Profetkvinna Anna

Notat til søndagens tekst: Luk 2,36-38

Det er framleis jul. Preiketeksten i dag handlar om eit møte som skjedde då Jesus var lite barn. Eit møte mellom generasjonar, mellom ein ung familie (Maria og Josef med Jesusbarnet) og ei gamal kvinne.

Det var ei profetkvinne der, Anna, dotter til Fanuel, av Asjer-stammen. Ho var langt oppi åra. I ungdomen var ho gift i sju år, og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.

Evangelisten Lukas fortel at denne Anna levde i tempelet i Jerusalem, i faste og bøn. Eg ser for meg at bønene hennar handla om frelse for folket og om at Messias, frelsarkongen, skulle koma. Det var ei sterk Messiasforventning i det jødiske folket på den tida, og samanhengen gjer det naturleg å knyta Anna til denne forventninga. Maria og Josef var elles også prega av denne forventninga.

Då Jesus blei boren til tempelet av foreldra sine, blei Anna kalla fram frå det skjulte. Ho fekk sjå barnet Jesus og ho såg dette barnet som ei oppfylling av Guds løfte. Ordparet «løfte og oppfylling» er viktig i den kristne forkynninga i adventstida og jula. Den gamle profetkvinna Anna såg meir enn andre. Ho såg mysteriet med eigne auge. Og ho som hadde levd i det stille, blei nå ei som fortalde den glade bodskapen om Jesus til «alle som venta på fridom (lytråsis) for Jerusalem». Det greske ordet kan også tyda frigjering eller frelse, og det kan nyttast både i politisk og religiøs tyding. Me kan nok trygt omskriva utsegna til at ho fortalde til alle som hadde Messiasforventninga i seg. Denne forventninga hadde både politiske og religiøse overtonar.

Profetkvinna Anna blir relativt grundig presentert av Lukas, sjølv om teksten er kort. Her er opplysningane om henne, med nokre kommentarar:

  • Anna var profetkvinne (profætis). Ho er faktisk den einaste kvinna i NT som blir kalla for det. Men ho står i ein tradisjon frå GT, der me kjenner fleire kvinnelege profetar, for eksempel Mirjam (2. Mos 15,20), Debora (Dom 4,4) og Hulda (2. Kong 22,14). Ordet profætis brukest elles i Op 2,20 også om den berykta Jesabel i GT, men då i negativ forstand om ei som kalla seg sjølv profet.
  • Anna var dotter av Fanuel. Namnet hans betyr «Guds ansikt». Då ho såg Jesusbarnet, såg ho Guds ansikt i dette barnet.
  • Anna var av Asjer-stammen. Dette er ei overraskande opplysning. Til vanleg er slektskap tilbake til stammesamfunnet knytt til Juda, Benjamin eller Levi. Asjer-stammen var ein stamme som heldt til i nordvest, i området der Haifa ligg i dag og nordover inn i dagens Libanon. Denne stammen er blant dei som blir kalla «Israels ti tapte stammar». Asjer var ein av sønene til Jakob, og namnet hans blir knytt til lukke (1. Mos 30,12-13).
  • Anna hadde som ung vore gift i sju år, men var blitt enke. Nå var ho 84 år. Teksten kan visstnok også tolkast som om ho hadde vore enke i 84 år. Dette er jo meir usannsynleg; men dersom dette er den rette forståinga, må ho ha vore over 100 år og kunne i så fall samanliknast med enka Judit som blei 105 år i følgje det apokryfe skriftet Judits bok (Jud 16,22-23).
  • Anna levde i tempelet, det må bety ein eller annan stad på tempelplassen. Inne i tempelet ville ho aldri få lov til å vera. Opplysninga om at ho tente Gud i faste og bøn natt og dag, betyr truleg at ho levde eit stille liv, om mogleg skjult for all aktiviteten som elles prega tempelplassen.

Kva kan historia om Anna læra oss? Eg tar med tre punkt, fritt gjengitt etter Jorunn Andestad Langmoen sitt bidrag i DNI sin tekstverkstad: Romjulsfest med en lykkelig gammel dame:

• Gud held løfta sine! Me kan nok bli utålmodige, men me kan stola på hans «timing».
• Å søkja Gud gir hjelp til å vera klar i det viktigaste, uansett livssituasjon.
• Den kristne trua er ein bodskap som betyr frigjering, frelse og glede for alle menneske.

Og eg vil leggja til: Eit generasjonsmøte kan vera eit viktig møte. Dei gamle kan bidra med djup refleksjon i møte med barnet. Og menneske i ulik alder kan møtast i felles forventning.

Josef fortel

Mytekalenderen i NRK P2 hadde Josef som tema idag (01.05.2006). Terje Nordby kunne fortelja at 1. mai i Den katolske kyrkja er Josef sin minnedag. Så vidt eg forstod av programmet, har ikkje denne koplinga nokon lang historisk tradisjon. Men kyrkja har nok gjort eit poeng av å knyta handverkaren Josef til den internasjonale arbeidarrørsla sin dag.

Josef er jo ein interessant kjenning frå bibelhistoria og eg har ingenting imot å minnast han nå i kveld. Eg har derfor funne fram ein tekst eg tidlegare har nytta som preike i jula, og lar på denne måten Josef sjølv få koma til orde her på bloggen:

«Hei, så kjekt å sjå deg! Du òg er her i Betlehem, ja. Me kom i går, på grunn av det der manntalet til Augustus. Nå er eg bare ute for å gjera någen ærend. Eg skal kjøpa litt lampeolje og någe å drikka. Kan tru eg har opplevd møje sidan me kom i går! Det er bare heilt utruleg!

Ja, du visste vel at Maria har vore gravid? Og kan du tenkja deg… Akkurat nå når me var ute og reiste, kom tida då hu skulle føda. Det kunne jo ikkje ha passa dårlegare.

Ja, du må ikkje misforstå! Det gjekk godt! Barnet lever! Og Maria er ikkje så verst i form, hu heller. Men me er jo heilt utslitne.

Me hadde ikkje ein gong greidd å finna ein skikkeleg plass å bu i går ettermiddag, då me kom til byen. Det var fullt overalt! Me hamna til slutt i ei grotte som vanlegvis blir brukt som stall, bak det huset du ser der borte. Der var det i hvert fall varmt. Og det var møje høy, så me greidde å laga oss ein god plass for å sova. Men du kan tru. Det blei ikkje særleg søvn på oss, akkurat. Utpå kvelden forstod me at barnet kom til å bli født, og då galdt det bare å gjera klar det mest nødvendige.

Ja, eg glømte forresten å seia: Han er heilt skjønne! Ja, Jesus altså. For det er det me har kalla han. Andre syns sikkert han er ein nokså normal baby. Men for Maria og meg… Me syns han er spesiell!

Du har sikkert høyrt at det har vore ein del spesielt med det at Maria venta barn nå. Det er jo eigentleg ikkje eg som er faren hans, sjølv om det ikkje er så viktig akkurat nå. For nå er me endeleg ein heil familie, og eg kjenner meg like knytt til den litle ungen som alle andre foreldre gjer. Men både Maria og eg hadde for någen månadar sidan besøk av englar som har fortalt merkelege ting om barnet vårt …

Eg trur ikkje eg har grine så møje på mange år! Ja, ikkje fordi eg er lei meg, altså, men fordi eg er så lukkeleg. Tenk, alt gjekk godt! Me som har vore så usikre på alt saman.

Men det mest utrulege skjedde eigentleg tidleg om morgonen i dag. Maria hadde vaska Jesus og pakka han inn i någen tøystykke. Og så hadde me lagt han i ei krubbe, der dyra pleier å få maten sin. Der låg han så fint!

Plutseleg kom det ein flokk med gjetarar inn i stallen. Det var både ungdomar og vaksne, og saman med dei kom det ein heil saueflokk. Dei hadde vore ute på markene i natt og passa på sauene sine. Midt på natta hadde dei sett eit kraftig lys. Ja, dei var heilt sikre på at dei hadde sett ein engel! Dei hadde blitt så redde, fortalde dei oss, at dei visste ikkje kva dei skulle gjera. Men engelen sa til dei: VER IKKJE REDDE! Og så hadde engelen fortalt at denne natta var det født eit spesielt barn i Betlehem. Eit barn som skulle vera frelsaren for alle menneske.

Ja, du skal få høyra heilt nøyaktig kva engelen sa til gjetarane:

”Ver ikkje redde! Eg kjem til dykk med bod om ei stor glede for heile folket. I dag er det født dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.”

Det var så merkeleg å få besøk av desse gjetarane!

Der stod Maria og eg og høyrde på kva dei fortalde. Og rett framfor oss låg Jesus i ei krubbe! Gjetarane såg på han og me såg på han, og alle tenkte det same: Alt stemmer! Alt engelen hadde sagt, passa på dette barnet!

Så fortalde gjetarane at det plutseleg hadde kome mange englar og vist seg for dei. Og desse englane song ein lovsong til Gud: Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i.

Så fór englane tilbake til himmelen, og gjetarane hadde stått igjen, heilt mållause. Eg veit litt om koss det er å få besøk av englar, så eg forstår godt at dei var i sjokk. Derfor er det så stilig at dei gjorde det dei gjorde: Dei gjekk inn i byen her, og leita seg fram til barnet som låg i ei krubbe. Ja, altså til barnet vårt, i stallen der me prøvde å sova etter den nattå!

Gjetarane sa at dei hadde hatt ei merkeleg natt. Og det forstår eg godt. Og alt var jo merkeleg for oss òg!

Maria og eg har snakka møje om det etterpå. Det engelen sa til gjetarane der ute på markene, er så vanskeleg å forstå. Likevel passar det så godt med barnet vårt. Og for Maria og meg har det alltid vore viktig å lytta til kva Gud vil med oss.

I dag har Maria vore så stille. Hu har så møje å tenkja på, seier hu. Hu husker alt som er sagt om Jesus, heilt nøyaktig. Då gjetarane var hos oss, ville hu at dei skulle fortelja alt saman gang på gang. Og hu lytta og tenkte og undra seg. Og nå etterpå har me snakka om kor merkeleg alt dette er…

Me har snakka møje om kva det kan bety at han skal vera frelsaren vår. Alt det me har opplevd, gjer at me har heilt spesielle forventningar til den litle guten vår. Maria og eg har jo vore blant dei som har venta på Messias, og me veit godt kva som står i profetbøkene om dette. Men det er ikkje alt som er så lett å forstå! Er det muleg at profet-orda skal gjelda han?

Viss det litle barnet vårt er frelsaren som me har venta på, så er i hvert fall det det eg vil kalla eit under! Og det viktigaste for oss når me møter eit under, er jo ikkje å forstå det, men å tru på det.

Någe av det som er overraskande, er at dette skjer blant oss heilt vanlege folk. Ikkje er me skriftlærde eller farisearar. Eg er jo ein heilt vanleg handverkar. Og desse gjetarane som fekk vita om det spesielle med Jesus, dei er jo dei fattigaste av alle her i området.

Tenk det, at han kom til oss som er heilt vanlege folk. Til og med til oss som har det ganske vanskeleg for tida! Eg tenkjer at Gud har tenkt spesielt på meg og Maria nå når me er i ein så vanskeleg familiesituasjon. Ja, eg er sikker på at han ser oss, og veit koss me har det.

Men sjølv om Maria har vore så stille, kan du tru det var møje lyd frå gjetarflokken! Dei var hos oss ganske lenge før dei gjekk ut på Betlehemsmarkene igjen. Og dei jubla og prata og song. Dei var så begeistra for at dei hadde funne Jesus der han låg i krubba si! Dei gjentok om igjen og om igjen:

  • Alt stemmer!
  • Me fann barnet!
  • Han låg i ei krubbe!

Og så song dei englane sin lovsong: Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i!»