

Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine.  2 Då vart han forvandla for auga deira. Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset.  3 Og sjå, Moses og Elia synte seg for dei og snakka med han.  4 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Om du vil, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!»  6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle.  7 Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!»  8 Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus. (Matt 17,1-8)

Moses og Elia er to sentrale personar i Det gamle testamentet. Dei representerer lova og profetane. Skya er kjent frå GT som eit teikn på Guds nærvere og på at Gud openberrar seg. Disiplane sin reaksjon viser den frykta som kan følgja med møtet med det heilage, det som er heilt annleis, jfr Rudolf Ottos religionshistoriske forsking på det heilage (her). Jesus møter denne frykta med orda Ver ikkje redde!

For den som er interessert i ei tolking av forteljinga i ein større bibelsk samanheng, vil eg anbefala Rolf Gunnar Heitmann sin gjennomgang Topptur i Galilea.

Eg har tidlegare skrive eit notat som knyter forteljinga til den jødiske lauvhyttefesten her.

Wikipedia har ein omfattande artikkel her.

Bibelhistoria om då disiplane fekk sjå Jesu herlegdom er forteljingstekst på Kristi forklaringsdag. Samtidig er forteljinga kvart år preiketekst: Matt 17,1-9 (I); Mark 9,2-13 (II); Luk 9,28-36 (III).


Matt 17 og lauvhyttefesten

22/02/2014

Notat til søndagens tekst: Matt 17,1-9 / Mark 9,2-13 / Luk 9,28-36

Teksten om då tre disiplar fekk sjå Jesu herlegdom på fjellet, bør tolkast i lys av lauvhyttefesten. Pave Benedikt XVI / Joseph Ratzinger poengterer dette sterkt i si bok Jesus fra Nasaret (s 193 ff). Han skriv ein interessant kommentar til teksten og knyter den tydeleg til lauvhyttefesten (i det han støttar seg til Jean Daniélou og Harald Riesenfeld). Her er nokre sitat:

Jean Daniélou relaterer derimot evangelistenes tidsangivelser utelukkende til løvhyttefesten, som altså varte en uke. Ved en slik lesemåte ville tidsangivelsen hos Matteus, Markus og Lukas stemme overens. De seks eller åtte dagene ville da stå for løvhyttefestens festuke, og Jesu forklarelse ville finne sted på denne festens siste dag, som både var festens høydepunkt og en indre sammenfatning av den.

(…)

Som vi så i forrige kapittel, står de store hendelsene i Jesu liv i indre sammenheng med den jødiske festkalender.

(…)

Sammenhengen med løvhyttefesten blir overbevisende om vi tar i betraktning den messianske tolkning den hadde i jødedommen på Jesu tid. Daniélou har utviklet dette aspektet på en overbevisende måte og har knyttet det til vitnesbyrdet fra kirkefedrene som også var godt kjent med de jødiske overleveringene og leste dem på ny i en kristen kontekst. Løvhyttefesten oppviser de samme tre dimensjoner som vi så var betegnende for de store jødiske festene generelt: En fest med opphav i naturreligion blir samtidig en fest da man minnes Guds historiske handlinger, og dette minnet blir igjen til håpet om den definitive frelse. Skapelse – historie – håp forbindes med hverandre.

 

Sjå også Rolf Gunnar Heitmanns tekstverkstad til Lukasversjonen: Topptur i Galilea.
Han skriv: «Kristi forklarelses- og forvandlingsdag er kirkens forundrings- og forandringsdag.»


%d bloggarar likar dette: